Ny utgåve av Kontrollutvalsboka

Rettleiaren gjer greie for rolla og oppgåvene til kontrollutvalet. Første utgåve kom i 2011. Andre utgåve er oppdatert med nye reglar og praksis.

Ein velfungerande eigenkontroll styrkjer innbyggjarane sin tillit til kommunen og er viktig for å sikre effektiv og rett bruk av ressursane. Aktørane i eigenkontrollen er kommunestyret, kontrollutvalet saman med sekretariatet, administrasjonssjefen og revisoren. Ein god eigenkontroll krev samspel mellom desse. For at dette samspelet skal fungere, er det naudsynt at aktørane kjenner både si eiga og kvarandre sine roller. Målet med denne rettleiaren er å skape større forståing for rolla og oppgåvene til kontrollutvalet, og å medverke til eit godt samspel mellom dei ulike aktørane. Rettleiaren vil vere til nytte for dei nyvalde kontrollutvala og alle som skal samspele med utvalet.

Rettleiaren vil bli gjeve ut på begge målføre i desember, og vert publisert på regjeringen.no  

Til toppen