Høyring om råd for ungdom, eldre og personar med funksjonsnedsetjing

Ungdom, eldre og personar med funksjonsnedsetjing er ofte underrepresenterte i folkevalde organ. Regjeringa meiner det er viktig med medverknad frå innbyggjarar som er særleg avhengige av tenestene til kommunane og fylkeskommunane, og har difor sendt ut eit høyringsnotat med forslag om ei ny føresegn i kommunelova § 10 b om råd for ungdom, eldre og personar med funksjonsnedsetjing.

For å sikre like reglar, og for å gjere det enklare for kommunane og fylkeskommunane å forvalte medverknadsorgana, foreslår Kommunal- og moderniseringsdepartementet at kommunelova får ei ny generell føresegn om råd i kommunane og fylkeskommunane for ungdom, eldre og personar med funksjonsnedsetjing. Forslaget er utarbeidd i samråd med Arbeids- og sosialdepartementet og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Til høyringa

Høyringsfristen er 20. mai.