To nye notat frå Teknisk berekningsutval for kommunal og fylkeskommunal økonomi

Teknisk berekningsutval for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU) har sendt over to notat til konsultasjonsordninga mellom regjeringa og KS.

Det eine notatet beskriv den økonomiske situasjonen i kommunesektoren, med særleg vekt på utviklinga i 2015. Realveksten i dei samla og i dei frie inntektene i 2015 er venta å bli 2,7 prosent, medan aktivitetsveksten ser ut til å bli 1,9 prosent. Netto driftsresultat er venta å bli på rundt 3 ¼ prosent av inntektene (3,0 prosent for kommunane utanom Oslo og 4,5 prosent for fylkeskommunane). Dette er om lag 2 prosentpoeng betre enn i 2014. 

 Den økonomiske situasjonen i kommunesektoren (pdf)

Det andre notatet seier noko om korleis den demografiske utviklinga verkar inn på kommuneøkonomien. Utvalet estimerer demografikostnaden i 2017 til 2,5 milliardar kroner. Utvalet har også oppdatert anslaget for 2016 ut frå endelege folketal per 1.1.2016. Anslaget for 2016 er no 1,7 milliardar kroner.

Demografisk utvikling og kommunesektoren sine utgifter (pdf)