Retningslinjene for ferjeavløysingsordninga er klare

Ferjeavløysingsordninga for fylkesvegferjer legg til rette for at fleire bru- og tunnelprosjekt kan realiserast. No er retningslinjene for ordninga klare.

Ferjeavløysingsordninga for fylkesvegferjer blei innført frå og med 2016. Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Samferdselsdepartementet har no utarbeidd retningslinjer som presiserer vilkåra for ordninga og forklarer søknadsprosessen.

Med ferjeavløysingsordninga kan fylkeskommunane bruke pengar som i dag går til ferjedrift, til å finansiere bruer og undersjøiske tunnelar som erstattar eit ferjesamband. Fylkeskommunar som erstattar eit ferjesamband med ei bru eller ein tunnel, får behalde midlane ferja utløyser i inntektssystemet i inntil 40 år etter at ferjesambandet er lagt ned. Midlane de brukte til ferje kan brukast til å delfinansiere brua eller tunnelen.

I retningslinjene er det no presisert at berekninga av ferjeavløysingsmidlar vil bli gjort med utgangspunkt i inntektssystemet slik det er når søknaden blir behandla.

Retningslinjene spesifiserer òg at ordninga gjeld for fylkeskommunale ferjesamband som var i ordinær drift per 1. januar 2016. Det betyr at mange vegprosjekt som er i ulike fasar av planleggingsprosessen vil falle inn under ordninga.

Det er Samferdselsdepartementet som vurderer kva prosjekt som kan ta i bruk denne finansieringsordninga.