Tiltakspakke på 250 millionar kroner til kommunar på Sørlandet og Vestlandet

Regjeringa føreslår i revidert nasjonalbudsjett for 2016 eit tilskot på 250 mill. kroner til kommunane på Sørlandet og Vestlandet til vedlikehald og rehabilitering av vegar, bygg og anlegg. Føremålet med tilskotet er å bidra til auka aktivitet på Sørlandet og Vestlandet som er særleg råka av nedgangen i oljenæringa.

Midlane skal fordelast til kommunar i Aust- og Vest-Agder, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal med høgare arbeidsløyse enn landsgjennomsnittet. Tal frå NAV per april 2016 synte at 3,1 pst. av arbeidsstyrken var heilt ledig. Tilskotet skal fordelast med eit likt kronebeløp per heilt arbeidslaus person ut over landssnittet på 3,1 pst. Det inneber at kommunar med ei arbeidsløyse på 3,1 pst. eller lågare ikkje vil få tilskot.