Tydelegare reglar for kortsiktig gjeld i kommunane

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sender i dag på høyring forslag til endringar i regelverket for kommunane si finans- og gjeldsforvalting. Formålet med forslaga er å få tydelegare fram det ansvaret kommunestyret har for å vurdere og ta stilling til risikoen som følgjer med kortsiktig gjeld.

Frå 2007 til 2015 har delen av kommunesektoren si gjeld som er blitt teken opp i sertifikatmarknaden auka frå 2 til 12 prosent, samstundes som den samla gjelda har auka. Ved kortsiktige lån som kommunen jamleg må refinansiere tek kommunen på seg ein ekstra risiko som han ikkje får ved lån med lang løpetid.

På bakgrunn av dette er det foreslått følgjande endringar i gjeldande føresegn:

  • I regelen som seier at kommunen sitt finansreglement skal setje rammer som hindrar kommunen i å ta vesentleg finansiell risiko, er det spesifisert at dette også omfattar refinansieringsrisiko ved opptak av lån.
  • I regelen som stiller krav til rutinar for vurdering og handsaming av finansiell risiko, er det spesifisert at dette også vil omfatte refinansieringsrisiko ved opptak av lån.
  • For å synliggjere refinansieringsrisikoen for lokalpolitikarane, skal rapportane frå administrasjonen til kommunestyret opplyse om lån som forfell og som kommunen må refinansiere innan tolv månader. 
  • Omgrepet finans- og gjeldsforvalting blir nytta gjennomgåande, snarare enn berre finansforvalting som i gjeldande forskrift.

Høyringsfrist er 1. september 2016.

Pressemelding fra KMD
Høyringsbrevet frå KMD