Kunnskap for utvikling

(Dette er fortsettelsen på artikkelen Kunnskap for utvikling som du finner i Regionalnytt 5/2014)

Mindre puttel

Rektoren møter Regionalnytt saman med tre tidlegare og nåverande studentar. Dei blir fort einige om at utdanninga endrar deg som menneske.

Alexander Rügert-Raustein er økobonde på Randaberg. Han valde bachelorstudiet fordi han behøvde mentalt påfyll.

- Eg har opplevd ei stor forandring i korleis eg tenkjer og angrip ting. Det handlar om å parkera det man automatisk antek og vere open for alt anna, seier han.

Rügert-Raustein har alltid vore skapande.

- Økologisk landbruk er skapande arbeid i seg sjølve. Eg har no alltid putla med mitt fordi eg visste det var rett. Men det vert mindre puttel og meir målbevisst no, etter at eg tok bygdeutviklingsstudiet, seier han.

- Vi har lært mykje om endring, dialog og å sjå verda med nye auge, seier (frå venstre) bygdeutviklingsstudentane Ingve Berntsen, Lovise Hetland og Alexander Rügert-Raustein.
- Vi har lært mykje om endring, dialog og å sjå verda med nye auge, seier (frå venstre) bygdeutviklingsstudentane Ingve Berntsen, Lovise Hetland og Alexander Rügert-Raustein. (Foto:Erik Veigård/Videofabrikken)

Dialog og endring

Lovise Hetland har fagbrev som frisør, men ønskte å prøve noko heilt nytt. Då ho ikkje fann tradisjonelle studiar som passa, falt valet på HLB.

- Eg har ikkje angra eit sekund. Det eg lærer her kjem eg til å få bruk for uansett kva eg skal gjere vidare. Eg har lært mykje om dialog og endring, og opnar meg for nye ting. Eg driv ein stall, og der har det skjedd veldig mykje i takt med det eg har lært som student, seier ho.

Stadig endring

Ingve Berntsen var berre 17 år då han i 2004 i praksis tok over oldefarens gard Gausland i Nærbø. Også han har dagleg nytte av det han har lært på bachelorstudiet.

- Eg hadde aldri trudd det skulle vere så anvendeleg, seier han.

Berntsen har alltid hatt glede av å skapa.

- På HLB har eg lært å sjå på verda med eit anna blikk. Når du får opp augo på denne måten, oppdagar du ressursane rundt deg på heilt nye måtar. Det du sjølv og andre betrakta som verdilaust, står fram i eit heilt nytt lys, seier han.

Gausland gard er "i konstant endring". Akkurat no byggjes løa anno 1908 om til selskapslokale. Berntsen har óg planar om gardskafé, kjøtforedling, vandrestiar og andre prosjekt som han ikkje vil røpa enno.

- Eg ser moglegheiter i det eg føler at folk etterspør. Eller som eg trur dei kjem til å etterspørje, seier han.

Frå heile landet

Den private høgskulen er offentleg godkjend. Studentane kjem frå heile landet. Hausten 2014 startar 20 nye. Dei har ulik bakgrunn: Nokre er bønder, andre driv utviklingsarbeid i det offentlege. Bland studentane finnast òg skaparspirer som vil setje tankane i system.

- Snittalderen er rundt 30 år. Dei kjem med openheit og eit sterkt engasjement. Og det er vel lov å nemne at vi har dei flinkaste bachelorstudentane i landet? smetter Lønning nøgd inn.

Bachelorstudiet i bygdeutvikling er samlingsbasert, med intensive samlingar kombinert med forelesningar som går på direkte videooverføring til studiesenter over heile landet.

- Bachelor i bygdeutvikling er i utgangspunktet ei samfunnsfagleg grad, men vi arbeider fleirfagleg, med blant anna mykje filosofi, seier rektoren.

Master neste mål

Dag Jørund Lønning er Noregs første professor i nyskaping og bygdeutvikling.

- Vi er stolte av å ha dyrka fram faget bygdeutvikling til ein akademisk disiplin. At skulen har ein professor i faget betyr mykje for å bli anerkjend, seier han.

HLB er ein liten skule. Lønning ser klare smådriftsfordelar.

- Halvparten av finansieringa kjem frå oppdragsforskning, og alle forelesarane er involverte i pågåande forskning. Studentane blir også direkte involvert i FoU-arbeid, og lærer mykje av det, seier Lønning.
Høgskulen vil spesialisera seg ytterlegare på utviklingsarbeid. Master i bygdeutvikling er neste mål.
Rektoren veit at fleire hadde snakka om behovet for ei slik utdanning.

- Men den jærske gründaren slo til: "Vi gjer det!" Og så gjorde vi det, humrar han.

[Tilbake til Regionalnytt 5/2014]