Regionalnytt nr 7 2014

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Nyheitsbrev om regional- og distriktspolitikk

- Foreslår at kommunane får bestemme meir over utmark
- Ekspertutvalet for kommunereforma har lagt fram sluttrapport
- God forvalting auka det regionale samarbeidet
- Oppmuntring til innvandrarar som startar verksemd
- Ei kraftpakke for distrikta
- Utviklingsprogrammet for byregionar – Fase 1 blir avslutta
- Rekordmange deltok på VRI-samling
- Nye rapportar
- Kva skjer?

  • Foreslår at kommunane får bestemme meir over utmark
  • Ekspertutvalet for kommunereforma har lagt fram sluttrapport
  • God forvalting auka det regionale samarbeidet
  • Oppmuntring til innvandrarar som startar verksemd
  • Ei kraftpakke for distrikta
  • Utviklingsprogrammet for byregionar – Fase 1 blir avslutta
  • Rekordmange deltok på VRI-samling
  • Nye rapportar
  • Kva skjer?
  •  

    Banner Regionalnytt - Nyheitsbrev om regional- og distriktspolitikken

    Foreslår at kommunane får bestemme meir over utmark


    Kommunane bør få meir makt i forvaltinga av utmarka. Det skriv ei faggruppe som foreslår forenkling av utmarksforvaltninga. Statssekretær Jardar Jensen i Kommunal- og moderniseringsdepartementet meiner faggruppa har lagt fram eit viktig grunnlag for vidare politisk arbeid.

    - Rapporten gir oss viktige innspel til korleis vi kan forenkle utmarkforvaltninga. Målet er å styrke lokaldemokratiet, og vi ser at det er eit stort lokalt engasjement knytt til dette temaet. Vi vil gjennomføre ei open høyring av forslaga frå faggruppa. Vi håper og trur at vi vil få mange gode innspel til det vidare arbeidet med forenkling av utmarkforvaltninga, seier Jensen.

    I rapporten blir det slått fast at utmarkforvaltning i dag er komplisert, uoversiktleg og i nokre høve utilgjengeleg for brukarane. Næringsliv, lokalsamfunn og interessegrupper forstår ofte ikkje kor ein skal vende seg. Samordninga er for dårleg, noko som fører til at ein brukar kan få motstridande vedtak i same sak. Saksbehandlingstida er for lang og det blir brukt unødig mykje ressursar i forvaltinga.

    Faggruppa peikar på at statlege styresmakter må redusere detaljstyringa av kommunane. Samstundes seier faggruppa at kommunane bør auke kompetansen og kapasiteten, slik at dei kan løyse nye oppgåver på ein god måte.

    Dei som har vore med i faggruppa er: professor Eva Irene Falleth (leiar) og førsteamanuensis Nikolai K.Winge, begge ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet og Jørgen Hoffmann, tidligare Statskog.

     

    Utvalgsleder Eva Irene Falleth (t.h.) overleverer rapporten om forenkling i utmarksforvaltningen til statssekretærene Jardar Jensen (KMD) og Hanne Blåfjelldal (LMD) og politisk rådgiver Jens Frølich Holte (KLD).
    Utmark: Leiar for utvalet Eva Irene Falleth (t.h.) overleverar rapporten om forenkling i utmarksforvalinga til statssekretærane Jardar Jensen (KMD) og Hanne Blåfjelldal (LMD) og politisk rådgjevar Jens Frølich Holte (KLD).

     

    ___________________________________________________________________________________________________________

    Ekspertutvalet for kommunereforma har lagt fram sluttrapport 


    Måndag 1. desember la ekspertutvalet for kommunereforma fram sin sluttrapport, med vurdering av kriteriane kommunane bør oppfylle for å kunne ta på seg nye oppgåver.

    Utvalet har vurdert ulike døme på oppgåver det kan vere aktuelt å leggje til kommunane, som del av kommunereforma. For nokre av dei bør folketalet vere større enn det som er naudsynt for å ta hand om dei oppgåvene kommunane har i dag.

    Sjå også:

     

    Statsråd Jan Tore Sanner håndhilser på ekspertutvalgets leder Signy Vabo og viser frem rapporten.
    Kommunereform: Leiar for ekspertutvalet Signy Vabo, gir rapporten til Statsråd Jan Tore Sanner. 

    ___________________________________________________________________________________________________________

    God forvalting auka det regionale samarbeidet


    Buskerud fylkeskommune forvaltar regionale utviklingsmidlar på ein måte som medverkar til å skape regional identitet, og aukar det regionale samarbeidet mellom kommunane i fylket.

    Fylkeskommunane rundt om i landet har noko ulik praksis for forvalting av regionale utviklingsmidlar, både dei fylket sjølv stiller til rådvelde, og dei statlege midlane frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. I 2004 starta Buskerud med ein ny praksis, som får god kritikk i evalueringa. På førehand hadde fylkeskommunen og kommunane delt fylket inn i fem regionar, alle leidde av regionråd med eigne sekretariatsfunksjonar.

    Frå 2004 vart det sett opp partnarskapsavtalar mellom fylket og regionane. Avtalane inneber at regionråda får høve til å fremje forslag og prioritere mellom søknadane om økonomisk støtte til regionale utviklingsprosjekt. Den prioriterte innstillinga går så til politisk handsaming i fylkeskommunen, og det er fylkeskommunen som seinare følgjer opp bruken av midlane. Partnarskapsavtalane skal medverke til at regionen utviklar seg på ein berekraftig måte, med meir lokal medverknad.

    Det fungerar

    I 2009 vart partnarskapsavtalane fornya, og bruken av verkemidla stramma noko inn. Regionane vart bedne om å prioritere færre område, og satse på store og kraftfulle prosjekt som involverte fleire kommunar.

    – Vi hadde heilt klart hatt ei kjensle av at vi lykkast med den auka lokale medverknaden, men vi ynskte ei vurdering utanfrå, og tinga det frå Agenda Kaupang, fortel Åge Sund. I fjor vart evalueringa offentleg, og stort sett var ho hyggeleg lesnad for dei det galdt. Evalueringa slår fast at det regionale samarbeidet og identiteten har auka. Etterprøving av nokre få av dei 305 prosjekta i perioden 2004–2011 tyder òg på at dei har utløyst ein god del eigeninnsats hos prosjekteigarane.

    Evalueringa hadde òg forslag som kunne gjere forvaltinga betre, mellom anna å stå hardt på kravet om 50 prosent eigenfinansiering, og å krevje at ein bestemt del av finansieringa skal vere eigen risikokapital, og ikkje godta «luftige» budsjettpostar, som sponsorinntekter og framtidige salsinntekter.

    – Vi ynskjer å bli betre, og har følgd opp fleire av innspela frå evalueringa. Hovudmodellen med regionale prioriteringar, men fylkeskommunal avgjerd og oppfølging, har vi valt å halde på. Sjølv om evalueringa peikar på at det fører til ein del dobbelarbeid når to nivå skal setje seg inn i sakene, har vi vurdert dei positive effektane på mellom anna regionalt samarbeid som avgjerande, seier Åge Sund.

    Tekst: Erik Veigård/Videofabrikke

    Åge Sund og Kristin Audestad, som er regionkontakt for Kongsberg, er glade for stadfestinga av at Buskerud forvaltar regionale utviklingsmidlar slik at det har ført til meir regionalt samarbeid.
    Regionale utviklingsmidlar: Åge Sund og Kristin Audestad, som er regionkontakt for Kongsberg, er glad for stadfestinga av at Buskerud forvaltar regionale utviklingsmidlar slik at det har ført til meir regionalt samarbeid. (Foto: Buskerud fylkeskommune)

    ___________________________________________________________________________________________________________

    Oppmuntring til innvandrarar som startar verksemd

     

    Mai Camilla Munkejord frå Uni/Rokkan var ein av fleire som deltok då KMD, Distriktssenteret og IMDI inviterte til kunnskapslunsj ”Entreprenørskap blant innvandrere” 14. november.
    Mai Camilla Munkejord frå Uni/Rokkan var ei av fleire som deltok då KMD, Distriktssenteret og IMDI inviterte til kunnskapslunsj ”Entreprenørskap blant innvandrere” 14. november. 

     


    Lokalsamfunn, offentlege styresmakter og familie spelar ei viktig rolle når innvandrarar vil starte verksemd. Det fortel forskar Mai Camilla Munkejord (Uni/Rokkansenteret). Ho har intervjua 29 nyetablerarar med innvandrarbakgrunn, som har busett seg i fire kommunar i Finnmark. Mange informantar fortel om positive møte med det offentlege, til dømes næringskonsulentar.

    Dei vanlegaste årsakene til å starte verksemd, er eit ønske om å gjere noko anna. Mange ønskjer til dømes fleksibilitet. For fleire av informantane til Munkejord var entreprenørskap ein måte å unngå arbeidsløyse på. Innvandrarar frå Asia som raskt starta innvandrarbutikk og catering etter at dei kom til landet er døme på det. Tre kvinner frå Russland starta derimot eiga verksemd fordi dei opplevde jobbane dei hadde som lite tilfredsstillande. Dei ønskte å gjere noko meir meiningsfyllt. 

    13 av informantane var kvinner frå Russland og Aust- Europa, med norske ektefeller. To var russiske med opphald på anna grunnlag. Fem var mannlege flyktningar frå Asia og Afrika, og ni var livsstilsemigrantar frå Vest-Europa. Desse kom hovudsakleg til Finnmark som par. 

    Engasjement for bygda

    Fleire av dei intervjua ønskte å vere med og skape tru på framtida. Ein annan informant la vekt på lokal tilknyting som ein motivasjon.  Ho og mannen si avgjerd om å starte eiga verksemd innan naturbasert turisme kom ut frå eit ynskje om å skape utvikling. Fiskemottaket var i ferd med å bli nedlagt. I utgangspunktet hadde ikkje ho noko ynskje om å bli sjølvstendig næringsdrivande, men det var ingen andre som hadde interesse for å drive fiskemottaket. Det skulle bli lager. Då slo ekteparet til. No driv dei ei vellukka bedrift med mange deltids arbeidsplassar. 

    Glasblåseriet i Berlevåg

    Ein av informantane, Daniela, hadde starta eige glasblåseri i Berlevåg. Verksemda kom til etter overveldande respons på julepynt Daniela laga hausten 1989. Mannen Dieter var då tilsett i ei lokal verksemd, som hadde dårleg med arbeid på den tida. I ein krevande situasjon kom Daniela på at ho kunne bruke sin bakgrunnsom glasblåsar.

    - Ho kjøpte blåselampe, propangass og glasrør og sette i gang med å blåse glasjulekuler. Nokre hundre kuler forsvann raskt. Folk sende det ut av bygda som julegåver, fortalte Munkejord. I dag er dette historia om korleis eit glasblåseri vart til i Berlevåg. -Folk er stolte. Dei gjer det dei kan for at Daniela og Dieter skal kjenne seg heime. Dei framhevar at det ikkje finst eitt lokalsamfunn i verda, som har meir glaspynt i heimane enn i Berlevåg. 

    Suksessfaktorar

    Ein gjennomgåande faktor som bidreg til suksess, er ektefellen si støtte i oppstartsfasen. Det gjeld særleg emosjonell støtte, at nokon trur på deg og kva du kan få til, framheva Mai Camilla Munkejord. For mange var det også viktig at partnaren tok hovudansvar for barna i oppstartsfasen.  At folk i lokalsamfunnet hjelper til og er entusiastiske har også fleire av informantane lagt stor vekt på.

    Viktig å bli sett

    Gode råd og god støtte har også vore avgjerande, og det var særleg viktig for mange at fleire trudde på prosjektet. Offentlege aktørar hadde i fleire tilfelle gjort sitt til at gründerane kjente seg sette, som folk som høyrer til i lokalsamfunnet. Har du ikkje kjensla av at du har noko å bidra med, er sjansen liten for at du startar opp.

    - Vi må sjå og anerkjenne innvandrarar som ressurs. Det er kanskje særleg viktig på mindre stader, seier Mai Camilla Munkejord. 

    Sjå og høyr heile seminaret 

    ___________________________________________________________________________________________________________

    Ei kraftpakke for distrikta


    Korleis skal ein sikre gode offentlige tenester, innovasjon og konkurransekraft på landsbygda?

    Gjennom Interreg IVB Nordsjøprogrammet har prosjektet Vital Rural Areas sett på korleis utkantstrok kan utvikle seg i takt med eit stadig meir urbant Europa. Arbeidet har resultert i ei kraftpakke – "Rural Power Pack" – eit sett med verktøy og strategiar for å møte typiske utkantproblem som til dømes mindre tilgang på tenester og infrastruktur, og svakare innovasjonskraft. 

     

    ___________________________________________________________________________________________________________

    Utviklingsprogrammet for byregionar – Fase 1 blir avslutta


    Første fase av Kommunal- og moderniseringsdepartementets utviklingsprogram for byregionar går mot slutten. Dei 33 byregionane som deltek gjennomfører ein samfunnsanalyse av det økonomiske samspelet i regionen.  Analysen skal vere kunnskapsgrunnlag for val av tema /samfunnsområde byregionane ønskjer å jobbe vidare med. 

    Departementet lyser ut tilskotsmidlar til fase 2 i februar 2015.

    Andre nettverkssamling i programmet var i Stjørdal  3. – 4. november. Over 200 deltakarar frå 33 byregionar var samla. 

     ___________________________________________________________________________________________________________

    Rekordmange deltok på VRI-samling

    Verkemiddel for regional forsking og innovasjon (VRI) er Forskningsrådets særlege satsing på innovasjon gjennom samhandling. VRI skal utvikle kunnskap om og evne til samhandlings- og innovasjonsprosessar i regionane og fremje forskingsbaserte innovasjon i norsk nærings- og arbeidsliv.


    Til saman deltok 135 leiarar frå næringslivet, gründerar, politikarar, byråkratar og representantar frå virkemiddelapparatet på VRI-storsamlinga 2014. Tema i år var mellom anna den nye strategien til Forskingsrådet for regional forsking og innovasjon

    Den regionale strategien er eit viktig verktøy for å mobilisere breitt i heile landet til både regionale, nasjonale og internasjonale program. Strategien fekk mange lovord frå deltakarane i VRI-programmet. Dei var spesielt positive til at ein slik strategi skapar legitimitet for å drive aktivt arbeid ute i regionane.

    På samlinga diskuterte deltakarane korleis Forskningsrådet skal løyse dei regionale oppdraga i siste fase av VRI, og etter at VRI-programmet er over. Til dømes foreslo fleire å vidareføre ordninga med kompetansemeglarar i regionane, som mange trekte fram som eit særskil nyttig virkemiddel. Forprosjektstøtta i VRI har òg vort avgjerande for fleire gründerar, noko gründer Naveed Farid i Nano Security ga gode døme på.  

    - Eg fekk kontakt med ein kompetansemeglar som fortalte meg om VRI og moglegheitene for å få støtte til eit forprosjekt. Eg vart forbausa over kor enkelt og lite byråkratisk det var å nå fram, seier Farid. 

    Samlinga var 26. – 27. november i Bergen.

    – Det er flott at så mange medlemmar av VRI, prioriterar å nytte to dagar på å vere saman og diskutere felles utfordringar og moglegheiter, seier Anja Gjærum, programkoordinator for VRI.

    Meir informasjon frå VRI-samlinga på www.forskningsradet.no: 

    ___________________________________________________________________________________________________________

     

    Nye rapportar

    • Alternativ for regionalt folkevalgt nivå (pdf). Ein rapport om oppgåver og inndeling for eit nytt regionald folkevald nivå. Møreforsking har stilt saman og vurdert moglege modellar for eit nytt regionalt folkevald nivå ut frå tidligare utgreiingar av regionspørsmålet. Arbeidet er utført på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. 
    • Næringshagemiljøa sett frå næringshagebedriftene. Siva, Nordlandsforskning (NF) og Handelshøgskolen i Bodø (HHB) samarbeider om eit langsiktig forskingsprosjekt om inkubatorar og næringshagar med eit særskild fokus på verksemder knytte til inkubator/næringshage. Formålet til prosjektet er å lære meir om korleis inkubatorane og næringshagane fungerar, resultat dei verksemdene skapar, og tydninga inkubator/næringshage har for verksemda sine resultat. 
    • Nok for de fleste, men for lite for noen, evaluering av Innovasjon Norges Mentortjeneste for gründere. På oppdrag frå Innovasjon Noreg har Oxford Research evaluert Mentortenesta for gründerar i perioden frå 2011-2013. Evalueringa viser at Mentortjenesten funger relativt godt.

    ___________________________________________________________________________________________________________

     

    Kva skjer?

    1) Nordlandskonferansen 2015, 13. – 15. januar 2015, Bodø.
    Tema er det nyskapande Nordland med innovasjon for auka konkurransekraft og kommunereform som undertema.


    2) Arctic Frontiers, seminar om arktisk, regional dimensjon, 20. – 21. januar, Tromsø.
    Hovedtema for 2015 er olje- og gassutvinning i Barentshavet og mineral- og bergveksaktivitet i nord. Deltakarane på konferansen vil få eit oppdatert bilete av næringsutviklinga i arktisk med eit spesielt fokus på tilhøve knytt til infrastruktur, kompetanse/arbeidskraft, teknologi og kapital.

    3)Interreg Nord 2014 – 2020, åpner 15. januar 2015, søknadsfrist 28. februar 2015.
    Den nye programperioden åpnar for finansieringsstøtte innanfor fire innsatsområde: Forsking og innovasjon, entreprenørskap, kultur og miljø, og felles arbeidsmarknad.

     ___________________________________________________________________________________________________________

    Lenker til andre nyheitsbrev og nettsider

    ___________________________________________________________________________________________________________

     

    Om Regionalnytt

    Utgitt av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Regionalpolitisk avdeling. 
    Ansvarleg redaktør: Ekspedisjonssjef Hallgeir Aalbu
    Redaktør: Seniorrådgjevar Linda Sjåstad Andreassen
    Redaksjonsmedarbeidar: Beate Solem 

    E-post: regionalnytt@kmd.dep.no 

    Kommunal- og moderniseringsdepartementet
    Postboks 8112 Dep, 0032 Oslo

    Av- og påmelding