Regionalnytt 5 2016

Denne utgåva av Regionalnytt inneheld mellom anna saker om ny frist på tilskot til forsøk for å forenkle utmarksforvaltinga, kompetansepolitikk, levande lokaler og velferdsteknologi som fører til betre omsorg.

 INNHELD

 


Ny frist - Tilskot til forsøk for å forenkle utmarksforvaltinga

Fristen for å søke er forlenga til 15.oktober 2016.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har lyst ut midlar for kommunar som ønskjer å sette i verk tiltak for å forenkle utmarkforvaltninga. Dette er første år av ei femårig satsing. Det er lyst ut 3 millionar kroner.

Regjeringa ønskjer å redusere byråkratiet, styrke lokalt sjølvstyre og legge til rette for meir berekraftig verdiskaping i utmarka. Berre kommunar som har vedteke at dei skal søke om kommunesamanslåing kan søke om tilskot.

- Større kommunar gir betre kommunal kapasitet og kompetanse. Det vil gi ei meir heilskapleg forvaltning av store utmarksområde som kryssar kommunegrenser, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

- Eg veit at dette er eit viktig felt for mange distriktskommunar, og engasjementet er stort. Det ser vi av dei mange innspela departementa har fått i dette arbeidet for å forenkle. Eg vil difor oppmode kommunar som ønsker å vere med på forsøksordninga om å sende inn ein søknad til oss, seier Sanner.


Viktig haust for regional kompetansepolitikk

Regionane ser ut til å kunne få meir innverknad på kompetansepolitikken framover. Det var signala frå to viktige møte for framtidas kompetansepolitikk.

Fylkeskommunane er no oppmoda om å kome med sine innspel til den nye nasjonale kompetansepolitiske strategien. Den skal vere ferdig ved årsskiftet. Fylkeskommunane er allereie godt i gang med å lage eigne regionale kompetansestrategiar.

- Noreg treng ein heilskapleg nasjonal kompetansepolitikk som gir regionene tilstrekkeleg myndigheit, fleksibilitet og handlingsrom for å tilpasse politikk og tiltak til regionale føresetnader, seier statssekretær Grete Ellingsen i Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD).

 

Statssekretær Grete Ellingsen (KMD) og statssekretær Bjørn Haugstad (KD).
Statssekretær Grete Ellingsen (KMD) og statssekretær Bjørn Haugstad (KD) slår fast at fylkeskommunane er viktige premissleverandørar for utforminga av den Nasjonale Kompetansepolitiske strategien.

Sentrale politikarar og embetsfolk innan kompetansepolitikken samla seg i Bergen i sommar. VOX hadde innspelskonferanse til nasjonal kompetansepolitisk strategi. OECD arrangerte toppmøte om Skills strategy. Under diskusjonane og foredraga var det mykje som tyda på ein stadig større aksept for regionale perspektiv i kompetansepolitikken både på nasjonalt og europeisk nivå.

- Kompetansepolitikken har klare utdanningsmessige og sosiale sider, og vert best utforma og gjennomførd der befolkninga og verksemder er, sa statssekretær Ellingsen under OECD-toppmøtet.

Arbeidet i haust blir viktig for rolla til fylkeskommunane i kompetansepolitikken

  • I september: Kunnskapsdepartementet (KD) startar opp regionale utviklingsprosjekt for styrking av arbeidet med regional plan for kompetanse (i samarbeid med KMD)
  • 1. oktober: Frist for fylkeskommunene til å levere innspill til Kunnskapsdepartementet til arbeidet med Nasjonal Kompetansepolitisk.
  • 17. -18. oktober Regionalt utviklingsverkstad. I samarbeid med fylkeskommunane arrangerer KMD ein lærings- og erfaringskonferanse. Målgruppa for verkstaden er tilsette i fylkeskommunane. Tema er arbeidet til fylkeskommunen med regional plan for kompetanse, næringsutvikling og planlegging. Erfaringane frå dei fem pilotprosjekta som skulle forbetre kunnskapsgrunnlaget for ein meir systematisk og heilskapleg regional kompetansepolitikk, vil drøftast.
  • Oktober/november: KD og KMD arrangerer strategipartsmøte med fylkeskommunane der innspel frå fylkeskommunane til nasjonal kompetansepolitisk strategi er hovudtema. 

Vil fylle sentrum med liv

Tromsø, Arendal og Lærdal er pilotar i prosjektet «Levende lokaler». Fram til 2018 skal dei tre kommunane teste ulike tiltak for å fylle tomme lokaler og sikre meir liv i sentrum.

«Levende lokaler» er eit stadutviklingsprosjekt frå Norsk design- og arkitektursenter (DOGA). Det nasjonale prosjektet varer frå våren 2016 til våren 2018. Dei tre pilotkommunane eksperimenterer med ulike tiltak, for å finne ut kva som verkar.

– Det skal stå varige resultat igjen av prosjektet, både i Tromsø og i dei andre pilotkommunane. Vi skal skape verktøy og metodar som andre kommunar kan bruke for å motverke sentrumsdød. Prosjekta blir følgde opp av fagfolk frå DOGA, ei solid referansegruppe og følgjeforskarar, seier prosjektleiar i Tromsø, Kari Helene Skog.

Kvart kvartal

Bakgrunnen for prosjektet er ei utvikling vi ser i «alle» små og store byar: Detaljhandelen flytter frå sentrum og over i kjøpesenter, lagerfunksjonar blir flytta ut av byen, og kontor blir samla i klyngjer. Resultatet er tomme lokale og sentrumsområde utan aktivitet. Prosjektet skal undersøkje kva som må til for å vekkje liv i ei gate.

Interessa for å vere med i prosjektet var stor. Tromsø var kjapt ute med søknaden sin.

– Byen vår er ikkje mellom dei som har størst problem med tomme sentrumslokale. Men det står tomme vindauge i kvart kvartal, og det er for mykje, seier Skog.

 

Prosjektleiar Kari Helene Skog i Tromsø kommune utanfor eit tomt butikklokale.
Prosjektleiar Kari Helene Skog i Tromsø kommune ser mange måtar å skape nytt liv på i tomme sentrumslokale.

Mellombels innhald

Kari Helene Skog viser fram flotte lokale med gapande tomme vindauge på gateplan midt i Tromsø sentrum.

– Ei viss utskifting er heilt naturleg. Problema oppstår når lokale blir ståande ubrukte lenge. Fråflytte lokale ser trist og stygt ut. Det skaper tomrom der det skulle vere liv, seier ho.

Ein av tankane bak «Levende lokaler» er å fylle ledige lokale med mellombels innhald, til dømes ei veke, ei helg eller ein månad.

- Eg byggjer opp eit kartotek over kven som treng lokale, og skaffar oversikt over gardeigarar med ledige lokale. Innhaldsprodusentane finn ein stort sett mellom kreative yrke og kulturnæringar, andre gründerar, frivillig verksemd og solidaritetsverksemd. Ideelt sett ynskjer vi ein miks av dei. Mange av lokala er store og kan romme fleire aktørar. Utfordringa er at dei fleste innhaldsprodusentane er idealistar med avgrensa økonomi, seier ho.

Sjekkliste

Ein skulle kanskje tru at gardeigarane ivrig tok imot alle idear som kan skape nytt liv i dei tomme lokala deira. Slik er det ikkje, hevdar Skog.

– Prosjektet har gitt oss viktig kunnskap om dette. For ein gardeigar er det mykje arbeid for å leige ut mellombels. Kanskje må det søkjast om bruksendring, kanskje utløyser det andre krav til brannsikring og rømmingsvegar. Vi arbeider med ei sjekkliste som skal gjere dei praktiske problema meir overkomelege for begge partar, seier Skog.

Nasjonalt nettverk

Ho merkar at publikum er nysgjerrige på prosjektet.

– Dei ynskjer seg eit sentrum som fungerer. Men omgrepet sentrumsdød passar eigentleg ikkje på Tromsø. Her er mykje aktivitet i bykjernen alt. Turistnæringa veks, det gjeld både talet på tilreisande og nye sesongar. Turistane er ei ny og viktig målgruppe. Det gjeld å omstille seg og knyte aktivitetar til det nye bybiletet, seier ho.

I tillegg til dei tre pilotkommunane er det etablert eit nasjonalt nettverk som arbeider med ulike tiltak for å vitalisere sentrum. Les meir om nettverket her.

Tekst og foto: Hanne Løkås Veigård / Videofabrikken


Trippel effekt av velferdsteknologi

Den norske helsenæringa er lita og ung, men til gjengjeld svært ambisiøs og internasjonal. Innovasjon Noreg peikar på nokre heilt sentrale grep politikarar og styresmakter kan gjere for å hjelpe bedriftene med å lykkast.

Innovasjon Noreg framhevar helse og velferd som eitt av seks overordna moglege område der Noreg kan kompensere for tapte oljeinntekter, og erobre marknader på område der verda treng nye løysingar. Alt i dag eksporterer norsk helseindustri for meir enn 20 milliardar kroner. I ein nyleg rapport til næringsminister Monica Mæland ser næringa sjølv for seg at potensialet er mykje større, at helseindustrien kan bli ein av dei aller største, i ein global marknad som er i sterk vekst.

Trippel effekt

Innovasjon Noreg oppdaterer no innovasjonsråda frå Drømmeløftet i 2015. Seniorrådgivar Jorunn Birgitte Gjessing-Johnrud er sentral i arbeidet med ein av seks rådgivande delrapportar, den som handlar om helse og velferd. Ho deler optimismen til helseindustrien.

– Potensialet er stort. Satsing på innovasjon og teknologi i helsesektoren gir ein vinn-vinn-vinn-situasjon. God velferdsteknologi fører til betre omsorg, sparer ressursar for samfunnet og gir gode vekstalternativ for næringslivet – ein trippel effekt, med andre ord, seier ho.

Eldre på sykkel

I Bergen har eldre bebuarar kome seg opp på ergometersykkel og får avveksling, betre helse og godt humør takk vere ei av nyvinningane innanfor velferdsteknologi - «Motiview». Bedrifta Motitech har kopla ergometersykkel og film saman. Dei eldre trør seg fram på ergometersykkelen, og på skjermen framfor seg får dei levande bilete og lyd frå nærområda dei kjenner godt. Den auka fysiske aktiviteten gir store helsegevinstar, avlastar dei tilsette og aukar trivselen mellom bebuarane.

Eldre dame sykler på ergometersykkel og ser på sykkelturen på ein skjerm.
Mange eldre på institusjonane i Bergen har kasta seg på ergometersykkelbølgja. Dei syklar seg gjennom kjende og kjære landskap, trygt plasserte i stove eller trimrom. Foto: Motitech

Ut i verda

«Motiview» er no seld til 57 av kommunane i landet, og Motitech har fått sine første kundar i Sverige og Danmark og på Island.

– Gjennom internasjonaliseringsprogramma til Innovasjon Noreg fekk vi tru på at konseptet vårt ikkje berre var for den norske marknaden. Dermed er vi no på full fart ut i ein internasjonal marknad med tre viktige ting i bagasjen: kundar, kapital og kompetanse. Vi hadde aldri vore der vi er i dag, om det ikkje var for Innovasjon Noreg, seier daglig leiar i Motitech Jon Ingar Kjenes.

Opne for innovasjon

Innovasjon Noreg tek til orde for at offentlege innkjøparar bør vere meir opne for innovasjon.

– Offentleg sektor er ikkje spesielt krevjande som kunde, særleg ikkje når det gjeld innovasjon. Ein spør etter hyllevara som finst, utan å sjå moglegheitene som kan oppstå dersom leverandørane blir bedne om å løyse eit problem. Du utviklar ikkje LED-belysning dersom du spesifiserer glødepærer i tilbodet, for å seie det slik, seier Jorunn Birgitte Gjessing-Johnrud.

Risikokapital

Behovet for risikokapital er stort når velferdsteknologien skal utviklast. Innovasjon Noreg rår til å styrkje helseprofilen til såkornfonda og trigge interessa til investorar for å stimulere til meir privat kapital i næringa.

– Vi bør òg teste om fleire offentleg-private innovasjonspartnarskap kan ha effekt, og om vi kan utvikle Norden til ein heimemarknad som blir eit springbrett til verdsmarknadene, seier Gjessing-Johnrud.

Ho peikar òg på at i helsestellet i Noreg er det mange kommunar som utarbeider eller vel sine eigne løysingar. Innovasjonsbiten blir liten i kvart enkelt tilfelle, i motsetning til det som kan skje når fleire går saman.

– Sjå på dei store byane, til dømes Oslo, Bærum, Asker og Bergen. Dei brukar til dels store ressursar og har fått gode resultat, seier ho.

Tekst: Erik Veigård / Videofabrikken

 


Europapolitisk forum til Kirkenes i haust

Europapolitisk forum blir arrangert i Kirkenes 22.-23. september. Der møter lokale og regionale folkevalte statssekretærar for å diskutere viktige tema i den europapolitiske dialogen mellom forvaltningsnivåa.

Europapolitisk forum skal styrkje dialogen mellom nasjonale, regionale og lokale styresmakter og Sametinget i europapolitikken. På sakslista denne gang står to hovudsaker: Digital agenda og "Team Norway".

Saka om digital agenda tek utgangspunkt i stortingsmeldinga til KMD, Digital agenda for Norge – IKT for en enklare kvardag og økt produktivitet. Utvalde tema for diskusjonane i Kirkenes er mellom anna e-handel og e-forvalting.

"Team Norway" handlar om å utvikle gode arbeidsformar og modellar for å betre dialogen mellom forvaltningsnivå og sektorar om europapolitiske tema.

Møtet blir arrangert i samarbeid med Finnmark fylkeskommune. Representantar frå kommunar, fylkeskommunar, Sametinget og statssekretærar frå Utanriksdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil delta.


Circular Ocean i RegioStars-finalen

Interreg NPA-prosjektet Circular Ocean skal gjere marint avfall, ei av dei største utfordringane i havområda våre, til ein ressurs for bedrifter og lokalsamfunn langs kysten. No er prosjektet nominert som ein av finalistane i RegioStars Award 2016. NTNU er norsk prosjektpartnar.


Nye rapportar

Årsrapport EØS-midlane. I 2015-2016 gjekk en del av midla til å handtera flyktningstraumen i Europa og til å sikre Europas yttergrenser. Noreg medverkar gjennom EØS-midlane til sosial og økonomisk utjamning i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS). Støtta skal òg styrke bindingane og samarbeidet mellom Norge og mottakarlanda.

 


Kva skjer?

Konferanse om nordiske smarte byar og lokalsamfunn,
6.-8. september, Trondheim.

Norges Tekniske Vitskapsakademi arrangerer konferanse om smarte byar og lokalsamfunn. Konferansen er ein møteplass for aktørar i dei nordiske landa. Smarte byar og lokalsamfunn er stadig viktigare i styresett, infrastruktur og daglegliv.

Norwegian Innovation Cluster Forum 2016,
8. september, Bergen.

Overskrifta på årets konferanse er Samarbeid - vår nye konkurransekraft. Innleiarane tek utganspunkt i kva for ei rolle klyngjene kan ha i omstilling av norsk næringsliv framover. På programmet står blant anna Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner. Målgruppa er klyngjene, klyngjebedrifter, politikare og andre som er opptatt av klyngjene. Forumet arrangerast av Norwegian Innovation Clusters.

EØS/EU på 1-2-3: Lynkurs for folkevalte og leiarar,
8.-9. september, Brussel.

Speler EU eigentleg nokon rolle for kommunar og fylkeskommunar? Er det stor skilnad på dei sakane lokal- og regionalpolitikare i Europa og Noreg diskuterer? Korleis deltar Noreg i det europeiske samarbeidet? Og kva kan vi bruke det til? Målgruppa er folkevalte og leiarar i kommunar og fylkeskommunar. Kurset er i regi av dei seks norske regionkontora og KS i Brussel.

ESPON – også for periferien,
13. september, Gardermoen.

ESPON er et EU-program som støtter og fremmer territorial forsking i Europa. Fleire norske forskingsinstitusjonar og offentlege institusjonar er involvert i ei rekke prosjekt. Verkstaden har som mål å utveksle erfaringar og diskutere korleis programmet kan komme til nytte for fleire.

Kunnskapsseminar: Nye innbyggjarar gir verdiskaping og nye muligheiter,
28. september, Stjørdal.

Kan arbeidet med inkludering vere ein del av samfunns- og næringsutviklingsarbeidet? Korleis kan du som leiar eller sentral medarbeidar medverke til at kommunen, næringslivet og dei frivillige organisasjonane samarbeider betre om å utnytte dei moglegheitene som innvandringa har med seg? Distriktssenteret og IMDi lover påfyll av kunnskap om inkludering og kvalifisering av flyktningar, arbeidsinnvandrarar og familiegjenforeining.

Prosjektleiarsamling i Byregionprogrammet,
3. oktober, Tromsø.

Kunnskapsdeling er hovudtema på samlinga. Program er under utarbeiding, og påmeldingsskjema er sendt ut til prosjektleiarane. Distriktssenteret arrangerer samlinga.

Nettverkssamling Byregionprogrammet,
4. oktober, Tromsø.

Omstilling og innovasjon og mellombelse funn frå evalueringa av Byregionprogrammet står på programmet. Påmeldingsskjema for deltakarar i programmet er sendt ut til prosjektleiarane. Distriktssenteret arrangerer samlinga.

Hjernekraft 2016,
12. oktober, Lillestrøm.

Stikkord er forsking, teknologi og innovasjon. Tema for Hjernekraft 2016 er Internet of Things (IoT) og Big Data. Hjernekraft er ein arena og møteplass for samhandling, innovasjon og nettverksbygging for næringslivet, forskingsmiljøa og politikarane. Kjeller Innovasjon, Kunnskapsbyen Lillestrøm og OREEC arrangerer konferansen.

Europeisk uke for regionar og byar,
10.-13. oktober, Brussel.

Hovudtema i år er regionar og byar for bærekraftig og inkluderande vekst. Meir enn 100 sesjonar, seminar og møte blir arrangert under sub-kategoriane; varig og bærekraftig økonomisk vekst, inkluderande økonomisk vekst og enklare strukturfond. Det er Regionkomitèen (Committee of the Regions) og EUs generaldirektorat for regionalpolitikk som arrangerer veka i samarbeid med ulike regionale aktørar.

Konferansen regionalt utviklingsverksted,
17.-18. oktober, Oslo.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) inviterer til regionalt utviklingsverkstad. Tema for konferansen er fylkeskommunanes arbeid med regionale strategiar for FoUoI, næringsutvikling og kompetanse. Målgruppa for verkstaden er tilsette i fylkeskommunane som arbeider med kompetanseutvikling, næringsutvikling og planlegging.

Konferanse om sirkulær bioøkonomi,
25.-26. oktober, København.

«Research and innovation pathways towards a circular bio-economy», konferansen presenterer ny forsking- og innovasjon som skal få meir ut av ressursane i dei bio-baserte verdikjedene og få til ei dreiing mot ein sirkulær bioøkonomi. Biosmart og Bygdeforsking arrangerer saman med prosjekta SusValueWaste og Cycle konferansen.

Nordregio Forum 2016,
22. – 23. november, Helsinki.

Nordregio Forum er den årlege møteplassen for fagfolk og politikarar som arbeider med regional utvikling i Norden. Nordregio Forum 2016 vil dreie seg om bio-baserte løysingar og berekraftig økonomi. Det er tre hovudtema; nasjonal politikk og insentiv for overgang, innovative grøne løysingar og benchmarking mellom nordiske regionar.


Lenker til andre nettsider og nyheitsbrev:  


Om Regionalnytt

Utgitt av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Regionalpolitisk avdeling.  Ansvarleg redaktør: Ekspedisjonssjef Hallgeir Aalbu.
Redaktør: Seniorrådgjevar Linda Sjåstad Andreassen.
Redaksjonsmedarbeidarar: Seniorkonsulent Beate Solem. 

www.regionalnytt.no
E-post: regionalnytt@kmd.dep.no 

Abonner på Regionalnytt.

Til toppen