Regionalnytt 3 2017

Denne utgåva av Regionalnytt inneheld mellom anna saker om erfaringar med utflytting av statlege arbeidsplassar, sju nye næringsklynger som får støtte, rettleiar i smart spesialisering og nye forskrifter til tilskotsordningar.

Innhold



Gode erfaringar med utflytting av statlege arbeidsplassar

Dei statlege verksemdene Kulturminnefondet, Valdirektoratet og Lotteri- og stiftelsestilsynet rekrutterer godt, har stabil stab og lèt ny teknologi kompensere for geografiske avstandar etter at dei vart flytta ut av Oslo. For bu- og arbeidsmarknadsregionane er dei statlege arbeidsplassane viktige.

Foto av Olve Grotle, som er ordførar i Førde
– Statlege arbeidsplassar styrkjer den generelle arbeidsmarknaden og omdømmet i regionen, seier Olve Grotle, som er ordførar i Førde Foto: Steffen Ben Jonstad

– Dei statlege arbeidsplassane er eit viktig og positivt bidrag for heile regionen vår. Dei styrkjer den generelle arbeidsmarknaden og omdømmet til regionen. Folk pendlar hit frå store delar av fylket, fortel ordførar i Førde, Olve Grotle. Førde huser det nasjonale Lotteri- og stiftelsestilsynet. I 2018 blir òg administrasjonen til Fredskorpset flytta hit.

Han meiner at ei statleg verksemd blir møtt med større interesse og merksemd i mindre byar enn i ein storby.

– Verksemda kan lettare føre til endringar her. Difor er det viktig at leiarar for desse verksemdene òg er interesserte i å utvikle det samfunnet dei er ein del av, seier Grotle.

Styrkjer arbeidsmarknaden

Ein velfungerande arbeidsmarknad er føresetnad nummer éin for å trekkje til seg statlege arbeidsplassar. Gode kommunikasjonar er òg avgjerande. Men ordførar Olve Grotle vil ikkje bruke ordet «kompetansearbeidsplassar».

– I dag er det store krav til kompetanse i alle typar jobbar. Dei aller fleste vil gjerne utvikle seg fagleg og få høve til å prøve ulike jobbar. Tidlegare hadde vi for vane å seie at ein måtte ha minst to arbeidsplassar for å rekruttere godt til éin jobb. Det skulle vere jobb både til den som søkte stillinga, og til partnaren hans eller hennar. To er for lite. Ein må ha minst fire arbeidsplassar, slik at begge veit at dei kan få seg ein anna relevant jobb den dagen dei ynskjer forandring, seier Grotle.

Førde har vekst i både privat og offentleg sektor.

– Vi vil gjerne ha fleire statlege arbeidsplassar. Vi er glade for at Fredskorpset flyttar hit. Ei verksemd med internasjonalt fokus gjev ein ny dimensjon. Eg forstår godt at det er vanskeleg når jobben blir flytta, men det er ei anna sak. Vi håpar sjølvsagt at flest mogleg blir med til Førde, seier Grotle.

Teknologi reduserer avstandar

Atle Hamar er direktør for Lotteri- og stiftelsestilsynet i Førde. Han var den første tilsette i tilsynet for 17 år sidan.

– Regionen har ein velfungerande bu- og arbeidsmarknad. Det er lett å pendle. Dei 73 medarbeidarane fordeler seg på sju kommunar dei bur i og skattar til. Statleg verksemd har mykje å seie for fleire enn vertskapskommunen, hevdar Hamar.

Direktør Atle Hamar i Lotteri- og stiftelsestilsynet.
- Vi ligg i teten når det gjeld digitalisering og modernisering, og medverkar òg til større leverandørkompetanse i regionen, hevdar direktør Atle Hamar i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Han trur ikkje det kostar meir å flytte ut arbeidsplassar enn å ha desse arbeidsplassane i Oslo.

– For det første er kvadratmeterprisen ein heilt annan her enn i hovudstaden. Dessutan kan teknologi oppheve avstandane. Vi tek initiativ til å bruke videomøte, vi automatiserer og digitaliserer oppgåver der det er mogleg, og vi oppdreg dei som brukar tilsynet til å gjere det same. Eg er forundra over kor få det er som utnyttar ny teknologi til å modernisere forvaltninga. Vi er mellom dei fremste i Kulturdepartementet, kanskje nettopp fordi vi ligg utanfor Oslo. Den nødvendige teknikken kostar null samanlikna med flyreiser. Sjølvsagt må nokre møte vere fysiske. Men for å seie det slik: Eg gjer aldri berre éin ting dersom eg er i Oslo. Då fyller eg dagen med møte, og brukar òg reisetida så godt eg kan, seier Hamar.

Dei statlege verksemdene kjøper ein god del varer og tenester.

– Vi er nøydde til å bruke anbod når vi gjer innkjøp. Det er bra når lokale verksemder vinn anbodet, men vi gjev òg tilbakemelding til dei som ikkje når opp, slik at dei kan stå betre rusta i andre konkurransar. På den måten er vi med på å heve leverandørkompetansen i regionen, fortel Hamar.

Røros – eit kultursenter

Kulturminnefondet ligg på Røros. Det er ikkje tilfeldig.

– Røros har eit sterkt kulturfagleg kompetansemiljø. Dei 18 medarbeidarane i Kulturminnefondet har stort utbyte av å samhandle med dei andre aktørane, seier direktør Simen Bjørgen, og nemner nokre av fordelane staden har:

– Rørosmuseet Bygningsvernsenteret gjev rettleiing og opplæring i tradisjonelt handverk og bygningsvern. Bergstaden Røros har stått på UNESCOs verdsarvliste sidan 1980. Røros har fleire gonger vore kåra til den beste kulturkommunen i Noreg, og det inneber at folk ikkje berre finn spennande jobbar, men òg ei meiningsfull fritid her. Alt dette gjer oss attraktive for høgt kvalifisert arbeidskraft. Vi skal no tilsetje ein ny rådgjevar. Av 60 søkjarar er dei aller fleste godt kvalifiserte for jobben.

Simen Bjørgen, direktør for Kulturminnefondet
– Utflytting av statlege arbeidsplassar medverkar til sterke fagmiljø også i distrikta, seier Simen Bjørgen, direktør for Kulturminnefondet. Foto: Tom Gustavsen

Kulturminnefondet har òg god dialog med Røros kommune.

– Vi har ein lyttande og interessert vertskommune. Eg er ikkje overtydd om at det ville vore slik om fondet låg i Oslo. Når Kulturminnefondet får gjester utanfrå – og det skjer ofte fordi Bergstaden har godt renommé – samarbeider vi gjerne med kommunen om innhald i besøket, seier Bjørgen.

Kulturminnefondet er avhengig av tett kontakt med Klima- og miljødepartementet i Oslo. I tillegg skal fondet drive rettleiing og kontroll, frå Nordkapp til Lindesnes.

– Godt kollektivtilbod er ein føresetnad. Tog og langdistansebussar kan ta oss både nordover og sørover. Frå sentrum kan vi spasere til ein flyplass med god regularitet. Derifrå tek det tre kvarter å kome til Gardermoen. Eg synest det er rimeleg at statlege arbeidsplassar finst over heile landet. Det er eit godt verkemiddel for å utvikle sterke fagmiljø også i distrikta. Og kanskje er det den friske fjellufta som kan forklare sjukefråværet på forsvinnande 0,2 prosent, undrar Bjørgen.

- Lurt å ta seg god tid

Tønsberg huser tre direktorat: Helfo, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og Valdirektoratet. Det siste vart oppretta 1. januar 2016, og har ansvar for gjennomføringa av val i Noreg. Valdirektoratet er samlokalisert med DSB.

– Samlokaliseringa er ein stor fordel når det gjeld kompetanse og kapasitet. Fellesfunksjonar gjev dessutan innsparingar, seier direktør Bjørn Berg.

Lik som Lotteri- og stiftelsestilsynet og Kulturminnefondet, rapporterer han om upåklageleg rekruttering.

– Vi var spente på førehand, men vi har svært mange gode søkjarar til stillingane våre, seier Berg.

Bjørn Berg ser ingen ulemper med å liggje utanfor hovudstaden. Det gjer heller ikkje dei andre direktørane.

– Då det nye direktoratet blei oppretta, vart ein del oppgåver flytta ut av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Nokre av medarbeidarane vart med, men vi måtte leggje mykje arbeid i kompetanseoverføring. Eg trur det er lurt å ta seg god tid, syte for god involvering og få til eit godt avgjerdsgrunnlag før ein gjer vedtak om å flytte ut arbeidsplassar, meiner Bjørn Berg.

Tekst: Hanne Løkås Veigård / Videofabrikken.

 


Startar nye næringsklynger

Sju nye næringsklynger får no støtte og oppfølging gjennom klyngeprogrammet Norwegian Innovasjon Clusters. Det kan bidra til høgare vekst i omsetjing og sysselsetting for verksemdene i klyngene.

Fem nye klynger i ein tidleg fase av utviklinga av klyngesamarbeidet får Arena-status: Finance Innovation i Bergen, Arena Oslo – The Smart Event City, Arctic Cluster Team i Nordland, Arena Smart City i Stavanger og Tequity Cluster i Trondheim. To nye sterke klynger med eit nasjonalt tyngdepunkt avanserer til status som Norwegian Centre of Expertise: iKuben – Rapid Transformation i Molde og NCE Energy Technology (tidlegare Arena Subsea Valley). I tillegg til dei nye klyngene, får klyngene Norwegian Fashion Hub og Norwegian Smart Care Cluster forlenga status som Arena-prosjekt for to nye år.

Foto viser en to pc-skjermer med henholdsvis en flytdiagram og motebilde av en dame og mann.
Fire verksemder i Arena-klynga Norwegian Fashion Hub har utvikla ein plattform skreddersydd for motebransjen. Foto: Innovasjon Noreg

Regjeringa foreslår 200 millionar kroner til klyngeprogrammet Norwegian Innovation Clusters, som er eit ambisiøst og effektivt verktøy for å styrke innovasjonskrafta og sikre arbeidsplassar, både i dei einskilde verksemder og i regionane. Programmet er eigd og drifta i fellesskap av Forskingsrådet, Siva og Innovasjon Noreg, og blir finansiert av Nærings- og fiskeridepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet. 

Samarbeid i klyngene er viktig for omstilling

Næringsklynger styrker konkurransekrafta og trygger arbeidsplassane. Undersøkingar gjort av mellom anna SSB og Innovasjon Noreg, viser òg at verksemder som deltek i klyngesamarbeid har høgare vekst i omsetjing og sysselsetting enn verksemder utanfor klyngene - òg når ein tek høgde for oljekrisa.

Deler av norsk næringsliv, og mange av dei etablerte klyngene møtte store utfordringar etter krisa i olje- og gassnæringa. Mange sysselsette mista jobben, verksemder gjekk konkurs, og mange lokalsamfunn langs heile kysten på Sør- og Vestlandet blei hardt råka.

No er omstillinga i full gang.  Verksemder og kunnskapsmiljø har sett nye moglegheiter. Her har klyngeprogrammet spelt ei viktig rolle for å kople ulike klynger og forretningsområde saman, for å utvikle noko radikalt nytt. I årets utlysning er det difor lagt særleg vekt på omstilling.

Framtidas vekstnæringar blir skapt i nye samarbeid. Klyngene bidreg til å ruste vekstverksemdene for framtidas næringsliv, og til å etablere samarbeid som skapar innovasjon og kompetansedeling.

 


Noreg får sine fyrste katapultsentre

Med Norwegian Manufacturing Technology Center (NMTC) på Raufoss og FutureMat i Kristiansand har Noreg fått sine fyrste nasjonale testsentra for innovasjon.

Katapultsentra skal vere pådrivarar for å gjere norsk industri grønare, smartare og meir nyskapande. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har vore med for å utvikle katapultordninga og finansiert piloten, medan Nærings- og fiskeridepartementet finansierer ordninga, som i statsbudsjettet 2018 er foreslått auka til 100 millionar kroner.

Her sammen med (fra venstre): Espen Susegg (Siva), Gro Eide (Elkem), Svein Terje Strandlie (SRM).
Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner offentleggjorde dei to fyrste katapultsentra FutureMat og NMTC Raufoss. Her saman med (frå venstre): Espen Susegg (Siva), Gro Eide (Elkem), Svein Terje Strandlie (SRM). Foto: Jarle Nyttingnes, Siva

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner offentleggjorde katapultsentra for ei veke sidan.

– Med dei nye katapultsentra på Raufoss og i Kristiansand får norsk næringsliv ei unik moglegheit til å teste ut ny teknologi og smarte løysingar. Katapultsentra blir viktige byggesteinar for Noreg, som leiande industri- og teknologinasjon, i møte med det grøne skiftet og sterkare global konkurranse, seier kommunal- og moderniseringsministeren.

 


Verkstad for regional utvikling

Korleis kan fylkeskommunane bli betre samfunnsutviklarar? Kommunal – og moderniseringsdepartementet (KMD) laga ein verkstad saman med fylkeskommunane for å diskutere innovasjon, kompetanse og næringsutvikling.

I slutten av september samla KMD over 100 tilsette frå fylkeskommunane for å dele erfaringar frå sitt arbeid gjennom dialog, ulike verkstadar og faglege innlegg.

- Å treffe andre fylkeskommunar på denne måten er kjempeviktig for å hauste inspirasjon og utveksle erfaringar. Det er òg nyttig for fylkeskommunane saman å møte KMD, for å høyre den same informasjonen og samordne prosessar i fylkeskommunane, seier deltakar og plansjef i Sør-Trøndelag fylkeskommune, Vigdis Espnes Landheim, som heldt eit av innlegga i gruppearbeidet på verkstaden.  

Vigdis Espnes Landheim, plansjef i Sør-Trøndelag fylkeskommune.
- Det er nyttig for fylkeskommunane saman å møte KMD, seier Vigdis Espnes Landheim, plansjef i Sør-Trøndelag fylkeskommune.

Dei nye fylkeskommunane

Blant tema for årets verkstad var forventningar til "dei nye fylkeskommunane", der det mellom anna blei peikt på utfordringar med samordning mellom sektorar og nivå.

- Sektororganisering er effektivt, men samordninga mellom sektorane er ofte ei utfordring. Alle nye samfunnsutfordringar ligg mellom sektorane og mellom forvaltningsnivåa. Regionreforma opnar for at fylkeskommunane tek ei større rolle for å sikre heilskap. Det krev at dei må vere enda meir strategiske, mobiliserande og koordinerande, seier ekspedisjonssjef i KMD, Hallgeir Aalbu.  

Han møtte ei engasjert forsamling som til dagleg arbeidar for å fylle rolla dei har fått.

Gruppearbeid med syv personer
Gruppearbeid på verkstaden. Foto: Beate Solem, KMD

- Det var bra at KMD viste til den viktige rolla fylkeskommunane har som samfunnsutviklarar. Fylkeskommunane må ta rolla, men det er ikkje berre lett når ein samstundes har ein sterk stat og sterke kommunar med eit sterkt lokaldemokrati, seier Landheim som var særleg inspirert av innlegget til David Paulsson frå Region Dalarna om Smart spesialisering.

Regionar har ulike utgangspunkt

David Paulsson viste på ein elegant måte korleis tre regionar i Sverige samarbeider om regional innovasjon og omstilling gjennom eit felles prosjekt. Hans hovudpoeng var at ulike regionar kan ha behov for ulik framgangsmåte i sine prosessar, sjølv om dei jobbar med lik tematikk. Dette passa òg bra med innlegget frå innovasjonsforskar Jon P. Knudsen. Han viste modellar og teori for korleis regionar har ulikt sosiokulturelt og økonomisk grunnlag som gjev dei ulike utgangspunkt for økonomiske utvikling.

Dette var andre året med verkstad. Tilbakemeldingane syner at dette har blitt ein viktig arena for dialog og læring mellom departementet og fylkeskommunane. KMD planlegg no ein ny verkstad i september 2018. 

 


KMD lagar rettleiar i smart spesialisering

Smart spesialisering er ein strategi som legg vekt på moglegheitene i regionane. Det handlar om å arbeide på tvers av sektorar, og om å utvikle nye næringsområde eller nisjer der regionane kan bli konkurransedyktige og skape arbeidsplassar.

Rettleiaren Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) no lagar saman med fylkeskommunane, skal hjelpe i arbeidet.

Kva er smart spesialisering?

Smart spesialisering er eit verktøy EU brukar for økonomisk utvikling i alle typar regionar. Målet med smart spesialisering er å finne fram til nye område eller nisjer for næringsutvikling, der regionen kan bli konkurransedyktig. Å prioritere utvikling på denne måten skal gje nye arbeidsplassar og auka velstand. Smart spesialisering har forskingsbaserte tilrådingar om korleis regionale styresmakter kan leggje til rette for nye nisjer. Smart spesialisering er òg ein metode for utvikling og gjennomføring av strategiske planar.

Handlar om regionalt utviklingsarbeid og samordning av sektorar

Prosessen med utvikling av rettleiar er i gang, og det er sett ned ei referansegruppe med deltakarar frå fylkeskommunane, Innovasjon Noreg og Forskingsrådet. Når vi skal lage ein rettleiar blir det viktig å setje smart spesialisering inn i ein norsk kontekst. Rettleiaren skal vere inspirert av, og hente faglege råd frå smart spesialisering. Rettleiaren skal handle om regionalt utviklingsarbeid i Noreg, med vekt på næringsutvikling, innovasjon, FoU og kompetanse. Kor breitt rettleiaren skal femne, er noko av det vi no skal avklare.

Metoden for smart spesialisering passar godt for fylkeskommunane som samfunnsutviklarar, og skal bidra til å skape ei heilskapleg og ønska utvikling der ulike prioriteringar og tiltak dreg i same retning. Rettleiaren skal vise kva som er flaskehalsar i prosessane med strategiutvikling og gjennomføring, og kva ein kan gjere med dei. Vi vil samle god praksis frå ulike typar strategiprosessar. Vi har fått mange gode innspel på Verkstedet for regional utvikling, og vi vonar mange fylkeskommunar vil bidra inn i den vidare prosessen. Målet er at rettleiaren skal vere ferdig midt i 2018.

 


Nye forskrifter til tilskotsordningar

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) arbeider no med nye forskrifter for fire tilskotsordningar. Endringane skal gjere det lettare for fylkeskommunar og dei som skal søkje om tilskot å orientere seg om kva reglar som gjeld.

Dei nye forskriftene gjeld føljande ordningar under programkategori 13.50 i statsbudsjettet:

  • Under kap. 550 Omstillingsdyktig næringsliv og lokalsamfunn i distrikta, postane 64 Inkluderande og vekstkraftige lokalsamfunn og 73 Merkur-programmet
  • Under kap. 553 Omstillingsdyktige regionar, postane 60 Regionale tiltak for utvikling av nærmiljø og tilgang til kompetanse og 65 Omstillingsprogrammer ved akutte endringar i arbeidsmarknaden.

Grunnen er ei endring i poststrukturen i statsbudsjettet for 2017. Forskriftene vil kome i staden for dagens forskrift med tilhøyrande retningslinjer. Forskriftene skal gjere det enklare for fylkeskommunar og søkjarar av tilskot å sette seg inn i plikter og rettar. Det sikrar òg større grad av likehandsaming for alle partar. Målet er at vi ikkje skal ha retningslinjer, og at oppdragsbreva skal bli monaleg kortare. Departementet vil vidareutvikle regionalforvaltning.no og Merkur-programmet.no i tråd med gjeldande lover og reglar.

Departementet gjer merksam på at det blir sendt forskrifter på høyring i slutten av november. Høyringsperioden er seks veker. Høyringa er offentleg, og høyringsforslaget og høyringssvar vil bli publisert på KMD sine nettsider.

 


Finske studentar møtte nordnorske arbeidsgjevarar

Prosjektet for felles arbeidsmarknad, Arctic Labour, ønskjer å snu arbeidsmobilitet frå nord-sør til nord-nord. Over 50 yrkesfagstudentar har meldt si interesse for å flytte til Nord-Norge etter å ha høyrt om moglegheitene for arbeid i regionen.

 


Nytt frå EU-delegasjonen om kommunal- og regionalpolitikk

I den sjette utgåva av nyheitsbrevet frå kommunal- og regionalråden ved den norske EU-delegasjonen kan du mellom anna lese om at EU, med et nytt verktøy, byr på inspirasjon til beste praksis i kommunale innkjøp. I tillegg har EU lagt fram ei melding om grensehindringar – kor dei peiker på moglege løysingar. Og gå ikkje glipp av ein klassikar for nye lesarar: søppel er ikkje berre søppel, og Brussel legg rammene for kommunal søppelhandtering.


Nye rapportar

Evaluering av kommunale næringsfond i Hedmark. På oppdrag frå Hedmark fylkeskommune har Oxford Research evaluert tildelinga til kommunale næringsfond (KNF) i fylket. Evalueringa er ein del av Hedmark fylkeskommune sitt kunnskapsgrunnlag for strategiske avgjerder om forvaltinga av regionale utviklingsmidlar.

Næringsutvikling i Hedmark fylkeskommune. I forvaltingsrevisjonsrapporten for 2015-2017 blir det gjort ei vurdering av om Hedmark fylkeskommune lever opp til den rolla som fylkeskommunen har mål om, i næringsutviklingsarbeidet. Forvaltningsrevisjon 2015-2017 er utarbeidd av Hedmark Revisjon IKS på vegne av kontrollutvalet i Hedmark fylkeskommune.

Nordland fylkeskommune - Tilskotsforvalting- Forvaltningsrevisjon 2017. Fylkesrevisjonen har i forvaltningsrevisjonen sett nærare på Nordland fylkeskommune si tilskotsforvalting av søknadsbaserte ordningar som er statleg finansiert.

Finnmark fylkeskommune si satsing på kulturnæring. Rapporten gjer greie for status for kulturnæringane i Finnmark, i tidsrommet 2003-2014. Kreativ Industri har laga rapporten.

Rapporten «Interregional cooperation helps public authoroties make better policy» viser korleis dei transnasjonale programma kan bidra til ei heilskapleg, vekstfremjande, inkluderande og berekraftig politikkutvikling i Europa. Rapporten er utarbeidd av dei fire transnasjonale programma Interreg Europe, ESPON, URBACT og Interact.

 


Kva skjer?

Agenda Nord-Norge, 13.-14. november, Mo i Rana.
Tema for samlinga er globalisering, urbanisering og digitalisering på nordnorsk. Korleis står det til med digitaliseringa av våre verksemder? Kor gode digitale ferdigheter har leiarane våre? Er det mogleg å bremse urbaniseringa? Og gjev globaliseringa større moglegheiter enn ulemper for næringslivet i nord? Seminaret er for nordnorske verksemder, fagrørsla, akademikarar og politikarar.

Energetics 2017 – flerkulturelle ressurser, innovasjon og verdiskaping, 6. november, Oslo.
Konferanse om fleirkulturelt entreprenørskap, ein arena for innovasjon, kunnskap og kommunikasjon. Målgruppa for konferansen er kommunar, fylkeskommunar og andre som er interessert i fleirkulturelt entreprenørskap og fleirkulturelle gründarar. Norsk senter for fleirkulturell verdiskaping, i samarbeid med Integrerings- og mangfoldsdirektoratet og Buskerud fylkeskommune, arrangerer.

15 år med ESPON – supporting policy-making with territorial evidence, 14. november, Brussel.
ESPON-programmet gjer forsking på regional utvikling og arealplanlegging, og markerer 15 årsjubileum med fagseminar i Brussel. Dette er eit godt høve for norske politikarar, byråkratar, forskarar og andre interesserte til å lære meir om kva ESPON kan bidra med for å støtte regional planlegging og utvikling.

Nordregio Forum 2017 på Vulkan i Oslo 29.-30 november.
Tema for konferansen er: "Nordic Cities– Connecting the Urban and the Rural" Korleis skapar vi betre samanheng mellom by og omland i regionane våre? Korleis kan dei mindre byane òg vere leiande innan berekraftig utvikling? Kva gjer dei attraktive? Korleis kan byar i Norden ha nytte av nordisk samarbeid og felles promotering? Nordregio Forum er møteplass for fagfolk og avgjerdstakarar som arbeidar med byplanlegging og regional utvikling i Norden. Nordregio og KMD arrangerer forumet.

ESPON-workshop: Understanding Northern Peripherality, Vulkan i Oslo, 30. november.
Etter Nordregio Forum fylgjer ESPON opp med å arrange eit seminar retta mot nordiske aktørar om utfordringar knytt til ytre og indre periferi i Nord-Europa. Programmet er under utvikling og meir informasjon kjem på interreg.no

ESPON seminar "Transforming territorial thinking through digitalisation", 6.-7. desember, Tallin.
Hovudtema for seminaret er korleis digitalisering kan møte utfordringane og styrkje utviklingspotensialet i byar og regionar i Europa, særleg knytt til digitalisering i offentleg sektor ved bruk av digitale verktøy og data i avgjerder. Seminaret vil òg gje ny kunnskap knytt til demografisk utvikling, arbeidsmarknad, økonomisk omstilling, planlegging og governance og territorialt samarbeid.

 


Lenker til andre nettsider og nyhetsbrev: 

 


Om Regionalnytt

Gitt ut av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Regionalpolitisk avdeling.  Ansvarleg redaktør: Ekspedisjonssjef Hallgeir Aalbu. Redaktør: Rådgjevar Line Steine Oma. Redaksjonsmedarbeidar: Beate Solem.

www.regionalnytt.no  E-post: regionalnytt@kmd.dep.no

Abonner på Regionalnytt.