Regionalnytt 4 2018

Denne utgåva av Regionalnytt inneheld mellom anna saker om  arbeidet med ei ny stortingsmelding, kompetanseløft for bygg- og anleggsnæringa i nord, Distriktssenteret 10 år og ny rettleiar for smart spesialisering.

Innhald

 


Distriktspolitikk for framtida

No startar regjeringa opp arbeidet med ei ny stortingmelding om distriktspolitikken. Ny teknologi, nye næringar og nye tal for befolkning gjev både optimisme og utfordringar for norske distrikt.

– Vi treng ein distriktspolitikk som ser framover, ikkje bakover. Samfunnet endrar seg raskt, da må vi sjå korleis vi skal skape vekst og gode levekår i heile landet i åra framfor oss, seier statsråd Monica Mæland.

Ressursar og utfordringar – hand i hand

Noreg er eit ressursrikt land, med eit konkurransedyktig næringsliv. Vi ligg langt framme i digitalisering og automatisering, og vi har ei høgt utdanna og kompetent befolkning. Saman med tilgjenge til naturressursar, rein energi og sterke næringsklynger står vi sterkt rusta for å møte morgondagens utfordringar.

Distriktsutfordringar er ikkje kva dei eingong var. Distrikts-Noreg er prega av sterke næringar og nye moglegheiter. Med digitale løysingar kan lange avstandar ha mindre å seie. Typiske distriktsnæringar blir modernisert og meir effektive med teknologi og digitalisering. Industriføretak har flytta produksjonen attende til Noreg frå lågkostland fordi automatisering gjer det lønsamt. Vi får levert velferdstenester via mobiltelefon. På den andre sida gjer teknologien at det vert færre arbeidsplassar i ulike tradisjonelle næringar. Da må vi skape nye jobbar.

Samstundes har vi den lågaste folkeauken i Noreg sidan 2005. Det gjev tydelege utfordringar. Ei rekkje kommunar opplever nedgang i folketalet, og distriktskommunar får om få år langt fleire eldre i høve til personar i arbeidsfør alder. Det gjev grunn til uro. I mange distriktskommunar slit næringslivet med å få tak i arbeidskraft med den kompetansen dei treng.

Har allereie lagt eit godt grunnlag

I fjor handsama Stortinget ei stortingmelding om by- og distriktspolitikk. Det er ei prinsippmelding om planlegging og utvikling i alle kommunar og regionar i landet. Denne meldinga ligg fast, og vil vere relevant i lang tid framover.

Kommunereforma gjer at vi frå 2020 får langt færre kommunar. Men enno vil halvparten av kommunane i landet ha mindre enn 5000 innbyggjarar. Truleg vil ein del oppleve problem med å skaffe nødvendig arbeidskraft. Gjennom regionreforma får vi frå 2020 færre og styrka fylkeskommunar som viktige aktørar for samfunnsutviklinga av sin region.

Vi arbeider for å få meir innovasjon i offentleg sektor, ei satsing som er like viktig i by som i distrikt. Regjeringa legg til rette for vekst og verdiskaping i distriktsbaserte næringar som industri, energi, bionæringar og havbruk.

Inviterer til innspel og faglege diskusjonar

Framtidas distriktspolitikk skal ikkje lagast i lukka møte i Oslo sentrum. Den skal vi lage saman, gjennom innspelsmøte og faglege diskusjonar rundt i landet.

– Eg oppmuntrar alle til å medverke til ein levande og konstruktiv debatt om Distrikts-Noreg si framtid i tida framover, om det er over middagsbordet, i politiske diskusjonar eller i ein avisartikkel. Her har vi alle eit ansvar. Eg skal gjere mitt for å lytte, diskutere og ta med meg alle gode idear, seier statsråden.

Kristiane Haug Berg frå Heidner Biocluster og Lars Gillund frå industriklynga 7sterke.
To av deltakarane Kristiane Haug Berg frå Heidner Biocluster og Lars Gillund frå industriklynga 7sterke var godt nøgde med å få statsråden i tale. Foto: Linn Dybdahl, Heidner Biocluster

Det første møtet vart helde hos Heidner Biocluster på Hamar, med deltakarar frå heile Innlandet. Temaet var tilgang på kompetanse og arbeidsplassar for framtida, med vekt på distrikta i Innlandet. Rundt bordet sat representantar frå ulike næringsverksemder, slik som NHO Innlandet, Sparebank 1, Moelven Industrier, industriklynga 7sterke og opplæringskontoret Brimi-kjøkken. Dei sat saman med offentlege aktørar og tilbydarar av utdanning, slik som Fagskulen Innlandet, Høgskulen i Innlandet og NAVs Arbeidslivssenter. Heidner Biocluster var vertskap for møtet.  
 


Best på bygg og anlegg i arktisk klima

Nordnorske entreprenørar får jobben gjort, sjølv om det er mørkt og kaldt store delar av året. No skal dei utvikle kompetansen vidare, til eit enda sterkare konkurransefortrinn. Kompetansesenter for bygg- og anleggsbransjen i nord er under etablering, med støtte frå Forskingsrådet.

Bygg og anlegg er den største næringa i Nord-Noreg, med sine 4000 verksemder og 20 000 tilsette. Verksemdene er i alle storleikar, med hovudvekt på små og mellomstore.

– Dermed er det òg ei viktig distriktsnæring, seier Stein Windfeldt, direktør i Entreprenørforeningen Bygg og Anlegg Hålogaland. Han leier styringsgruppa for kompetansesenteret, som til dagleg går under namnet BA-senter Nord. Fysisk ligg det i Narvik, men femner heile landsdelen. Prosjektet er eit samarbeid mellom BA-næringa, Universitetet i Tromsø, Norges arktiske universitet (UiT), SINTEF Nord og Norut Narvik. Dei tre nordnorske fylkeskommunane gjev også støtte.

– Lønsemda i bransjen er god. Men i dei seinare åra har vi sett at mange oppdrag vert for store for nordnorske verksemder. Oppdraga går til sørnorske eller utanlandske aktørar, med nordnorske verksemder som underleverandørar. Eg har inntrykk av at bransjen i Nord-Noreg heng litt etter på kompetanse, FoU og nytenking, seier professor Bjørn Reidar Sørensen. Han leiar prosjektet, samstundes som han leiar Institutt for bygg, energi og materialteknologi på UiT Narvik.

Brubygging ein vinterdag på Helgeland.
Vinterdrift i arktisk klima byr på mange ekstra utfordringar for bygg- og anleggsbransjen, som her under brubygging på Helgeland. Foto: Vidar Røssvassbukt / Helgeland Ferdigbetong

Permanent senter

Sørensen legg vekt på at det skjer utviklingsarbeid i verksemdene, utan at det har preg av systematisk FoU.

– Ute i felten finn ein gode løysingar på dei fleste utfordringar, men det blir ikkje dokumentert eller formidla. Vi har mykje å vinne på å få bransjen til å forstå kor viktig FoU er, meiner Sørensen.

Alt i 2016 var UiT Narvik på trappene med sitt eige kunnskapsløft for bygg- og anleggsbransjen.

– Dette var før prosjektet blei etablert. Vi såg at det var behov for eit samlande kunnskapspunkt for bransjen, og fakultetet løyvde pengar til eit forprosjekt. Så samla vi næringslivet og drøfta saka, og kom fram til at det var nødvendig med meir kompetanse. At vi kom gjennom nålauget i utlysinga i Forskingsrådet, gjev oss eit særs godt utgangspunkt. Vi ber no UiT om å gå inn med ekstra midlar for å gjere senteret permanent. Eit universitet bør absolutt prioritere den viktigaste næringa i regionen, seier den engasjerte professoren.

Programmet FORREGION frå Forskingsrådet skal auke verdiskapinga, konkurransekrafta og omstillingsevna i heile landet. «Kapasitetsløft» er ein av tre pilarar i programmet. Pengane til ordninga kjem frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. I tillegg går fleire fylkeskommunar og lokalt næringsliv inn med pengar i nokre av prosjekta.

«Kapasitetsløft» støttar langsiktige prosjekt som skal styrkje samarbeidet mellom FoU og næringslivet, og sikre relevant utdanning og forsking for næringslivet i regionen.

Sju prosjekt har fått til saman 80 millionar kroner frå «Kapasitetsløft» (ansvarleg institusjon i parentes):

  • "AUTOSTRIP" (Universitetet i Sørøst-Norge)
  • "KABIS - Kapasitetsløft for bærekraftig og innovativ sjømatproduksjon" (UNI Research as)
  • "Teknoløft Sogn og Fjordane" (Høgskulen på Vestlandet)
  • "BA-nord Kompetansesenter for bygg- og anleggsvirksomhet i nordområdene" (Universitetet i Tromsø Norges arktiske universitet)
  • "Brohode Havbruk" 2050 (NTNU)
  • "Kompetanseløft tunnelsikkerhet" (Universitetet i Stavanger)
  • "Future energy hub" (Universitetet i Stavanger)
    Les meir om «Kapasitetsløft» her.

Kaldt klima utfordrar

– Kor spesielt er det eigentleg å drive med bygg og anlegg i nordområda?

– Eg kan nemne eit eksempel frå klynga som eg leiar, Betong og byggearbeid i arktisk klima, seier Geir Frantzen i Kunnskapsparken nord, og held fram:
– Er temperaturen lågare enn fem gradar, reknar ein det som kaldt klima. Skal du arbeide med betong i lågare temperaturar, kan du velje mellom å utsetje arbeidet til det blir varmare, eller å spe på med vintertiltak som gjer alt dyrare. Nord-Noreg har mange dagar med under fem grader. Det er sjølvsagt svært interessant å utvide sesongen, utan at det går ut over kvaliteten på betongarbeidet, og utan at lønsemda går fløyten.

Betongklynga arbeider med fleire FoU-prosjekt, mellom anna med væskeboren varme, for å kontrollere herdinga i betong, og helsar BA-senter Nord velkomen.

Bransje i utvikling

– Bygg og anlegg er ein konservativ bransje. Samstundes er dei kanskje ein av dei som skaper mest verdiar i landsdelen. Det er mykje merksemd på drift og kvardag. Horisonten er det neste kvartalet. Dei nordnorske verksemdene må kome seg lenger opp i verdikjeda og rigge seg for større og multifaglege kontraktar. Dei må arbeide smartare og samarbeide i større miljø. Både leverandørutvikling og kompetanseheving blir viktig i åra framover. Vi treng både klyngeprosjekt og BA-senter Nord, seier Frantzen.

Det første som må gjerast i prosjektet, før ein utviklar eigne kompetansetilbod i tråd med behova i næringa, er å kartleggje alt som finst av utdanning.

– Da tenkjer vi på både ordinær fagutdanning, vidareutdanning, kortare kurs og høgare utdanning. Bransjen treng å få tilført kompetanse, og det er flott at vi gjennom BA-senter Nord kan få det til med eigne krefter i landsdelen. Eg er ikkje heilt einig i at bygg og anlegg i nord heng etter. Men det skjer mykje i bransjen no, med digitalisering, byggjeteknikk, berekraft og miljø. Aktørane i nord må lære dette like fort som andre, seier Stein Windfeldt.

Vil merkast

Prosjektet vil òg saumfare alle verksemder på jakt etter utviklingsprosjekt som har potensial.

– Vi vil gå vidare med nokre av desse prosjekta, og trur det kan vekkje FoU-interessa i andre verksemder, seier Bjørn Reidar Sørensen.

Mange folk i ei trapp, som representerer bygg- og anleggsnæringa i nord.
Kompetanseløftet for bygg- og anleggsnæringa i nord er eit breitt samarbeid mellom forskingsmiljøa og bransjen. Framme frå venstre: Bård Arntsen (Norut Narvik), Geir Frantzen (Kunnskapsparken Nord), Kjell Skog (Byggmesterforbundet) og Karin Kristensen (Nordland fylkeskommune). I midten frå venstre Stein Windfeldt (Entreprenørforeningen Bygg og Anlegg Hålogaland), Jack Johnsen (Nordnorske entreprenørers serviceorganisasjon), Bjørn Tore Esjeholm (UiT) og Martin Grønnslett (Maskinentreprenørenes forbund). Bak frå venstre Bjørn Reidar Sørensen (UiT), Gorm Breimo og Jørn Eldby (båe SINTEF Nord) og Tor Arne Bellika (Smart Construction Cluster). Foto: BA-senter Nord

Både Windfeldt, Sørensen og Frantzen er overtydde om at BA-senter Nord vil styrkje bransjen i åra som kjem.

– Eg håpar BA-senter Nord i seg sjølv blir ein spydspiss. Eg håpar at spennande entreprenørverksemder vil blomstre opp, og at FoU-prosjekt vil setje merke etter seg. BA-senter Nord kan ikkje ha som ambisjon å overgå NTNU, men vi skal bli best på bygg og anlegg i arktisk klima, seier Windfeldt.

Tekst: Hanne Løkås Veigård / Videofabrikken



Mæland inspirert av kompetansearbeidet i Hordaland

– Hordaland arbeider på ein spennande måte med kompetansepolitikk. Dette er eit utruleg interessant prosjekt som gjev oss kunnskap og inspirasjon, sa Monica Mæland, kommunal- og moderniseringsminister, på si vitjing til Kompetanseforum Hordaland.



Distriktssenteret 10 år – feira med fagdag og jubileumshefte

I september for 10 år sidan vart Distriktssenteret etablert. Jubileet vart feira med fagdag og jubileumsheftet Livskraftige lokalsamfunn – tilfeldig og planlagt?

- Gjennom ti år med kunnskapsbygging har vi lært at bak livskraftige lokalsamfunn ligg både tilfeldigheit og god planlegging, seier direktør i Distriktssenteret, Halvor Holmli.

Jobben til Distriktssenteret er å hjelpe kommunane å lære av både eigne og andre sine erfaringar. Senteret koplar erfaringar og forsking slik at dei kan seie noko om kva som er lurt å gjere.

Lokale utviklarar, nasjonale og lokale politikarar, leiarar, fagfolk, forskarar og andre som er interesserte i lokal samfunnsutvikling var samla på fagdagen. Tema var kunnskapen som er bygd gjennom ti år og korleis distrikta vil sjå ut i framtida.

Jubileumshefte

Distriktssenteret la fram eit nytt hefte med mellom anna gode eksempel på utviklingsarbeid og akademiske artiklar. Jubileumsheftet tek for seg kunnskap kommunane kan bruke for å lykkast med lokalt utviklingsarbeid.

 


Rettleiar for smart spesialisering

Alle regionar har særeigne moglegheiter og ulike føresetnader for næringsutvikling. Både regjeringa, OECD og EU tilrår å utnytte desse forskjellane og skreddarsy politikken til kvar region. Smart spesialisering er ein metode for å få det til. KMD, saman med fylkeskommunane, har utarbeidd ein rettleiar i smart spesialisering som metode for regional næringsutvikling.

Smart spesialisering skal fremje fornying og omstilling, og fleire norske fylkeskommunar brukar metoden som verktøy for næringsutvikling. Med denne rettleiaren vil Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) forsterke og støtte opp under denne utviklinga.

Figur som viser eksempel på smart spesialisering
Utsnitt av ein figur: eksempel på smart spesialisering.

Rettleiaren presenterer metoden smart spesialisering, og set det inn i ein norsk samanheng. Hovudmålgruppa er administrasjonen i fylkeskommunane, som har ansvaret for å utvikle og gjennomføre regionale planar for næringsutvikling, innovasjon og kompetanse. Den er utvikla i samarbeid med ei referansegruppe med representantar frå ti fylkeskommunar, Østlandssamarbeidet, Innovasjon Noreg og Forskingsrådet.

Stortinget har gjeve fylkeskommunen rolla som regional samfunnsutviklar. Rolla som samfunnsutviklar inneber ansvar for å skape ei heilskapleg og ønska utvikling i eigen region. Skal fylkeskommunane lykkast med dette, må dei mobilisere privat sektor, kulturliv og lokalsamfunn, og samordne og koordinere offentleg innsats og verkemiddelbruk. Smart spesialisering kan nyttast som metode for å ta denne rolla på områda næringsutvikling, innovasjon og kompetanse.

Verkstad for regional utvikling

Verkstad for regional utvikling vart gjennomført 24.-25.september. Det er tredje året med ein slik verkstad, der departementet, fylkeskommunane og deira medspelarar møtest til strategiske diskusjonar om regional utvikling.

Årets verkstad hadde tre fordjupingsspor:

  1. Korleis kan det offentlege fremje utvikling av nye næringsområde?
  2. Tilgang på relevant næringsretta kompetanse gjennom etter- og vidareutdanning
  3. Når manglande kapasitet hemmar utvikling

Rettleiaren i Smart spesialisering som metode for regional næringsutvikling vart offentleggjort under verkstaden. I samband med offentleggjeringa kom Peter Berkowitz frå Europakommisjonen (DG Regio) og innleidde om smart spesialisering i EU.

I tillegg heldt førsteamanuensis Ann Karin Holmen eit innlegg om premiss for samstyring i regional utvikling.

Tre forskarar var kopla på verkstaden og hadde på førehand skrive kvart sitt notat, eitt til kvart fordjupingsspor. Notata frå forskarane og resultat frå diskusjonane på verkstaden vert presentert i ein eigen rapport, som vert tilgjengeleg innan nokre veker. Allereie no finn du alle presentasjonar og meir informasjon om dei tre fordjupingsspora på nettsida til verkstaden.

 


Mobil Røntgen i Namdalen

Interreg-prosjektet «Mobil Røntgen i Namdalen» har utvikla røntgentenester for sjuke- og pleieheim og polikliniske røntgenpasientar. Mobil røntgen er ein bil full av røntgenutstyr som køyrer ut til pasientane.

Med «OnCall»-løysinga tek legar direkte kontakt med den mobile røntgentenesta, og avtalar ei undersøking på til dømes ein sjukeheim i pasienten sitt nærområde.

«OnSite»-løysinga vert utført ved at kommunen sjølv innreier eit rom laga for røntgenundersøking. Så får polikliniske pasientar, busette i nærområdet, innkalling til undersøking.

Det er Helse Nord-Trøndelag og Region Jämtland Härjedalen som eig prosjektet. Prosjektperioden går frå august 2016 til juli 2019. I alt er det 40-talls verksemder, kommunar og forskingsinstitutt som er involvert i prosjektet. Prosjektet har fått 3,7 millionar kroner frå Interreg Sverige-Norge programmet.


Nye rapportar


Kva skjer?

 

Seminar om EØS-midlar, 16. oktober, Oslo.

KS arrangerer eit seminar om EØS-midlar, og korleis dei norske kommunane og fylkeskommunane nytter seg av moglegheitene i EØS-program. På seminaret får du informasjon om program som kan vere interessante for norske kommunar og fylkeskommunar, med djupdykk i prosjekt i Bulgaria, Romania, Polen og Latvia. Du får høyre om partnarskap, utvikling i mottakarlanda og møte norske kommunar og fylkeskommunar som har vore partnarar i prosjekt. Det er KS som arrangerer seminaret.

Webinar: Barn og unges medverking, 16. oktober, Internett.

Synest du det er viktig at barn og ungdom blir høyrd? Distriktssenteret inviterer til webinar om barn og unge sin medverknad i lokalt utviklingsarbeid.

Nordregio Forum 2018, 28.-29. november, Lund/Sverige.

Forumet vil handle om rural og regional utvikling. Sentrale spørsmål på seminaret er:  Kvifor er nokre regionar meir attraktive enn andre? Kvifor vil nokre unge menneske bli igjen eller kome tilbake til ein region, medan i andre regionar flytter unge damer ut?  Kva gjer ein region verdt å investere i for ei verksemd? Forumet vert arrangert av Nordregio, og målgruppa er politikarar og organisasjonar.

Øygardenkonferansen, 29. november, Sotra.

Tema på konferansen er korleis den nye storkommunen kan skape  ein attraktiv og berekraftig næringsregion for framtida. Statsråd Monica Mæland vil innleie om nasjonal politikk på dette temaet.  Vest Næringsråd arrangerer konferansen.

 


Lenker til andre nettsider og nyhetsbrev: 

 


Om Regionalnytt

Gitt ut av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Regionalpolitisk avdeling.  Ansvarleg redaktør: Fungerande ekspedisjonssjef Kristin Nakken. Redaktør: Beate Solem.

www.regionalnytt.no  E-post: regionalnytt@kmd.dep.no

Abonner på Regionalnytt.