Styrke fylkeskommunane som næringspolitiske aktørar

Frå 1.1.2020 får fylkeskommunane oppdragsgjevaransvaret for fleire næringsretta program og ordningar.

Meld. St. 6 (2018‒2019) Oppgåver til nye regionar, slo fast at fylkeskommunane får oppdragsgjevaransvaret for mobiliserande og kvalifiserande ordningar i næringspolitikken frå 1. januar 2020. Den 15. mai 2019 la regjeringa fram Kommuneproposisjonen for 2020, med konkrete grep som følgjer opp regionreforma.

Midlane til ordningane Næringshageprogrammet og Inkubatorprogrammet i Siva, Mentorprogrammet, Bedriftsnettverk, marknadsavklaringsmidlane i Etablerartilskotet og Bedriftsretta låne- og tilskotsordningar i distrikta i Innovasjon Noreg, vil frå 2020 bli samla på éin øyremerka post på Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt budsjett. Det gjev fylkeskommunane handlingsrom for å forme næringspolitikken i eige fylke – gjennom eit bredt spekter av viktige næringspolitiske ordningar. Dette er ordningar som legg til rette for nyskaping og vekstkraft i alle delar av landet. Regjeringa meiner at denne overføringa av oppdragsgjevaransvaret frå staten til fylkeskommunane vil styrke fylkeskommunane som næringspolitiske aktørar. Fylkeskommunane får ansvaret for å utforme og dimensjonere oppdrag til Innovasjon Noreg og Siva i sitt fylke innafor desse ordningane, i tråd med regionale behov og prioriteringar.

Ei arbeidsgruppe med deltakarar frå fylkeskommunane, KS, Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) og Kommunal- og moderniseringsdepartementet arbeider no for å finne gode løysingar for å overføre oppdragsgjeveransvaret. Gruppa vurderer mellom anna korleis ein skal ivareta føreseielege rammer for Siva og Innovasjon Noreg , slik at dei kan halde fram med å løyse nasjonale og regionale oppdrag på ein best mogleg måte. Staten vil òg sjå nærare på ei mogleg grunnfinansiering av Siva frå 2020.

I statsbudsjettet for 2020 vil Kommunal- og moderniseringsdepartementet leggje fram fylkesvise fordelingar av midlane til næringsretta verkemiddel og rammer for det fylkeskommunale oppdraget. Departementet vil og legge fram nye retningsliner for budsjettposten. og vil involvere fylkeskommunane, Siva og Innovasjon Noreg og NFD i arbeidet.