Tilråding

Tilråding

Kommunal- og arbeidsdepartementet

tilrår:

  1. I proposisjonen om statsbudsjettet for 1998 blir dei summane førde opp som er nemnde i det framlagde utkastet:

a. sum utgifter under kap. 500-592, 2412 og 2425-2426.................kr 67 556 070 000

b. sum inntekter under kap. 3500-3592, 5312-5313, 5316, 5326,

5327, 5613, 5615-5616.....................................................................kr 8 433 149 000

  1. Stortinget blir bedt om å gjere vedtak som nemnt under I til VIII i utkastet.

 

 

UTKAST

til vedtak om løyving for budsjetterminen

1. januar til 31. desember 1998

under statsbudsjettets kapitler

I

Utgifter:

82.gif (16925 bytes)

83.gif (24865 bytes)

84.gif (27104 bytes)

85.gif (23676 bytes)

86.gif (12478 bytes)

 

 

Inntekter

87.gif (21097 bytes)

88.gif (16697 bytes)

89.gif (16877 bytes)

 

II

Fullmakt om mellombels innkvartering av asylsøkjarar og flyktningar

Stortinget samtykkjer i at Kommunal- og arbeidsdepartementet i 1998 kan inngå avtalar om mellombels innkvartering av asylsøkjarar og flyktningar som varer utover 1998. Dersom talet på asylsøkjarar og flyktningar blir større enn føresett i budsjettet for 1998 eller busetjing i kommunane går seinare enn venta, samtykkjer Stortinget i at Kommunal- og arbeidsdepartementet kan auke talet plassar i statlege mottak, sjølv om det medfører eit behov for større løyving under kap. 520, post 21 Spesielle driftsutgifter statlege mottak.

III

Tilsegnsfullmakt

Stortinget samtykkjer i at Kommunal- og arbeidsdepartementet i 1998 kan gi tilsegn om tilskot i 1999 til bosniarar som vender tilbake til Bosnia-Hercegovina i 1998 med inntil 10 mill. kr utover løyvinga under kap. 521, post 72 Tilbakevending av flyktningar.

IV

Fullmakt til å ettergi rente- og avdragsfrie lån

Stortinget samtykkjer i at Kommunal- og arbeidsdepartementet kan ettergi rente- og avdragsfrie lån gitt til arbeidsmarknadstiltak for yrkeshemma der dette blir vurdert som nødvendig for å sikre den vidare drifta.

V

Forskot på rammetilskot

Stortinget samtykkjer i at Kommunal- og arbeidsdepartementet kan

  1. utgiftsføre utan løyving inntil 75 mill. kr på kap. 571, post 90, i statsbudsjettet for 1998 som forskot på rammetilskot for 1999 til kommunar
  2. utgiftsføre utan løyving inntil 25 mill. kr på kap. 572, post 90, i statsbudsjettet for 1998 som forskot på rammetilskot for 1999 til fylkeskommunar

VI

Garantiar for lån til Noregs kommunalbank

Stortinget samtykkjer i at Kommunal- og arbeidsdepartementet i 1998 kan stille garantiar for lån til Noregs kommunalbank innafor ei totalramme for nye tilsegner og gammalt ansvar som ikkje må overstige 32 700 mill. kr.

VII

Garantiar for lån til finansiering av skolebygg

Stortinget samtykkjer i at Kommunal- og arbeidsdepartementet i 1998 kan gi garantiar for dei garantiane Noregs kommunalbank har stilt for lån til kommunar til finansiering av skolebygg innafor ei totalramme for nye tilsegner og gammalt garantiansvar som ikkje må overstige 200 mill. kr.

VIII

Tilskot til gjeldssanering

Stortinget samtykkjer i at Kommunal- og arbeidsdepartementet kan utvide ordninga med tilskot til gjeldssanering for partshavarar som har flytta ut frå utbetra burettslag, ei ordning vedteke av Stortinget 9. juni 1994, til å omfatte dei som budde der opphavleg, men som fekk bustaden sin kravd tvangsseld før, men seld etter at avtale om gjeldssanering var inngått mellom Husbanken og burettslaget.

Til toppen