Vedlegg III: Korrigert grunnlag for...

Vedlegg III:

Korrigert grunnlag for berekning av vekst i kommunesektorens samla inntekter

For å kunne samanlikne kommunesektorens samla inntekter frå 1997 til 1998, lagar ein eit korrigert grunnlag som utgangspunkt for berekning av inntektsveksten. Det korrigerte grunnlaget er eit teoretisk inntektsnivå for 1997 som føreset at kommunesektoren dette året har dei same oppgåvene som i 1998. Dette inneber m.a at endringar i oppgåvefordeling mellom forvaltningsnivåa og endringar i regelverk som har konsekvensar for kommunesektoren, ikkje påverkar berekning av inntektsveksten frå 1997 til 1998. Gjennom korrigering av inntektsgrunnlaget gjer ein dei to åra mest mogleg samanliknbare før veksten blir berekna.

I det korrigerte inntektsgrunnlaget er det tatt omsyn til følgjande tilhøve:

  1. Endringar i oppgåvefordelinga mellom staten og kommunesektoren
  2. Endringar i regelverk som påverkar den kommunale oppgåveløysinga
  3. Tekniske endringar i postering av utgifter på statsbudsjettet. Det er t.d. opprydding i posteringer på statsbudsjettet, slik at 60-postane (overføringar til kommunane) berre inneheld løyvingar til kommunane. Desse endringane har ingen reell innverknad på kommunesektorens økonomi.
  4. Eingongsløyvingar.

Grunnlaget blir korrigert opp når det er tale om ei ny oppgåve for kommunesektoren, eller ei regelendring som medfører meirbelastning på kommunesektoren. Motsett blir grunnlaget korrigert ned når kommunesektoren mister ei oppgåve, eller ei regelendring medfører ei mindrebelastning på kommunesektoren.

Når det gjeld tekniske omleggingar, blir grunnlaget korrigert opp når midlar blir flytta til ein 60-post frå ei anna postgruppe på statsbudsjettet, og ned når midlar blir flytta frå ein 60-post til ei anna postgruppe.

Ved eingongsløyvingar korrigerer ein grunnlaget opp det året midlane blir løyvd, og ned det året løyvinga blir avvikla.

På bakgrunn av endringar i oppgåvefordelinga, regelendringar, tekniske omleggingar og eingongsløyvingar, er grunnlaget for berekning av vekst i dei samla inntektene til kommunesektoren korrigert ned med netto 249 mill. kr. I det følgjande er det kort gjort greie for kva for enkeltsaker det er korrigert for ved berekning av veksten i samla inntekter. Når det gjeld korrigert grunnlag for berekning av vekst i kommunesektorens frie inntekter (skatt og rammetilskot), er det gjort greie for dette i omtalen av rammetilskota (kap. 571 og 572), og i Beregningsteknisk dokumentasjon til St prp nr 1 ("Grønt hefte").

Tabell III.1: Korreksjon av berekningsgrunnlaget for kommunesektorens samla inntekter.

Korreksjon av grunnlaget opp (+) eller ned (-)

Endring i mill. kr

Oppgåveendringar og regelendringar:

Lovendringar knytta til bruk av tvang andsynes personar med psykisk utviklingshemming vil venteleg tre i kraft 1. juli 1998. Øyremerkt løyving (kap. 673, post 61) blir auka med 54,6 mill. kr

54,6

Finansiering av lærlingordninga/Reform 94 - auke i rammetilskotet til fylkeskommunane med i alt 73,5 mill. kr knytta til følgjande saker
  • Driftstilskot til opplæringsringar og opplæringskontor blir auka med 9,5 mill. kr. Beløpet gjeld heilårsverknad av lærekontraktar som blei inngått hausten 1997.
  • Auka driftstilskot til opplæringsringar og opplæringskontor frå 1997. Heilårsverknad i 1998 av denne auken er 4 mill. kr.
  • Auka basistilskot til lærebedrifter i 1997. Heilårsverknad av denne auken er 60 mill kr

73,5

Folketrygdas stønad til hjelp i huset blei avvikla for nye tilfelle frå 1. januar 1992. I følgje Ot prp nr 5 for 1991-92 skal ^3 av innsparinga på trygdebudsjettet overførast til kommunane for å dekkje forventa auke i etterspurnaden etter kommunale heimetenester. Rammetilskotet til kommunane blir auka med 35 mill. kr

35,0

Etter forskrift av 15. april 1994 har fylkeskommunane høve til å bruke anbod i lokal rutetransport. Det er tatt omsyn til at fylkeskommunane kan redusere utgiftene ved bruk av anbod eller ved anna effektivisering. Rammetilskotet til fylkeskommunane blir redusert med 54 mill. kr

-54,0

Frå 1. mai 1995 får kommunane og fylkeskommunane refundert betalt merverdiavgift over øyremerkt post ved kjøp av tenester frå registrerte næringsdrivande innan bygg-, anleggs- og vaskerisektoren. Det er føresett at kommunane og fylkeskommane sjølve skal finansiere ordninga. Finansieringa skjer ved eit trekk i rammetilskotet over to år (1997 og 1998), sidan ordninga blei innført midt i året. For 1998 er trekket 225 mill. kr, fordelt med 173,2 mill. kr på rammetilskotet til kommunane og 51,8 mill. kr på rammetilskotet til fylkeskommunane

-225,0

Fylkeskommunane overtek ansvaret for enkelte statlege skolar. Rammetilskotet til fylkeskommunane blir auka med 17,5 mill. kr

17,5

Tekniske omleggingar:

Skattefogden i Sør-Trøndelag vil påleggje Sør-Trøndelag fylkeskommune å betale tilbake dei skatteinntektene fylkeskommunen har fått for mye. Sør-Trøndelag fylkeskommunes rammetilskot vil derfor bli redusert med 90,4 mill. kr i 1998, jf. kap. 572, post 60

-90,4

På kap. 221 blir 6,3 mill. kr flytta frå post 60 Tilskot til verkemiddeltiltak i Nord-Norge til ny post 21 Spesielle driftsutgifter. Midlane gjeld prosjektstøtte og driftsstøtte til andre enn kommunar

-6,3

På kap. 474 Konfliktråd blir 2,6 mill. kr flytta frå post 60 til post 01. Midlane er knytta til sentral administrasjon av konfliktrådsordninga, kompetanseutvikling m.v.

-2,6

På kap. 610 Rusmiddeldirektoratet blir 10,7 mill. kr flytta frå post 70 til ny post 60 Tilskot til førebyggjande arbeid. Tilskotet går til kommunane sin gjennomføring av planar for førebyggingstiltak

10,7

Eingongsløyvingar:

Løyvinga til dekning av tap under frikommuneforsøket (kap. 553, post 63) blir avvikla frå 1998

-50,0

Løyvinga til valutgifter (kap. 502, post 60) blir nedsett med 12 mill. kr i 1998

-12,0

Sum oppgåveendringar, regelendringar, tekniske omleggingar og eingongsløyvingar

-249,0