Vedlegg V: Utgreiing om miljøprofilen...

Vedlegg V:

Utgreiing om miljøprofilen i budsjettforslaget

Miljøprofilen i budsjettforslaget

Programkategori 13.30 Arbeidsmiljø og tryggleik

KAP. 533 DIREKTORATET FOR BRANN- OG EKSPLOSJONSVERN (DBE)

Miljøutfordringar på DBEs forvaltningsområde

  • Brannar og påfølgjande sløkking av brannar fører til miljøbelastningar i form av gassar til luft og avrenning av sløkkjevatn og brannhemmande stoff til jord.
  • Akutte olje- og kjemikalieutslepp påfører miljøet skade.
  • Sprenging av fjell gir frå seg reststoff til naturen som ved store mengder forureinar miljøet.

Mål for direktoratets arbeid

Hovudmålet til direktoratet er todelt:

  1. Å sikre menneske, miljø og materielle verdiar mot skadar som følgje av brann og eksplosjon.
  2. Å redusere skadeverknadene av brann og eksplosjonsulykker.

Ved å setje inn tiltak retta mot desse måla hjelper direktoratet til med å oppnå dei ønskte miljøeffektar på dette området.

Rapport om resultat for 1996

Vern og bruk av biologisk mangfald

Skogbrannvakthald

DBE har i ei årrekkje på sommartid leigt inn eit eige skogbrannhelikopter som kan stillast til disposisjon i den enkelte kommunen ved større skogbrannar primært for sløkking i uframkomeleg terreng. Helikopteret blir rekvirert gjennom Hovedredningssentralen for Sør-Noreg. Som følgje av ein kjølig og fuktig sommar, var talet på skogbrannar i 1996 noko lågare enn tidlegare år. I dei tilfella der helikopteret blei nytta, sparte ein både tid og innsatsen på brannvakthald. Også i 1996 blei skadeomfanget i skogs- og naturområde redusert som ei følgje av god innsats frå helikopteret i samarbeid med mannskap på bakken.

Kulturminne og kulturmiljø

Verneverdige bygningar

I fleire år har DBE hatt eit samarbeid med Riksantikvaren når det gjeld brannsikring av freda og verneverdige bygningar for å kome fram til tiltak som tek omsyn til både dei estetiske og brannsikringsmessige sidene

I samband med kulturminneåret 1997, er det i 1996 lagt eit grunnlag for å utarbeide ei rettleiing for gjennomføring av brannsyn i verna bygningar. Dette vil bringe samarbeidet eitt skritt vidare.

Helse- og miljøfarlege kjemikaliar

Helse- og miljøfarlege stoff har ofte brann- og eksplosjonsfarlege eigenskapar, og kjem dermed inn under tilsynsområdet til DBE. Lovverket til direktoratet stiller krav til bl.a. merking, emballering, handtering og lagring. Ved lagring og handtering av større mengder skal det innhentast løyve frå anten DBE eller brannvesen, som deretter blir følgt opp gjennom tilsyn. Det er registrert få uhell med helse- og miljøfarlege stoff med brannfarlege- og eksplosjonsfarlege eigenskapar.

Brannfarlege varer

Når det blir gitt løyve om lagring og godkjenning av varer som er brannfarlege, blir det stilt krav til vern mot og handtering av akutte utslepp. Dette er vidare følgt opp gjennom tilsyn. Mengda på utslepp av denne type anlegg er små.

Ammoniakk-kuldeanlegg

I dei siste 3 åra har det spesielt blitt fokusert på ammoniakk-kuldeanlegg gjennom eit intensivert tilsyn i regi av direktoratets distriktsrepresentantar. Det er avdekt varierande teknisk tilstand på anlegga, spesielt når det gjeld tilstanden på eldre samlekar for ammoniakk. Gjennom tilsynet er det også avdekt ein del uvisse om korleis ein best kan gjennomføre tilstandskontroll på desse samlekara. For å få meir kunnskap om dette har DBE i 1996 samla inn nokre materialprøver frå slike samlekar. Denne kartlegginga vil halde fram i 1997.

Alarmtilstand mot akutt forureining

DBE og Statens forureiningstilsyn (SFT) samarbeider om å byggje opp ein landsdekkjande beredskap mot akutt forureining med brannvesenet som innsatsstyrke. Den regionale alarmtilstand mot akutt forureining som no er etablert i 34 utvalde brannvesen, har gitt innsatspersonellet ny kunnskap og nye hjelpemiddel i det skadereduserande arbeidet med ulykker av denne typen. Som ledd i oppbygging av beredskapen gjennomfører SFT og DBE opplæring og har i dei seinare åra gjennomført ei rekkje kurs for leiarar og innsatspersonell. DBE har saman med SFT og Norsk brannvern forening gitt ut to handbøker til bruk for innsatspersonell ved kjemikalieulykker.

Avfall og gjenvinning

Avgassing frå fyllplassar

Pr. i dag er det etablert gassanlegg for oppsamling av deponigass (som m.a. består av ca. 50 pst. metan) på ca. 25 fyllplassar etter pålegg frå miljøvernavdelingane i fylka. Ved dei fleste anlegga blir energien frå anlegga ikkje nytta til energiformål. Dette er i ferd med å bli endra og fleire stader blir det arbeidd med å utnytte energien frå gassen m.a. ved å leggje rørleidning frå fyllplassen til høvelege stader til den slags bruk. DBE har i 1996 følgd opp dei nyetablerte gassanlegga gjennom å gi løyve og gjennom tilsyn før oppstart på det enkelte anlegget. Rettleiing for gassanlegg på fyllplassar blei utarbeidd i 1993, og denne har medverka til at tryggleiken på desse anlegga er tilfredsstillande.

Klimaendringar, luftforureining og støy

Miljøvenlege energiberarar

DBE har registrert auka bruk av gass (LPG og LNG) til oppvarming i industrien, bl.a. ved skipsverft og ved aluminiumsverk. Gassen erstattar ofte fyringsolje, og miljøforureiningane blir dermed mindre ved overgang til gass som energiberar. I løpet av 1997 vil det bli gjennomført eit prosjekt der ein skal sjå nærmare på gass-selskapa si verksemd i samband med utarbeiding av nye gassanlegg. Systemrevisjon og verifikasjon vil bli brukt som metodar i prosjektet.

Tiltak som er aktuelle på kort og langt sikt

Vern og bruk av biologisk mangfald

Skogbrannvakthald med helikopter

DBE vil vidareføre skogbrannvakthaldet med helikopter for å redusere skadeverknadene av skogbrann. Ordninga er god støtte for dei lokale brannvesena. Bruk av helikopter fører til raskare sløkking av skogbrann, som minkar forureininga til luft og jorderosjonen på dei brente områda.

Skadeverknader ved skogbrann

DBE har i samarbeid med Direktoratet for sivil beredskap, Universitetet i Oslo og forsikringsselskapet Skogbrann gjennomført eit forskingsprosjekt med gjennomgang av nasjonal og internasjonal litteratur om miljøpåverknad frå skogbrannar. Det skal utarbeidast ei handbok for bruk i undervisning, og til praktisk bruk ved førebyggjande- og beredskapsinnsats mot skogbrann. Omsynet til miljøet vil stå sentralt i begge samanhengar.

Miljømessig har det stor verknad at sløkkjevatn blir floge inn til brannstaden i staden for å bli kjørt inn med tungt materiell. Dei brannar som ein av miljøomsyn no startar i 1997 og som DBE har sagt ja til, krev også særs godt skogbrannvakthald der helikopteret inngår som ein primær del av tryggleikstiltaket dersom brannen skulle kome ut av kontroll.

Kulturminne og kulturmiljø

Sikring av verneverdige bygg

Sikring av verneverdige bygg er eit viktig tema som blir teke opp i ulike samanhengar. I tilsynet med dei kommunale brannvesena er direktoratet pådrivar overfor brannsjefane slik at ein får retta søkjelyset på sikring av verneverdige bygningar i lokalmiljøet. Direktoratet har med jamne mellomrom kontakt med Riksantikvaren for å hjelpe til med arbeidet for å sikre denne typen bygningar. I samband med kulturminneåret 1997 skal det utarbeidast ei rettleiing til brannsynspersonell for brannsyn i verneverdige bygningar, og alle kommunar blir oppfordra til å gjennomføre minst eitt brannsyn i verna objekt i 1997. Meininga er at rettleiinga skal brukast ved brannsyn i slike bygningar i åra framover.

DBE har identifisert eit behov for brannsikring av tette verneverdige område med trehus, og eit farepotensiale for utvikling av større bybrannar. I samband med dette vil direktoratet samarbeide med Riksantikvaren for å kome fram til eigna tiltak.

Helse- og miljøfarlege kjemikaliar

Anlegg for klor, svoveldioksyd og ammoniakk

Kartlegginga av tilstanden for eldre samlekar for ammoniakk vil vere ferdig i 1997. I 1998 blir det lagt opp til at dei materialprøver som er samla inn, skal testast for å finne eventuelle manglar/skadar på materialet i 1998. Resultatet frå denne testen vil bli brukt som grunnlag for å avgjere kva som skal krevjast i samband med tilstandskontroll av slike samlekar.

Nye kuldemedium

Overgang frå halon-fluor-karbon- og klor-karbon-kuldemedium (HFK og KFK) til brannfarlege kuldemedium og ammoniakk held fram.

Interessa for bruk av brannfarlege kuldemedium er stigande, spesielt ved mindre og nye anlegg. DBE registrerer stor uvisse i denne bransjen når det gjeld korleis ein skal stille seg til brannfarleg vare. For å gjere det lettare for bransjen og brukarane, blir det laga ei rettleiing om brannfarlege kuldemedium. Rettleiinga vil basere seg på gjeldande regelverk for brannfarleg vare og internasjonale standardar på området. I den grad det er nødvendig vil slike anlegg bli følgt opp gjennom løyve og tilsyn frå DBE eller brannvesenet, alt etter kor mykje brannfarleg vare som skal oppbevarast.

Alarmtilstand mot akutt forureining

Den regionale alarmtilstanden mot akutt forureining som no er oppretta i utvalde brannvesen, har gitt innsatspersonellet ny kunnskap og nye hjelpemiddel i det skadereduserande arbeidet ved slike ulykker. I 1998 vil det vere ei prioritert oppgåve å følgje opp arbeidet som er sett i gang, og spesielt påverke framdrifta i regionar der arbeidet går seint. Ein går ut frå at alle regionane vil ha utarbeidd plan over alarmtilstanden mot akutt forureining, og fått den godkjent i 1998. Opplæring av innsatspersonell frå brannvesenet vil bli ført vidare i same omfang som i 1996 og 1997.

Transport av farleg gods

Vi vil føre vidare arbeidet med å lage stofflister for produsentar av transporttankar. Ved hjelp av stofflistene skal ein transportør vite nøyaktig kva slags stoff tanken kan transportere utan å risikere uønskte reaksjonar med tankmaterialet. Arbeidet er tidkrevjande og vil bli først vidare i 1998. Til saman er det tale om ca. 100-150 transporttankar for denne type farleg gods.

Avfall og gjenvinning

Gassanlegg på fyllplassar

I 1997 vil rettleiinga om gassanlegg på fyllplassar bli revidert og slått saman med rettleiinga om anaerobe biogassanlegg til ei felles rettleiing om biogass på fyllplassar og ved kloakkreinseanlegg. I denne revisjonen vil det bli teke høgde for endringar i utviklinga som skjer på området. Rettleiinga vil gi grunnlag for tilsynet med desse anlegga i 1998 og åra framover. Utviklinga på avfallsområdet kan tyde på at det i framtida vil bli bygt reaktoranlegg både for kloakkslam og for organisk hushaldsavfall.

Avfall med eksplosive eigenskapar

EØS-direktivet om handtering av avfall gjeld også avfall med eksplosive eigenskapar. DBE er i ferd med å lage eit system for innhenting og behandling av avfall frå produksjon, omsetning og bruk av vara. DBE reknar med at eit slikt system vil vere på plass i løpet av 1997, men vidare oppfølging vil skje frå 1998.

Klimaendringar, luftforureining og støy

Miljøvenlege energiberarar

Eit bidrag til miljøvenlege byar og tettstader er overgang til meir miljøvenlege energiberarar, først og fremst i transportsamanheng. Dette skaper nye utfordringar mellom anna når det gjeld oppbevaring og omtapping av brannfarleg gass i tettbygde område.

Det kan vere aktuelt å redusere tryggleiksavstanden til nabobusetnad og -aktivitet ved å gå inn med sikringstiltak på sjølve behaldarane. Nedgraving av gasstankar med spesielt vern mot korrosjon er under utvikling og vil gi kortare tryggleiksavstander.

Auka bruk av gass (LPG og LNG) til oppvarming i industrien, m.a. ved skipsverft og ved aluminiumsverk, erstattar ofte fyringsolje. Miljøforureiningane blir dermed mindre ved overgang til gass som energiberar. DBE har gjennom løyve og tilsyn følgt opp nye gassanlegg, og vil halde fram med denne verksemda i åra som kjem. I 1997 vil det bli gjennomført eit prosjekt der ein skal sjå nærmare på det arbeidet gasselskapa gjer med å etablere nye gassanlegg. Systemrevisjon og verifikasjon vil bli brukt som metodar i prosjektet.

Gjenvinning av flyktige komponentar (VOC)

Det kjem no krav til gassretur på tankanlegg og bensinstasjonar. Oppfølging på dette området vil følgje direktoratets plan for tilsyn. Det synest å vere interesse omkring utslepp frå alle typar anlegg og industrien må rekne med aktiv oppfølging frå SFT i desse spørsmåla. Forskrifta til direktoratet om periodisk tilstandskontroll på nedgravne A-væsketankar krev at tilstandskontroll i hovudsak skal vere gjennomført i løpet av 1997. Dette vil gi direktoratet eit grunnlag for å evaluere korleis selskapa har følgt opp forskrifta i 1998.

Programkategori 13.40 Samiske formål

Kulturminne og kulturmiljø

Samisk kulturminnevern

Samiske kulturminne fekk eit særskilt vern i kulturminnelova av 1978. I følgje lova er samiske kulturminne eldre enn 100 år automatisk freda. Samisk kulturminneråd skal organisere forvaltninga av samiske kulturminne ut frå lov om kulturminne med forskrifter. Riksantikvaren har det overordna fagansvaret, mens den politiske styringa og arbeidsgivaransvaret ligg hos Sametinget. Kulturminnerådet skal vere fagpolitisk råd for Sametinget og andre offentlege organ i samiske kulturminnevernspørsmål.

Samisk kulturminneråd har tilrådt at Skoltebyen kulturminnevernområde i Neiden blir freda etter kulturminnelova §20. Ei hovudmålsetjing med fredingsforslaget er at det skal leggje til rette for bruk som kan formidle, vedlikehalde og utvikle austsamisk kultur. Fredingsarbeidet vil også bli følgt opp med vedlikehald og restaureringsarbeid i fredingsområdet.

Programkategori 13.50 Regionalpolitikk

Det overordna målet for distrikts- og regionalpolitikken er å halde oppe hovuddraga i busetjingsmønsteret og utvikle robuste regionar i alle delar av landet. Raske endringar i busetjingsmønsteret kan innebere store samfunnsøkonomiske kostnader, mellom anna i form av auka forureiningsproblem og kapasitetsproblem innanfor samferdselssektoren i sentrale strøk og dårleg utnytting av ressursane i distrikta. På denne måten er distriktspolitikken eit viktig bidrag til å bevare miljøet. Innanfor budsjettramma til dei distriktspolitiske tiltaka er det ikkje øyremerkt spesielle midlar til miljøtiltak.

Hav- og vassforureining

Program for vassforsyning

Formålet med programmet er å få vasskvaliteten opp på eit nivå som tilfredsstiller dei krava Noreg har forplikta seg til etter EØS-avtalen. I 1996 var løyvinga til programmet 90 mill. kr. 49 vassverk over heile landet fekk lovnad om tilskot i 1996, og heile løyvinga blei brukt opp. I 1997 er det løyvt 70 mill. kr.

Regionale program for næringsutvikling

Over kap. 551, post 51 blir det gitt stønad til fysisk infrastruktur, kunnskapsspreiing og tiltaksprosjekt. Eit eksempel er stønad til avløpsanlegg for å leggje til rette for nye nærings- og serviceområde. Det er vanskeleg å vurdere kor mykje av dette som vil gå til miljøformål.

Organisasjon og økonomi

Miljøkriteriet til Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND)

SNDs overordna mål er å fremme ei bedrifts- og samfunnsøkonomisk lønnsam næringsutvikling i landet. SND innarbeidde i 1994 miljøkriterium som ein integrert del av søknadsbehandlinga. Bakgrunnen er ei erkjenning av at miljøsituasjon i bedriftene kan påverke lønnsemda. I 1995 starta ein m.a. med å lage oversikter over kva miljøutfordringar dei enkelte bransjane står overfor. Dette som eit grunnlag for å identifisere og vurdere miljørelasjonar i enkelte saker. Det vidare arbeidet vil bli konsentrert om utviklings- og oppfølgingstiltak som å tilby opplæring i miljøvurderingar til dei lokale SND-kontora og oppfølging og vidareutvikling av rutinane for miljøvurderingar.

Internasjonalt miljøvernsamarbeid

Interreg

Målet med norsk medverknad i EU-programmet Interreg er å betre vilkåra for næringsutvikling, verdiskaping og sysselsetjing i grenseregionane. Det er opp til den enkelte regionen å prioritere satsingsområde som er tilpassa lokale regionale forhold innanfor dei overordna målsetjingane. Norske grensefylke deltek i 6 Interreg-program. I eit av desse programma, "Eit grenselaust samarbeid" mellom Østfold og Bohuslän/Dalsland, er eit av satsingsområdene delvis retta mot miljøvern. Satsingsområdet miljø og helse har m.a. som mål å fremme eit godt miljø i kyst- og innsjøområde og ta vare på det biologiske mangfaldet. Planar som blir laga for miljøvernsamarbeid for Nordsjøen får støtte av Interreg IIC-programmet.

Programområde 14 Bustad, bumiljø og bygningssaker

Omtale av problem knytt til miljø og ressursar

Bustad- og bygningssektoren er ein tung sektor når det gjeld ressursforbruk, avfallsproduksjon og forureining. Sektoren står for 30-35 pst. av den samla energibruken i landet. Det gjennomsnittlege bustadforbruket vårt er eit av dei høgaste i verda og har dei siste 30 åra auka frå 28 kvm. pr. person til 49 kvm. pr. person i 1995. Bustadforbruket fører med seg ein omfattande resursforbruk av energi, materialar og areal. Bygg- og anleggsavfallet utgjer ca. 3,5 mill. tonn pr. år. Attvinnings- og ombrukspotensialet for byggjematerialar er stort og dårleg utnytta. Mange av materiala som blir nytta i bygg inneheld stoff som kan vere til skade for helse og miljø. Dette er ei av fleire årsaker til at dårleg inneklima er eit problem for mange, ikkje minst i mange av barnehagane og skolebygga våre. Kostnadene som spring ut av dårleg inneklima er tidlegare utrekna til 10-12 mrd. kr årleg (jf. rapporten "Hus og helse" frå Statens bygningstekniske etat, 1992).

Mål for arbeid i departementet/sektoren med utfordringane

Dei bustadpolitiske måla til regjeringa er at alle skal disponere ein god bustad i eit godt bumiljø. Målet for bygningspolitikken er at det bygde miljøet skal ha god kvalitet og ta vare på helse-, miljø-, og tryggleiksomsyn. I samsvar med overordna mål for miljøpolitikken har bustad- og bygningssektoren eit ansvar for å hjelpe til med å redusere ressurs- og energibruken og forureiningsproblema i sektoren. Departementet har desse delmåla for arbeidet:

  • Utgreie grunnlag for forskrifter til den nye lovheimelen i plan - og bygningslova om utbetring av gjeldande bygg.
  • Vidareføre bruken av Husbankens generelle økonomiske verkemiddel med vekt på nøkterne og gode løysingar.
  • Bidra til auka bruk av økologisk berekraftige løysingar og starte fleire forsøksprosjekt ved formidling av tilskot til bustadkvalitet gjennom Husbanken.
  • Stimulere til utbetring og planmessig vedlikehald av dagens bygningsmasse gjennom Husbankens låne- og tilskotsordningar.
  • Gi tilskot til formidling av informasjon og oppbygging av ny kunnskap om miljøvenlege bustad- og bygningsløysingar.
  • Følgje opp dei nye krava i plan- og bygningslova med forskrifter om berekraftige omsyn ved programmering, prosjektering, bygging og kontrahering.
  • Følgje opp arbeidet med Økoprofil i bygg for bustadsektoren.
  • Følgje opp arbeidet med miljødeklarasjon for byggjevarer.

Rapport om resultat frå 1997

I 1997 har Kommunal- og arbeidsdepartementet arbeidd med desse områda og tiltaka med sikte på å føre til ein meir miljøvenleg bustad- og bygningspolitikk:

  • Ny plan- og bygningslov blei sett i verk med verknad frå 1. juli 1997. Det er òg gitt ut forskrifter og rettleiing til den nye plan- og bygningslova. I lova blir det no stilt eksplisitt krav om at det ferdige byggverket med bygningstekniske installasjonar skal tilfredsstille krav til helse, miljø og tryggleik.
  • Det var løyvt om lag 90 mill. kr til Husbankens tilskotsordning til bustadkvalitet. Eit av formåla med ordninga er å stimulere til meir miljøvenleg nybyggjings- og utbetringsarbeid i bustadsektoren og til god kvalitet ved fortetting. Tiltak i bustadområde er prioritert. Tilskot kan bli gitt til forsøksbygging, for å redusere den økonomiske risikoen ved utprøving av nye løysingar.
  • Husbankens låne- og tilskotsordningar til utbetring av bustader og bumiljø og til byfornying i storbyane har resultert i at det er gjennomført omfattande tiltak med miljøprofil i den eksisterande bustadmassen, m.a. etterisolering, omlegging av tak, utskifting av miljøfarlege materialar og fornying av uteområde. Kommunal- og arbeidsdepartementet og Husbanken har gitt økonomiske midlar til forskings- og utviklingsarbeid om miljøvenleg bustad- og bygningsarbeid.
  • Kommunal- og arbeidsdepartementet har delteke i internasjonalt arbeid for meir miljøvennleg bustad- og bygningsverksemd, m.a. FN og Habitat II-konferansen, EUs bustadministermøte om berekraftig bustadpolitikk, internasjonalt arbeid med byggstandardisering, arbeid med direktiv som har relevans for byggjeverksemda i EU-samanheng, og nordiske samarbeidsprosjekt med støtte frå Nordisk Ministerråd.

Tiltak for 1998

Byggjeskikkutvalet skal, i følgje sitt nye mandat, leggje auka vekt på miljøomsyn. Det er sett i gang eit forskingsprosjekt som skal sjå nærmare på spørsmål omkring forholdet mellom byggjeskikk og miljø.

Klimaendringar, luftforureining og støy

Den nye byggjeforskrifta som blei gjort gjeldande i 1997, vil stille strengare krav på fleire punkt som påverkar klimaforholda og ozonlaget, m.a. med omsyn til material- og energibruk og utslepp frå fyringsanlegg.

Helse- og miljøfarlege kjemikalier

Det er gitt midlar til eit forskingsprosjekt ved Norges byggforskningsinstitutt som har til formål å konkretisere dei generelle miljøkrava i den reviderte plan- og bygningslova. Revidert plan- og bygningslov med byggjeforskrifter, som tok til å gjelde i 1997, fører til strengare krav til helse og tryggleik og til miljøvennleg byggjearbeid. Dette gjeld også krav til energiforbruk, inneklima, forureining og avfallshandtering. Husbankens tilskotsordning til bustad- og bumiljøkvalitetar og til miljøvennleg forsøksbyggjing blir ført vidare. Satsinga for å fornye bustader og bumiljø er prioritert, særleg i dei store byane.

Internasjonalt miljøvernsamarbeid

Samarbeidet i EU-samanheng og i nordisk samanheng blir ført vidare, m.a. på bakgrunn av EUs bustadministermøte i april 1996. Nytt bustadministermøte om miljøvenleg bustadpolitikk blei halde i september 1997. Hovudtema på dette møtet var debatt om å etablere ein felles mal for krav til miljøvenlege bustader og å byggje opp nasjonale informasjons- og kunnskapssentra for økologi. Desse to sakene blir følgde opp nasjonalt. Habitat II-konferansen, som blei halden i 1996, vil føre til behov for oppfølging.

Husbankens ordning med tilskot til byfornying og bustadkvalitet, som i 1997 har ei ramme på 228 mill. kr, vil bli ført vidare med ei løyving på 180 mill. kr. Husbankens ordning med tilskot til utvikling av bumiljø, bustadforvaltning og bustadpolitikk vil bli ført vidare med ei løyving på 29,5 mill. kr.

 

Kostnadsoverslag for føreslåtte tiltak

Tabell V.1 Miljøkategori I - Reine miljøtiltak (mill. kr).

Kap.

Nemning

Resultat-område

SIII 1997

Forslag 1998

533

Skadeverknader ved skogbrann

1

0,1

0,1

  Transport av farleg gods

5

0,3

0,2

  Overgang frå HFK/KFK-kuldemedium

5

0,0

0,1

  Alarmtilstand mot akutt forureining

5

0,1

0,1

  Gassanlegg på fyllplassar

6

0,0

0,1

  Førebyggjande tiltak på tankanlegg

5

0,3

0,0

  Gjenvinning av flyktige komponentar (VOC)

7

0,0

0,1

581

Tilskot til byfornying og bustadkvalitet

3,5,6,7

20,0

20,0

581

Forsking og utgreiing

3,5,6,7

4,0

4,0

587

Natur- og miljøvennleg bygging

3,5,6,7

1,0

1,0

  Sum kategori I  

25,8

25,7

Tabell V.2 Miljøkategori II - Tiltak som i stor grad er miljømessig motiverte (mill. kr).

Kap.

Nemning

SIII 1997

Forslag 1998

533

Skogbrannvakthald med helikopter

3,2

3,2

  Sikring av verneverdige bygg

0,1

0,1

  Anlegg for klor, svoveldioksyd og

ammoniakk

0,1

0,2

  Avfall med eksplosive eigenskaper

0,1

0,1

  Overgang til nye energiberarar

0,1

0,1

550

Program for vassforsyning

70,0

65,0

581

Tilskot til byfornying og bustadkvalitet

90,0

90,0

  Bustadtilskot til utbetring

56,0

56,0

  Forsking og utgreiing

8,0

8,0

587

Natur- og miljøvennleg bygging

0,6

0,6

  Sum kategori II

228,2

223,3