Likestilling, deltaking og integrering i eit fleirkulturelt samfunn Det er eit ov..."> Likestilling, deltaking og integrering i eit fleirkulturelt samfunn Det er eit ov...">

Programkategori 13.20 Innvandring

Programkategori 13.20 Innvandring  


10.gif (4599 bytes)

Likestilling, deltaking og integrering i eit fleirkulturelt samfunn

Det er eit overordna mål for regjeringa at alle, uavhengig av bakgrunn og kjønn, skal ha like sjansar, rettar og plikter til å delta i samfunnet og bruke ressursane sine. Levekårsdata tyder på at det er store utfordringar i høve til situasjonen til enkelte grupper med innvandrarbakgrunn. I St meld nr 17 (1996-97) Om innvandring og det flerkulturelle Norge er sentrale innsatsområde norskopplæring, kvalifisering for arbeidslivet og tiltak mot rasisme og diskriminering.

Heilskapleg flyktningpolitikk

Flyktningpolitikken har som overordna mål at så mange flyktningar som mogleg skal få vern og hjelp med dei ressursane som er til rådvelde. For å nå dette må ein sjå tiltak innanlands og utanlands i samanheng. I mange høve er det formålstenleg å satse på regionale løysingar nær konfliktområda, men det vil òg vere behov for at flyktningar får vern i Noreg. Det gjeld flyktningar som blir overførte til Noreg i samarbeid med FNs Høgkommissær for flyktningar (UNHCR) og asylsøkjarar som får vern etter norsk lov. Det er eit mål at så mange flyktningar som mogleg skal kunne vende trygt tilbake til heimlandet.

Oppgåve- og ansvarsdeling

Fagstyresmaktene på ulike sektorar og forvaltningsnivå har på sine område same ansvar for personar med innvandrarbakgrunn som for resten av befolkninga. Ut over dette har Kommunal- og arbeidsdepartementet, Justisdepartementet og Utlendingsdirektoratet eit særskilt ansvar i flyktning-, innvandrings- og integreringspolitikken.

Kommunal- og arbeidsdepartementet skal medverke til å utforme ein samordna politikk i høve til innvandring, flyktningspørsmål og integrering, slik at ulike tiltak og verkemiddel blir sett i samanheng. Kommunal- og arbeidsdepartementet har ansvaret for kvoten for overføringsflyktningar, for mottak, busetjing og tilrettelegging for at flyktningar kan vende tilbake til heimlanda sine. I tillegg har Kommunal- og arbeidsdepartementet ansvar for ein del av tiltaka mot rasisme og diskriminering, og for enkelte integreringstiltak. Justisdepartementet er ansvarleg for utlendingslova, riksborgarrettslova og retningslinjer for praktisering av lovverket. Utlendingsdirektoratet skal setje i verk flyktning-, innvandrings- og integreringspolitikken på ansvarsområda til Justisdepartementet og Kommunal- og arbeidsdepartementet.

Mål for programkategori 13.20 Innvandring

Desse måla ligg til grunn for arbeidet og tiltaka som blir finansiert over programkategori 13.20 Innvandring:

  • effektiv, korrekt og omsynsfull gjennomføring av den regulerte innvandringa
  • vern og hjelp til så mange flyktningar som mogleg innanfor dei ressursane som er til rådvelde
  • effektiv kapasitetsutnytting, god informasjon og stor grad av bebuarmedverknad i statlege mottak for asylsøkjarar og flyktningar
  • rask og god busetjing av flyktningar
  • tilrettelegging for at så mange flyktningar som mogleg skal kunne vende trygt tilbake til heimlandet
  • likestilling, deltaking og integrering i eit fleirkulturelt samfunn, med særleg vekt på innsats mot rasisme og diskriminering, kvalifisering for arbeidslivet og betre bruk av innvandrarane sin kompetanse
Ordforklaringar:
  • Innvandrarar blir brukt som nemning på personar fødde i utlandet av to utanlandsfødde foreldre.
  • Personar med innvandrarbakgrunn omfattar innvandrarar, utanlandsfødde med ein utanlandsfødd forelder, norskfødde med ein eller to utanlandsfødde foreldre og utanlandsadopterte.
  • Asylsøkjar blir brukt som nemning på ein person som ber norske styresmakter om vern og godkjenning som flyktning.
  • Flyktning blir brukt som nemning på ein person som i medhald av utlendingslova fyller vilkåra for å få innvilga asyl, dvs ein person som er forfølgd på grunn av rase, religion, nasjonalitet, medlemskap i ei spesiell sosial gruppe, eller politisk oppfatning. For å forenkle framstellinga blir omgrepet flyktning brukt i budsjettproposisjonen som ein fellesnemning for personar som etter ei individuell vurdering er innvilga asyl eller opphald på humanitært grunnlag og personar med kollektiv vern.
  • Opphald på humanitært grunnlag kan etter ei individuell vurdering bli innvilga personar som ikkje fyller krava til å få flyktningstatus/asyl, men som har ein flyktningliknande bakgrunn eller der sterke menneskelege omsyn taler for at dei får opphald her, anten varig eller for ein avgrensa periode.
  • Kollektivt vern: Mellombels arbeids- eller opphaldsløyve kan bli innvilga personar i ein massefluktsituasjon etter ein forenkla prosedyre med gruppevurdering. Slike løyve gir ikkje grunnlag for busetjingsløyve dei første tre åra. Regjeringa avgjer etter samråd med UNHCR i kva situasjonar ordninga med kollektivt vern skal takast i bruk og når den eventuelt kan stanse.

Effektiv, korrekt og omsynsfull gjennomføring av den regulerte innvandringa

Utlendingsstyresmaktene skal sikre ei effektiv, korrekt og omsynsfull handheving av innvandringsreguleringa med basis i utlendingslovgivinga. Dei skal gi søkjarar etter utlendingslovgivinga den informasjonen og yte den serviceen dei treng for å kunne ta vare på eigne interesser. Utlendingsdirektoratet handsama om lag 90 000 ekspedisjonar i saker etter utlendings- og riksborgarrettlova i 1996. I dei seks første månadene i 1997 er det registrert ein auke i talet på utlendingssaker til direktoratet på 7 pst. frå same tidsrom i 1996.

Det blir lagt vekt på rask behandling av søknader etter utlendingslova og riksborgarrettslova. For ein nærmare omtale av saksbehandlingstider, sjå St prp nr 1 (1997-98) for Justisdepartementet.

Vern og hjelp til så mange flyktningar som mogleg innafor dei ressursane som er til rådvelde

Dei fleste flyktningane i verda får vern i eit land nær sitt eige. Noreg gir støtte til at flyktningar og dei som er på flukt i eige land, kan få vern i nærområdet gjennom løyvingar til naudhjelp, til FN-organisasjonar (særleg UNHCR), og til førebygging og løysing av konfliktar. Dersom flyktningar ikkje kan få tilfredsstillande vern i det landet dei først søkte til, og dei ikkje kan vende tilbake til heimlandet, ber UNHCR tredjeland om å busetje dei på nytt. For mange av dei som får asyl i eit tredjeland, vil dette bli ei varig løysing. Noreg er eitt av ti land med fast overføringssamarbeid (kvote) med UNHCR. UNHCR sitt behov for å busetje flyktningar i tredjeland har gått ned dei siste to åra.

Regjeringa foreslår at Noreg i samråd med UNHCR disponerer inntil 3 000 kvoteplassar i treårsperioden 1998-2000. Dersom UNHCR på bakgrunn av ein ekstraordinær flyktningsituasjon ber Noreg om å ta imot fleire flyktningar, kan det vere aktuelt å auke denne kvoten.

Behovet for å busetje flyktningar på nytt i tredjeland endrar seg frå år til år. Derfor har UNHCR bedt landa om å vise fleksibilitet. Noreg har lagt opp til ei fleksibel disponering av kvoten over ein treårsperiode. For 1995-97 sa Noreg seg villig til å ta imot inntil 3 000 flyktningar. Dersom UNHCR på bakgrunn av ein ekstraordinær flyktningsituasjon skulle be Noreg om å ta imot fleire flyktningar, kunne kvoten utvidast. Dette blei gjort sommaren 1995 på bakgrunn av krisa i Bosnia-Hercegovina, slik at den samla kvoten blei utvida til inntil 3 500 for perioden 1995-97. I dei to første åra i treårsperioden blei det gitt innreiseløyve til 2 379 overføringsflyktningar. Dei fleste kom frå Bosnia-Hercegovina, Irak og Iran.

Effektiv kapasitetsutnytting, god informasjon og stor grad av bebuarmedverknad i statlege mottak for asylsøkjarar og flyktningar

Asylsøkjarar og flyktningar skal ha eit nøkternt, men forsvarleg tilbod om innkvartering og nødvendige tenester. Informasjonen og aktiviteten i mottak skal utformast slik at det er med på å gi bebuarane eit realistisk bilete av det norske samfunnet og forståing for dei grunnleggjande verdiane samfunnet vårt er tufta på. Vidare skal det tidleg i mottaksfasen leggjast opp til å informere om programmet for tilbakevending til heimlandet. Alle i mottak som er over 16 år skal få tilbod om norskopplæring så snart det let seg gjere og seinast tre månader etter at dei er komne til landet.

Det er eit mål at bebuarane i størst mogleg grad tek del i drifta av mottak. Med unntak av leiaroppgåver og oppgåver knytte til kontrollfunksjonar, skal flest mogleg oppgåver løysast gjennom bebuarmedverknad. Bebuarmedverknad inneber både praktisk deltaking i driftsoppgåver og innverknad på prioriteringar og val av løysingar. Dei ulike mottaka har i dag ikkje kome like langt i arbeidet med å utvikle graden av bebuarmedverknad. Det vil i 1998 bli lagt vekt på å vidareføre arbeidet med å utvikle bebuarmedverknaden.

Dei åtte første månadene i 1997 har det kome 1 044 asylsøkjarar til Noreg. Pr. 31. august 1997 disponerte Utlendingsdirektoratet 2 152 mottaksplassar, fordelt på 19 mottak. Det er eit mål at minimum 90 pst. av dei ordinære betalte mottaksplassane, eksklusiv transittplassar, skal nyttast til kvar tid. Dette målet er strammare ved låg enn ved høg kapasitet. Utlendingsdirektoratet har så langt i 1997 nytta gjennomsnittleg 94 pst. av dei betalte mottaksplassane. Målsetjinga om utnytting av minst 90 pst. vil liggje fast.

Frå 1994 til 1996 blei mottakskapasiteten kraftig redusert. I samband med avviklinga av enkelte mottak måtte ein del av bebuarane flytte til andre mottak, og nokre opplevde å måtte flytte fleire gonger i løpet av denne prosessen. Hyppig flytting mellom mottak er uheldig, særleg for barn. Når behovet for mottaksplassar er stabilt, er dette i liten grad eit problem. I periodar med opp- og nedgang i mottakskapasiteten kan det vere nødvendig å lempe på kravet om 90 pst. kapasitetsutnytting for å minimere talet på flyttingar for barn og barnefamiliar.

Utlendingsdirektoratet reviderte i 1996 alle styringsverktøy for statlege mottak. Målet med revideringa var å leggje grunnlaget for eit meir heilskapleg mottakssystem. Det blei da innført minstekrav til drift av mottak og utarbeidd retningslinjer for arbeidet det komande året. Særlege satsingsområde i 1997 er bebuarmedverknad, arbeid med barn og unge, og tilbakevending. På nokre område og for enkelte mottak står det att noko arbeid før alle krava til drift av mottak er innfridde. Utlendingsdirektoratet vil i løpet av 1997 evaluere dei nye styringsverktøya for statlege mottak.

Rask og god busetjing av flyktningar

Busetjing av flyktningar er basert på eit nært samarbeid mellom kommunane og staten. Eit sentralt verkemiddel for å kunne nå målet om rask og god busetjing, er integreringstilskotsordninga (kap. 521, post 60). Det er eit overordna mål at busetjing skal skje innan seks månader etter at det er gitt arbeids- og opphaldsløyve. Eit omsyn i busetjingsarbeidet har vore, og er, at flyktningane skal kunne busetje seg så nær familie og slekt som mogleg, og å byggje opp grupper av ein viss storleik med lik bakgrunn. Eit anna viktig omsyn ved val av busetjingskommune, er flyktningane sine sjansar for utdanning og kvalifisering for arbeidslivet i Noreg, og for å få arbeid i samsvar med eigne føresetnader.

Frå staten si side er det føresett at kommunane gjennomfører eit planmessig busetjings- og integreringsarbeid. Målet er at flyktningane skal kome over i ein situasjon der dei er sjølvberga. Det er ein føresetnad at dei skal ha same tilgang på kommunale tenester som alle andre innbyggjarar i kommunen.

Tabell 13.20.1 Tal på busette.

Tal på busette

1.1-31.12.1994

1.1-31.12.1995

1.1-31.12.1996

1.1-31.8.1997

Tidlegare asylsøkjarar

8 823

2 912

854

409

Overføringsflyktningar

1 851

1 529

904

452

Familiesameinte

1 112

1 182

828

424

Totalt

11 786

5 623

2 586

1 285

Pr. 31. august 1997 var gjennomsnittleg ventetid på busetjing 5,3 månader.

Einslege mindreårige asylsøkjarar kan, etter ei individuell vurdering, bli busette allereie før det ligg føre vedtak på asylsøknaden. Dette er ei ordning som no blir nytta i langt fleire saker enn det som har vore vanleg tidlegare. Dette har ført til kortare gjennomsnittleg opphaldstid i statlege mottak for denne gruppa. For å betre omsorgstilbodet etter busetjing, vil staten ta initiativ til auka samarbeid med dei største busetjingskommunane. Individuelle busetjingsplanar vil bli utarbeidd.

Tilrettelegging for at så mange flyktningar som mogleg skal kunne vende trygt tilbake til heimlandet

Tilbakevending i tryggleik er den beste varige løysinga på ein flyktningsituasjon. Å leggje til rette for tilbakevending er derfor eit felt som regjeringa har satsa på dei siste åra. Arbeidet med å leggje til rette for tilbakevending skal inngå som ein del av det ordinære innanlandske flyktningarbeidet. Sentrale verkemiddel i arbeidet er program for individuell støtte ved tilbakevending og støtte til tilbakevendingsprosjekt over kap. 521, post 72 Tilbakevending av flyktningar.

Praktisk informasjon og rettleiing om tilbakevending skal vere eit tilbod til alle flyktningar som vurderer å reise tilbake til heimlandet sitt. Etter at fredsavtalen for Bosnia-Hercegovina blei inngått i desember 1995, har det blitt eit reelt alternativ for mange bosniske flyktningar i Noreg å vende tilbake. Om det er råd å vende tilbake varierer frå stad til stad i Bosnia-Hercegovina. Det har til no vist seg vanskeleg å vende tilbake til område der flyktningane vil kome i ein minoritetssituasjon.

I løpet av 1996 og dei åtte første månadene av 1997 har totalt 1 310 personar vendt tilbake til heimlandet med tilbakevendingsstøtte. Av desse vende 1 197 personar tilbake til Bosnia-Hercegovina. Samanlikna med talet på personar som har vendt tilbake til Bosnia-Hercegovina frå andre land, er talet på personar som har vendt tilbake frå Noreg relativt høgt. I Noreg har 10-11 pst. av flyktningane frå Bosnia-Hercegovina reist tilbake til heimlandet med tilbakevendingsstøtte i løpet av 1996 og dei sju-åtte første månadene i 1997. Tilsvarande tall for Danmark er 3-4 pst. og for Sverige 1-2 pst.

Tabell 13.20.2 Tal på tilbakevende.

Tal på tilbakevende 1.1-31.12.1994 1.1-31.12. 1995 1.1-31.12.1996 1.1-31.8.1997
Bosnia-Hercegovina

52

140

844

353

Chile

144

44

38

25

Andre

21

11

43

7

Totalt

217

195

925

385

På norsk initiativ har dei nordiske landa sett i gang eit forskingsprosjekt under overskrifta "Nordiske komparative studiar om mottak av flyktningar i eit tilbakevendingsperspektiv". Bakgrunnen for dette initiativet var dei mange bosniske flyktningane som var komne til dei nordiske landa som følgje av krigen i heimlandet. Ei sentral problemstilling i prosjektet er å få kunnskap om kva forhold og faktorar som fører til at flyktningar vender tilbake til heimlandet når dette er mogleg. Prosjektet er inndelt i tre delstudiar: den flyktningpolitiske delstudien, den lokale studien (om korleis tilbakevendingsperspektivet inngår i kommunane sitt flyktningarbeid), og den flyktningrettslege delstudien. Studiane, som blei sette i gang i 1995, er no inne i sitt avsluttande år. Rapporten frå den norske flyktningrettslege studien, "Flyktningers rettsstilling i Norge", blei publisert i byrjinga av 1997. I 1998 vil det etter planen liggje føre endelege rapportar frå alle dei tre delstudiane.

Innsats mot rasisme og diskriminering

Rasisme og diskriminering kan motarbeidast gjennom eit godt samarbeid mellom stat, kommunar og frivillige organisasjonar. Blant verkemidla i arbeidet mot rasisme og diskriminering er tilskot til frivillige organisasjonar (kap. 521, post 62 og 73) og tilskot til opplysningsarbeid (kap. 521, post 73). Utlendingsdirektoratet har oppretta ei tverrfagleg rådgjevings- og rettleiingsteneste i lokalt arbeid mot rasisme og framandfiendskap, til hjelp for kommunar og lokalmiljø der rasisme og diskriminering framstår som eit veksande problem.

Regjeringa vil leggje fram ein ny handlingsplan mot rasisme og diskriminering. Satsingsområde i planen vil vere tiltak mot diskriminering i arbeidslivet, opplæring og kompetanseheving av offentleg tilsette og tiltak mot rasistisk motivert vald og trakassering.

I 1997 blei arbeidet med å utforme ei ordning for juridisk assistanse til personar som er utsett for diskriminering, sett i gang. Ei arbeidsgruppe, mellom anna samansett av representantar frå frivillige organisasjonar, politi og påtalemakt, skal fremme forslag om korleis ordninga skal utformast. Den juridiske tenesta skal gi råd og rettleiing til personar som opplever diskriminering på grunn av hudfarge, tru, nasjonalt eller etnisk opphav, og vere med på å styrkje vernet mot diskriminering. Ordninga vil bli oppretta for ein prøveperiode på fem år. Det vil bli utarbeidd årlege rapportar på bakgrunn av tilgjengeleg informasjon og dokumentasjon om art og omfang av diskriminering og rasisme. Tiltaket er ei oppfølging av St meld nr 17 (1996-97) Om innvandring og det flerkulturelle Norge.

Gjennom utviklingsprogrammet "Bli med" ønskjer regjeringa å styrkje oppvekstmiljøet og å stimulere til brei mobilisering og auka medverknad blant barn og unge. Kommunal- og arbeidsdepartementet deltek, saman med åtte andre departement, i utforminga og oppfølginga av programmet. Innsatsen vil mellom anna bli retta inn mot å styrkje det førebyggjande arbeidet mot rasisme. Utviklingsprogrammet blir samordna av Barne- og familiedepartementet. For ein meir detaljert omtale viser vi derfor til budsjettproposisjonen frå Barne- og familiedepartementet.

Kvalifisering for arbeidslivet, med særleg vekt på nykomne

Høg arbeidsløyse for enkelte grupper av innvandrarar, samanlikna med befolkninga elles, og låg yrkesdeltaking er ei viktig utfordring. Ein vil derfor satse på å gjere utsette innvandrargrupper kvalifiserte for norsk arbeidsliv.

Det vil bli vurdert nærmare korleis kvalifiseringa av nykomne innvandrarar kan betrast. Det skal mellom anna utgreiast korleis samanhengen mellom offentlege stønader og medverknad i kvalifiseringstiltak kan gjerast tydelegare. Som eit ledd i dette vil det bli vurdert alternativ til økonomisk stønad etter sosialtenestelova i perioden med integreringstilskot. Det vil seie at stønad kan bli knytt til deltaking på kvalifiseringstiltak på linje med utbetaling av dagpengar eller kursstønad. Styrkt norskopplæring og bruk av individuelle handlingsplanar for innvandrarar med særskilde problem på arbeidsmarknaden er også tiltak med sikte på å betre kvalifiseringa av nye innvandrarar, jf. omtalen under arbeidsmarknadspolitikken for 1998 og kap. 250, post 60 Opplæring i norsk med samfunnskunnskap for flyktningar og innvandrarar.

Betre bruk av innvandrarane sin kompetanse

I 1998 vil det bli gjort ei evaluering av arbeidet med Handlingsplan for betre bruk av innvandrarane sin kompetanse. Rekruttering av kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn til offentleg sektor har høg prioritet i handlingsplanen. Kommunal- og arbeidsdepartementet vil i nært samarbeid med Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet føre vidare arbeidet med å effektivisere ordningane for godkjenning av høgare utdanning frå utlandet.

KAP. 520 Utlendingsdirektoratet

11.gif (4000 bytes)

Kapitlet omfattar utgifter til drift av Utlendingsdirektoratet og utgifter til mottaksapparatet for asylsøkjarar og flyktningar.

Endring i oppgåver og nye utfordringar

Talet på nye asylsøkjarar og flyktningar som har kome til Noreg dei siste åra har vore relativt lågt, samanlikna med tidlegare år. Dette har ført til redusert behov for ressursar til mottak og busetjing. Samtidig kjem det asylsøkjarar frå om lag like mange land som tidlegare, og talet på søkjarar utan kjend identitet har auka. Dette krev at Utlendingsdirektoratet må oppretthalde kunnskap om forholda i like mange land som før. I samarbeid med andre med sektoransvar for utlendingsforvaltninga må ein nytte vesentlege ressursar til arbeid med kontroll og kartlegging av identitet og nasjonalitet. Talet på innvandrarar som bur i Noreg har auka dei siste ti åra. For Utlendingsdirektoratet fører dette til auke i andre sakstypar, til dømes statsborgarsaker, familiesameiningssaker og visumsaker. Det fører òg med seg behov for auka innsats i arbeidet for likestilling, deltaking og integrering i eit fleirkulturelt samfunn. I St meld nr 17 (1996-97) Om innvandring og det flerkulturelle Norge er oppgåvene og rolla til Utlendingsdirektoratet på dette området gjort tydelegare.

Dei viktigaste verkemidla i Utlendingsdirektoratet sitt arbeid for likestilling, deltaking og integrering er tilskotsordningane på kap. 521, post 62 og 73, informasjons-/ opplysningsarbeid, kartlegging og rapportering. Utlendingsdirektoratet har utarbeidd ein plan for innhenting og formidling av kunnskap og informasjon om det praktiske integreringsarbeidet i kommunane, med hovudvekt på utdanning, kvalifisering og arbeid, rasisme, diskriminering, holdningsskapande arbeid og barn og unges oppvekstvilkår. Utlendingsdirektoratet skal ha eit spesielt søkjelys på situasjonen for innvandrarar dei fem første åra dei er i landet, og innhente erfaringar om kva for tiltak som best legg til rette for langsiktig integrering. I 1996 gjennomførte Utlendingsdirektoratet formidlings-/rapporteringsmøte med 58 kommunar. I 1997 vil Utlendingsdirektoratet etter planen ha møte med om lag 50 kommunar.

Nye administrative rutinar, oppfølgingskriterium og metodar for resultatrapportering for dei ulike tilskotsordningane er under utarbeiding. Det vil bli gjort greie for revisjon av reglane for tilskotsordningane i budsjettproposisjonen for 1999. Kommunal- og arbeidsdepartementet vil utarbeide økonomiinstruks for direktoratet, som vil liggje føre i 1998.

Post 01 Driftsutgifter

Som ledd i eit generelt krav til effektivisering av statleg sektor, foreslår regjeringa at direktoratet sitt driftsbudsjett blir redusert nominelt med kr 2 263 000 frå 1997 til 1998. Elles byggjer budsjettforslaget for 1998 på budsjettet for i år.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, statlege mottak

Løyvinga på posten skal dekkje staten sine utgifter i samband med etablering og drift av mottak for asylsøkjarar og flyktningar, kontantstøtte til asylsøkjarar og flyktningar når dei oppheld seg i mottak, flytting i samband med busetjing i kommunar og mellom mottak, og mellombels busetjing av asylsøkjarar i kommunar av helsemessige eller sosiale årsaker.

Budsjettbehovet vil i vesentleg grad hengje saman med talet på personar som er i mottak til kvar tid. Det heng saman med talet på personar som søkjer asyl, saksbehandlingstida i asylsaker, prosentdelen avslag/innvilga saker, takten på busetjinga og effektuering av negative vedtak. Prognosane for dette er prega av stor uvisse, og behovet for løyving på posten vil kunne endre seg dersom faktisk belegg og kapasitet i mottak avvik frå prognosane.

Forslaget til løyving er basert på at Utlendingsdirektoratet i 1998 gjennomsnittleg vil disponere 1 800 plassar, eksklusive beredskapsplassar. Av omsyn til beredskapen er det i utgangspunktet lagt opp til ein viss overkapasitet av transittplassar. Prognosen for kapasitetsbehov byggjer ikkje på ei direkte vidareføring av dagens tal på asylsøkjarar. Fordi det er svært usikkert kor stort løyvingsbehovet er, finn regjeringa det mest forsvarleg i høve til budsjettet å innarbeide ein viss margin. Det tyder at ein mindre auke i tala på asylsøkjarar kan dekkjast innafor forslaget til budsjett.

Kap. 3520 Utlendingsdirektoratet

12.gif (4515 bytes)

Post 02 Gebyr nødvisum

Det blir foreslått budsjettert med kr 80 000 i gebyrinntekter til utskriving av nødvisum.

Post 04 Diverse inntekter

Visse innanlandske utgifter på flyktningfeltet kan i samsvar med statistikkdirektivet til OECD/DAC (Development Assistance Committee) godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Regjeringa foreslår at 125 mill. kr av utgiftene i 1998 på kap. 520, post 21 Spesielle driftsutgifter, statlege mottak blir rapportert inn som utviklingshjelp. I samband med dette blir 125 mill. kr inntektsført på kap. 3520, post 04.

Kap. 521 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

13.gif (5833 bytes)

Kapitlet omfattar tilskot til kommunane ved busetjing av flyktningar, tilskot til prosjekt som legg til rette for tilbakevending og individuell støtte til tilbakevending for flyktningar. Kapitlet dekkjer òg utgifter til kunnskapsutvikling, forsøks- og utviklingstiltak, tilskot til landsdekkjande organisasjonar, lokale innvandrarorganisasjonar og holdningsskapande opplysningsarbeid.

Post 60 Integreringstilskot, kan overførast

Det overordna målet med tilskotet er å bidra til rask og god busetjing av flyktningar. Tilskotet har ein gitt sats pr. år pr. busett flyktning og blir utbetalt over fem år. Tilskotet skal dekkje gjennomsnittsutgiftene som kommunesektoren har til busetjing og integrering av flyktningar i busetjingsåret og dei fire neste åra. Utforminga av tilskotsordninga har til følgje at det administrative og økonomiske ansvaret for tiltak etter busetjing er samla i kommunane.

Eit retningsgivande prinsipp for utforminga av politikken for det fleirkulturelle Noreg er at generelle ordningar og tiltak i utgangspunktet skal gjelde for alle, uansett bakgrunn. På nokre område vil det likevel vere behov for å tilpasse ordningar for grupper med særskilde behov. Flyktningar som er nye i landet, er i ein særskilt situasjon som gjer at dei i samband med busetjing og integrering som hovudregel vil ha eit større behov for tenester som til dømes helsetenester og undervisning, enn andre grupper i befolkninga. Målet er at flyktningane så raskt som mogleg skal kome over i ein situasjon der dei er sjølvberga og der behova kan dekkjast gjennom dei generelle tenestene. Regjeringa ser det som viktig å ha ei klar tidsavgrensing for det særskilde tilskotet for denne gruppa, og ser det ikkje som ønskeleg å utvide tilskotsperioden til å gjelde ut over fem år. Regjeringa vil også leggje vekt på å føre vidare gjennomsnittsprinsippet som ligg til grunn for ordninga. Ut frå erfaringane med dagens ordning er det ikkje ønskeleg å innføre endringar som inneber ulike tilskotskriterium for ulike kommunar.

Regjeringa foreslår å vidareføre integreringstilskotet med dagens nivå og satsstruktur.

Tabell 13.20.3 Forslag til satsar for integreringstilskotet i 1998.

Busetjingsår

Satsar for 1998

År 1 (1998)

65 000

År 2 (1997)

65 000

År 3 (1996)

50 000

År 4 (1995)

50 000

År 5 (1994)

50 000

Sum

280 000

For å stimulere til raskare busetjing av eldre og funksjonshemma blir det utbetalt eit eingongstilskot på kr 100 000 pr. person ved busetjing av personar over 60 år og personar med funksjonshemmingar som er kjende før busetjing. Tilskotet skal dekkje særskilde utgifter. Etter søknad kan det ytast ytterlegare inntil kr 150 000 ved busetjing av funksjonshemma som krev ekstraordinær innsats frå kommunen si side.

Kvart år blir det busett nokre personar med særs alvorlege funksjonshemmingar. Det er i desse tilfella nødvendig med omfattande og utgiftskrevjande behandlingsopplegg. For å sikre busetjing av denne gruppa er det etablert eit ekstra tilskot på inntil kr 500 000 pr. år i inntil fem år.

Dei ulike ekstra tilskota knytte til eldre og funksjonshemma blir foreslått ført vidare frå 1997 til 1998. Budsjettforslaget for 1998 er elles basert på at det i 1998 (år 1) blir busett 3 100 personar, inklusive familiesameining. Utbetaling av integreringstilskot, og ekstratilskot til funksjonshemma og eldre, er på dette grunnlaget utrekna til å utgjere 1 297 mill. kr for 1998.

Ved flytting er frå- og tilflyttingskommunane pålagde å dele integreringstilskotet i flytteåret mellom seg, etter ein firedelt delingsnøkkel. Kor stor del av integreringstilskotet som skal overførast frå fråflyttingskommunen til tilflyttingskommunen, spørst kva for eit kvartal det er flytta.

Ved tilbakevending til heimlandet, får busetjingskommunen utbetalt halvt integreringstilskot i tilbakevendingsåret dersom tilbakevendinga skjer i første halvår. Dersom tilbakevendinga skjer i andre halvår, blir det utbetalt fullt integreringstilskot i tilbakevendingsåret.

Regjeringa foreslår å føre vidare ordninga med å stille midlar frå kap. 521, post 60 tilsvarande inntil 100 kvoteplassar pr. år, eller 10 pst. av plassane, til disposisjon til UNHCRs fond til fremme av gjenbusetjing.

Post 62 Innvandrartiltak

Tilskotsordningane på post 62 skal fremme hovudmålet om at alle skal ha like sjansar, rettar og plikter til å delta i samfunnet og bruke sine ressursar. Det blir foreslått å løyve 19 mill. kr til kommunale innvandrartiltak og lokale innvandrarorganisasjonar og -aktivitetar i 1998.

Kommunale tiltak og prosjekt

Tilskotet sitt formål er:

  • å gi personar med innvandrarbakgrunn eit likeverdig tenestetilbod samanlikna med resten av befolkninga
  • å auke samhandlinga mellom personar med innvandrarbakgrunn og resten av befolkninga
  • å auke innsatsen i kommunane mot rasisme og diskriminering

Tilskotet skal ikkje dekkje utgifter til dei lovpålagde tenestetilboda i kommunane. For at kommunane skal kunne gi personar med innvandrarbakgrunn eit tilbod på linje med andre, er det på enkelte område nødvendig å setje i verk særskilde tiltak. Eit eksempel på dette er tolketeneste. Tilskotet må sjåast i samanheng med integreringstilskotet, jf. kap. 521, post 60. Kommunane kan fritt vurdere å bruke delar av dette til same formål.

Kommunane søkjer Utlendingsdirektoratet om støtte. Søknadene blir vurderte ut frå planlagte tiltak, budsjett og tidlegare rapportering. Storleiken på tilskotsbeløpet til den enkelte kommunen som mottek støtte, blir fastsett ut frå tal på utanlandske statsborgarar frå visse land som er busette i kommunen. Kommunane må rapportere til Utlendingsdirektoratet om bruken av midlane. Tilskotet er i 1997 fordelt på tiltak i 108 kommunar. Tilskotet blir i stor grad nytta til tiltak for barn og unge, holdningsskapande arbeid, internasjonale sentra og tolketeneste.

Lokale innvandrarorganisasjonar og -aktivitetar

Det er ein føresetnad at personar med innvandrarbakgrunn tek del i nasjonale og lokale avgjerdsprosessar for at dei kan sikrast fullverdig deltaking i det norske samfunnet. Det er eit overordna mål å leggje til rette for at personar med innvandrarbakgrunn kan ta del i lokalt organisasjons- og samfunnsliv, også gjennom eigne organisasjonar. Formålet med tilskotet er å leggje til rette for:

  • kontakt, dialog og samarbeid mellom lokale styresmakter, innvandrarorganisasjonar og andre frivillige organisasjonar
  • betre bruk av innvandrarane sine eigne ressursar i arbeidet for integrering i eit fleirkulturelt samfunn

Dersom kulturtiltak blir gitt støtte, skal dette vere ut frå ei vurdering av om tiltaka underbyggjer måla om auka samfunnsmedverknad og samarbeid. Tilskotet blir fordelt via fylkeskommunane. Tilskotsbeløpet som blir overført den enkelte fylkeskommune til fordeling, blir fastsett ut frå tal på utanlandske statsborgarar frå visse land som er busette i fylket. Rapporteringa for 1996 viser at nokre fylkeskommunar avgrensar seg til å lyse ut midlane, handsame søknader og utbetale tilskotet, medan andre aktivt utviklar kontakt med organisasjonane gjennom møte og opplæringstiltak. Regionale innvandrarråd blir nemnde som naturlege samarbeidspartar. Midlane blir hovudsakleg lyst ut og fordelt etter same prinsipp som andre tilskotsordningar fylkeskommunane administrerer. Tilskotet blir anten nytta til drift eller til avgrensa aktivitetar.

Post 70 Analyse av ressursbruk

Formålet med løyvinga er å skaffe informasjon som gir grunnlag for å vurdere overføringane til kommunesektoren i samband med busetjing av flyktningar (jf. kap. 521, post 60). Som oppfølging av St meld nr 61 (1989-90) blei det i 1990 sett ned eit utval med medlemmer frå staten og kommunesektoren med mandat å kartleggje dei utgiftene kommunane har ved busetjing av flyktningar. Statistisk sentralbyrå har vore sekretariat for utvalet, og har dessutan vore ansvarleg for å gjennomføre dei enkelte delprosjekta i kartlegginga. Utvalet har i 1997 kartlagt kommunane sine utgifter i 1996. Kartlegginga viser ein viss auke i gjennomsnittsutgiftene til kommunane frå 1995 til 1996.

Det blir foreslått avsett 1,5 mill. kr til det vidare arbeidet med å kartleggje kommunane sine utgifter. Løyvinga skal dekkje utgifter til å gjennomføre dei ulike undersøkingane, medrekna sakkunnig hjelp, sekretariat og andre driftsutgifter for utvalet. Fordi honorar ein er pliktig å innmelde ikkje kan utbetalast over ein 70-post, er kr 400 000 av løyvinga, ut frå budsjettekniske omsyn, sett av på kap. 520, post 01 Driftsutgifter. Det blir vidare foreslått å løyve kr 500 000 som tilskot til Kommunenes Sentralforbund sitt arbeid på flyktningfeltet.

Post 71 Kunnskapsutvikling

Målet med løyvinga er å skaffe kunnskap som gir betre grunnlag for utforming og gjennomføring av flyktning- og innvandringspolitikken. For 1998 blir det foreslått ei løyving på 10,5 mill. kr til kunnskapsutvikling. Det er behov for å innhente meir dokumentasjon og kunnskap om utdanninga til innvandrarar og flyktningar, kvalifisering til arbeid, omfanget av og årsaker til diskriminering og rasisme, innvandring og storbyutvikling. Ein del av løyvinga vil bli brukt til formidling.

Det blir vidare foreslått å løyve 5 mill. kr til ei landsdekkjande ordning som skal betre sjansane til å få profesjonell juridisk bistand for personar som blir diskriminert på grunnlag av hudfarge, tru, nasjonalt eller etnisk opphav. Ordninga skal også bidra til å overvake situasjonen på området.

I 1997 har det blitt lagt særleg vekt på innvandring og storbyutvikling, fleirkulturelle bumiljø, innvandrarar og flyktningar på arbeidsmarknaden og i utdanningssystemet, tilbakevending, flytting blant innvandrarar i Noreg, og enkelte prosjekt om ulike sider ved utviklinga av eit fleirkulturelt Noreg.

Oppfølgingskriterium og rapportmetodar for resultatvurdering av posten vil bli vidareutvikla i 1998.

Post 72 Tilbakevending av flyktningar, kan overførast

Formålet med løyvinga er å leggje til rette og motivere for trygg tilbakevending, både gjennom prosjekt og individuell støtte. Det blir foreslått avsett 67 mill. kr til tilbakevendingsformål i 1998.

Program for individuell støtte ved tilbakevending.

Programmet omfattar individuell økonomisk støtte ved tilbakevending og støtte til frakt av personlege eigedelar i samanheng med heimreisa. Det generelle tilbakevendingsprogrammet består av kr 10 000 i individuell økonomisk støtte, og kr 5 000 i støtte til frakt av personlege eigedelar. For bosniske flyktningar i Noreg er det utarbeidd eit særskilt program som vil seie eit tillegg på kr 5 000 i kontantstøtte til den enkelte etter eitt år i heimlandet. Vidare blir det sett av kr 5 000 pr. person, som går til å byggje opp at dei lokalsamfunna som flyktningane buset seg i. Staten, ved Utanriksdepartementet, dekkjer òg reiseutgifter til heimlandet.

Regjeringa foreslår at det blir sett av 54,5 mill. kr til individuell tilbakevendingsstøtte i 1998. Budsjettet er basert på at totalt 2 300 personar skal kunne vende tilbake til heimlanda sine med tilbakevendingstøtte i 1998. Regjeringa gjer merksam på at dette er eit høgt tal sett i høve til talet på flyktningar som har vendt tilbake til heimlandet pr. 31. august 1997. Det låge talet på tilbakevende for 1997 har samanheng med at det til no ikkje har vore mogleg å vende tilbake til såkalla minoritetsområde i Bosnia-Hercegovina. Regjeringa legg til grunn at dette skal bli mogleg i 1998, men understrekar samstundes at det er motivasjon og ønskje hos den enkelte flyktning, saman med utviklinga i heimlandet, som er avgjerande for kor mange som faktisk vil vende tilbake. Talet er derfor ein teknisk føresetnad.

Tilbakevendingsprosjekt

Sidan ordninga med støtte til tilbakevendingsprosjekt kom i gang og fram til 15. september 1997, har totalt 81 prosjekt fått støtte. Prosjekta har vore spreidde over heile landet og omfattar både landsdekkjande, regionale og lokalt orienterte tiltak. Prosjekta blir drive av kommunar, frivillige organisasjonar, private aktørar/næringsliv, flyktningar, utdanningsinstitusjonar, etc. Dei prioriterte områda er

  • informasjon om tilhøva i heimlandet
  • opplæring og kvalifiseringstiltak
  • kompetanseutvikling retta mot gjenoppbygging av heimlandet
  • forsoning og demokratibygging
  • utvikling av metodikk og kompetanse i lokalt tilbakevendingsarbeid

Erfaringane med prosjektstøtteordninga har vore evaluert av Utlendingsdirektoratet. I tillegg har SINTEF/IFIM evaluert ordninga med fokus på flyktningane og kommunane sine erfaringar og syn på ordninga.

Evalueringane viser at hovudtyngda av løyvingane har gått til informasjonstiltak, opplæring, kvalifisering og kompetanseutvikling. Prosjektstøtteordninga har ført til at fleire nye aktørar er komne på banen i flyktningarbeid, noko som har tilført feltet nye arbeidsmetodar og innfallsvinklar. Eit særleg trekk ved prosjektaktiviteten har vore den sterke graden av brukarmedverknad. Bosniske flyktningar har vore særs aktive både som prosjektansvarlege, prosjektmedarbeidarar og som deltakarar.

Prioriteringane frå 1997 vil bli ført vidare i 1998. Like eins står målet om å utvide prosjekta til fleire målgrupper enn bosniske flyktningar fast.

Regjeringa foreslår at det blir sett av 12,5 mill. kr til støtte til tilbakevendingsprosjekt i 1998. Dette er ein reduksjon på 10,5 mill. kr i høve til 1997. Ein av grunnane til dette er at regjeringa ikkje ser behov for å vidareføre prosjekt som berre i liten grad har vekt respons blant målgruppene eller som det av andre grunnar er naturleg å fase ut. Budsjettet er likevel basert på at prosjekt med gode resultat skal kunne førast vidare, og at det skal vere rom for å stø nye prosjekt innanfor felt som ikkje er dekt eller der det har vore få prosjekt til no. Det er utarbeida rutinar for oppfølging og rapportering frå dei enkelte prosjekta.

Post 73 Organisasjonar, opplysningsarbeid og forsøk

Tilskotsordningane på denne posten skal fremme hovudmålet om at alle skal ha like sjansar, rettar og plikter til å delta i samfunnet og bruke sine ressursar. For 1998 blir det foreslått å løyve 17 mill. kr, fordelt med 7 mill. kr til landsdekkjande organisasjonar og 10 mill. kr til holdningsskapande opplysningsarbeid og forsøks- og utviklingstiltak. Auken i løyvinga på posten er ei oppfølging av St meld nr 17 (1996-97) Om innvandring og det flerkulturelle Norge.

Landsdekkjande organisasjonar

Formålet er å støtte organisasjonar som gjennom arbeidet sitt

  • dokumenterer og motverkar rasisme og diskriminering
  • tek vare på rettane og byggjer opp kunnskap om behova til asylsøkjarar, innvandrarar og flyktningar, med særleg fokus på situasjonen for kvinner, barn og unge
  • fremmer samarbeid mellom innvandrar- og flyktningorganisasjonar, andre frivillige organisasjonar og styresmaktene.

I 1997 er det samla løyvt 6 mill. kr til organisasjonane Antirasistisk senter (ARS), Norsk organisasjon for asylsøkere (NOAS), Selvhjelp for innvandrere og flyktninger, MiRA Ressurssenter for innvandrer- og flyktningkvinner, Organisasjonen mot offentlig diskriminering (OMOD) og Innvandrernes Landsorganisasjon (INLO). Desse organisasjonane har etterkvart bygt opp kompetanse og erfaring på ulike satsingsområde. Organisasjonane sitt arbeid er allsidig, og hjelper på ulike måtar til å oppfylle hovudmålsetjinga for tilskotsordninga.

Løyvingane må sjåast i samanheng med eventuell prosjektstøtte til dei same organisasjonane. Søknader blir vurderte ut frå planlagte aktivitetar, budsjett, rapportering og resultat. Føresetnaden er at organisasjonane over tid utviklar sitt eige økonomiske grunnlag, slik at dei blir mindre avhengige av tilskot frå staten. Det blir ikkje gitt støtte til landsdekkjande organisasjonar som hovudsakleg arbeider for å ta vare på den kulturelle identiteten til innvandrargrupper.

Holdningsskapande opplysningsarbeid

Formålet med tilskotsordninga er å støtte

  • lokale aktivitetar som fører til auka kontakt og samhandling mellom personar med innvandrarbakgrunn og resten av befolkninga
  • lokale aktivitetar som gir auka kunnskap om personar med innvandrarbakgrunn og innvandring i ulike grupper i befolkninga, med spesiell vekt på barn og unge
  • holdningsskapande arbeid og prosjekt som har som mål å motverke diskriminering av etablerte minoritetar

I det holdningsskapande arbeidet blir det mellom anna nytta ein nettverksstrategi som går ut på å aktivisere sosiale nettverk som finst frå før. Utgangspunktet er at gode tilhøve mellom personar med innvandrarbakgrunn og resten av befolkninga best blir skapte ved å spreie opplysningar og kunnskap på lokale møteplassar. Skolering av nøkkelpersonar som kan ta aktiv del i meiningsdanninga står sentralt. Det blir prioritert støtte til moder- eller paraplyorganisasjonar, særleg barne- og ungdomsorganisasjonar, som ønskjer å fordele midlar til aktivitetar i regi av lokale organisasjonsledd, og som har handlingsplanar innafor måla for ordninga.

Tilskotet for 1997 blei lyst ut saman med midlane til forsøks- og utviklingstiltak. Utlendingsdirektoratet fekk om lag 300 søknader med ein samla søknadssum på om lag 50 mill. kr. Pr. 31. august 1997 var vel 1,2 mill. kr fordelt på om lag 40 holdningsskapande opplysningstiltak. Fleire barne- og ungdomsorganisasjonar, politiske organisasjonar, organisasjonslivet elles, skolar og politietaten har fått støtte. Det same har Mangfold og dialog i Norge (MOD) og prosjekt tilknytt kommunar. Tiltak for barn og unge, tiltak i regi av frivillige organisasjonar og tiltak som blei gjennomførte av tidlegare deltakarar i Utlendingsdirektoratet sitt nettverksarbeid, blei prioritert i handsaminga av søknadene. Utlendingsdirektoratet vurderer søknader ut frå planlagte tiltak, budsjett og tidlegare rapportering.

Forsøk og utvikling

Formålet med ordninga er å betre kunnskapsgrunnlaget for ulike sektorstyresmakter, institusjonar, bedrifter og organisasjonar sitt arbeid. Målet er å sikre personar med innvandrarbakgrunn like høve til aktiv samfunnsmedverknad. Tiltaka skal utvikle og prøve ut nye løysingar og betre måtar å arbeide på. Midlane skal òg brukast til å formidle og informere om resultat og erfaringar.

I tillegg til å føre vidare forsøk som er sette i gang i 1997 vil det i 1998 bli gitt støtte til nye prosjekt og tiltak innanfor desse prioriterte områda: Arbeid og utdanning/kvalifisering, lokalt samfunnsarbeid som fremmer gode relasjonar, toleranse og samhandling. Midlane til forsøk og utvikling, og holdningsskapande opplysningsarbeid, skal mellom anna nyttast til å støtte regjeringas nye handlingsplan mot rasisme og diskriminering.

Innafor dei prioriterte områda skal innsatsen rettast mot større prosjekt. Mellom anna vil prosjektet om fleirkulturell kompetanse i samarbeid med høgskolane gå vidare også i 1998, prosjektet er særleg retta mot yrkesgrupper i det offentlege. Eit kriterium for å få støtte, er at prosjektet og tiltaket inneheld opplegg for kunnskaps- og erfaringsformidling. I tillegg vil Utlendingsdirektoratet sjølv bruke midlar til å spreie erfaringar og kunnskap frå tidlegare forsøk. Det er eit krav til alle tilskotsmottakarar at prosjektet er sikra ei forankring i ein organisasjon eller institusjon som kan føre resultata vidare etter at prosjektet er slutt. Utlendingsdirektoratet vurderer søknader ut frå planlagte tiltak, budsjett, rapportering og resultat.

Pr. 31. august 1997 var 1,08 mill. kr innvilga til prosjekt innanfor tema "Arbeid og kvalifisering" og 2,08 mill. kr til lokalt samfunnsarbeid. I tillegg er kr 250 000 sett av til erfaringsformidling og 1,5 mill. kr til fleirkulturelle verksemder. Desse midlane er særleg retta mot utvikling av gode fleirkulturelle arbeidsplassar, der fleire forsøk både i privat og offentleg sektor er sette i gang.

Kap. 3521 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

14.gif (2917 bytes)

Post 01 Tilbakevending av flyktningar

Utgifter med å leggje til rette for at flyktningar kan vende tilbake til heimlanda sine, kan i samsvar med OECD/DAC sitt statistikkdirektiv godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Regjeringa foreslår at 67 mill. kr av utgiftene i 1998 på kap. 521, post 72 Tilbakevending av flyktningar, blir innrapportert som utviklingshjelp. I den samanhengen er 67 mill. kr ført som inntekt på kap. 3521, post 01.