Mål og verkemiddel i regjeringas samepolitikk Det berande prinsippet i samepoli...">   Mål og verkemiddel i regjeringas samepolitikk Det berande prinsippet i samepoli...">

Programkategori 13.40 Samiske formål

Programkategori 13.40 Samiske formål


31.gif (3888 bytes)

 

Mål og verkemiddel i regjeringas samepolitikk

Det berande prinsippet i samepolitikken til regjeringa kjem til uttrykk i Grunnlova § 110 a, som gir staten ansvaret for at den samiske kulturen blir halden oppe og utvikla vidare. Hovudmåla i norsk samepolitikk er dregne opp i Ot prp nr 33 (1986-87), Ot prp nr 60 (1989-90), stortingshandsaminga av årsmeldingane frå Sametinget, St meld nr 52 (1992-93) "Om norsk samepolitikk" og stortingshandsaminga av den. Den andre stortingsmeldinga frå regjeringa om norsk samepolitikk, St meld nr 41 (1996-97), tek først og fremst for seg utviklinga som har skjedd i samepolitikken i fireårsperioden etter meldinga i 1993 og regjeringas mål for komande fireårsperiode.

Regjeringa ønskjer å leggje tilhøva til rette for at det samiske folket sjølv kan vidareutvikle og styrkje kulturen sin, språket sitt og samfunns- og næringslivet i samsvar med ein heilskapleg statleg samepolitikk. Regjeringa legg vekt på at den statlege samepolitikken mest mogleg er basert på premissane til det samiske folket. Sametinget er derfor, som det viktigaste talerøret til samane, ein viktig premissleverandør for den statlege samepolitikken.

Dei samla statlege løyvingane til ulike tiltak for samane i Noreg utgjorde i 1996 om lag 380 mill. kr, medrekna stønad til reindrift, tilskot til samiske barnehagar, tiltak innanfor undervisningssektoren og tilskot til samiske kulturformål.

Kap. 540 Sametinget (jf. kap. 3540)

32.gif (5164 bytes)

Sametinget som politisk organ

Sametinget blei etablert i 1989. Det har sidan vore eit kontinuerleg arbeid med å tilpasse Sametingets status og funksjon i forhold til det statlege styringsverket og den sentrale forvaltninga.

Sametinget som samepolitisk organ kan ikkje seiast å vere eit underordna organ i forhold til departementet, og er ikkje underlagt statsrådens instruksjons- og kontrollstyring. Det er reist spørsmål om regjeringa har tilgjenge til å delegere fullmakt til Sametinget utan særskilt grunnlag i lov eller plenarvedtak, og i tilfelle, i kva utstrekning. I den revisjon av samelova som blei gjort i 1997, er det derfor innarbeidd eit nytt tredje ledd i § 2-1 som gir heimel for fagdepartementa å delegere fullmakt til Sametinget til å forvalte midlar som Stortinget løyver til samiske formål.

Sametinget som forvaltningsorgan

Sametinget fekk tidleg overført oppgåver knytte til fordeling av tilskot til samiske organisasjonar og til duodji (husflid), og tilskot frå Samisk utviklingsfond. Kommunal- og arbeidsdepartementet overførte frå 1. januar 1993 disponeringa av kap. 540 (tidlegare kap. 503) til Sametinget. I tillegg til løyvingane til sjølve driftsbudsjettet for Sametinget omfatta dette fleire tilskotsordningar som tidlegare blei forvalta av fleire departement. Ut over dei områda der samelova uttrykkjeleg gir Sametinget rett til å ta avgjerder, skjer styringa på grunnlag av delegering, anten ved kongeleg resolusjon eller vedtak gjorde av vedkomande fagdepartement. Vedtak om delegering kan trekkjast tilbake.

Dei tilskotsordningane som er delegerte til Sametinget, høyrer alle inn under kategorien "av særleg verdi for den samiske kulturen". Etter at samelova blei vedteke, har det vore ein forutsetnad at Sametinget skal ha ein vesentleg grad av sjølvråderett og påverknad i desse spørsmåla. Sametinget har blitt delegert fullmakt til å fastsetje nærmare retningslinjer for dei særlege tiltaka og tilskotsordningane som er overførte til Sametingets forvaltning. Sametinget og Kommunal- og arbeidsdepartementet arbeider no med å gå gjennom tilskotsordningane med tanke på mål- og resultatkriterier, oppfølging og kontroll.

I samsvar med samelovas § 1-3 blir Sametinget si årsmelding oversendt Kongen. I samsvar med Stortinget sitt eige ønskje, blir årsmeldinga lagt fram for Stortinget som ei årleg stortingsmelding.

Omlegging av budsjettprosedyrane

Det er ei prioritert oppgåve frå regjeringa å leggje tilhøva til rette for at Sametinget i størst mogleg grad skal setjast i stand til å forvalte dei styringsoppgåvene Sametinget sjølv og Stortinget finn naturleg. Sametinget bør få høve til å gjere eigne prioriteringar for samisk kultur.

Ei arbeidsgruppe har gjort framlegg om at Sametinget bør få større handlefridom når det gjeld budsjettet, ved at heile løyvinga blir stilt til disposisjon på éin 50-post (nettobudsjettering). Sametinget presiserer i vedtaket sitt at føresetnadene for å innføre ei ordning med nettobudsjettering mellom anna må vere at det blir etablert

"en rett for Sametinget til å kunne forhandle med sentrale politiske myndigheter om ansvars- og myndighetsfordelingen mellom Sametinget og Regjeringen i forhold til de ressurser som stilles til rådighet".

Denne føresetnaden må kunne oppfattast slik at Sametinget ønskjer å reservere seg mot at sentrale styresmakter delegerer frå seg ansvaret for politisk og fagleg oppfølging av nye tiltak, utan at budsjettoppfølginga er avklart med Sametinget.

I 1993 blei fleire tilskotsordningar samla under budsjettet til Kommunal- og arbeidsdepartementet og overførte til Sametinget. Røynslene etter fire år syner at denne ordninga kan krevje spesiell samordning, sidan fagdepartementa framleis har det faglege ansvaret, mens Kommunal- og arbeidsdepartementet har budsjettansvaret. Det er no aktuelt å overføre fleire tilskotsordningar frå departementa til Sametinget. Det er òg vedteke at Samisk utdanningsråd skal overførast til Sametinget.

På bakgrunn av den prinsipielle haldninga regjeringa har til statusen for Sametinget, dei framlegga som ligg føre om ei friare budsjettstilling for Sametinget, røynslene med budsjettpraksisen i dag og dei tilpassingane som må gjerast i samband med økonomireglementet, vil regjeringa arbeide for

  • å leggje tilhøva til rette for at Sametinget i størst mogleg grad skal setjast i stand til sjølv å forvalte styringsoppgåvene sine
  • å få ei klarare ansvarsfordeling mellom departementa når det gjeld budsjettoppfølging innanfor ulike faglege sektorar
  • å innarbeide formålstenlege rutinar i budsjettarbeidet mellom departementa og Sametinget.

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar driftsutgifter for Sametinget, Sametingets administrasjon, Samisk næringsråd, Samisk kulturråd, Samisk språkråd og Samisk kulturminneråd. Det er overført kr 220 000 frå Miljøverndepartementet til ei kontorstilling i Samisk kulturminneråd.

Post 30 Sametingsbygget, kan overførast

Løyvinga til Sametingsbygget er flytta til budsjettet for Statsbygg under Planleggings- og samordningsdepartementet. Kostnadsramma for bygget er 92,8 mill. kr, og i 1997 blei det løyvt 4 mill. kr som startløyving. For 1998 blir det gjort framlegg om å løyve 23 mill. kr over budsjettet til Statsbygg. Intensjonen bak eit sametingsbygg er at det skal forankrast i samiske kulturtradisjonar og ha eit særpreg som er eit parlamentsbygg verdig. Sametinget skal stå som eigar av bygget, som er venta å vere ferdig i år 2000.

Post 51 Samisk næringsråd

Den tilrådde løyvinga under post 51 utgjer om lag 18,6 mill. kr og omfattar midlar til Samisk utviklingsfond, medrekna tilskot til næringskombinasjonar og tilskot til Omstillingsprogrammet for Indre Finnmark.

Kommunal- og arbeidsdepartementet har vedteke å setje i verk tiltak for å halde oppe det samiske busetjingsområdet Musken i Tysfjord. For 1997 er det løyvt 1 mill. kr til tiltak i Musken, og det blir gjort framlegg om ei tilsvarande løyving for 1998. Det blir lagt opp til ei vidareføring av tiltaka også i 1999.

Over budsjettet til Landbruksdepartementet får Samisk utviklingsfond 1 mill. kr til styrking av næringskombinasjoner via jordbruksavtalen, og 2 mill. kr frå Reindriftens utviklingsfond via reindriftsavtalen.

Samisk utviklingsfond

Ved kongeleg resolusjon av 7. februar 1992 fekk Sametinget overført utvida fullmakter i tilknyting til Samisk utviklingsfond. Fondet har til formål å fremme tiltak av særleg kulturell, sosial og økonomisk verdi for det samiske folket og det samiske busetjingsområdet. I tillegg til ei målsetjing om å skape og halde oppe levedyktig næringsverksemd og arbeidsplassar skal fondet òg ha ein funksjon som eit kulturpolitisk og jamstillingspolitisk verkemiddel. Sametinget har vedteke at Samisk næringsråd skal vere styre for Samisk utviklingsfond.

Virkeområdet for fondet er kommunane Guovdageaidnu-Kautokeino, Kárášjohka-Karasjok, Kvalsund, Porsanger, Deatnu-Tana, Unjárga-Nesseby og delar av kommunane Lebesby, Gamvik og Måsøy i Finnmark, vidare Kvænangen kommune og delar av kommunane Gáivuotna-Kåfjord, Lavangen og Skånland i Troms og delar av kommunane Evenes og Tysfjord i Nordland, og det samiske folket i sørsameområdet. Sametinget vedtok i februar 1997 ei utviding av virkeområdet.

Regjeringa meiner at det er viktig for å tryggje samisk kultur at det tradisjonelle samiske næringslivet, med dei lokale variasjonane som finst innanfor dei samiske bygdene, framleis kan drivast. Samisk utviklingsfond er i den samanhengen ein god reiskap, fordi fondet i rimeleg grad er i stand til å ta hand om dei vedtekne målsetjingane når det gjeld å sikre busetjingsmønsteret og medverke til å utvikle det lokale næringslivet i dei samiske busetjingsområda.

Tabell 13.40.1 Tildelingar frå Samisk utviklingsfond (i 1000 kr).

 

1995

1996

Geografisk område

Tilskot

Pst.

Tilskot

Pst.

Finnmark

9 685

65,7

7 827

53,7

Troms

2 559

17,4

4 188

28,8

Nordland

883

6,0

751

5,2

Sørsameområdet (frårekna Nordland fylke)

110

0,7

71

0,5

Utanfor virkeområdet/interkommunale tiltak

1 510

10,2

1 721

11,8

Sum

14 747

100

14 558

100

Tala som er førte opp fylkesvis i tabell 1, gjeld tilskot innanfor virkeområdet til Samisk utviklingsfond. Kommunevis er det Kåfjord (14,5 pst.), Tana (11,3 pst.), Kvænangen (9,8 pst.) og Karasjok (9,7 pst.) som i 1996 har fått størst del av tildelingane frå fondet.

Delen av samiske næringsutøvarar i primærnæringa er stor i dei samiske busetjingsområda. I 1996 gjekk 37 pst. av midlane frå Samisk utviklingsfond til jordbruk og fiske.

Kvinnelege stønadsmottakarar fekk 26,6 pst. av midlane i 1996. Av alle tilsegner (232) gitt i 1996 har 86 tilsegner (37 pst.) gått til kvinner eller prosjekt der kvinner er med. Når det gjeld Næringskombinasjonsprosjektet, er kvinnedelen 57 pst. Det heng saman med at duodji (husflid) hadde høg prioritet i prosjektet.

Tabell 13.40.2 Tilsegner til kvinneprosjekt frå Samisk utviklingsfond (i 1000 kr).

Næringsverksemd

1994

1995

1996

Fiske

164

55

15

Jordbruk

396

369

429

Husflid; investering/etablering/nybygg

1375

701

862

Marknadsføring, planlegging o.l.

81

227

156

Bedriftsetablering/investering o.l.

986

1026

1 267

Interkommunale prosjekt/andre prosjekt

215

530

420

Sum tilsegner

3 217

2908

3 149

Prosent av totalt gitte tilsegner frå Samisk utviklingsfond

21

20

27

Tilskot til næringskombinasjonar

Prøveprosjektet for næringskombinasjonar hadde sitt siste prosjektår i 1996. Formålet med prosjektet har vore å prøve ut tiltak som kan styrkje sysselsetjinga og inntektsgrunnlaget gjennom næringskombinasjonar med utspring i tradisjonelle næringstilpassingar i samiske busetjingsområde. Ein rapport gjort av NIBR i Alta peiker på at næringskombinasjonar i samiske område har eit utviklingspotensial også ut over det ein kan sjå i dag. Særleg innanfor turisme, utmarksnæringar og fjordfiske kan ein gjennom kombinasjonsnæringar organisere ressursutnyttinga, slik at ein får fram berekraftige næringar, mellom anna fordi det gir fleksibilitet i høve til svingingar i ressursgrunnlaget.

Sametinget har vedteke at stønadsordninga skal førast vidare, og løyvinga er sikra innanfor ramma av Samisk utviklingsfond. I 1996 blei det gitt 4,1 mill. kr i tilsegner til næringskombinasjonar i sju utvalde kommunar: Kautokeino (53,7 pst. av løyvinga), Karasjok (17,3 pst.), Tana (11,1 pst.), Porsanger (2,7 pst.), Nesseby (5,5 pst.), Kåfjord (6 pst.) og Tysfjord (3,7 pst.). I alt 66 pst. av midlane gjekk til prosjekt der husflid er ein av komponentane.

Omstillingsprogrammet for Indre Finnmark

Ein gjer framlegg om at det også i 1998 blir sett av 3 mill. kr til tiltak i kommunane som er med i omstillingsprogrammet for Indre Finnmark. I 1996 blei det sett av 3 mill. kr til tiltak i dei fire kommunane som er med i omstillingsprogrammet for Indre Finnmark: Tana, Porsanger, Karasjok og Kautokeino. Midlane er nytta i omstillingsprosessen i desse kommunane i samsvar med forskriftene for Samisk utviklingsfond. Samisk utviklingsfond har gitt stønad på til saman 5,3 mill. kr til omstillingskommunane, og dette utgjer 37 pst. av fondsmidlane i 1996 (da har ein ikkje inkludert tilskot til næringskombinasjonar). Sjå elles omtale av omstillingsprogrammet under kap. 551 Regional næringsutvikling i fylke og kommunar.

Post 52 Samisk kulturråd

Løyvinga på denne posten blir oppretthalden på om lag samme nivå som tidlegare.

Samisk kulturråd blei skipa ved vedtak i Sametinget av 2. juni 1992 og er i samsvar med vedtak i Sametinget også styre for Samisk kulturfond. Kulturrådet har til formål å fremme utviklinga av samisk kultur. Sametinget vedtok retningslinjer for Samisk kulturråd og for driftsstønad til samiske forlag 9. juni 1993. Formålet med stønad til samiske forlag er å sikre ein jamn produksjon av samisk litteratur. Forskrifter for stønad til samiske kulturorganisasjonar blei vedtekne av Sametinget i mai 1996.

Tabell 13.40.3 Tildelingar frå Samisk kulturråd (i 1000 kr).

Formål

1995

1996

Samiske kultursenter/institusjonar

2 465

2 732

Samiske kulturorganisasjonar

740

590

Samisk forlagsdrift

1 485

1 451

Samisk idrett

100

100

Sum

4 790

4 873

Når det gjeld driftsstønad til samiske kultursenter, fekk Samisk kunstnarsenter i Karasjok 765 000 kr, Sijti Jarnge i Hattfjelldal 767 000 kr, og lulesamisk kultursenter "Árran" i Tysfjord 1,2 mill. kr i 1996.

Samisk kulturfond

Med samtykke frå Stortinget blei Samisk kulturfond skipa 1. januar 1994. Sametinget har i samsvar med delegering frå Kommunal- og arbeidsdepartementet vedteke forskrifter og retningslinjer for fondet (26. mai 1994). Samisk kulturfond har til formål å fremme tiltak for samisk kultur og stimulere til samiske kulturaktivitetar for det samiske folket. Fondet gir tilskot etter søknad i heile det samiske busetjingsområdet. Også i 1996 har det vore særleg mange søknader når det gjeld stønad til litteratur i høve til den løyvinga som er sett av til formålet.

Tabell 13.40.4 Fordeling av midlar frå Samisk kulturfond (i 1000 kr).

Formål

1995

1996

Litteratur

2 072

1 928

Biletkunst/duodji

876

1 086

Musikk

1 000

941

Samiske frie teaterformål

340

410

Andre tiltak

856

1 022

Sum

5 144

5 387

Post 53 Samisk språkråd

Post 53 Samisk språkråd blir tilrådd auka med om lag kr 600 000 i 1998 til ytterlegare satsing på samisk språk. Løyvinga over post 53 Samisk språkråd har fram til og med 1995 fullt ut gått til tospråklege tiltak i forvaltningsområdet for samisk språk. I 1996 blei det løyvt 1 mill. kr til å styrkje samisk språk i det sørsamiske og det lulesamiske området, i tillegg til Ofoten og Sør-Troms. Språkrådet fekk i den samanhengen 45 søknader på til saman 9,9 mill. kr til prosjekt i desse områda.

Samisk språkråd er skipa med heimel i samelova § 3-12. Nærmare reglar om Språkrådet er fastsette av Kulturdepartementet i forskrifter til språkreglar i samelova av 1997.

Samisk språkråd er eit rådgivande organ for Sametinget og andre offentlege organ i spørsmål om samisk språk, og har ansvaret for å ta vare på, utvikle og styrkje samisk språk i Noreg. Rådet skal mellom anna verne om den kulturarven som samisk skriftspråk og talespråk representerer, utvikle samisk terminologi, og fastsetje skrivemåten av samiske ord og uttrykk innanfor dei fastsette nordiske rettskrivingane. Språkrådet har sett ned fagterminologigrupper for nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk språk. Arbeidet med ein samisk orddatabank er godt i gang og blir fullført i 1998. Kulturdepartementet har i 1997 løyvt kr
250 000 til dette formålet og tek sikte på å gi ei siste løyving på kr 100 000 i 1998.

Midlar til tospråklege tiltak i forvaltningsområdet for samisk språk

Løyvinga til tospråklege tiltak blir ført vidare på samme nivå som tidlegare.

Etter at Kommunal- og arbeidsdepartementet med verknad frå 1. januar 1993 overførte forvaltninga av tilskot til samisk tolketeneste, og tilskot til kommunale tospråklege tiltak til Sametinget, har Samisk språkråd fordelt tilskotet. Tilskotsordninga omfattar dei seks kommunane i forvaltningsområdet for samisk språk, det vil seie kommunane Guovdageaidnu-Kautokeino, Kárášjohka-Karasjok, Porsanger, Deatnu-Tana og Unjárga-Nesseby i Finnmark fylke og Gáivuotna-Kåfjord i Troms fylke. I tillegg får Finnmark og Troms fylkeskommunar dekt meirutgifter som ei direkte følgje av språkreglane i samelova. Samisk språkråd disponerte i 1996 16,65 mill. kr til tospråklege tiltak.

Regjeringa legg vekt på å sikre samisk- og norsktalande ei likeverdig tenesteyting i samfunnet og meiner at bruken av samisk i den lokale, kommunale forvaltninga må styrkjast. Løyvinga skal setje kommunane i stand til i størst mogleg grad å drive verksemda si både på samisk og norsk, samstundes som ho skal stimulere til å setje i gang særskilde tiltak for å gjere lokalforvaltninga mest mogleg tospråkleg. Det er eit mål at den kommunale forvaltninga i forvaltningsområdet på sikt blir tospråkleg.

På same måten som dei to siste åra gjennomførte Språkrådet i 1996 ei undersøking av bruken av samisk i kommunane i forvaltningsområdet for samisk språk, både i kommunale og statlege etatar. Undersøkinga syner ei nokså positiv utvikling i alle kommunane. Naturleg nok er det framleis i Kautokeino og Karasjok at bruken av samisk er vanlegast, og der ein svært stor del av dei tilsette snakkar eller skjønnar samisk. Det er også i desse kommunane at samisk blir brukt på møte og i møtebøker.

Når det gjeld bruken av samisk i andre offentlege organ som har plikter i høve til språkreglane i samelova (politi, arbeidsformidling, trygdekontor, likningskontor), syner undersøkinga heilt andre tendensar: 80 pst. av dei tilsette i desse etatane innanfor det samiskspråklege forvaltningsområdet forstår ikkje samisk. Berre 4,6 pst. både snakkar og skriv samisk. Det er dermed framleis eit stort behov for konkrete tiltak for å betre den samiskspråklege servicen i forvaltninga. Ein viser elles til årsmeldinga frå Sametinget for 1996, sendt Stortinget i St meld nr 41 (1996-97) "Om norsk samepolitikk".

Post 70 Tilskot til andre samiske formål

Løyvinga på post 70 blir ført vidare på om lag samme nivå som tidlegare. Det er Sametinget som fordeler løyvinga på dei enkelte tilskotsordningane.

Tilskot til politiske grupperingar i Sametinget

I 1996 blei det på kap. 541 etablert ei tilskotsordning til politiske grupperingar i Sametinget. Formålet med tilskotet er å styrkje arbeidsvilkåra for gruppene. Tilskotet kan elles samanliknast med dei tilskota som blir gitt til dei politiske partia som er representerte på Stortinget. Departementet tilrår at forvaltninga av dette tilskotet blir overført til Sametinget. Tilskotet skal fordelast til lister som er representerte på Sametinget. Fordelinga skal skje forholdsvis etter representasjonen til listene på Sametinget. Sametinget kan ut over dette fastsetje retningslinjer for fordelinga av tilskotet. Det er tidlegare løyvt kr 450 000 til ordninga, og dette tilrår ein å føre vidare (sjå omtale under kap. 541).


Tilskot til gruppesekretærar i Sametinget

I 1997 er det sett av kr 850 000 til gruppesekretærar i Sametinget. Sametingsrådet fordelte tilskotet etter tidlegare vedtekne retningslinjer.

Tilskot til duodji (samisk husflid)

Samisk kunsthandverk og husflid (duodji) er viktig for å fremme breidda i samisk kulturliv og næringsliv. Utviklinga av duodji som næring er òg viktig i eit jamstellingsperspektiv, ettersom det særleg gir vilkår for kvinnearbeidsplassar. Sametinget fastsette eigne retningslinjer for tildeling av tilskot til husflid 9. juni 1993. I 1996 blei det sett av 3,6 mill. kr som Samisk næringsråd fordeler etter søknad. Tiltaka det er gitt stønad til, dreier seg i hovudsak om rettleiing til utøvarar, marknadsføring og råvarelager. Det er sett i gang nettverksoppbygging mellom anna mellom duodjisentralane, eit samarbeid som tek sikte på å løyse felles oppgåver som sal og marknadsføring.

Tiltak for oppvekstvilkåra til samiske barn

Denne tilskotsordninga er etablert av Barne- og familiedepartementet, og blei overført til budsjettet for Kommunal- og arbeidsdepartementet i 1993. Formålet med tilskotsordninga er å medverke til å fremme oppvekstvilkåra for samiske barn gjennom tiltak som styrkjer og vernar samisk språk og kultur. Sametinget fastsette 9. juni 1993 retningslinjer. I 1996 fordelte Samisk kulturråd 1,25 mill. kr til dette formålet. Midlane gjekk mellom anna til nærmiljøtiltak som legg vekt på å formidle kunnskap om tradisjonell samisk kultur. Dei siste åra er det særleg satsa på utgiving av barne- og ungdomsmagasin. Om lag 50 pst. av løyvinga gjekk til dette formålet i 1996.

Stipend til samisk ungdom

Til og med 1992 låg stipendordninga under Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. Sametinget fastsette 9. juni 1993 eigne retningslinjer for tildeling av utdanningsstipend for samisk ungdom. Retningslinjene blei reviderte av Sametinget i januar 1996. Samisk språkråd forvaltar ordninga. Stipendet er eit språkverkemiddel som skal stimulere samisk ungdom til å velje samisk som fag under utdanninga. Den øvre stønadsgrensa er sett til kr 10 000 pr. skoleår. I 1996 blei det sett av kr 850 000 til stipend. Midlane blei fordelte på 397 søkjarar frå ulike vidaregåande skolar.

Tilskot til samiske organisasjonar

Samiske organisasjonar har ein viktig funksjon både i høve til Sametinget og som aktørar for å ta vare på samepolitiske miljø og verksemder, og for å fremme samisk identitet, språk og samfunnsliv. Sametinget fastsette 9. juni 1993 retningslinjer for tildeling av tilskot til samiske organisasjonar. Formålet med ordninga er å styrkje samepolitisk verksemd gjennom landsomfattande organisasjonar som har til formål å fremme samisk identitet, språk, kultur og samfunnsliv. Fordelinga av tilskota blir gjort av Sametingsrådet.

Tabell 13.40.5 Fordeling av tilskot frå Sametinget til samiske organisasjonar (i 1 000 kr).

Stønadsmottakar

1996

1997

Samenes Landsforbund

561

530

Norske Samers Riksforbund

728

774

Nordisk Sameråd - Norsk seksjon

320

320

Sáráhkká

100

0

Samenes folkeforbund

821

806

Ungdomsorganisajonen Davvi Nuorra

70

100

Sum

2 600

2 530

Samisk kulturminneråd

Miljøverndepartementet overførte med verknad frå 1. september 1994 ansvaret for samisk kulturminnevern til Samisk kulturminneråd. Kulturminnerådet skal organisere forvaltninga av samiske kulturminne ut frå lov om kulturminne med tilhøyrande forskrifter. Riksantikvaren har det overordna fagansvaret, mens den politiske styringa og arbeidsgivaransvaret ligg hos Sametinget. Kulturminnerådet skal vere fagpolitisk råd for Sametinget og andre offentlege organ i samiske kulturminnevernspørsmål. Samisk kulturminneråd disponerer kr 300 000 på Riksantikvarens kap. 1429, post 70.

Samisk spesialbibliotek

Sametinget vedtok i 1995 at Samisk spesialbibliotek (SSB) skal høyre inn under Sametinget, med styre sett ned av Sametinget og vere samlokalisert med Sametinget i Sametingsbygget. Biblioteket skal vere tilgjengeleg for alle med behov for samiske bibliotektenester. Vidare vil det vere eit viktig ledd i Sametingets informasjonsteneste, og det skal vere Sametingets forvaltningsbibliotek.

SSB får i dag si løyving på 1,4 mill. kr over Kulturdepartementets kap. 326, post 62. Før overføringa til Sametinget må biblioteket gjerast om til eit statleg tiltak og få tilstrekkelege driftsmidlar. Dette er omtalt i St meld nr 41 (1996-97) Om norsk samepolitikk. Kulturdepartementet og Kommunal- og arbeidsdepartementet vil kome tilbake med konkrete framlegg i sine budsjettproposisjonar for 1999 og år 2000 med sikte på full operativ drift i år 2000.

Kap. 3540 Sametinget (jf. kap. 540)

33.gif (3999 bytes)

Sametinget fekk i 1996 refundert ein del utgifter, mellom anna frå UD (utanlandsreiser), Noregs forskingsråd, Statskonsult (opplæring) og Nordisk råd (nordisk samarbeid om læremateriell på samisk). Post 02 Oppdrag blei etablert i 1995 og gjeld inntekter i form av refusjon av utgifter knytte til granskingar og utgreiingar frå Samisk kulturminneråd.

Kap. 541 Tilskot til samiske formål

34.gif (2824 bytes)

Kapitlet omfattar midlar som Kommunal- og arbeidsdepartementet disponerer i samsvar med eigne prioriteringar. Midlane blei i 1996 mellom anna disponerte til Verdskonferansen for urfolksungdommar og til ein internasjonal konferanse om utdanning i regi av Samisk utdanningsråd. Det blei òg løyvt midlar til å gi ut ei jubileumsbok i tilknyting til 80-årsjubileet for 6. februar 1917, da det første samiske landsmøtet blei halde i Trondheim. 6. februar er av Samerådet bestemt å vere Samefolkets dag.

Frå budsjettåret 1996 blei det på kap. 541 etablert ei tilskotsordning til politiske grupperingar i Sametinget. Retningslinjer for tildeling av tilskotet blei fastsette av Kommunal- og arbeidsdepartementet. Departementet tilrår at forvaltninga av dette tilskotet blir overført til Sametinget og lagt under kap. 540 Sametinget, post 70 (sjå omtale der).