KAP. 565 ERSTATNINGAR TIL KOMMUNAR OG FYLKESKOMMUNAR I SAMBAND MED..."> KAP. 565 ERSTATNINGAR TIL KOMMUNAR OG FYLKESKOMMUNAR I SAMBAND MED...">

Programkategori 13.60 Kommunale...

Programkategori 13.60 Kommunale sysselsetjingstiltak m.v.


48.gif (3456 bytes)

KAP. 565 ERSTATNINGAR TIL KOMMUNAR OG FYLKESKOMMUNAR I SAMBAND MED FLAUMSKADAR

49.gif (3645 bytes)

Ved behandlinga av St prp nr 2 (1995-96) jf. Innst S nr 48 (1995-96) blei det oppretta to erstatningsordningar. Dekning av flaumskadar på ikkje-forsikringsbar kommunal og fylkeskommunal eiendom og dekning av skadar på kommunale og fylkeskommunale selskaper. Endelig erstatningsoppgjer blei gjennomført i 1996.


Programkategori 13.70 Overføringar gjennom inntektssystemet til kommunar og fylkeskommunar

50.gif (4710 bytes)

1. Innleiing

Inntektssystemet er eit system for fordeling av statlege rammetilskot til kommunar og fylkeskommunar. Rammetilskot og skatteinntekter utgjer til saman om lag 70 pst. av inntektsgrunnlaget til kommunesektoren. Desse inntektene blir ofte kalla frie inntekter, dvs. at kommunane og fylkeskommunane kan disponere inntektene fritt utan andre bindingar frå staten enn det som er gjeve i lov- og regelverk.

Inntektssystemet blei innført 1. januar 1986 på grunnlag av Ot prp nr 48 (1984-85) Om endringer i lover vedrørende inntektssystemet for kommunene og fylkeskommunene. Inntektssystemet avløyste om lag 50 større og mindre tilskotspostar på statsbudsjettet. I løpet av dei elleve åra inntektssystemet har vore grunnlag for fordeling av rammetilskot frå staten til kommunesektoren, er det gjort ei rekkje større eller mindre justeringar av systemet. Inntektssystemet blei sist revidert i St prp nr 55 (1996-97) Om kommuneøkonomien 1997 mv. med verknad frå 1. januar 1997.

Tilskot innanfor inntektssystemet blir gitt som rammetilskot. Tilskota blir utbetalte samla gjennom ti årlege terminbeløp som skal inntektsførast i kommunale rekneskapar og budsjett på same hovudkapittel som skatteinntektene.

Inntektssystemet skal delvis utjamne forskjellar i skatteinntekt og fullt ut utjamne forskjellar i utrekna utgiftsbehov. Utgiftsbehovet blir rekna ut på grunnlag av ein kostnadsnøkkel som består av 16 ulike kriterium for kommunane og 17 ulike kriterium for fylkeskommunane. Kostnadsnøkkelen for utgiftsutjamning er basert på at utjamninga skal omfatte ufrivillige forhold som har dokumentert betydning for utgiftene til (fylkes-)kommunane. Utjamninga skal omfatte helse- og sosialsektoren, grunnskulesektoren og administrasjon for kommunane, og helsesektor, vidaregåande opplæring og samferdselssektoren for fylkeskommunane. Ein felles kostnadsnøkkel for kommunane og ein felles kostnadsnøkkel for fylkeskommunane er bygd opp som ei samanvekting av kostnadsnøklar på dei enkelte sektorar og område.

Ved behandlinga av St prp nr 61 (1996-97) Om kommuneøkonomien 1998 m.v. slutta fleirtalet i kommunalkomiteen seg til at to nye kriterium for menneske med psykisk utviklingshemming skulle innførast i kostnadsnøkkelen for kommunane. Innføringa av kriteria skjedde som ei følgje av innlemmingar i 1997 og 1998 av øyremerkte tilskot knytte til menneske med psykisk utviklingshemming.

Justering av kostnadsnøkkelen for kommunane

Ved behandlinga av St prp nr 55 (1995-96) vedtok Stortinget:

  • "Stortinget ber Regjeringen endre regelverket for tilskudd til mennesker med psykisk utviklingshemming for å øke treffsikkerheten i tilskuddene".
  • På bakgrunn av dette foreslo regjeringa i St prp nr 61 (1996-97) Om kommuneøkonomien 1998 m.v. desse tiltaka:

    • Talet på menneske med psykisk utviklingshemming blir innført som to kriterium i inntektssystemet: psykisk utviklingshemma 16 år og over, og psykisk utviklingshemma under 16 år.
    • Det blir innlemma om lag 960 mill. kr av øyremerkte tilskot i 1998: 370 mill. kr av vertskommunetilskotet og om lag 590 mill. kr av styrkingsmidlar knytte til menneske med psykisk utviklingshemming.
    • Innsatsmidlar til kommunar med ei overvekt av særskilt kostnadskrevjande menneske med psykisk utviklingshemming skal framleis vere eit øyremerkt tilskot.

    Ved Stortinget si behandling av St prp nr 61 (1996-97) fekk regjeringa i hovudsak tilslutning til desse forslaga, men fleirtalet avviste å innlemme 370 mill. kr av vertskommunetilskotet i inntektssystemet. Som følgje av at 370 mill. kr av vertskommunetilskotet ikkje blei vedteke innlemma i inntektssystemet, må kriterievektene i kostnadsnøkkelen for kommunane endrast samanlikna med kostnadsnøkkelen vist i St prp nr 61 (1996-97) Om kommuneøkonomien m.v. Tabell 13.70.1 viser regjeringa sitt forslag til kostnadsnøkkel i St prp nr 61 og forslag til ny kostnadsnøkkel for kommunane i denne proposisjon.

    Det er to typar endringar i kostnadsnøklane som følgje av at 370 mill. kr av vertskommunetilskotet ikkje blir innlemma i inntektssystemet. For det første får vi isolert sett ein reduksjon i vektene til kriteria "andel menneske med psykisk utviklingshemming 16 år og over" og "andel mennesker med psykisk utviklingshemming under 16 år". For det andre får vi ein auke i vektene for enkelte andre kriterium fordi sektornøkkelen for helse- og sosialtenester har fått redusert vekt, og at andre delar av utgiftsutjamninga dermed relativt sett aukar.

    Tabell 13.70.1 Kostnadsnøkkel for kommunane.

    Kriterium

    Kostnadsnøkkel foreslått i St. prp. nr. 61 (1996-97)

    Forslag til ny kostnadsnøkkel

    Andel innbyggjarar 0-6 år

    0,030

    0,030

    Andel innbyggjarar 7-15 år

    0,278

    0,280

    Andel innbyggjarar 16-66 år

    0,136

    0,137

    Andel innbyggjarar 67-79 år

    0,086

    0,086

    Andel innbyggjarar 80-89 år

    0,128

    0,129

    Andel innbyggjarar 90 år og eldre

    0,047

    0,047

    Andel skilde og separerte 16-59 år

    0,069

    0,069

    Andel arbeidsledige 16-59 år

    0,023

    0,024

    Andel dødeligheit

    0,025

    0,025

    Andel ikkje-gifte 67 år og over

    0,025

    0,025

    Andel innvandrarar med fjernkulturell bakgrunn

    0,005

    0,005

    Andel berekna reisetid

    0,033

    0,033

    Andel innbyggjarar busett spreidd

    0,010

    0,010

    Andel basistillegg

    0,027

    0,027

    Andel psykisk utviklingshemma over 16 år

    0,074

    0,069

    Andel psykisk utviklingshemma under 16 år

    0,004

    0,004

    Sum

    1

    1

    Kostnadsnøkkel for fylkeskommunane

    Kostnadsnøkkelen for fylkeskommunane er endra med virkning frå 1. januar 1998 grunna innsatsstyrt finansiering av sjukehus. Vi viser til omtale i St prp nr 61 (1996-97) Om kommuneøkonomien 1998 m.v.

     

    Tabell 13.70.2 Kostnadsnøkkel for fylkeskommunane.

    Kriterium

    Vekt

    Andel innbyggjarar 0-15 år

    0,071

    Andel innbyggjarar 16-18 år

    0,256

    Andel innbyggjarar 19-34 år

    0,086

    Andel innbyggjarar 35-66 år

    0,159

    Andel innbyggjarar 67-74 år

    0,079

    Andel innbyggjarar 75 år og eldre

    0,106

    Andel dødeligheit 0-64 år

    0,056

    Andel skilde og separerte 16-59 år

    0,015

    Andel einslege og einslege forsørgjarar

    0,028

    Andel rutenett til sjøs

    0,013

    Andel innbyggjarar busett spreidd

    0,009

    Andel areal

    0,003

    Andel storbyfaktor

    0,007

    Andel innbyggjarar på øyar

    0,003

    Andel vedlikehaldskostnader (veg)

    0,027

    Andel reinvesteringskostnader (veg)

    0,013

    Andel søkjarar yrkesfag

    0,069

    Sum

    1,000

     

    2. Om det enkelte tilskot som blir fordelt gjennom inntektssystemet

    Det samla rammetilskotet til kommunar for 1998 blir løyvt over fem ulike postar på kap. 571 i statsbudsjettet. Fire av desse tilskota blir utrekna på grunnlag av fastlagde utrekningskriterium. Det siste elementet er eit skjønnsmessig tilskot. For fylkeskommunane blir det samla rammetilskotet løyvt over fire ulike postar på kap. 572. Tre av tilskota blir fordelte etter fastlagde kriterium og eit tilskot blir fordelt skjønnsmessig.

    For kommunane blir desse tilskota løyvt over kap. 571:

    • Post 60 Innbyggjartilskot/utgiftsutjamning.
    • Post 61 Inntektsutjamnande tilskot.
    • Post 62 Nord-Noreg-tilskot.
    • Post 63 Regionaltilskot.
    • Post 64 Skjønnstilskot.

    For fylkeskommunane blir desse tilskota løyvt over kap. 572:

    • Post 60 Innbyggjartilskot/utgiftsutjamning.
    • Post 61 Inntektsutjamnande tilskot.
    • Post 62 Nord-Noreg-tilskot.
    • Post 64 Skjønnstilskot.

    Post 60 Innbyggjartilskot/utgiftsutjamning

    Det blir løyvt eit innbyggjartilskot/utgiftsutjamning til kommunane og eit tilsvarande til fylkeskommunane. Innbyggjartilskotet blir i utgangspunktet utrekna som eit likt beløp pr. innbyggjar til alle kommunar/fylkeskommunar. I tillegg blir tilskotet justert for desse forholda for den enkelte kommune/fylkeskommune:

    • Omfordeling gjennom utgiftsutjamninga basert på kostnadsnøklane for kommunar og fylkeskommunar.
    • Innlemming av øyremerkte tilskot m.m. som ikkje blir omfatta av overgangsordninga første året.
    • Overgangsordninga for regelendringar, oppgåveendringar, innlemming av øyremerkte tilskot m.m.
    • Overgangsordninga for systemendringar.

    For nærmare omtale av innbyggjartilskot/utgiftsutjamning for den enkelte kommune/fylkeskommune, sjå rundskriv H-27 1997 Beregningsteknisk dokumentasjon til St prp nr 1 (1997-98) for Kommunal- og arbeidsdepartementet ("Grønt hefte").

    Post 61 Inntektsutjamnande tilskot

    Det inntektsutjamnande tilskotet skal utjamne forskjellar i skatteinntekter mellom kommunar og mellom fylkeskommunar. Som grunnlag for utrekning av det inntektsutjamnande tilskotet, må det fastsetjast eit referansenivå og ei kompensasjonsgrad. Referansenivået kan uttrykkjast som den andelen av landsgjennomsnittleg skatteinntekt pr. innbyggjar ein ønskjer å utjamne opp til. Alle kommunar og fylkeskommunar med skatteinntekt under referansenivået vil motta inntektsutjamnande tilskot. Kompensasjonsgraden er den delen av differansen mellom referansenivået og eiga skatteinntekt som blir kompensert.

    For kommunane blir referansenivået for inntektsutjamninga i 1998 sett til 103 pst. av landsgjennomsnittet, mens kompensasjonsgraden blir sett til 94 pst. av differansen mellom referansenivået og eigne skatteinntekter. Kommunar med skatteinntekter over 103 pst. av landsgjennomsnittet, mottek ikkje inntektsutjamnande tilskot. Kommunar som har skatteinntekter over 140 pst. av landsgjennomsnittet, blir trekte for halvparten av overskytande beløp.

    For fylkeskommunane blir referansenivået for inntektsutjamninga i 1998 sett til 116 pst. av landsgjennomsnittet, mens kompensasjonsgraden blir sett til 95 pst. av differansen mellom referansenivået og eigne skatteinntekter. Fylkeskommunar med låge skatteinntekter får størst inntektsutjamnande tilskot, mens fylkeskommunar med skatteinntekter over 116 pst. ikkje mottek inntektsutjamnande tilskot. Det er berre Oslo og Akershus av fylkeskommunane som har skatteinntekter over 116 pst. av landsgjennomsnittet. Det er inga trekkordning for fylkeskommunar med høge skatteinntekter.

    Utrekningsmåten for det inntektsutjamnande tilskotet er vist i rundskriv H-27 1997 Beregningsteknisk dokumentasjon til St prp nr 1 (1997-98) for Kommunal- og arbeidsdepartementet ("Grønt hefte").

    Post 62 Nord-Noreg-tilskot

    Regjeringa ønskjer som eit ledd i sin regionalpolitikk at kommunar i Nord-Noreg skal sikrast høve til å gi eit betre kommunalt tenestetilbod enn kommunar elles i landet. Dette blir sikra ved at det blir gitt eit særskilt tilskot til kommunar og fylkeskommunar i Nord-Noreg. Tilskotet fører også til høg kommunal og fylkeskommunal sysselsettjing i ein region med konjunkturavhengig næringsliv.

    Tilskotet blir utbetalt som ein felles sats pr. innbyggjar for alle kommunane innanfor kvart fylke og ein sats for kvar fylkeskommune. Satsane blir fastsette i statsbudsjettet. Regjeringa legg opp til nominelt uendra satsar frå 1997 til 1998. Reduksjonen i Nord-Noreg-tilskotet frå 1997 til 1998 kjem fordi det har vore ein nedgang i folketalet i Nord-Noreg.

    Tabell 13.70.3 Nord-Noreg-tilskot.

     

    Kr pr. innbyggjar

    Kommunar:  
    Nordland

    1 065

    Troms

    2 042

    Finnmark

    4 974

    Fylkeskommunar:  
    Nordland

    1 203

    Troms

    1 443

    Finnmark

    1 684

    Post 63 Regionaltilskot

    For å motta regionaltilskot må kommunar ha færre enn 3 000 innbyggjarar og ha lågare skatteinntekter pr. innbyggjar enn 110 pst. av landsgjennomsnittet. Tilskotet blir gradert etter geografisk virkeområde for distriktspolitiske verkemiddel, gitt i forskrift om distriktspolitiske verkemiddel forvalta av Statens nærings- og distriktsutviklingsfond og fylkeskommunane, fastsett ved kongeleg resolusjon av 24. mars 1995. Forskrifta deler kommunane i landet i fire område (A-D) innanfor det distriktspolitiske verkemiddelområdet. I område A inngår kommunane i Finnmark, og Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa og Kvænangen i Troms fylke. Område A har høgast prioritet ved bruk av distriktspolitiske verkemiddel, område D har lågast prioritet. Tabell 13.70.4 viser graderinga og regionaltilskot pr. kommune.

    I St prp nr 1 (1996-97) Kommunal- og arbeidsdepartementet foreslo regjeringa ei ramme for regionaltilskotet på 92,1 mill. kr. Ved salderinga av St prp nr 1 (1996-97) blei ramma for regionaltilskotet auka med 90 mill. kr. For 1998 legg regjeringa ikkje opp til ei ytterlegare opptrapping, men foreslår ei vidareføring av det ekstra regionaltilskotet som kom i salderinga av St prp nr 1 (1996-97).

    I 1998 vil nokon fleire kommunar oppfylle krava for tildeling av regionaltilskot enn i 1997. Dette kjem av endringar i innbyggjartalet i kommunane, eller i skatteinntekta pr innbyggjar sett i forhold til landsgjennomsnittet.

    Tabell 13.70.4 Gradering av regionaltilskot etter prioriteringsområde for distriktspolitiske verkemiddel (tal i kroner).

    Prioriteringsområde for distriktspolitiske verkemiddel

    Beløp

    Prioriteringsområde A

    3 000 000

    Prioriteringsområde B, C, D

    1 300 000

    Utanfor distriktspolitisk verkeområde

    0

    Post 64 Skjønnstilskot

    Kommunal- og arbeidsdepartementet fordeler årleg ein del av rammetilskotet til kommunar og fylkeskommunar etter skjønn. Fordelinga etter skjønn må sjåast i samanheng med den faste delen i inntektssystemet der fordelinga skjer etter faste kriterium. Ved Stortinget si behandling av St prp nr 61 (1996-97) Om kommuneøkonomien 1998 m.v. gav Stortinget Kommunal- og arbeidsdepartementet fullmakt til å fordele etter skjønn 3 114 mill. kr for 1998. I denne proposisjon blir det foreslått at skjønnsramma aukar ytterlegare med 90,4 mill. kr. Dei auka skjønnsmidlane vil bli tilførte Sør-Trøndelag fylkeskommune, og motsvarer eit krav som Skattefuten i Sør-Trøndelag har på fylkeskommunen, jf. omtale under kap. 572. Auken i skjønnsmidlane vil bli dekt innafor den samla ramma for kommuneopplegget.

    For 1998 er skjønnstildelinga todelt. For det første er den ordinære skjønnsramma frå tidlegare år vidareført, og i hovudsak fordelt etter dei same prinsippa som tidlegare år. Det ordinære skjønnet utgjer 1 598,1 mill. kr for kommunane og 790,7 mill. kr for fylkeskommunane. Kommunar og fylkeskommunar kan ha utgiftsbehov som er spesielle for den enkelte (fylkes-)kommune eller for grupper av desse på grunn av lokale kostnadsforhold. Vidare skal den ordinære skjønnstildelinga også verke som tryggleik mot uventa inntektssvikt for den enkelte kommune. Departementet foreslår at ein frå den ordinære skjønnspotten til kommunane også i avgrensa omfang kan tildele midlar til konkrete utgreiings-/utviklingsprosjekt i ein kommune/fylkeskommune eller i samarbeidande kommunar/fylkeskommunar. Departementet vil rapportere tilbake til Stortinget om eventuell bruk av skjønnsmidlar til slike prosjekt i kommuneøkonomiproposisjonen for 1999. For det andre er det fordelt ein ekstraordinær skjønnspott som kompensasjon til (fylkes-) kommunar som taper på omlegginga av inntektssystemet og som ikkje får dekt dette tapet gjennom regionaltilskotet. Det ekstraordinære skjønnet utgjer 626,9 mill. kr for kommunane og 188,7 mill. kr for fylkeskommunane. Samla utgjer skjønnstilskotet for kommunar og fylkeskommunar 3 204,4 mill. kr.

    Tabell 13.70.5 Skjønnstilskot (tal i mill. kr).

     

    Ordinært skjønnstilskot

    Ekstraordinært skjønnstilskot

    Sum

    Kommunar

    1 598,1

    626,9

    2 225,0

    Fylkeskommunar

    790,7

    188,7

    979,4

    Sum

    2 388,8

    815,6

    3 204,4

     

    3. Overføringane gjennom inntektssystemet i 1998

    Føresetnadene for fordeling av tilskot gjennom inntektssystemet i budsjettforslaget byggjer på retningslinjer som blei trekte opp i St prp nr 55 (1995-96) Om kommuneøkonomien 1997 m.v. og i St prp nr 61 (1996-97) Om kommuneøkonomien 1998 mv. og omtale i kap. 2 i denne proposisjonen. Kommunal- og arbeidsdepartementet vil på vanleg måte dokumentere utrekningane i Beregningsteknisk dokumentasjon til St prp nr 1 (1997-98) Inntektssystemet for kommuner og fylkeskommuner 1998, rundskriv H-27/97 frå Kommunal- og arbeidsdepartementet ("Grønt hefte"). Samla aukar rammeoverføringa reelt med 460 mill. kr, fordelt med høvesvis 335 mill. kr til kommunane og 125 mill. kr til fylkeskommunane. Auken i rammeoverføringane tilsvarer auken i tapskompensasjon som følgje av innføringa av nytt inntektssystem.

    I vedlegg I og II i dette dokumentet blir regjeringa sitt forslag til rammetilskot til fylkeskommunar og kommunar vist, eksklusiv skjønn. Endringar i totalt rammetilskot for dei enkelte (fylkes-)kommunar frå 1997 til 1998, vil forutan endra budsjettrammer kome av fleire forhold:

    • (Fylkes-)kommunar som tener på omlegginga av inntektssystemet vil få tilført meir i rammetilskot, men regionaltilskot og ekstraordinært skjønnstilskot sikrar kompensasjon til kommunar som taper på omlegginga av inntektssystemet.
    • Det blir gitt 100 pst. gjennomslag for endringar i kriterieverdiar frå 1997 til 1998.
    • Endring i skatteinntekt frå 1995 til 1996 blir gitt 94 pst. gjennomslag for dei kommunane som mottek inntektsutjamnande tilskot og 50 pst. gjennomslag for dei kommunane som er omfatta av trekkordninga for høge skatteinntekter. Endring i skatteinntekt frå 1995 til 1996 for fylkeskommunane blir gitt 95 pst. gjennomslag for dei fylkeskommunane som mottek inntektsutjamnande tilskot.
    • Oppgåveendringar og regelendringar.

    Tabell 13.70.6 viser tilskot gjennom inntektssystemet i 1997 før og etter korreksjonar for oppgåveendringar, regelendringar og innlemming av øyremerkte tilskot. Tabellen viser også regjeringa sitt forslag til løyving for 1998 fordelt på dei ulike komponentane i inntektssystemet.

     

    Tabell 13.70.6 Tilskot gjennom inntektssystemet 1997 og 1998.

    Formål

    I

    1997

    faktisk

    II

    1997

    korrigert

    III

    Forslag

    1998

    Faktisk vekst

    1997-98

    Korrigert vekst 1997-98

    Innbyggjartilskot/utgiftsutj.

    19 883 862

    21 305 784

    20 991 483

    5,6

    -1,5

    Inntektsutjamnande tilskot

    3 776 153

    3 776 153

    4 886 098

    29,4

    29,4

    Nord-Noreg-tilskot

    945 802

    945 802

    940 619

    -0,6

    -0,6

    Regionaltilskot

    184 100

    184 100

    189 800

    3,1

    3,1

    Skjønnstilskot

    1 908 207

    1 872 007

    2 225 000

    16,6

    18,9

    Sum kommunar

    26 698 124

    28 083 846

    29 233 000

    9,5

    4,1

    Innbyggjartilskot/utgiftsutj.

    13 449 453

    10 746 955

    10 744 000

    -20,1

    0,0

    Inntektsutjamnande tilskot

    4 416 800

    4 416 800

    4 896 100

    10,9

    10,9

    Nord-Noreg-tilskot

    637 000

    637 000

    634 500

    -0,4

    -0,4

    Skjønnstilskot

    1 040 288

    845 688

    979 400

    -5,9

    15,8

    Sum fylkeskommunar

    19 543 541

    16 646 443

    17 254 000

    -11,7

    3,7

    Sum kommunesektoren

    46 241 665

    44 730 289

    46 487 000

    0,5

    3,9

    Kap. 571 Rammetilskot til kommunane

    51.gif (5451 bytes)

    Dei enkelte postane under kap. 571 Rammetilskot til kommunane er omtalte under punkt 2. For ein nærmare omtale av mål og resultat under dei ulike tenesteområda som blir dekt av rammetilskotet, viser ein til budsjettproposisjonane til fagdepartementa.

    I 1998 vil det som tidlegare år bli gjort ei rekkje korrigeringar for endringar i oppgåvefordeling mellom forvaltningsnivåa, regelendringar, innlemmingar av øyremerkte tilskot oa. Desse endringane vil bli omfatta av overgangsordninga. Overgangsordninga sørgjer for at overgangen frå opprinneleg fordeling til fordeling etter kriteria i inntektssystemet vil ta fem år. Rammetilskotet vil for 1998 bli korrigert for desse endringane i oppgåvefordelinga mellom forvaltningsnivåa:

    • Framleis avvikling av stønad til hjelp i huset. 35 mill. kr blir overført frå folketrygda til rammetilskotet for kommunane.
    • Frå 1. januar 1998 blir det ikkje lenger høve for kommunane til å ta eigenandel for heimesjukepleie. Som kompensasjon blir rammetilskotet til kommunane auka med 200 mill. kr.
    • Som følgje av at fylkeskommunane skal overta forvaltningsansvaret for familievernkontora frå 1. januar 1998, blir 19,1 mill. kr trekt ut av rammetilskotet for kommunane og overført til kapittel 841 post 60.
    • Det blir trekt ut 173,2 mill. kr som følgje av momskompensasjonsordninga. Momskompensasjonsordninga er omtalt i kapittel 2.8.
    • Som følgje av at den resterande delen av styrkingsmidlane knytte til menneske med psykisk utviklingshemming blir innlemma i inntektssystemet frå og med 1998, blir rammetilskotet for kommunane auka med 585,6 mill. kr.
    • Kommunane sine driftskostnader som følgje av Reform 97 blir kompensert gjennom rammetilskotet med 2 020,9 mill. kr i 1998 (1998-kroner). I dette beløpet ligg også ei vidareføring av det som blei utbetalt gjennom rammetilskotet i 1997 knytt til Reform 97. Kompensasjonsbeløpet til kommunane blir fordelt særskilt i 1998, og vil ikkje bli omfatta av overgangsordninga dette året. Fordelinga til den enkelte kommune framgår i vedlegg 2. Ei nærmare utgreiing av dei ulike elementa i kompensasjonen for driftsutgiftene er gitt i budsjettproposisjonen til Kyrkje-, utdannings- og forskningsdepartementet.
    • Det er overført 36,2 mill. kr frå skjønnstilskotet til kommunane til innbyggjartilskotet til fylkeskommunane, jf. omtale under kap. 572 Rammetilskot til fylkeskommunane.

    Ved utrekning av vekst frå 1997 til 1998 er tala for 1997 korrigert for dei nemnde endringane i oppgåvefordelinga mellom forvaltningsnivåa.

    Ved behandling av kommuneøkonomiproposisjonen fekk regjeringa tilslutning frå Stortinget om at den øyremerkte tilskotsordninga knytt til kommunale landbrukskontor som blei innlemma i inntektssystemet i 1997, skal givast same fordeling innanfor inntektssystemet i 1998 som fordelinga av det øyremerkte tilskotet i 1996.

    I St prp nr 61 (1996-97) Om kommuneøkonomien 1998 m.v. varsla regjeringa at desse øyremerkte tilskota skulle innlemmast i inntektssystemet i 1998:

    • Kap. 221, post 69 pensjonstilskot i Statens Pensjonskasse på budsjettet til Kyrkje-, utdannings og forskningsdepartementet.
    • Kap. 1542, post 60 tilskot til Statens Pensjonskasse for kommunale tenestemenn på budsjettet til Planleggings- og samordningsdepartementet.
    • Kap. 1543, post 60 arbeidsgivaravgift til folketrygda for kommunale tenestemenn på budsjettet til Planleggings- og samordningsdepartementet.

    For 1997 er det løyvt om lag 1,4 mrd. kr på desse postane. Sidan totalbeløp og eit statistikkgrunnlag for utrekning av kommunefordelte tal først vil liggje føre seinare i haust, vil tilskota for 1998 ikkje bli fordelt etter kriteria i inntektssystemet, men vil bli gitt ei eiga fordeling utanfor overgangsordninga i 1998. Endeleg beløp og fordeling på kommunar vil bli lagt fram for Stortinget seinare i haust.

    Kap. 572 Rammetilskot til fylkeskommunane

    52.gif (4744 bytes)

    Dei enkelte postane under kap. 572 Rammetilskot til fylkeskommunane er omtalt under punkt 2. For nærmare omtale av mål og resultat under dei ulike resultatområda som blir dekt av rammetilskotet viser ein til budsjettproposisjonane til fagdepartementa.

    I 1998 vil det som tidlegare år bli gjort ei rekkje korrigeringar for endringar i oppgåvefordeling mellom forvaltningsnivåa, regelendringar, innlemmingar av øyremerkte tilskot oa. Desse endringane vil bli omfatta av overgangsordninga. Overgangsordninga sørgjer for at overgangen frå opprinneleg fordeling til fordeling etter kriteria i inntektssystemet vil ta fem år. Rammetilskotet vil for 1998 bli korrigert for følgjande endringar i oppgåvefordelinga mellom forvaltningsnivåa:

    • Fylkeskommunane overtek ansvaret for enkelte statlege skolar. Rammetilskotet blir auka med 17,5 mill. kr som følgje av dette.
    • Det blir lagt inn 9,5 mill. kr i rammetilskotet som kompensasjon for driftsutgifter til opplæringsringar og opplæringskontor. Beløpet gjeld heilårsverknad av lærekontraktar som blei inngått hausten 1997.
    • Som følge av heilårsverknad av auka basistilskot til lærebedrifter, blir det lagt inn 60 mill. kr i rammetilskotet. Vidare blir det lagt inn 4 mill. kr i rammetilskotet som følgje av auka satsar knytte til driftstilskot til opplæringsringar og opplæringskontor.
    • Utrekna innsparing på 54 mill. kr ved innføring av anbod i lokal rutetrafikk blir trekt ut av rammetilskotet.
    • Som følgje av ny finansieringsordning, med delvis innsatsstyrt finansiering av sjukehusbehandling av innlagte pasientar, blir det trekt ut 2 953,9 mill. kr av rammetilskotet og overført til kap. 730, post 60 på budsjettet til Sosial- og helsedepartementet.
    • Det blir trekt ut 51,8 mill. kr som følgje av momskompensasjonsordninga. Momskompensasjonsordninga er omtalt i kapittel 2.8.
    • Fylkeskommunane sine utgifter til skuleskyss i samband med Reform 97 blir kompensert gjennom rammetilskotet med 62,3 mill. kr i 1998 (1998-kroner). I dette beløpet ligg også ei vidareføring av det beløpet som blei utbetalt gjennom rammetilskotet i 1997 knytt til Reform 97. Kompensasjonsbeløpet til fylkeskommunane blir fordelt særskilt i 1998, og vil ikkje bli omfatta av overgangsordninga dette året. Fordelinga til den enkelte fylkeskommune framgår i vedlegg 1. Ei nærmare utgreiing av dei ulike elementa i kompensasjonen for driftsutgiftene er gitt i budsjettproposisjonen til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet.

    Ved utrekning av vekst frå 1997 til 1998 er tala for 1997 korrigert for dei nemnde endringane i oppgåvefordelinga mellom forvaltningsnivåa.

    I tillegg til dei korrigeringane som er omtalt ovanfor, er det gjort to korrigeringar av skjønnstildelinga. Ved Stortinget si behandling av St prp nr 61 (1996-97) Om kommuneøkonomien 1998 m.v. fekk regjeringa tilslutning til at ramma for skjønnstilskotet til fylkeskommunane skulle reduserast med 285 mill. kr. Reduksjonen vil ikkje få omfordelingsverknader, da den enkelte fylkeskommune får ein auke i innbyggjartilskotet lik reduksjonen i skjønnstilskotet. For Oslo, som ikkje mottek skjønn som fylkeskommune, vil det skje ei motrekning mot tapskompensasjonen for overgangen til revidert inntektssystem på 36,2 mill. kr.

    Skattefuten i Sør-Trøndelag har ved ein feil i utrekningane tilført Sør-Trøndelag fylkeskommune 90,4 mill. kr for mykje i skatt for skatteåret 1995. Som følgje av inntektsutjamningsordninga i inntektssystemet er denne meirskatteinngangen i 1997 blitt omfordelt til alle fylkeskommunane som har inntektsutjamnande tilskot. Skattefuten i Sør-Trøndelag vil påleggje Sør-Trøndelag fylkeskommune å betale tilbake dei skatteinntektene fylkeskommunen har fått for mykje. Sidan Sør-Trøndelag fylkeskommune blir omfatta av inntektsutjamningsordninga i inntektssystemet, vil fylkeskommunen få dette trekket kompensert i år 2000. For at Sør-Trøndelag ikkje skal kome i ein vanskeleg likviditetssituasjon i 1998, foreslår regjeringa at Sør-Trøndelag skal få kompensert for innbetalinga til skattefuten allereie i 1998 ved å auke skjønnstilskotet til Sør-Trøndelag med 90,4 mill. kr. Til gjengjeld vil Sør-Trøndelag fylkeskommune tilsvarande få redusert sitt inntektsutjamnande tilskot i år 2000.

    Kap. 573 Overtaking av lån til Husbanken

    I samband med at Skattefordelingsfondet blei avvikla med verknad frå 1.1.97, blei ei fordring Skattefordelingsfondet hadde på Husbanken overført til staten.

    Kap. 3570 Overføring frå skattefordelingsfondet

    54.gif (2725 bytes)

    Skattefordelingsfondet blei avvikla med verknad frå 1.1.97. Ved avviklinga av fondet blei heile kapitalen i fondet pr. 1.1.97 inntektsført på kap. 3570, post 50.

    Kap. 3571 Tilbakeføring av forskot

    55.gif (2747 bytes)

    Kommunal- og arbeidsdepartementet fekk ved Stortinget si behandling av St prp nr 1 (1996-97) Kommunal- og arbeidsdepartementet fullmakt til å gje inntil 75 mill. kr i forskot på rammetilskot for 1998.

    Kommunal- og arbeidsdepartementet har hittil i 1997 gitt forskot på rammetilskot for 1998 på til saman 25,6 mill. kr. Beløpet vil bli tilbakeført statskassa i løpet av 1998.