2 Arbeidskonferansen...

2 Arbeidskonferansen juni 1998

Den 86. internasjonale arbeidskonferansen vart halden i Geneve, 2. - 18. juni 1998. Sakslista for konferansen, samansetjinga av den norske delegasjonen og delegasjonen si fordeling på komiteane går fram av rapporten frå den norske statlege delegasjonen (vedlegg 1). Rapporten gir eit oversyn over handsaminga av sakene og dei vedtaka som vart gjorde.

Generaldebatten

Mange statsrådar frå ILO- medlemslanda tok som vanleg del i denne debatten. Statsråd Ragnhild Queseth Haarstad heldt det norske hovudinnlegget i generaldebatten. Førstesekretær Evy Buverud Pedersen, LO, og direktør Erik Hoff, NHO, deltok òg med kvart sitt innlegg i denne debatten.

Kontraktørar

Saka vart først handsama på Arbeidskonferansen i juni 1997 og skulle handsamast ferdig på årets konferanse. Til grunn for drøftingane låg det føre eit utkast både til ein konvensjon og ein tilhøyrande rekommandasjon om dette emnet. Konferansen lykkast ikkje å oppnå fleirtal for å vedta ein ny internasjonal konvensjon om dette emnet. Arbeidskonferansen bad styret om å setje dette emnet opp på nytt att på ein komande konferanse, og seinast innan år 2002.

Ny konvensjon og rekommandasjon om barnearbeid

Konferansen behandla for første gong utkastet til ein konvensjon og ein rekommandasjon om dette emnet, som vil bli ferdigbehandla på Arbeidskonferansen i juni 1999.

Prinsipperklæringa om grunnleggjande rettar i arbeidslivet

Konferansen vedtok ei prinsipperklæring om grunnleggjande prinsipp og rettar i arbeidslivet. Det vart samstundes vedteke ein oppfølgingsmekanisme for erklæringa. Erklæringa slår mellom anna fast at alle medlemslanda i ILO, også dei som ikkje har ratifisert ILOs grunnleggjande konvensjonar, har plikt til å respektere, fremme og setje i verk dei prinsippa som gjeld grunnleggjande rettar som er temaet for desse konvensjonane. Oppfølgingsmekanismen inneber mellom anna at det vil bli utarbeidd ein global rapport som vil gje eit oversyn over utviklinga innanfor kvar kategori av grunnleggjande rettar. Rapporten vil syne globale trendar og korleis utviklinga har vore i dei enkelte landa. Det er ein føresetnad at rapportane skal diskuterast på Arbeidskonferansen.

Resolusjoner

Resolusjonskomiteen vedtok ein resolusjon om «ungdom og sysselsetjing»

Okkuperte arabiske område

Det vart i år halde ein særskild sesjon om stoda for arbeidstakarane i dei okkuperte arabiske områda. Til grunn for debatten låg føre ein rapport utarbeidd av Arbeidsbyrået. Det vart ikkje gjort noko vedtak i saka.

Ambassadør Bjørn Skogmo, Delegasjonen i Geneve, og førstesekretær Evy Buverud Pedersen, LO, heldt kvart sitt innlegg i debatten.

Menneskerettar

Myanmar (Burma)

I Komiteen for gjennomføring av konvensjoner og rekommandasjonar vart Myanmar (Burma) sterkt kritisert i komiterapporten for alvorleg manglande oppfylling av sine plikter etter konvensjon nr. 87 om foreiningsfridom og vern av organisasjonsretten av 1948. Landet vart og ført opp under paragrafen om «alvorleg manglande gjennomføring gjennom fleire år» i komiterapporten for grove brot på denne konvensjonen.

Sudan

Landet vart også sterkt kritisert i komiterapporten for grove brot på konvensjon nr. 29 om tvangsarbeid av 1930.

FN's Høgkommissær for menneskerettar, Mary Robinson, gjesta konferansen og heldt eit innlegg i plenum.

Nærmare omtale av dei enkelte sakene er gjeve i rapporten om deltaking i dei enkelte komiteane frå dei statlege utsendingane. Rapporten inneheld òg ei kortfatta oppsummering av dei viktigaste faglege vedtaka og ei vurdering av konferansen, sjå vedlegg 1.