10. Statistiske analysar...

10. Statistiske analysar av busetjingsindikatorar

10.1 Samandrag av analysane frå SSB

Statistisk sentralbyrå har analysert busetjingsmønsteret sin verknad for kostnader i kommunal tenesteyting ved bruk av en økonomisk modell for kommunane si åtferd (KOMMODE- modellen) (Audun Langørgen, SSB- rapport 98/13), jf. vedlegg 4. Analysen fokuserer særleg på meirkostnader i sektorane for utdanning og pleie- og omsorgstenester som kjem av spreidd busetjing og lange reiseavstandar. I desse analysane er den nye busetjingsindikatoren «Reiseavstand i 2000-soner» testa (hovudalternativet), ved sidan av den alternative indikatoren «Reiseavstand til nabogrunnkrins» (alternativ 2).

Boks 6: KOMMODE-modellen

Statistisk sentralbyrå har utvikla ein modell som analyserer kommunane si åtferd. Modellen forklarer variasjonen i driftsutgifter pr. innbyggjar innanfor åtte ulike tenesteytande sektorar. Modellen forklarer også variasjonen i netto driftsresultat pr. innbyggjar og kommunale gebyr pr. innbyggjar ut i frå demografiske, sosiale, geografiske og klimatiske forklaringsfaktorar.

Når dei nye indikatorane blir inkluderte i analysen, kan vi framleis ikkje dokumentere at busetjingsmønsteret påverkar kommunane sine produksjonstilhøve i pleie- og omsorgstenestene. Derimot kan dei nye indikatorane bidra til å forklare variasjonar i ufrivillige kostnader i utdanningssektoren. Dei to nye indikatorane «Reiseavstand» og «Reiseavstand til nabogrunnkrins» gjev om lag same forklaringskraft på utgiftsvariasjonane som dei eksisterande kriteria. Dei ulike indikatorane kan derfor i stor grad konkurrere med kvarandre når det gjeld å fange opp kostnadsvariasjonar, jf. vedlegg 4.

10.2 Vurdering av analyseresultata

Analysane viser ingen samanheng mellom busetjingsmønsteret og utgifter til pleie- og omsorgsutgifter. Desse resultata samsvarer med liknande analysar i Danmark og England der ein heller ikkje finn samanheng mellom busetjingsmønsteret og kostnadsvariasjonar i pleie- og omsorgssektoren. Dette kan indikere at kommunane har høve til å redusere verknaden av eventuelle kostnadsulemper knytte til busetjingsmønsteret innanfor pleie- og omsorgstenestene gjennom organiseringa av tenesteytinga. Ein skal ikkje sjå vekk frå at ein kunne fått eit noko anna resultat med eit betre datagrunnlag m.o.t. kommunane sine kostnader innanfor pleie- og omsorg. Innføring av KOSTRA i alle kommunar frå og med 2001 vil kunne gje eit betre datagrunnlag innanfor m.a. pleie- og omsorgssektoren. Langørgen (SSB, 98/13) peikar på at menneske med psykisk utviklingshemming og handikappa med relativt høg pleietyngde har ein tendens til å bu i tettbygde strøk og i kommunar med låge reiseavstandar, og at det kan vere ei årsak til at ein ikkje finn ein dokumentert samanheng mellom busetjingsmønsteret og utgifter til pleie- og omsorg.

Ein finn ein samanheng mellom busetjingsmønsteret og utgifter innanfor grunnskulesektoren. Dette er i samsvar med tilsvarande funn frå Inntektssystemutvalet. Resultata viser at dei nye busetjingsindikatorane har om lag same forklaringskraft som dei eksisterande måla «Reisetid» og «Innbyggjarar busette spreidd». Måla er relativt korrelerte med dagens busetjingskriterium «Reisetid» og «Innbyggjarar busette spreidd». Korrelasjonen er høgast for kommunar som berre har ei sone. Dette er naturleg ettersom dagens reisetidskriterium også reknar avstand innanfor ei sone (heile kommunen blir rekna som ei sone ved utrekning av dagens reisetidskriterium). For kommunar med fleire soner er korrelasjonen noko lågare. Dersom to indikatorar er høgt korrelerte med kvarandre, vil dei til saman ikkje gje noko meir informasjon om busetjingsmønsteret enn kva som er gjeve ved kvar og ein av dei. Dei to indikatorane kan i såfall ikkje seiast å representere ulike dimensjonar ved busetjingsmønsteret. I samband med ei eventuell innføring av nye busetjingskriterium i inntektssystemet som erstatning for dagens busetjingskriterium, må ein vurdere om dei nye kriteria i vesentleg grad betre fangar opp kostnadsulemper knytte til busetjingsmønsteret.

SSB har funne verknader av busetjingsmønsteret på ufrivillige kostnader i kommunalt helsestell (Aaberge og Langørgen, 1997). Referansegruppa tilrår at dette blir vurdert nærmare.

Lagt inn 11. februar 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen