9. Utforming av alternative busetjingsindikatorar

9. Utforming av alternative busetjingsindikatorar

Det er utarbeidd tre alternative soneinndelingar. Utgangspunktet var ei soneinndeling med ei nedre grense på 2000 innbyggjarar (2000-soner), i tillegg vart 400-soner og 5000-soner utarbeidde. Som omtalt i kapittel 8, måler ein avstanden mellom den grunnkrinsen som innbyggjarane bur i og senterpunktet i sona, og får slik ein summert reiseavstand for sona. Dersom det er fleire soner i kommunen, gjer ein tilsvarande utrekningar for dei.

  • Ved å dividere summen av reiseavstand i alle sonene med innbyggjartalet, finn ein den gjennomsnittlege reiseavstanden i kommunen (hovudalternativet «Reiseavstand»). I hovudalternativet er alle avstandane vekta likt.
  • Som omtalt i dette kapitlet, har referansegruppa rekna ut ein alternativ indikator basert på å gje lange avstandar høgare vekt enn korte avstandar (alternativ 1, «Vekta reiseavstand»).
  • I tillegg reknar ein også ut den gjennomsnittlege reiseavstanden til nærmaste nabogrunnkrins (alternativ 2 «Reiseavstand til nabogrunnkrins»).
  • Referansegruppa har også utarbeidd eit alternativ 3 («Minsteavstand»), der ein gjev avstandar under 3,8 kilometer vekt lik null i avstandsutrekningane. 4>

9.1 Busetjingsindikator for heimebaserte omsorgstenester

Hovudalternativet blir rekna ut for 2000-soner og 5000-soner (heretter kalla «Reiseavstand i 2000-soner» og «Reiseavstand i 5000-soner», jf. «reisetype 1» i figur 9.1. I tillegg er alternativ 2 «Reiseavstand til nabogrunnkrins» rekna ut. I heimetenestene er det pleiepersonalet som reiser dit brukarane bur. Alternativ 2 er rekna ut for å fange opp reisene mellom brukarane for pleiepersonalet, jf. «reisetype 2» i figur 9.1. 5>. Ein kjem fram til indikatoren ved å rekne ut avstanden til nærmaste nabogrunnkrins for alle grunnkrinsane. På grunnlag av dette finn ein gjennomsnittsavstanden til nærmaste nabogrunnkrins i kommunen.

Føremona med alternativ 2 er at dette er ein relativt enkel måte å etablere ein indikator på. Det er også rimeleg å rekne med at eventuelle meirkostnader innan institusjonstenester vil vere korrelerte med desse indikatorane. Indirekte kan omfanget av spreiddbygd busetjing (her operasjonalisert som lange reiseavstandar), ha verknad på nødvendig omfang av institusjonsbaserte omsorgstenester dersom ein skal kunne tilby innbyggjarane eit likeverdig tenestetilbod. Sjølv om vi ikkje har noko direkte mål på kostnadsulemper knytt til reiser mellom brukarane, kan det vere grunn til å tru at slike ulemper vil samvariere med denne indikatoren.

Figur 9.1: Illustrasjon av ulike typar reiser i heimebasert omsorg

9.2 Busetjingsindikator for grunnskule

Som busetjingsindikator på grunnskule vil hovudalternativet bli rekna ut for 2000-soner og 400-soner. (Indikatorane blir heretter kalla «Reiseavstand i 2000-soner» og «Reiseavstand i 400-soner».)

Busetjinga i ein kommune kan vere slik at det er behov for ein desentralisert skulestruktur dersom tilstrekkeleg mange er busette i grunnkrinsar med lang reiseavstand til senterpunktet. Dersom også mange av barna har relativt lang reiseveg til næraste grunnkrins, kan det vere ein tendens til at kommunen får relativt høge kostnader i samband med skuleskyss og/eller små skuleklasser. Som indikator for å teste ut dette vil vi også rekne ut reiseavstanden frå ein grunnkrins til nærmaste grunnkrins (alternativ 2, «Reiseavstand til nabogrunnkrins»).

9.2.1 Minsteavstand

Ei rimeleg hypotese kan vere at det ikkje er knytt nokon kostnadsulemper til relativt korte reisestrekningar, og at det først er når reiseavstandane får ei viss lengde at det slår ut i kostnadene for kommunen. Av den grunn kan ein i avstandsutrekningane gje null vekt til grunnkrinsar med forholdsvis kort reisetid til senterpunktet i sona. Vi set ein minsteavstand lik 3.8 km (skyssgrensa i småskulen på 4 kilometer, korrigert for skyssgrense på 2 km for 6-åringane) 6>. Innbyggjarar som er busette innanfor minsteavstanden tel ikkje med i avstandsutrekningane. Avstandar som derimot er lengre enn minsteavstanden kan ein rekne med at det er knytt meirkostnader til på grunn av skuleskyss og/eller små klasser, og dei innbyggjarane inngår i grunnlaget for avstandsutrekningane. Busetjingsindikatoren blir altså utrekna ved å rekne gjennomsnittleg reiseavstand mellom grunnkrinsane og senterpunktet i sona, men der gjennomsnittleg reiseavstand berre blir utrekna for den delen av innbyggjarane i kommunen som ligg utanfor ein radius på 3,8 kilometer frå senterpunktet i sona. Busetjingsindikatoren basert på minsteavstand blir utrekna både for 2000-soner og for 400-soner, dvs. berre for indikatorar for grunnskule (heretter kalla alternativ 3).

9.2.2 Vekta gjennomsnittleg reiseavstand

Det kan stillast spørsmål ved om strekningar med ulik reisetid bør vege like mykje i avstandsutrekningane. For personar med svært korte avstandar vil det vere lite aktuelt med skuleskyss, og det vil ikkje vere nødvendig å desentralisere skulestrukturen dersom alle bur forholdsvis nær senterpunktet i sona. For middels lange reiseavstandar vil det vere nødvendig å gje barna eit tilbod om skuleskyss. For elevar med svært lange reiseavstandar vil det vere trong for ei desentralisering av skulestrukturen i forhold til senterpunktet i sona.

Ut frå dette kan det vere rimeleg å gå ut i frå at meirkostnadene per eining reisetid knytte til strekningar med ulik reisetid har ein tendens til å stige uproporsjonalt med lengda av strekninga. Ein har derfor gjeve lange strekningar ei større vekt enn korte strekningar (alternativ 1). Vekta seier noko om dei relative kostnadsulempene ved lang reisetid. Dess større vekta er, dess meir vektlegg ein kostnadsulempene knytte til lang reisetid. Det er utarbeidd tre alternative vekta gjennomsnitt der avstanden blir gjeve logaritmisk vekt 1.2, 1.5 og 1.8 for å teste ut om desse måla betre fangar opp eventuelle relative kostnadsulemper. Dei vekta gjennomsnitta er utrekna for 2000-soner.

9.2.3 Korrelasjonstestar - er det forskjell på måla?

Omtalen over viser at det i prosjektet har vore nødvendig å utarbeide ei rekkje alternative utrekningar for å teste ulike hypotesar. Hovudalternativet «Reiseavstand» blir rekna ut både for 2000-sonene, 400-sonene og 5000-sonene. I tillegg er det rekna ut gjennomsnittleg reiseavstand til nærmaste grunnkrins (alternativ 2), og ulike alternativ der avstandane tel meir di lenger avstanden er til sonesenterpunktet (alternativ 1). Dei alternative utformingane av busetjingsindikatorar er blitt testa. Det er utført korrelasjonstestar for å finne ut om det er stort samsvar/høg korrelasjon mellom dei ulike busetjingsindikatorane. Høg korrelasjon mellom indikatorane tyder at indikatorane vil gje det same resultatet i regresjonsanalysar m.o.t. i kor stor grad dei klarer å forklare variasjonar i kostnader mellom kommunar. Indikatorar med høg korrelasjon vart derfor ikkje tekne med i det vidare arbeidet fordi dei ikkje ville innebere noko nytt samanlikna med dei indikatorane som vart testa. Tabell 9.1 viser korrelasjonsmatrisa for alle dei alternative indikatorane.

Tabell 9.1: Korrelasjonsmatrise

A

B

C

D

E

F

G

H

I

J

A) Hovudalternativ
Reiseavstand i 2000-soner

1,00

B) Alternativ 2
Reiseavstand i nabogrunnkrins


,64

C) Alternativ 3
Reiseavstand i 2000-soner for avstandar>3,8

1,00


,65

D) Reisetid i 2000-soner

,97

,60

,97

E) Alternativ 1
Reiseavstand i 2000-soner vekt 1,2

,99

,62

,99

,97

F) Alternativ 1
Reiseavstand i 2000-soner vekt 1,5

,97

,58

,96

,95

,99

G) Alternativ 1
Reiseavstand i 2000-soner vekt 1,8

,93

,53

,92

,93

,96

,92

H) Hovudalternativ
Reiseavstand i 400-soner

,97

,59

,96

,93

,96

,93

,89

I) Alternativ 3
Reiseavstand i 400-soner for avstand > 3,8 km


,97


,60


,97


,93


,96


,93


,89


1.00

J) Hovudalternativ
Reiseavstand i 5000-soner

,96

,59

,96

,94

,96

,94

,90

,94

,94

K) Reisetid (dagens kriterium)

,82

,50

,81

,85

,83

,83

,82

,80

,79

,84

* Pearson Correlation

Korrelasjonsmatrisa viser høg korrelasjon mellom dei ulike alternative utformingane av busetjingsindikatorane. Analyseresultata kan oppsummerast i desse punkta:

  1. Om ein veljer ei soneinndeling på 400, 2000 eller 5000, gjev ikkje det vesentleg utslag ved utrekning av busetjingsindikatoren.
  2. Indikatoren reiseavstand til nabogrunnkrins (alternativ 2) er noko annleis utforma enn hovudalternativet der ein reknar ut avstanden til senterpunktet.
  3. Vekting av lange avstandar gjev ikkje ei vesentleg endring av indikatoren.
  4. Indikatorar med minsteavstand (alternativ 3), gjev ikkje ei vesentleg endring av indikatoren.
  5. Om ein bruker reisetid (alternativ D i tabellen) i staden for reiseavstand som grunnlag for utrekning av avstand i 2000-soner, gjev ikkje det vesentleg utslag ved utrekning av busetjingsindikatoren.

Korrelasjonstesten viser at sonestorleik ikkje påverkar forklaringskrafta til indikatoren. Om sonene er baserte på ei nedre grense for innbyggjartalet på 2000 eller 5000 innbyggjarar, vil ikkje påverke resultata i regresjonsanalysane. Testen viser også at ekstra vektlegging av lange avstandar i avstandsutrekningane heller ikkje har noko innverknad på resultata av regresjonsanalysane (regresjonsanalysane blir omtalte i kapittel 10). Dette kan tolkast som at kostnadsulempene med lange avstandar ikkje aukar di lenger reiseavstanden er. Ein legg vekt på at utforminga av busetjingsmåla skal vere så enkel som mogeleg. Ut i frå dette har ein valt å teste indikatoren «Reiseavstand i 2000-soner» (hovudalternativet) og alternativ 2 «Reiseavstand til nabogrunnkrins» som forklaringsvariablar i regresjonsanalysane.


4 Ein viser også til notat frå SSB 98/12 «Indekser for bosettingsmønster i kommunene», der desse måla blir nærmare definerte.>

5 TØI presenterer i tillegg ein annan indikator, kalla «tetthetsindikator»/indikator H. Ettersom denne indikatoren har same fordeling som «kriteriet «innbyggjarar busette spreidd» vil ikkje denne indikatoren bli kommentert vidare her.>

6 I nokre tilfelle har skuleelevar rett på skuleskyss utan at det er sett krav til reiselengde, t.d. ved farleg skuleveg eller om ein må bruke båt. I utrekninga av minsteavstand er dette ikkje teke omsyn til. >

Lagt inn 11. februar 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen