Avdelingane i departementet

Årsrapport 2009

Departementet er delt inn i fire avdelingar og ei kommunikasjonseining. I tillegg kjem forkontoret til departementsråden og statsråden.

Departementet er delt inn i fire avdelingar og ei kommunikasjonseining. I tillegg kjem forkontoret til departementsråden og statsråden.

Vi hadde i 2009 eit driftsbudsjett på 150,5 millionar kroner. For rekneskapsrapportering viser vi til det siste kapitlet.


Plan- og administrasjonsavdelinga

Avdelingsfakta   
Stillingsramme i 2009 
Tilsette i 2009
33 årsverk
40 personar (medrekna tilsette med redusert stillingsprosent)
Driftsbudsjett  21,1 mill. kr 
Organisering    administrasjonsteamet
dokumentasjonsteamet
HR-teamet
planleggingsteamet
samordningsteamet
økonomistyringsteamet
Forvaltar totalt 210 mill. kr
Av dette forvaltar departementet direkte 198 mill. kr


Plan- og administrasjonsavdelinga er den administrative avdelinga i departementet og fungerer som stab for departementsråden og serviceeining for dei andre avdelingane. Arbeidsoppgåvene omfattar samordning og kvalitetssikring av arbeidet i departementet med statsbudsjettet, samordning i høyringssaker og merknader til regjeringsnotat. Avdelinga har ansvar for økonomiforvaltninga generelt og driftsbudsjettet til departementet spesielt, lønns- og personalforvaltning, personalpolitikk, rekneskapsføring og arkiv.

Avdelinga forvaltar òg ei fellesløyving til forskings- og utgreiingsoppdrag innanfor området til departementet, ei mindre løyving til større innkjøp og vedlikehald, i hovudsak innanfor IKT-området, og ei løyving til Noregs forskingsråd.


Regionalpolitisk avdeling

Avdelingsfakta   
Stillingsramme i 2009 
Tilsette i 2009
40,5 årsverk
41 personar (medrekna tilsette med redusert stillingsprosent)
Driftsbudsjett  25,9 mill. kr
Organisering    analyseteamet
bedriftsteamet
informasjonsteamet
internasjonalt arbeid-teamet
lokalteamet
læringsteamet
næringsteamet
områdeteamet
regionteamet
sektorteamet
stabsteamet
økonomiteamet
Forvaltar totalt 2,6 mrd. kr
Av dette forvaltar departementet direkte 419 mill. kr


Ein aktiv og målretta distrikts- og regionalpolitikk skal bidra til verdiskaping, arbeidsplassar og velferd i heile landet. Dei viktigaste strategiane avdelinga arbeider med, er å skape attraktive arbeidsplassar, eit godt teneste- og velferdstilbod, god infrastruktur og attraktive stader. Avdelinga analyserer utviklingstrekk i samfunnet og følgjer opp politikkutvikling innanfor ulike sektorar som er viktige for utviklinga i distrikt og regionar. Ei viktig oppgåve for avdelinga er å samordne utforminga av politikk i ulike sektorar slik at dei utgjer ein heilskapleg og målretta politikk for regional utvikling. Avdelinga utviklar og forvaltar særskilde distrikts- og regionalpolitiske verkemiddel retta mot næringsliv, fylkeskommunar, kommunar og forskingsmiljø. Den daglege forvaltninga av verkemidla er i hovudsak delegert til fylkeskommunane, Innovasjon Noreg, Selskapet for industrivekst (SIVA) og Noregs forskingsråd.

Avdelinga har Distriktssenteret som ei underliggjande verksemd. Avdelinga følgjer den internasjonale utviklinga og er ansvarleg for Noreg sin medverknad i EUs program for det grenseregionale, transnasjonale og internasjonale samarbeidet inn for regionalpolitikken, Interreg.


Kommunalavdelinga

Avdelingsfakta   
Stillingsramme i 2009 
Tilsette i 2009
49,5 årsverk
60 personar (medrekna tilsette med redusert stillingsprosent)
Driftsbudsjett  34,1 mill. kr
Organisering    avdelingssekretariatet
den juridiske seksjonen
kommuneøkonomiseksjonen
samordningsseksjonen
Forvaltar totalt 80,8 mrd. kr
Av dette forvaltar departementet direkte 123,6 mill. kr
Lover og forskrifter vallova
forskrift om val
kommuneinndelingslova
lov om forsøk i offentleg forvaltning
lov om interkommunale selskap


Kommunalavdelinga skal medverke til rammevilkår som legg til rette for lokalt sjølvstyre og ein kommunesektor som på ein god måte kan ta seg av dei ulike rollene som demokratisk arena, tenesteytar, samfunnsutviklar og myndigheitsforvaltar. Avdelinga har ansvaret for inntektsfordelinga mellom kommunar og mellom fylkeskommunar gjennom utvikling og drift av inntektssystemet for kommunar og fylkeskommunar. I tillegg arbeider avdelinga med dei samla inntektsrammene for kommunesektoren. Avdelinga samordnar staten sine tiltak overfor kommunesektoren og forvaltar kommunelova og resten av det juridiske rammeverket.

Avdelinga har ansvaret for kommune- og fylkesinndelinga, oppgåvefordelinga mellom forvaltningsnivåa, konsultasjonsordninga mellom staten og kommunesektoren og fornyingsarbeid retta mot kommunesektoren. Avdelinga har det nasjonale ansvaret for å førebu og gjennomføre val. Avdelinga er ansvarleg for KOSTRA, eit nasjonalt informasjonssystem knytt til kommunal og fylkeskommunal ressursbruk, og avdelinga forvaltar staten sin eigardel i Kommunalbanken AS. Avdelinga forvaltar direkte ei løyving til kunnskapsutvikling og drift av inntektssystemet, valløyvinga og delar av løyvinga til skjønnstilskot.


Bustad- og bygningsavdelinga

Avdelingsfakta
Stillingsramme i 2009 
Tilsette i 2009
39 årsverk
39 personar (medrekna tilsette med redusert stillingsprosent)
Driftsbudsjett  25,8 mill. kr
Organisering    bustadseksjonen
byggseksjonen
byggkvalitetsseksjonen
plan- og utviklingsseksjonen
økonomi- og etatsstyringsseksjonen
Forvaltar totalt* 19,6 mrd. kr
Av dette forvaltar departementet direkte 5 mill. kr
Lover og forskrifter bustadbyggjelagslova
burettslagslova
eigarseksjonslova
husleigelova
lov om kommunal forkjøpsrett til bustader
husbanklova
plan- og bygningslova, byggjesaksdelen
saksbehandlingsforskrifta
teknisk forskrift
godkjenningsforskrifta
lov om godkjenning og drift av
innretningar til bruk i tivoli og moroparkar
oreigningslova
leigegardslova


*  Husbanken forvaltar ein ramme på 104,5 mrd. kr.

Bustad- og bygningsavdelinga skal medverke til å nå regjeringa sitt mål om at alle skal kunne bu godt og trygt, og at det bygte miljøet skal utformast med omsyn til ei bærekraftig utvikling. Ein god bustad er eit vilkår for eit godt og meiningsfylt liv, og ein føresetnad for å ta del i ei rekkje aktivitetar i samfunnet. Regjeringa skal ha ein aktiv og sosial bustadpolitikk og ønskjer at flest mogleg av dei som ønskjer det skal kunne eige sin eigen bustad. Regjeringa vil leggje til rette for ein velfungerande bustadmarknad gjennom mellom anna god informasjon om bustadsektoren, balansert lovregulering av sektoren og tilgang til bustadfinansiering i heile landet. Byggjeprosessen skal vere mest mogleg miljøvennlig, effektiv og brukarvennleg, og bidra til god kvalitet og få byggjefeil. Regjeringa ønskjer at det bygde miljøet skal utformast med tanke på ei berekraftig utvikling der det blir teke omsyn til klimautfordringar og miljøkvalitetar. Regjeringa legg òg vekt på universell utforming som inneber at alle så langt mogleg kan bruke dei bygde omgivnadene utan særskild tilrettelegging eller spesialløysingar. God byggjeskikk og stadsutvikling er òg viktig for å skape attraktive bygde omgivnader, og regjeringa ønskjer å medverke til dette.

Avdelinga følgjer opp måla til regjeringa gjennom lov- og forskriftsarbeid, lovtolking og utforming av økonomiske verkemiddel som lån, bustøtte, tilskots- og støtteordningar,
og gjennom kompetansebygging, rådgiving og informasjon. Husbanken, Statens bygningstekniske etat og Husleigetvistutvalet i Oslo og Akershus forvaltar ordningane og ligg under Bustad- og bygningsavdelinga.


Kommunikasjonseininga

Avdelingsfakta   
Stillingsramme i 2009 
Tilsette i 2009
10 årsverk
10 personar (medrekna tilsette med redusert stillingsprosent)
Driftsbudsjett  7,0 mill. kroner


Kommunikasjonseininga er departementet si fageining for kommunikasjon. Eininga står for, koordinerer og er pådrivar for effektiv medie- og samfunnskontakt og god kommunikasjonsforvaltning. Vidare har eininga ansvaret for den totale kommunikasjonsverksemda i departementet både når det gjeld synleggjering av politikkområda for allmenta og fakta om lover, reglar og retningslinjer for innbyggjarane. Derfor utarbeider eininga kommunikasjonsopplegg for dei viktigaste sakene, handterer presseførespurnader, arrangerer pressekonferansar og driv aktiv mediekontakt, overvaking og analyse. Kommunikasjonseininga har ansvaret for utviklinga av nettstaden regjeringa.no/krd og for interninformasjonen i departementet.

Tilsette i KRD. Foto: KRD