Forord

Årsrapport 2009

Av andre større oppgåver departementet har arbeidd med, kan vi nemne lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK), valdesign og e-val, kvalitetskommuneprogrammet og arbeidet med universell utforming.

2009 var eit år prega av finanskrisa og av utfordringane som følgde av den. Kommunal-og regionaldepartementet var involvert i arbeidet med tiltakspakka som regjeringa la fram i januar i fjor. Vi fremma òg ei lang rekkje proposisjonar og meldingar for Stortinget. Vi kan nemne distrikts- og regionalmeldinga og ein proposisjon om endringar i vallova.

Av andre større oppgåver departementet har arbeidd med, kan vi nemne lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK), valdesign og e-val, kvalitetskommuneprogrammet og arbeidet med universell utforming.

Departementet var aktiv i det internasjonale arbeidet og deltok mellom anna på regionalministermøtet i Tsjekkia om EUs regionalpolitikk og styremøtet i FNs komité for busetjing, UN-Habitat. Departementet var òg vertskap for det nordiske kommunalministermøtet som blei arrangert på Sola i august.

Departementet hadde ansvar for gjennomføringa av stortingsvalet i 2009. Eit resultat av valet var at departementet fekk ny statsråd i Liv Signe Navarsete.

Kompetansen til dei tilsette er den viktigaste innsatsfaktoren departementet har. Vi ønskjer derfor å tilby ein god organisasjonskultur og gi tilbod om kurs og etterutdanning til dei tilsette. Det vart også gjennomført ein medarbeidarundersøking i 2009, kor resultata skal følgjes opp. Kulturelle og sosiale aktivitetar fremmar òg trivselen. Kulturlunsjar, velferdstur, julebord og sommarfest er eksempel på tiltak for å gjere departementet til ein triveleg arbeidsplass.


Juni 2010

 Departementsråd Eivind Dale. Foto: KRD Ekspedisjonssjef Gunnar Andrésen. Foto: KRD

Eivind Dale sin signatur

 

Gunnar Andrésen sin signatur

Eivind Dale,
departementsråd

Gunnar Andrésen,
ekspedisjonssjef
Plan- og
administrasjonsavdelinga