Underliggjande og tilknytte verksemder

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Årsrapport 2009

Ein kort presentasjon av Kommunalbanken AS, Husbanken, Statens bygningstekniske etat, Husleigetvistutvalet, Distriktssenteret, Selskapet for industrivekst, Innovasjon Noreg og Noregs forskingsråd.

Kommunalbanken AS
Kommunalbanken AS blei statsaksjeselskap etter at staten ved Kommunal- og regionaldepartementet i 2009 kjøpte KLP sin aksjedel på 20 prosent. Formålet med Kommunalbanken er å gi lån til kommunar, fylkeskommunar, interkommunale selskap og andre selskap som utfører kommunale oppgåver mot anten kommunal garanti, statleg garanti eller annan sikker garanti.

Husbanken
Husbanken legg til rette for at kommunane kan gjennomføre bustadpolitikken sin lokalt. Husbanken er ein del av velferdspolitikken til staten, sidan det bustadsosiale arbeidet er ei kjerneoppgåve. Husbanken hjelper kommunane i deira arbeide med bustadsosiale oppgåver. Dette skjer ved at banken rettleier kommunane i bruk av tilbod og av finansieringsordningane kompetansetilskot, bustadtilskot, bustøtte og startlån.

Husbanken skal òg stimulere til kvalitet i bustader gjennom bruk av grunnlån, støtte til forprosjekt og støtte til kompetansebygging hos sentrale aktørar. Viktige tema er miljø og energi, universell utforming, god byggjeskikk og områdeutvikling. Husbanken gir tilskot til bygging av studentbustader, omsorgsbustader og sjukeheimar. Han gir òg barnehagelån og rentekompensasjon til opprusting av skule- og symjeanlegg og kyrkjebygg.

Statens bygningstekniske etat
Statens bygningstekniske etat bidrar til å nå måla for bygningspolitikken. Etaten er eit kompetansesenter for bygningssaker, han er utøvande faginstans innan byggjesak og bygningsteknikk, og han hjelper departementet fagleg på områda bygningsteknikk, miljø, helse og sikkerheit og byggjereglane generelt. Etaten har ansvar for ordninga med sentral godkjenning av føretak for ansvarsrett og for utvikling av og tilrettelegging for elektronisk byggjesakshandsaming. Statens bygningstekniske etat har tilsyn med byggjevaremarknaden og produkt som skal nyttast i byggverk.

Husleigetvistutvalet
Husleigetvistutvalet er eit tvistløysarorgan som kan mekle og ta avgjerder i alle typar av tvistar om leige av bustad i Oslo og Akershus. Formålet er å sikre rask, rimeleg og kompetent handsaming av tvistane. Husleigetvistutvalet blei gjort permanent frå 1. januar 2009. I 2010 skal virkeområdet til Husleigevistutvalet utvidast til å gjelde Bergen og Trondheim.

Distriktssenteret – kompetansesenter for distriktsutvikling
Distriktssenteret er ein kunnskaps- og erfaringsbase og ein støttespelar for heilskapleg og berekraftig utviklingsarbeid i distrikta. Distriktssenteret skal bidra aktivt til å byggje opp kompetanse om distriktsutfordringar og ha ei rolle som landsdekkjande kompetanseorgan, rådgivar og bidragsytar for styresmakter og eldsjeler.

For Distriktssenteret var 2009 det første ordinære driftsåret. Frå hausten 2009 var nettsida hovudkommunikasjonskanalen mot brukarane, og ei sentral oppgåve i 2009 var å gjere nettstaden meir attraktiv og meir brukt. I 2009 jobba Distriktssenteret òg mykje med å få på plass Kunnskapsbasen som ein integrert del av nettsida. Basen skal lanserast våren 2010. Distriktssenteret overtok fleire oppgåver frå departementet, mellom anna å administrere arbeidet med omdømmeskulen og med nettstaden RY. Distriktssenteret la hausten 2009 ut på ein inspirasjonsturné, og den kjem òg til å utgjere ein del av arbeidet i 2010.

Selskapet for industrivekst (SIVA) og Innovasjon Noreg (IN)
SIVA og IN er begge sentrale aktørar i distrikts- og regionalpolitikken. SIVA opererer på vegner av departementet i fleire program for å styrkje innovasjon og verdiskaping i distrikta. IN skal fremme lønnsam næringsutvikling og bidra til å utløyse næringsmessige fortrinn i heile landet.

SIVA og IN ligg begge administrativt under Nærings- og handelsdepartementet. Eigarskapen til IN er delt mellom Nærings- og handelsdepartementet og fylkeskommunane.

Noregs forskingsråd
Noregs forskingsråd er ein sentral aktør innanfor forskingssystemet og ein viktig forskingspolitisk rådgivar for departementa. Det langsiktige ansvaret som Kommunal- og regionaldepartementet har for forskingssektoren, er det i stor grad Noregs forskingsråd som ivaretek. Forskingsprogramma til forskningsrådet bidreg til å betre kunnskapsgrunnlaget for politiske avgjerder. Dette skjer ved støtte til bestemte forskingsprogram, og særleg DEMOSREG-programmet blir prioritert. Støtta som departementet gir til brukarstyrt forsking og innovasjon, er dessutan eit viktig verkemiddel i regionalpolitikken. Noregs forskingsråd skal gi styresmaktene råd i forskingspolitiske saker, forvalte forskingsmidlar, skape møteplassar og vere nettverksbyggjar.

Tilsette i KRD. Foto: KRD