Ansvar og hovudoppgåver

Årsrapport 2009

Vi har ansvaret for bustad- og bygningspolitikken, regional- og distriktspolitikken og rammevilkåra for kommunesektoren.

Vi har ansvaret for bustad- og bygningspolitikken, regional- og distriktspolitikken og rammevilkåra for kommunesektoren.

Vi har i utgangspunktet fem hovudtypar oppgåver:

  1. vere fagleg sekretariat for den politiske leiinga, her medrekna å gi faglege råd om politikkutvikling på ansvarsområda våre
  2. gjennomføre sektorpolitikk overfor kommunar, fylkeskommunar, næringsliv, organisasjonar og innbyggjarar innanfor politisk gitte rammer (mellom anna ved planlegging, utgreiing, gjennomføring og kommunikasjon av dei sakene som departementet har ansvar for)
  3. behandle enkeltsaker (gjere vedtak i enkeltsaker der departementet har fått spesiell avgjerdsrett i samsvar med lov, forskrift eller forvaltningspraksis, svare på spørsmål og ulike typar førespurnader til departementet, utarbeide tilsvar i rettssaker o.a.)
  4. administrere og organisere underliggjande verksemder knytte til departementet (ekstern administrasjon)
  5. administrere og organisere departementet sjølv (internadministrasjon).

Frå innsida i R5. Foto: KRD