Personalområdet

Årsrapport 2009

Oversikt over mangfald, kompetanse, og helse, miljø og tryggleik.

Oversikt over bemanninga i eit mangfaldsperspektiv

Departementet har eigne retningslinjer for tilsetjing og skal praktisere positiv forskjellsbehandling for enkelte grupper (kjønn, etnisitet, redusert funksjonsevne) som er underrepresenterte. Nyare planar på det personalpolitiske området har som mål å leggje til rette for arbeidssøkjarar med redusert funksjonsevne, å auke pensjonsalderen og å auke rekrutteringa av personar med innvandrarbakgrunn. Til dømes oppfordrar stillingsannonsane personar med redusert funksjonsevne og innvandrarar til å søkje. Departementet praktiserer positiv særbehandling når ein søkjar seier frå om at han har nedsett funksjonsevne eller innvandrarbakgrunn.

Talet på tilsette, kjønn og lønn
Av dei 195 tilsette (181 årsverk) i Kommunal- og regionaldepartementet i 2009 utgjorde kvinner 59 prosent. Kvinner er i fleirtal i sakshandsamargruppa. For dei andre funksjonane er det tilnærma lik kjønnsfordeling.

Gjennomsnittslønna for alle tilsette var kr 497 735. Gjennomsnittslønna for kvinner var kr 479 738, og gjennomsnittslønna for menn var kr 524 730. Lønnsskilnaden mellom kvinner og menn kan i stor grad forklarast med fordelinga mellom stillingsgrupper. 51 prosent av kvinnene er tilsett i gruppene med lågast lønn, sakshandsamarar, medan talet for menn er 28 prosent. Det er små skilnader i gjennomsnittleg lønnstrinn mellom kvinner og menn innanfor dei enkelte stillingskategoriane.

Tabell 1: Tilsette fordelte på stillingsgrupper, kjønn og lønn 2009*

Kvinner 

Menn

Året 2009  Samla tal  Tal  Pst.  Snittlønn  Tal  Pst.  Snittlønn
Toppleiarar 1 6 3 50 979 267 3 50 1 013 000
Mellomleiarar 2 25 12 48 648 733  13 52 645 962
Alternativ karriereveg 3 83 42 51 521 702  41 49 547 727
Sakshandsamarar 4 81 59 73 407 949 22 27 410 236
Sum tilsette 195 116 59 479 738 5 79 41 524 7305
Rekruttert/snittlønn nytilsett 20 10 50 417 090  10 50 492 360
Slutta 24 13 54 11 46
Snitt overtid (timar per tilsett) 26 23 31
Personar med redusert stillingsprosent 21 17 81 4 19

 

  1. Departementsråd, ekspedisjonssjef, kommunikasjonssjef
  2. Avdelingsdirektør, underdirektør
  3. Spesialrådgivar, seniorrådgivar, fagdirektør, prosjektleiar
  4. Rådgivarar, seniorkonsulent, førstekonsulent, konsulent
  5. Ikkje medrekna toppleiargruppa.

*) Tala i tabellen er henta frå personalstatistikken til departementet for 2009. Tala vil i nokre tilfelle variere noko frå tala som er rapporterte i St.prp. nr. 1 på grunn av ulike rapporteringstidspunkt og ulike utrekningsmetodar. Rapporteringa er per 31. desember 2009.

Aldersfordeling
Departementet har flest tilsette i aldersgruppa 30–39 år, der det er 68 personar. Færrast tilsette finn vi i aldersgruppene under 30 år, der det er 17 personar, og over 60 år, der det er 21 personar. Det er vesentleg fleire kvinner enn menn i aldersgruppene opp til 50 år, medan menn er i fleirtal frå 50 år og oppover.

Figur 1: Aldersfordeling kvinner i departementet
Aldersfordeling for kvinner i departementet i 2009

Figur 2: Aldersfordeling menn i departementet
Aldersfordeling for menn i departementet i 2009

Rekruttering
I 2009 blei det tilsett 20 nye medarbeidarar i departementet. Av dei 20 byrja 14 nytilsette i gruppa sakshandsamarar, to i gruppa alternativ karriereveg og fire i leiargruppa. Departementet fekk om lag 660 søknader på kunngjorde stillingar. I 2009 hadde departementet ei utskifting av personale på 12,3 prosent, mot 15,6 prosent i 2008.

Ansiennitet
Om lag ein tredel (73 personar) har vore tilsett i 10 år eller meir, medan 32 personar (16 prosent) har vore tilsette i meir enn 20 år. 49 personar (25 prosent) har vore tilsette i mindre enn to år.

Figur 3: Fordelinga av tilsette etter kor mange år dei har vore i departementet
Fordelinga av tilsette etter kor mange år dei har vore i departementet

Kompetanse

Utdanningsbakgrunn
Dei tilsette i departementet har ulik fagleg bakgrunn. 70 prosent har høgare utdanning på høgare grad, 19 prosent har høgare utdanning på lågare grad, og 11 prosent har vidaregåande skule, realskule og tilsvarande som si høgste utdanning.

Figur 4: Utdanningsbakgrunn i departementet 2009
Utdanningsbakgrun i departementet i 2009

Kompetanseutvikling
Kompetanse er den viktigaste innsatsfaktoren for departementet og ein føresetnad for å realisere dei visjonane og måla departementet har. Dei tilsette får jamleg tilbod om utvik-lingstiltak innanfor både fagkompetanse, arbeidsverktøy og kommunikasjons- og relasjonskompetanse. I 2009 hadde vi følgjande tiltak i arbeidet vårt med kompetanseutvikling:

Arbeidsplassen som læringsarena: Dagleg læring skjer på arbeidsplassen når ein utfører arbeidsoppgåver, men òg ved til dømes fordeling av kompetansegivande oppgåver, gjennom ulike organisasjons- og arbeidsformer, jobbrotasjon, fungeringar, deltaking i faglege nettverk, tenestereiser og mentorordningar. Leiarane speler ei viktig rolle i dette ved å motivere og inspirere medarbeidarane sine.

Vidareutdanning og stipend: Departementet legg vekt på å ha gode ordningar for individuell vidareutdanning med vekt på fagleg tilknyting til arbeidsområdet til søkjaren og eventuelle framtidige arbeidsområde i departementet. Det blei mellom anna gitt støtte til studium ved BI, SINTEF og HR Norge. Det er òg mogleg å hospitere i andre einingar internt og eksternt og vere med i internasjonale utvekslingsordningar. Departementet har hatt ein hospitant i Innovasjon Noreg. Ein tilsett frå Innovasjon Noreg har òg hospitert i departementet i 2009.

Kurs, seminar og temamøte: I 2009 har departementet arrangert ei rekkje tiltak retta mot alle tilsette, som engelskkurs, arbeidsmiljøarbeid, klart språk i departementet, prosjektstyring, kurs i ny offentleglov og dessutan temamøte om EU og EØS, tvistelova, universell utforming og utviklinga i norsk økonomi. Dei enkelte avdelingane har òg gjennomført ei rekkje tiltak ut frå faglege behov.

Eksterne læringsarenaer og samarbeidspartnarar: Tilsette har delteke på ulike eksterne opplæringstilbod i regi av mellom andre Partnarforum, Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi), Senter for statleg økonomistyring (SSØ), Servicesenteret for departementa (DSS), HR Norge og Administrativt forskingsfond (AFF).

Introduksjonsprogram for nytilsette: Nytilsette hos oss deltek i eit eige introduksjonsprogram som skal medverke til at dei finn seg raskt til rette, både fagleg og sosialt. Det blei gjennomført to introduksjonsprogram, kvart på tre dagar.

Utviklingsprogram for medarbeidarar: Målet er at medarbeidarane skal bli betre til å samarbeide, kommunisere og få større medvit om si eiga rolle og sine eigne preferansar og utviklingsmoglegheiter. Programmet blei òg gjennomført i 2009.

Leiarskapsutvikling
Vi legg vekt på å ta vare på og vidareutvikle eit høgt leiingsfagleg kompetansenivå ved å medverke til at leiarane stadig vidareutviklar seg som gode leiarar i ein lærande organisasjon. Det blir årleg gjennomført leiarutviklingstiltak. I 2009 hadde vi to leiarseminar: plattform for leiing i staten om samarbeid og verdiar i utøvinga av eigen leiing samt korleis skape ein arbeidskultur prega av begeistring.

Medarbeiderundersøking

Hausten 2009 blei det gjennomført ei medarbeidarundersøking i departementet i samarbeid med konsulentselskapet Ennova. Svarprosenten var på heile 94. Undersøkinga viser at arbeidsgleda i departementet er høg, og vi vurderer resultata som bra. På bakgrunn av resultata er det utarbeidd konkrete handlingsplanar for oppfølging både på departements- og avdelingsnivå. Eit viktig tiltak i handlingsplanen til departementet er å utvikle eit nytt opplegg for medarbeidarsamtalar. Slike samtalar skal bli eit betre verktøy som bidreg til avklarte forventningar mellom leiar og medarbeidar om oppgåver og utviklings- og karrieremoglegheiter for den enkelte.


 

Helse, miljø og tryggleik

Departementet har ein lokal avtale om inkluderande arbeidsliv (IA-avtale). Departementet ønskjer å vere ein arbeidsplass som har plass til alle som vil og kan arbeide. Det er helse- og resultatfremmande at medarbeidarane trivst, og at det blir skapt gode relasjonar der dialogen mellom leiar og tilsett står sentralt.

Departementet har laga ein handlingsplan for reduksjon av sjukefråværet frå 5,6 prosent (2. kvartal 2001) til 4,5 prosent innan utgangen av 2009. I samband med dette har vi også i 2009 arbeidd for å redusere sjukefråværet gjennom ulike tiltak. Sjukefråværet gjekk ned frå 6,7 prosent i 2006 til 5,9 prosent i 2007, vidare ned til 5,4 prosent i 2008 og til 5,2 prosent i 2009. Sjukefråværet er noko større hos kvinner enn hos menn, 6,2 prosent mot 3,9 prosent. Sjukmeldingar frå lege utgjorde 3,5 prosent, noko som svarer til 67 prosent av det totale sjukefråværet.

Ulike tiltak

  • Bedriftshelsetenesta syter for fysisk tilrettelegging av arbeidsplassen for kvar enkelt ved   behov og lagar individuelle treningsprogram.
  • Departementet har tilgjenge til trimrom, aerobic, yoga og anna i eigne lokale. I tillegg har dei tilsette høve til å trene inntil éin time i arbeidstida ein gong i veka.
  • Eit program med øvingar dei tilsette kan gjere framfor pc-en, er òg sett i gang.
  • Som eit personalpolitisk tiltak er departementet med på ei ordning som inneber at det meste av det som kan kjøpast i kantina vår, er subsidiert.
  • Departementet har revidert rutinane ved sjukefråvær og oppfølging av sjukemelde.

 

Sosiale aktivitetar og velferdstiltak

Departementet legg stor vekt på tiltak som fremmar trivsel og tilhøyrsle mellom dei tilsette. Av dei mange tiltaka som blei gjennomførte i 2009, kan vi nemne:

  • kulturlunsjar der musikarar eller andre kunstnarar hadde innslag
  • eit bedriftsidrettslag som arrangerer ulike aktivitetar (fotball, innebandy, klatring, dansing, bowling og ski) for å byggje opp fysisk helse og trivsel
  • ei fotogruppe som arrangerer kurs for fotointeresserte og går på utstillingar
  • julebord og sommarfest

Den årlege velferdsturen gjekk til Hurum i juni månad med omvising i Henrik Sørensens samling i Holmsbu Billedgalleri. Sommarfesten blei halden i slutten av august på Ekebergrestauranten med eit fagleg innslag frå fristaten Lucky Næroset i Ringsaker kommune først.

Fotballspiller. Foto: KRD