Internasjonale aktivitetar

Departementet deltek i ei rekkje internasjonale organ og aktivitetar.

Under følgjer ei oversikt over dei viktigaste internasjonale aktivitetane i 2009.

EØS og Interreg
Departementet finansierer ei stilling som ambassaderåd for kommunale og regionale saker i Brussel. I kontakten med råden har departementet særleg følgt arbeidet med nye direktiv, mellom anna tenestedirektivet og direktiva om det territorielle samarbeidet og regelverk for offentlig støtte. EU-landa har byrja diskusjonane om regionalpolitikken til EU etter 2014, og Noreg deltek i nokre av prosessane. Noreg deltok i 2009 på det uformelle regionalministermøtet i Tsjekkia, og departementet var vertskap for eit møte mellom regionalrådane som er stasjonerte i Brussel. Departementet har følgt opp det territorielle samarbeidet Interreg ved å delta i ulike styringskomitear.

Nordisk samarbeid – kommunalministermøte i Noreg, august 2009
Departementet var vertskap for det nordiske kommunalministermøtet på Sola 5.–7. august 2009. Hovudtemaet for møtet var strukturelle og organisatoriske verkemiddel for å styrkje lokaldemokratiet og gi kommunesektoren betre kapasitet til å gi gode tenester til innbyggjarane.

Europarådet
Departementet har delteke aktivt på det kommunalpolitiske området i Europarådet. I Europeisk komité for lokalt og regionalt demokrati utvekslar departementet erfaringar med andre land om endringar i rammevilkår og nye initiativ. Viktige område i 2009 var demokratisk deltaking, reformer på regionalt nivå, modellar for interkommunalt samarbeid og erfaringar med tiltak for å dempe effektane av finanskrisa for kommunane. Noreg var representert på Europarådets konferanse for ministrar med ansvar for lokalt og regionalt demokrati i Nederland i 2009. På konferansen blei ein samd om ein felles europeisk handlingsplan for arbeidet med godt styresett på lokalt og regionalt nivå.

OECD
I OECD deltek departementet i komiteen for regionalpolitikk og i programkomiteen for lokal økonomisk utvikling og sysselsetjing.

UN-Habitat
UN-Habitat er FN-komiteen for busetjing. Departementet leidde den norske delegasjonen til styremøtet i UN-Habitat. Styremøtet vedtok mellom anna at det skal haldast ein ny verdskonferanse om busetjingsspørsmål i 2016. Sesjonen drøfta elles UN-Habitat sitt arbeid med bustadfinansiering, klimautfordringane for byane, særleg i utviklingsland, og korleis organisasjonen best skal følgje opp arbeidet sitt for å stimulere ungdom i dei store byane til å engasjere seg i byutviklingsspørsmål. Kommunane si rolle og kva slags basistenester dei bør prioritere, var òg eit viktig tema på møtet. Noreg er blant dei landa som gir mest i frivillige bidrag til UN-Habitat sitt arbeid. Midla blir gitt over bistandsbudsjettet.

R5. Foto: KRD