Meldingar, proposisjonar og offentlege utgreingar

Ei kort oversikt over viktige dokument frå Kommunal- og regionaldepartementet i 2009.

Ei kort oversikt over viktige dokument frå Kommunal- og regionaldepartementet i 2009.

Prop 1 S (2009–2010) Kommunal- og regionaldepartementet
I budsjettproposisjonen blir dei økonomiske rammene for ansvarsområdet til departementet for det kommande budsjettåret 2010 fremma. Budsjettforslaget fordeler utgifter på om lag 110,7 milliardar kroner på 15 budsjettkapittel. Det er gjort greie for budsjettdisponeringa i 2008 og 1. halvår 2009, og det er rapportert om måloppnåinga på området.

Prop 21 S (2009–2010) Om auka låneramme i Husbanken
Etterspurnaden etter husbanklån var større enn venta i 2009. Langt fleire har valt husbankfinansiering. Kommunane har òg vidareformidla meir startlån enn i tidlegare år. Låneramma til Husbanken blei derfor auka med 2 milliardar kroner i 2009 til 16 milliardar kroner.

Prop 43 S (2009–2010) Om endringar i statsbudsjettet for 2009 under Kommunal- og regionaldepartementet
Endringane gjeld det løpande budsjettåret og er i all hovudsak av teknisk karakter, til dømes justeringar ved renteendring eller lågare forbruk enn føresett. Ei anna viktig endring var ei auka løyving til toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande tenester.

St.prp. nr. 11 (2008–2009) Ei styrkt bustøtte
Ei utviding i regelverket for bustøtte tredde i kraft i 2009. 14 500 nye mottakarar har kome inn i bustøtteordninga etter utvidinga. Dei nye mottakarane er dels einslege forsørgjarar og dels barnefamiliar. Utbetalingane auka med 11,5 prosent frå 2008 til 2009. Totalt fekk om lag 136 000 husstandar ei eller fleire bustøtteutbetalingar i 2009.

Ny byggjesaksdel i plan- og bygningslova, samt forskrifter
Innst. O. nr. 50 (2008–2009) og Besl. O. nr. 68 (2008–2009)
Stortinget gjorde vedtak om ny byggjesaksdel av plan- og bygningslova våren 2009, jamfør Ot.prp. nr. 45 (2007–2008). I dei nye forskriftene blir det mellom anna stilt nye krav til universell utforming, skjerpa heiskrav, krav til betre branntryggleik og miljøkrav til bygg og materiale. Vidare seier forskriftene at det skal vere obligatorisk uavhengig kontroll og auka tilsyn i kommunane, forsvarleg handtering av byggjeavfall, oppfølging av ulovlege tilhøve og meir oversiktlege sakshandsamingsreglar. Desse forskriftene er vedtekne og trer i kraft saman med lova 1. juli 2010 med unntak av obligatorisk krav til kontroll, som trer i kraft 1. juli 2011.

St.prp. nr. 68 (2008–2009) Kommuneproposisjonen 2010
Kvar vår legg regjeringa fram kommuneproposisjonen. Kommunesektoren får her informasjon om dei økonomiske rammene det kommande året. I tillegg blir det gjort greie for eventuelle endringar i det økonomiske opplegget for resten av 2009.

St.prp. nr. 79 (2008–2009) Kommunalbanken AS – kjøp av KLPs eierandel
Kommunal- og regionaldepertementet fekk tilslutning til å kjøpe KLP sin aksjedel på 20 prosent av Kommunalbanken AS på grunn av dårleg konkurransesituasjon i lånemarknaden for kommunesektoren. Kommunekreditt miste marknadsposisjonen sin da eigaren Eksportfinans stoppa tilgangen på kapital og Kommunekreditt ikkje lenger kunne gi nye lån.

Ot.prp. nr. 32 (2008–2009) Om lov om endringar i vallova og kommunelova (tidlegrøyster, valobservasjon mv.)

Departementet fremma i januar forslag om å endre vallova for å gi moglegheit til å røyste før den ordinære førehandsrøystinga tek til (tidlegrøyster). Det blei dessutan føreslått at når kommunestyret tek stilling til spørsmål om opningstid i vallokala på valdagen og fattar vedtak om todagars val, er det tilstrekkjeleg at 1/3 av medlemmene røystar for slike vedtak. Proposisjonen inneheldt òg forslag om å innføre sanksjon i form av lovbrotsgebyr dersom nokon handlar i strid med vallova sine føresegner om ikkje å offentleggjere valdagsmålingar og valresultat før vallokala stengjer klokka 21 valdagen. Det blei føreslått ein eigen heimel for akkreditering av valobservatørar og å knesetje prinsippet om at kommunane kan halde lokale folkerøystingar. Samstundes blei det føreslått ein heimel for innsamling av data til eit register om lokale folkerøystingar. Forslaga blei vedtekne av Stortinget i mai.

Ot.prp. nr. 50 (2008–2009) Om lov om endringer i forvaltningsloven (habilitet for styremedlemmer mv. i offentlig heleide selskaper)
Endringane gjeld frå 1. november 2011 og går ut på å oppheve unntaket for offentleg heileigde selskap i forvaltningslova. Dette inneberer at personar som kombinerer ulike roller, til dømes offentlege tenestemenn og folkevalde som er leiarar eller medlemmer av styre i offentlege heilåtte selskap, automatisk vil bli ugilde.

Ot.prp. nr. 57 (2008–2009) Om lov om endringer i lov 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner (kjønnsbalanse i styrene i aksjeselskaper som er eid av kommuner)
Frå 1. januar blei det gjort endringar i kommunelova der ein krev kjønnsbalansert samansetnad av styra i kommunalt kontrollerte aksjeselskap. Endringa er etter mønster av reglane om kjønnsbalanse i allmennaksjelova, aksjelova og likestillingslova.Regelen krev at kvart kjønn skal vere representert med minst 40 prosent i styret når kommunar og/eller fylkeskommunar eig 2/3 eller meir av selskapet.

Meld. St. 7 (2009–2010) Gjennomgang av særlovshjemler for statlig tilsyn med kommunene
Meldinga er ein gjennomgang av alle reglane i 14 særlover som gir heimel for statleg tilsyn med kommunane. Det blir ført statleg tilsyn med kommunane på stadig fleire område. Statleg tilsyn med kommunane skal innrettast slik at det er målretta og effektivt, og det skal ikkje innførast tilsyn på nye område utan at det er vurdert som nødvendig.

St.meld. nr. 25 (2008–2009) Lokal vekstkraft og framtidstru – Om distrikts- og regionalpolitikken
Meldinga er ein gjennomgang av statusen for distrikts- og regionalpolitikken for stor-tingsperioden 2009–2013. Meldinga tek utgangspunkt i regjeringa sitt mål om at folk skal ha fridom til å velje kvar dei vil bu. Ein aktiv regionalpolitikk skal leggje til rette for vekst og utvikling i heile landet. Ei hovudlinje i meldinga er at det skal liggje til rette for at kommunar og lokalsamfunn skal bestemme mest mogleg sjølv og kunne styrkje den lokale vekstkrafta. Utviklinga av attraktive lokalsamfunn er avhengig av innsats frå kommunane og lokalbefolkninga. Den differensierte arbeidsgivaravgifta og bruken av dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidla for næringsutvikling og lokale utviklingstiltak blir vidareført.

Meldinga varslar tiltak for å setje kommunane betre i stand til å arbeide med lokal samfunnsutvikling, tiltak for å utvide mentorordninga for unge og eit program for å auke bulyst. Meldinga har ei særskild omtale av utfordringar og innsats i Nord-Noreg og fjellområda i Sør-Noreg. Det er ei omtale av utviklinga i innsatsen på ei rekkje politikkområde som er viktige for å nå distrikts- og regionalpolitiske mål, til dømes kommune-økonomi, transport, breiband, landbruk, utdanning og forsking, fisk og havbruk og naturvern.

Ansatte i KRD. Foto: KRD