Prosjekt og andre større oppgåver

Om satsinger, handlingsplanar, reformer, program med meir.

Nordområdesatsinga
I 2009 har departementet teke aktivt del i oppfølginga av Nye byggesteiner i nord, som er nordområdesatsinga til regjeringa. Innsatsen i 2009 har særleg vore knytt til Forskingsløft i nord, der ein vil styrkje kunnskapsinstitusjonane i Nord-Noreg. Andre innsatsområde har vore ARKTEK, som er ei næringssatsing på arktisk teknologi, satsinga på reiseliv gjennom det nystarta Nordnorsk Reiseliv AS og eit prosjekt om reiseliv i samarbeid med Innovasjon Noreg.

Handlingsplan for entreprenørskap i utdanninga 2009–2014
Kunnskapsdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet har i 2009 samarbeidd om å utarbeide ein ny handlingsplan for entreprenørskap i utdanninga, frå grunnskule til høgare utdanning. Entreprenørskap handlar om å etablere ny verksemd og om evna til å sjå potensial og gjere noko med dei på ei rekkje område i samfunnet.

Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK)
Arbeidet med satsinga Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK) tok til i 2009. Satsinga skal gjere kommunane enda betre til å planleggje, mobilisere, samarbeide og gjennomføre utviklingsprosjekt for å utvikle meir attraktive lokalsamfunn. Målet er betre kompetanse og kapasitet til å drive utviklingsarbeid i kommunane kontinuerleg. Det skal skje ved at ein utviklar eit tettare samarbeid både mellom fylke og kommunar og kommunar imellom for å styrkje kommunane i arbeidet med lokal samfunnsutvikling. Rolla til fylkeskommunane som samordnar, aktiv rådgivar og støttespelar for kommunar med utviklingsbehov skal styrkjast.

Systematisk opplegg for behandling av effekter og resultater av virkemiddelbruken over programkategori 13.50 (SOBER)
Ei evaluering av tilskot til fylkeskommunar til regional utvikling viste at verken fylkeskommunane eller departementet har sett nøye nok på resultata av bruken av midlane. I 2009 gjennomførte departementet tiltak for å styrkje arbeidet med å synleggjere resultata av bruken av midlane. Departementet har endra rapporteringssystemet. Innhaldet i rapporteringa skal nå i hovudsak dreie seg om resultatrapportering og rapportering om måloppnåing. Departementet har òg fastsett eit sett resultatindikatorar som det skal samlast inn verdiar for frå kvart prosjekt. I første omgang er dei nye krava gjort gjeldande for fylkeskommunane og dei midlane til regional utvikling som dei forvaltar.

Styrkt eigenkontroll i kommunane
I 2009 leverte ei arbeidsgruppe rapporten 85 tilrådingar for styrkt eigenkontroll i kommunane. Hovudtilrådinga frå arbeidsgruppa er at internkontrollen til administrasjonssjefen i den enkelte kommune bør styrkjast. Dei fleste av tilrådingane er retta mot kommunane og aktørane i eigenkontrollen lokalt. Nokre av tilrådingane vil det vere organisasjonane i kommunesektoren og staten som må følgje opp.

Val: designløysing i vallokala ved stortingsvalet 2009 og e-valsprosjektet
Ved valet i 2009 blei vallokala i kommunane Trondheim, Lenvik, Bømlo og Kongsberg innreidde etter standarden universell utforming. I tillegg fekk alle veljarane i Buskerud fylke prøve ut røystesetlar med ny utforming. Både veljarane og valmedarbeidarane i kommunane er svært begeistra for dei nye løysingane.

I 2008 var Stortinget positiv til at det skulle gjennomførast eit forsøk med elektronisk røysting ved lokalvalet i 2011. Departementet bestemde at e-val 2011-prosjektet samstundes også skulle utvikle eit nytt statleg valadministrativt datasystem. ErgoGroup vann konkurransen om den tekniske løysinga.

Samhandlingsreforma
Departementet har frå seinhausten 2008 vore involvert i arbeidet til Helse- og omsorgsdepartementet med samhandlingsreforma. Målet med reforma er å sikre betre samhandling mellom kommune- og spesialisthelsetenestene og at kommunane skal få meir ansvar og fleire oppgåver i helsesektoren. Stortingsmeldinga om samhandlingsreforma blei lagd fram for Stortinget i juni 2009, og departementa tek sikte på å setje i gang reforma i 2012.

Kvalitetskommuneprogrammet
Programmet er ein del av fornyingsarbeidet til regjeringa og er eit samarbeid mellom staten, KS og arbeidstakarorganisasjonane. Målet med samarbeidet er at folkevalde, leiarar og tilsette saman skal heve kvaliteten i det kommunale tenestetilbodet. Kommunane som deltek skal særleg arbeide med å redusere sjukefråværet. Programmet skal også medverke til å styrkje omdømmet til kommunesektoren. 140 kommunar var med i 2009. Prosjektet tok til i 2007 og blir avslutta i 2010.

Arbeidet med inntektssystemet for kommunane og fylkeskommunane
Dei frie inntektene til kommunesektoren, rammetilskot og skatteinntekter, blir fordelte til kommunane og fylkeskommunane gjennom inntektssystemet. Målet med intektssystemet er å sikre at dei økonomiske føresetnadene for å gi eit likeverdig kommunalt og fylkeskommunalt tenestetilbod over heile landet blir utjamna.

Utgiftsutjamninga gir i prinsippet full kompensasjon for kostnadstilhøve som ikkje er frivillige, og som har dokumentert innverknad på utgiftene til kommunane og fylkeskommunane, til dømes alderssamansetjinga og busetjingsmønsteret.

Utgiftsutjamninga blir rekna ut på grunnlag av kostnadsnøklar. I kommuneproposisjonen 2011 skal det leggjast fram nye kostnadsnøklar. Da blir òg hovudtyngda av tilskot til barnehagar innlemma i inntektssystemet.

Miljøhandlingsplan
I 2009 blei det laga ein miljøhandlingsplan for bustad- og byggsektoren 2009–2012: Bygg for framtida. Planen er ei tverrdepartemental oversikt over verkemiddel og tiltak for ein meir berekraftig bustad- og byggsektor. Planen peikar på fem miljøutfordringar i sektoren: klimagassutslepp, energibruk, broken av helse- og miljøfarlege stoff i byggjeverksemda, byggjeavfall og inneklima. Det er sett ned ei arbeidsgruppe som skal utarbeide ein plan for auka energieffektivitet i nye og eksisterande bygg.

Departementet arbeider for å auke talet på miljøvenlege bustader og bygg med låg energibruk. Nye krav var på høyring i 2009 og vil bli fastsett i forskrift. Forslaget til skjerpte krav følgjer opp tiltak i klimameldinga og klimaforliket.

Universell utforming
Universell utforming er sentralt i departementet sitt arbeid. Krava til tilgjenge og universell utforming av publikumsbygg, arbeidsbygg og nye bustader er skjerpte. Den nye lova inneheld òg ein heimel for å kunne gi forskrift om oppgradering av eksisterande bygg, anlegg og uteområde til universell utforming innanfor bestemte tidfristar. Arbeidet til departementet er eit viktig tiltak i regjeringa sin handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge i perioden 2009-2013.

R5. Foto: KRD