Råd og utval

Departementet har tre utval i arbeid.

Regjeringsutvalet for distrikts- og regionalpolitikk
Regjeringsutvalet for distrikts- og regionalpolitikk er leidd av kommunal- og regionalministeren. I 2009 blei det arbeidd med finanskrisa, utdanningspolitikken og oppsummeringa av arbeidet med den breie regional- og distriktspolitikken i perioden 2006–2009.

Utval om lovframlegg av frivillige sikringsordningar i burettslag
Sommaren 2009 gjorde eit utval framlegg til lovregulering av minimumskrav til frivillige sikringsordningar i burettslag (NOU 2009:17). Ordninga skal sikre andelseigarar mot å bli ansvarlege for felleskostnadene til dei andelseigarane som ikkje betaler. Etter høyring har departementet arbeidd vidare med framlegga i samband med andre lovframlegg som har til formål å førebyggje problem med såkalla låginnskotsbustader. Våren 2010 vil framlegga bli lagde fram for Stortinget.

Teknisk berekningsutval for kommunal og fylkeskommunal økonomi
Utvalet blei oppnemnt i 1979 og er eit partssamansett utval for rapportering, statistisk tilrettelegging og fagleg vurdering av data som gjeld økonomien i kommunane og fylkeskommunane. Utvalet utarbeider årleg to rapportar og tre notat til konsultasjonsmøta mellom staten og kommunesektoren. Departementet er ein del av sekretariatet for utvalet og har ei koordinerande rolle ved utarbeiding av rapportar og notat.

Ansatte i KRD. Foto: KRD