Tverrfaglege aktivitetar

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Om Riksrevisjonens kontroll, innkjøp, etikk, forsking med meir.

Riksrevisjonens kontroll
På områda til Kommunal- og regionaldepartementet hadde Riksrevisjonen i Dokument nr. 1 (2009–2010) merknader til tilskot til regional utvikling til fylkeskommunane og til Husbanken sin rekneskap. I Riksrevisjonens rapport Dokument nr. 3:2 (2009–2010), som er en rapport om kontroll med forvaltninga av statlege selskap, hadde Riksrevisjonen merknader til Selskapet for industrivekst SF (SIVA SF).

I 2009 avsluttet Riksrevisjonen ein forvaltningsrevisjon under området til departementet der dei undersøkte tilgangen til samfunnslivet for personar med funksjonsnedsetjing.

Internkontroll og risikostyring
Risikostyring er ein del av internkontrollen. I 2009 blei departementet si samling av rutinerettleiingar på økonomiområdet revidert. Risikoanalysane blir drøfta på toppleiarnivå og gir eit utgangspunkt for justeringar av strategiar og arbeidsmål.

Etatsstyring
Departementet har etatsstyring av Husbanken, Statens bygningstekniske etat, Distriktssenteret og Husleigetvistutvalet. Etatsstyring er dei administrative og faglege aktivitetane som departementet utøvar for å sjå til at arbeidet i etatane er i samsvar med måla og den ønskte resultatoppnåinga innanfor pålagde og avtalte rammer. I 2009 gjekk Husleigetvistutvalet frå å vere ei prøveordning til å bli permanent, og utvalet fungerer nå som ei vanleg underliggjande verksemd.

Innkjøp
Kjøp av forskings- og utgreiingsoppdrag og konsulenttenester er særleg viktig i verksemda til departementet. Departementet er derfor oppteke av å ha god innkjøpsfagleg kompetanse, slik at innkjøpa bidreg til måloppnåing, og at lov og forskrift om offentlege innkjøp blir overhalden. Departementet arbeidde i 2009 med ein innkjøpsstrategi som blir ferdigstild i 2010.

Etikk
Dei etiske retningslinjene er omtalte i tildelingsbreva våre til dei underliggjande verksemdene og er tema i dei årlege leiarkontraktssamtalane departementsråden har med ekspedisjonssjefar og verksemdsleiarar. Retningslinjene er òg ein del av programmet for nytilsette i departementet.

Forsking og utviklingsarbeid
I 2009 blei ein stor del forskingsmidlar kanalisert til DEMOSREG-programmet i Noregs forskingsråd. Departementet har òg inngått ein strategisk avtale med Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR).

Gjennomførte evalueringar
I 2009 blei mellom anna følgjande evalueringar og utgreiingar gjennomførte av departementet eller dei underliggjande verksemdene:

Distrikts- og regionalområdet
Tilskot til fylkeskommunane til regional utvikling

  • Utvikling av effektindikatorsystem og evaluering av kap. 551, post 60
  • Kundeeffektundersøkelsen: etterundersøkelse 2005-årgangen (Innovasjon Noreg).

Nasjonale tiltak for regional utvikling

  • Evaluering av FORNY-programmet
  • Følgeevalueringer av FoU-inkubatorprogrammet
  • Sluttevaluering av Mentorpilot 2008/2009 (Innovasjon Noreg)
  • Midtveisevaluering Norwegian Centres of Expertise (NCE).

Kommunalområdet

Kvalitetskommuneprogrammet

  • Evaluering av Kvalitetskommuneprogrammet – en underveisrapport (finansiert av KS).

Inntektssystemet

  • Evaluering/utredning av delkostnadsnøkkel videregående skole.

Val og demokrati

  • Evaluering av effekter av en eventuell gjeninnføring av strykninger ved kommunestyrevalg
  • Lokalmedia og lokaldemokrati
  • Likestilling i Utmarka.

Bustad- og bygningsområdet

Bustadspolitisk arbeid

  • Evaluering av Husbankens arbeid med opptrappingsplan for psykisk helse
  • Lavinnskuddsboliger
  • Fra leie til eie eller delt eierskap.

Bygningskvalitet

  • Evaluering av effekten av Husbankens intensjonsavtaler med boligprodusenter
  • Evaluering av regler og veiledning om utbyggingsavtaler
  • Bustad- og bygningsområdet.

IKT, tryggleik og beredskap
Departementet deltek i eit nært samarbeid med dei andre departementa og Servicesenteret for departementa (DSS) i spørsmål knytte til vidareutvikling, vedlikehald og drift av IKT-løysingar. Vidare har departementet revidert den interne planen sin for krisehandtering og etablert administrative rutinar for jamleg vedlikehald. Departementet har delteke i eit samarbeid med DSS og 12 andre departement om etablering av eit felles styringssystem for IKT-tryggleik og fått utvikla ein overordna tryggleikspolitikk. Arbeidet held fram i 2010.

I samband med avviklinga av kommune- og fylkestingsval i 2009 hadde departementet ei beredskapsøving på førehand, og ei fagleg beredskapsgruppe overvakte valavviklinga gjennom heile valnatta.

Arkiv
Det blei i 2009 registrert i alt 16 675 dokument i systemet. Av dette var 7764 inngåande dokument, 4231 utgåande dokument og 4680 interne notat. 4231 av desse dokumenta blei registrerte som e-post. Departementet fekk 956 krav om innsyn i 2009, ein auke på 38 førespurnader frå 2008. 160 innsynskrav blei avslådde, og departementet fekk tre klager på avslaga. To av klagene blei trekte tilbake, og eitt fekk medhald i innsyn. Ingen av krava blei anka til Kongen. I 2007 byrja eit særskilt prosjekt med avlevering til Riksarkivet. Arbeidet vil halde fram i 2010.

Kommunikasjon og media
I løpet av 2009 vedtok departementet ei ny  kommunikasjonsplattform. Plattforma byggjer på strategiplanen, den statlege kommunikasjonspolitikken, offentleglova, arkivlova og prinsippa om klart språk i staten.

Det blei laga kommunikasjonsopplegg for fleire viktige saker i 2009. Størst var ein informasjonskampanje for gjennomføringa av stortings- og sametingsvalet. Statsbudsjettet og kommuneproposisjonen er to store årlege hendingar, og i tillegg jobba departementet aktivt for å formidle innhaldet i stortingsmeldinga Lokal vekstkraft og framtidstru. Utvida bustønad var ei anna viktig sak.

Førespurnader frå media 

771

Pressemeldingar og -innbydingar

287


Nettsidene til departementet er ein av dei viktigaste kommunikasjonskanalane våre. Alle fagavdelingane i departementet medverkar med oppdatert og brukarvennleg informasjon.

Fleire viktige hendingar blei formidla via nett-tv. Sendingane frå politiske leiarmøte om bustadsosiale utfordringar og framlegginga av kommuneproposisjonen er to døme. Nettstatistikken syner at det òg var interesse for desse i tida etter hendingane.

Besøk på regjeringa.no/krd

940 000

Sidevisningar på regjeringa.no/krd

3 960 000

Høgast besøk 

14. september

Mest besøkte nettside på regjeringa.no/krd

Valgportalen valg.no


Miljøleiing – Grøn stat
Arbeidet med Grøn stat blei vidareført i 2009. Departementet legg særleg vekt på innkjøp, reiser og energibruk. Ved å bruke videokonferanseutstyr er det mogleg å redusere reiseaktiviteten.

Mållova
Mållova slår fast at nynorsk eller bokmål ikkje skal vere representert med mindre enn 25 prosent i rundskriv, kunngjeringar, brosjyrar og liknande. I 2009 var nynorskdelen i departementet på 53 prosent i kortare tekstar (under 10 sider), til dømes pressemeldingar, stillingsannonsar, kortare høyringsnotat, rundskriv og brosjyrar. Nynorskdelen i lengre tekstar (over 10 sider), til dømes rapportar, høyringsnotat, rettleiingar, retningslinjer og liknande, var på 27,1 prosent. Proposisjonar og meldingar til Stortinget er ikkje rekna med. Interne dokument er ikkje omfatta av mållova.

Valurne. Foto: KRD