2 Endringar i folkesetnad,...

2 Endringar i folkesetnad, busettingsmønster og levekår

2.1 Busettingsmønsteret er viktig i eit land som Noreg, der mange stader er tynt folkesette

Mål knytte til endringar i folkesetnad og busettingsmønster har ein meir sentral plass i norsk regionalpolitikk enn det som er vanleg i andre land. Bakgrunnen for dette er at Noreg i gjennomsnitt er svært tynt folkesett jamført med dei fleste landa vi kan samanlikne oss med.

Det er likevel ikkje slik at nordmenn flest bur svært spreidd. Meir enn to femdelar av folket i Noreg lever i kommunar som har over 150 innbyggjarar per kvadratkilometer, mens mindre enn ein tredel bur i kommunar med ein folketettleik på 25 eller færre innbyggjarar per kvadratkilometer. Under ein tidel bur i kommunar med ein folketettleik på 5 eller lågare.

Den låge folketettleiken og dei store avstandane i delar av landet gjer at busettingsmønsteret mange stader i utgangspunktet kan verke sårbart. Er folketalet svært lågt, skal det ikkje store nedgangen til før det får konsekvensar for grunnlaget for å halde oppe viktige samfunnsfunksjonar i offentleg eller privat regi. Det forklarer kvifor busettingsmønsteret og endringar i folkesetnaden står så sentralt i norsk distriktspolitikk. Målet om å halde oppe hovuddraga i busettingsmønsteret signaliserer eit politisk ønske om å hindre ei slik negativ utvikling, og i verste fall avfolking, på stader der busettingsmønsteret er sårbart og utviklinga lett kan føre til uheldige prosessar.

Det er utan tvil grenser for kor stor nedgang i folketalet eit lokalsamfunn kan tole, men det finst ikkje noko fasitsvar på kor stort folketal som trengst for å halde oppe livskraftige samfunn. Ei rad kommunar i distrikta har hatt nedgang i folketalet i det meste av etterkrigstida, ein del har hatt dramatisk nedgang. Trass i dette har levekåra, også i desse kommunane, utvikla seg positivt. Nedgangen i folketal har ikkje ført til marginalisering i form av lågare velferd for innbyggjarane.

Nedgangen i folketal i distriktskommunane har heller ikkje ført til noka total avfolking av større, samanhengande område. Det finst døme på at heile lokalsamfunn, mellom anna ein del fiskevær i Nord-Noreg og på Nord-Vestlandet, har vorte totalt fråflytte. Det har òg vore reduksjonar i den grisgrendte busetnaden. Fleire gardar og hus der det tidlegare budde folk, står no tomme. Det er likevel ikkje total avfolking som er det største trugsmålet for dei kommunane som har nedgang i folketalet, eller for det store fleirtalet av lokalsamfunn i distrikta. Men mange kommunar og lokalsamfunn er inne i ein prosess der rekrutteringa er mindre enn avgangen, slik at folketalet går ned.

Grisgrendt busetnad blir ofte sett i samband med usentral lokalisering og små og sårbare arbeidsmarknader. Det har likevel skjedd ei utvikling som gradvis har integrert store delar av busetnaden i landet i større service- og arbeidsmarknader. Det er ikkje lenger slik at lokalsamfunnet eller bygda utgjer ein lagnadsdømd fellesskap på same måten som tidlegare. Utviklinga av kommunikasjonane, og utviklinga av senterstrukturen, har redusert faren for avfolking av mange område i distrikta.

2.2 Endringar i folkesetnaden i 1980- og 1990-åra har klart favorisert somme delar av landet

Landet har samla sett hatt vekst i folketalet sidan først på 80-talet. Veksten har vore ulikt fordelt på landsdelar. Det er likevel ingen landsdelar som har gått tilbake i folketal i perioden. Først og fremst er det Sørlandet og Sør-Vestlandet som har hatt stor vekst i folketalet i den siste femtenårsperioden. Også det sentrale Austlandsområdet har hatt vekst over landsgjennomsnittet. På Vestlandet har folketalet auka om lag like mykje som i landet under eitt, mens veksten i Nordmøre og Trøndelag svarar til rundt halvparten av landsgjennomsnittet. Folketalet på det indre Austlandet og i Nord-Noreg er om lag det same i dag som for femten år sidan. I 1996 har Nord-Noreg hatt nedgang i folketalet.

Utflyttinga på fylkesnivå har vore mindre i første halvdel av 1990-åra enn i siste halvdel av 1980-åra. Flytte- og folketal for 1996 tyder likevel på at denne relativt positive utviklinga har stoppa opp. Fleire fylke har opplevd aukande netto utflytting, og ein del fylke får også nedgang i folketalet i 1996. Dei nordnorske fylka er her utsette, i tillegg til innlandsfylka på Austlandet

Ei tilsvarande utvikling skjedde under høgkonjunkturen midt i 1980-åra. Den kraftige veksten i økonomien førte til store innflyttingsoverskot i Osloregionen og Stavangerområdet. Den høge arbeidsløysa sist i 80-åra og fram til 1993 bremsa veksten i dei sentrale delane av landet og gav ei meir balansert utvikling av folkesetnaden. Med dei økonomiske oppgangstidene i dag kan sentraliseringa på nytt auke.

Det har vore klare skilnader i utviklinga av folkesetnaden mellom kommunar som soknar til arbeidsmarknadsregionar av ulik storleik. Mens kommunar i mindre arbeidsmarknadsregionar samla har hatt ein nedgang i folketalet mellom 1980 og 1995, har kommunar i større arbeidsmarknadsregionar samla hatt ein relativ folketalsvekst på langt over landsgjennomsnittet. Konsentrasjonsprosessen har vore sterkare i somme landsdelar enn i andre. Sterkast har konsentrasjonen vore i Nord-Noreg, der folketalet i arbeidsmarknadsregionane med Bodø og Tromsø som senter har stige med 21 %. Dei minste arbeidsmarknadsregionane, med inntil 2000 yrkesaktive i kvar region, har hatt ein nedgang på heile 13 %. Også i dei andre landsdelane har dei minste arbeidsmarknadsregionane hatt nedgang i folketalet.

Det er i all hovudsak kommunar ikring landsdelssentra, og til dels på sentralitetsnivået under dette, som har vakse monaleg i folketal dei siste femten åra. I andre kommunar heng vekst og nedgang saman med sentraliteten til kommunen, særleg med storleiken på den arbeidsmarknadsregionen kommunen er knytt til. Periferikommunar innanfor små arbeidsmarknadsregionar har hatt størst nedgang. Dette gjeld særleg kommunar i indre strok av Austlandet og Agder, øyar og indre dal og fjordstrok på Vestlandet og i Sør-Trøndelag. I Nord-Noreg og Nord-Trøndelag er ein stor del av kommunane i denne situasjonen.

2.3 Vedvarande utflyttingsoverskot har ført til ein urovekkjande busetnadsstruktur i fleire kommunar

Gjennom fleire tiår har det skjedd ei netto utflytting frå dei minst sentrale kommunane i distrikta. Dette har vore drivkrafta bak den nedgangen i folketal vi har sett i mange distriktskommunar. Tal for utviklinga i perioden 1950-1990, basert på kommuneinndelinga i 1990, syner at 193 kommunar hadde nedgang i folketalet. I perioden 1986-96 har 231 kommunar hatt nedgang i folketalet. I 125 kommunar var nedgangen i tiårsperioden større enn 5 %. 50 kommunar hadde meir enn 10 % nedgang, medan 12 kommunar hadde nedgang større enn 15 %.

Fordelinga av innbyggjarane i landet er på mange måtar eit nullsumspel, auka i folketalet for heile landet er svært lita. På 1980 og -90-talet har folketalet auka med mellom 0.3 og 0.6 prosent pr. år. Større auke i folketalet i nokre delar av landet får derfor som resultat nedgang i andre delar.

På grunn av utflyttinga som har skjedd har dei etterfølgjande generasjonane vorte meir sentralt busette. Utflyttingsoverskotet har delvis vore kompensert gjennom skilnader i fødselsoverskotet. Det har likevel skjedd ei utjamning i fødselstala, slik at kvinner i distrikta i dag ikkje føder fleire barn enn kvinner i sentrale strøk. I stor grad er det unge menneske i utdannings- og etableringsfasen som flytter ut. Særleg har yngre kvinner hatt stor utflytting. Gjennom denne prosessen har distriktskommunane tapt store delar av årskulla som voks opp der. Ved at desse kulla har etablert seg i meir sentrale delar av landet, har det òg skjedd endringar med omsyn til kvar dei fleste barna blir fødde. I dag blir det fødd flest barn i dei sentrale delane av landet, mens tyngdepunktet tidlegare låg i distrikta. Mens ein tidlegare kunne hindre nedgang i folketalet i distriktskommunane gjennom redusert fråflytting, er situasjonen i dag at auka innflytting til dei perifere kommunane er nødvendig for å hindre nedgang i folketalet.

Ein nedgang i folketalet slik vi no ser i fleire utkantkommunar, fører òg til at busetnadsstrukturen endrar seg. Eldreprosenten aukar, mens prosentdelen av barn, ungdom og unge vaksne går ned. Ein aukande del omsorgstrengande eldre av eit innbyggjartal som totalt blir redusert, skaper store velferdsutfordringar. Dette blir drøfta i 7.8.

2.4 Det er ei stor utfordring å rekruttere kvinner til utkantkommunane

Som det går fram av tabell 3 i vedlegget, er det atskilleg fleire kvinner enn menn som har flytt ut frå dei perifere kommunane. I dei siste tiåra har kvinnene endra si tilknyting til arbeidsmarknaden og utdanningssystemet. Dette har hatt mykje å seie for den regionale utviklinga. I distrikta har tendensen lenge vore at særleg dei unge jentene har flytt ut. Det har vore vanskeleg å få kvinnene attende til distrikta etter fullført utdanning. Kvinneunderskotet i dei yngre aldersklassane er stort i dei fleste distriktskommunar. Problema mange distriktskommunar møter i arbeidet med å rekruttere unge familiar, heng ofte saman med manglande utsikter til arbeid for to.

Kvinner med høgare utdanning kvalifiserer seg for ein nasjonal arbeidsmarknad. Dei faga og yrka dei fleste kvinnene vel, opnar for jobbutsikter særleg innanfor offentleg sektor. I den grad det er etterspurnad etter arbeidskraft med høgare utdanning i distrikta, er det nettopp innanfor offentleg sektor at alternativa finst. I utkantkommunane i distrikta er det mest berre kommunesektoren som har rekruttert arbeidskraft med høgare utdanning. Dei viktigaste yrkesgruppene innan kommunesektoren i distrikta er omsorgsyrkene, som det særleg er kvinnene som har kvalifisert seg til. Når kvinnene i aukande grad tar utdanning, er dette eit gode for den einskilde og for samfunnet. Men det kan også vere eit problem for utkantkommunar som vil ha vanskeleg for å rekruttere kvinner med høgare utdanning.

Offentleg sektor hadde ein kraftig vekst i 1970-åra, og dette hadde stor innverknad på utsiktene til arbeid for kvinner, ikkje minst i distrikta. I 1980- og 1990-åra har det òg vore ekspansjon, men ikkje like sterk, og i mindre grad i utkantområda. Dei generasjonane av kvinner som gjekk inn i dei nye jobbane i offentleg sektor i 1970- og 1980-åra, er framleis yrkesaktive, og det har ikkje gjort det like lett for seinare generasjonar å få innpass på arbeidsmarknaden. Det er ikkje grunn til å vente at ekspansjonen i offentleg sektor i distrikta kan halde fram med same styrke i framtida. Det er derfor nødvendig med ein sterk innsats for å betre sysselsettingsvilkåra for kvinner i privat sektor i distrikta.

2.5 Det har vore ei kraftig satsing på senterstrukturen

Det finst ikkje noko eintydig svar på kor stort eit senter må vere for å kunne tilby visse former for tenester. Fleire faktorar kjem inn og påverkar kva det er mogleg å utvikle eller halde oppe i eit senter av ein gitt storleik. Det ser vi tydeleg når vi jamfører kva for tenester og tilbod vi finn i senter av ulik storleik i Noreg med det vi finn i andre land. Gjennomgåande er det slik at sentra våre, anten det er nasjonale, regionale eller lokale senter, er små i folketal jamført med senter med tilsvarande funksjonar i andre land.

Dette vil ikkje seie at sentra våre fungerer dårlegare. Men det har vore nødvendig med ei klar og medviten satsing for å utvikle tenester og tilbod i senter som er såpass små. Sidan det norske busettingsmønsteret i stor grad er prega av at mange bur i relativt grisgrendte område, at sentra er små, og at avstanden mellom dei ofte er stor, var det nødvendig med ei såpass desentralisert utbygging som den vi har fått.

I norsk distriktspolitisk debatt har senterutbygging vore eit kontroversielt tema. I 1960-åra vart det lansert idear om ei kraftig satsing på vekstsenter. I nokre utpeikte senter skulle ein satse på tyngre variert industriutbygging, som i sin tur ville leggje grunnlaget for ulike former for avleidd aktivitet innanfor tenestesektoren. Desse sentra skulle verke som demningar i distrikta og fange opp utflyttarar frå utkantområda. På den måten ville ein skape ein betre regional balanse ved å hindre at alle flytte til dei mest sentrale delane av landet.

Det skjedde inga særleg massiv utbygging av vekstsenter baserte på tyngre industrireising i 1960-åra. Dei fleste større industristadene i distrikta vart etablerte og voks seg store tidlegare, og er av ein annan karakter enn den typen industristader vekstsenterstrategien skulle utvikle. Dei er for det meste resultat av særskilde lokaliseringsvilkår knytte til råvarer, energi og/eller grunnlag for sjøtransport. Ein del av vekstsentra i 1960-åra har likevel vorte regionale tyngdepunkt innanfor industri og tenesteyting, til dømes Kongsvinger og Førde.

Det er først og fremst i perioden frå 1970-åra og fram til i dag at vi har hatt ei utbygging av den norske senterstrukturen. Det har i stor grad dreidd seg om ein annan type senterutbygging enn den industribaserte utbygginga som låg til grunn for vekstsenterstrategien. Vi har fått senter som er resultat av utbygging av ymse former for offentleg tenesteyting og offentlege institusjonar. Dette har vore ei utbygging som har hatt som mål å gjere tenester og tilbod tilgjengelege for innbyggjarane i landet.

I utbygginga av det norske velferdssamfunnet har ein særleg satsa på kommunane. Utbygginga av kommunesektoren har skjedd ut frå prinsippet om generalistkommunen. Det vil seie at kommunane har eit breitt og einsarta ansvar for offentleg tenesteproduksjon innanfor sine geografiske område, på ein slik måte at innbyggjarane har akseptabel tilkomst til eit mest mogleg likeverdig tenestetilbod. Satsinga på generalistkommunen har ført til ei grunnleggjande standardheving av tenestetilbodet, særleg i distriktskommunane. Samstundes har satsinga ført til ei oppgradering av den rolla kommunesentra spelar. Mange av dei tenestene som er bygde opp, særleg nye tenester innanfor helse, utdanning og kultur, er konsentrerte til kommunesentra. På den måten er slike tenester gjorde tilgjengelege for innbyggjarane i distriktskommunane.

Utbygginga av generalistkommunen har òg hatt mykje å seie for sysselsettinga. Kommunen har vorte den største arbeidsgivaren i fleire distriktskommunar, ikkje minst når det gjeld arbeidskraft med høgare utdanning. Både i kommuneadministrasjonen og i dei ulike sektorane i kommunane finst det jobbar med krav om spesialkompetanse på høgt nivå. Ei undersøking gjord av NIBR for Kommunal- og arbeidsdepartementet om flyttestraumar og kompetanse i kommunane stadfestar at det så å seie berre er offentleg sektor, det vil her seie kommunane, som sysselset og rekrutterer arbeidskraft med høgare utdanning i dei mest perifere distriktskommunane. Undersøkinga viser òg at den kraftige utbygginga av høgare utdanning har gjort det lettare for kommunesektoren i dei små og mindre sentrale kommunane å rekruttere fagfolk. Stabilitet, gjennomtrekk og rekrutteringsproblem varierer meir mellom sektorar enn mellom kommunar og landsdelar.

Utviklinga av regionale senter har skjedd parallelt med utviklinga av kommunesenter. Med regionale senter meiner vi her senter som har ei rolle utover kommunegrensene. Det kan vere det største kommunesenteret i ein region, eller det kan vere byar med funksjon som fylkessenter eller landsdelssenter, til dømes Tromsø. Vi har hatt ei sterk utbygging av tenester på eit høgare nivå enn det som har vore mogleg og rett å bygge ut på kommunenivå. Nokre av dei viktigaste utbyggingane som har skjedd, har gått føre seg i landsdelssenter eller fylkessenter, til dømes Universitetet i Tromsø eller distriktshøgskulane. Alternativet til å satse på utvikling av viktige funksjonar i regionale senter ville ha vore at innbyggjarane og næringslivet i distrikta ikkje hadde hatt desse tilboda.

Fleire andre funksjonar som er utbygde, er lagde til eit lågare nivå enn landsdels- eller fylkessenter. Her kan vi nemne vidaregåande skule, sjukehus, kulturinstitusjonar, større idrettsanlegg og kortbaneflyplassar. Også denne typen funksjonar er bygde ut til eit relativt desentralisert mønster. Samstundes utgjer dei senterfunksjonar som er med og underbygger senterstrukturen.

Den sentersatsinga som har gått føre seg, har på mange måtar vore av eit heilt anna slag enn den som vart diskutert i 1960-åra. Det har mykje dreidd seg om offentleg verksemd og offentlege institusjonar som er plasserte i regionale senter, ikkje tyngre industribedrifter. Det gjeld dels verksemder som fylkeskommunane har ansvaret for, dels statleg verksemd. Lokaliseringa av ein del slike senterfunksjonar har nok skjedd utan nokon grunnleggjande strategi for kva for senter ein skulle satse på, med det resultatet at tilkomsten til tilboda og synergieffekten av at ulike tilbod blir lokaliserte saman, har vorte mindre enn ein kunne ha venta. I fleire fylke har ein likevel hatt ei gjennomtenkt haldning til utvikling av senterstrukturen, der ein i fylkesplanen har peikt ut regionale senter. Som det går fram av tabell 3 i vedlegget har dei regionale sentra fanga opp viktige delar av utflyttarane frå utkantkommunane, og såleis vore med og stabilisert busetnaden m.a. i Nord-Noreg.

Senterstrukturen har òg mykje å seie for utviklinga av det private næringslivet. På same måten som for offentleg verksemd er lokalisering i eit senter ein fordel for privat handel og service som treng eit større kundeunderlag. Dei regionale sentra har hatt ei sterk utvikling av ymse former for privat tenesteyting og varehandel. Dette er tilbod som tilgodeser folk og næringsliv både i senteret og omlandet. Også ved lokalisering og utvikling av andre former for privat næringsverksemd, som industriproduksjon eller service retta ut over den regionale marknaden, kan lokalisering i eit regionalt senter vere lagleg. I eit senter av ein viss storleik er det større tilgang på arbeidskraft. For bedrifter som har behov for høgt utdanna arbeidskraft, kan dette vege tungt. Regionale senter kan utgjere kjernen i attraktive og varierte arbeids- og servicemarknader og dermed rekruttere hushald med to høgt utdanna personar.

Det er òg viktig å vere klar over at også heilt andre lokaliseringsfaktorar spelar inn ved fleire former for privat næringsliv. Slike faktorar kan vere stadbundne ressursar eller produksjonsvilkår knytte til enkeltstader, kva tilknyting eigaren har til ein stad, behov for ein annan og meir lokal kompetanse enn den ein skaffar seg gjennom utdanningssystemet, behov for meir plass enn det finst i eit senter, næringsmiljø av ein annan karakter enn det ein finn i senteret.

Det er heilt klart samfunnsøkonomisk rett å lokalisere både offentleg og privat serviceverksemd med behov for tettare folkesetnad til regionale senter. I eit distriktspolitisk perspektiv er det ikkje gitt at ei slik lokalisering er den rette for anna privat verksemd. Det er eit stort behov for arbeidsplassar i privat sektor i utkantkommunane. Som i dag må det vere vurderingar av kvart aktuelle prosjekt som avgjer om det offentlege skal gå inn med regionalpolitisk underbygde bedriftsretta verkemiddel. Dette blir nærare diskutert i kapittel 7.4.

Boks 2.1

Ein gjennomgang av den geografiske fordelinga av dei bedriftsretta verkemidla i SND i perioden 1993-95 viser i kva mon midlane er konsentrerte til regionale senter. Det må strekast under at i dei sørnorske områda ligg ein del av by- og tettstadkommunane utanfor det distriktspolitiske verkeområdet, slik at prosjekt i desse områda ikkje kunne fått støtte over desse verkemidla. Vidare vart det med verknad frå 1.1.1994 gjennomført ein revisjon av det distriktspolitiske verkeområdet, slik at fordelinga av midlar vil variere før og etter dette.

Fordelinga av distriktsutviklingstilskotet, som er det tyngste distriktspolitiske verkemidlet i SND, viser at prosjekt i periferikommunane har fått den største delen av midlane. 45,8 % av tilskotsmidlane gjekk i perioden til prosjekt i periferikommunane, mens 39,1 % gjekk til by- og tettstadkommunane, altså dei regionale sentra. 4 % gjekk til Tromsøregionen, mens resten fordeler seg på storbyregionane. Dette heng først og fremst saman med at det blir kjøpt ein del tenester frå verksemder i desse regionane til bedriftsutviklingsprosjekt i distrikta.

Størstedelen av midlane gjekk til periferikommunar i Nord-Noreg, der 18,9 % av tilskotsmidlane vart nytta. Dei regionale sentra i Nord-Noreg fekk 18,8 % av midlane.

Eit anna mål for fordelinga av midlane får ein ved å sjå tilskotsmidlane i høve til folketalet. I Nord-Noreg vart det i gjennomsnitt brukt 879 kroner per innbyggjar per år i periferikommunane, mens det vart brukt 815 kr i dei regionale sentra. I Tromsøregionen vart det brukt 613 kr per innbyggjar.

Bruken av distriktsretta risikolån følgjer i hovuddrag same mønsteret som distriktsutviklingstilskotet. Her får likevel Nord-Noreg generelt ein mindre del av midlane, og det heng saman med den auka bruken av tilskot i landsdelen. Etableringsstipendet, som er eit personretta verkemiddel som er tilgjengeleg over heile landet, men med ei prioritering av distrikta ved fordeling av rammene, viser generelt ei jamnare fordeling på dei ulike områda.

2.6 Likeverdige levekår - ein sentral føresetnad for å nå måla for distrikts- og regionalpolitikken

Utviklinga og utjamninga i levekår er ein sentral del av distrikts- og regionalpolitikken. Å sikre innbyggjarane likeverdige levekår, gode sysselsettingsløysingar og eit godt tenestetilbod er ein føresetnad for å kunne skape robuste regionar og halde oppe busettingsmønsteret. Slik Regjeringa vurderer det, er sysselsettings- og inntektsvilkåra, i tillegg til retten til utdanning, dei viktigaste føresetnadene for å oppnå gode levekår for den enkelte.

Utviklinga i arbeidsløysa syner at skilnadene mellom by og land har gått kraftig ned dei siste ti åra. I perioden 1988-1993 skjedde det ei generell forverring i heile landet, men auken var særleg sterk i dei største byane. Sidan 1993 har arbeidsmarknaden gradvis betra seg. Ved inngangen til 1997 blir det meldt om mangel på arbeidskraft fleire stader i landet. Det gjeld særleg på Vestlandet og i Osloregionen. Finnmark, derimot, har framleis høg arbeidsløyse med svekka aktivitet innan fiskerinæringa og omstilling i Sør-Varanger og indre Finnmark. Antallet registrerte ledige i Finnmark var høgst i januar 1996, men har gått ned i løpet av året. I februar 1997 var andelen registrert heilt ledige i landet 3,8 %. Ein må tilbake til 1988 for å finne lågare andel for februar månad.

I 1990-åra har det gått føre seg ei klar regional utjamning av tiltaksnivået ved at fylke på Austlandet har fått ein større del av arbeidsmarknadstiltaka, mens Nord-Noreg har hatt ein reduksjon. Som eit resultat av høgare arbeidsløyse har Nord-Noreg framleis det høgaste tiltaksnivået. Uføreprosenten i fylka auka litt frå midten av 1980-åra til 1990, for så å minke fram til 1994. Prosentdelen og utviklinga for uføre følgjer i nokon mon den same regionale fordelinga og utviklinga som arbeidsløysa.

Den langsiktige utjamninga av inntekta (nettoinntekt før særfrådrag) har ført til at det i dag berre er mindre regionale skilnader. Høgast gjennomsnittleg nettoinntekt finn vi framleis hos personar busette i Oslo og Akershus. I dei andre fylka er det berre mindre variasjonar, der Nord-Trøndelag, Hedmark og Nordland har lågast inntektsnivå. Med unntak av dei største byane er det berre mindre variasjonar i inntektsnivået mellom personar busette i sentrum og periferi innanfor kvar region. Skilnaden i inntektsnivå kan ein heller ikkje sjå uavhengig frå skilnaden i levekostnadene mellom regioner og landsdelar.

I perioden 1985-1994 har utdanningsnivået stige, og auken har vore jamt fordelt på fylka og landsdelane. Veksten har vore like sterk i utkantkommunane som i sentrale strøk, men enno er det store skilnader mellom by og land. Gjennom utbygging av universitets- og høgskuletilbodet har stadig fleire fått tilgang og rett til høgare utdanning uavhengig av kvar i landet dei bur. Ei sentral utfordring i distrikts- og regionalpolitikken er å få fleire ungdommar med høgare utdanning til å flytte ut i distrikta igjen etter fullført utdanning.

Ingen fylke eller landsdelar skil seg sterkt frå landet totalt sett i høve til dei siste ti års utvikling i levekår, sjølv om nyare forsking tyder på at det innanfor fylke og regionar framleis er større forskjellar. Det er viktig å sikre at òg framtidas vekst i sysselsetting, utdanning og inntekt kjem alle delar av landet tilgode. I område med einsidig næringsstruktur er det viktig å utvikle eit meir variert og rikt næringsliv, med arbeidsplassar til folk med høgare utdanning. Samstundes er det viktig at sysselsette som blir fristilte frå næringar som går tilbake ikkje blir ståande utanfor arbeidsmarknaden.

Tradisjonelt har utdannings-, arbeidsplass - og bustadsituasjonen vært sett i samanhang som dei sentrale elementa i levekårssituasjonen for hushalda. Det har gjennom dei seinare åra skjedd ein utdanningsrevolusjon der ein langt større del av ungdommen har fått høgare utdanning. Samstundes har tilbodet av attraktive arbeidsplassar blitt meir byorienterte. Dette har ført til jobbkarrierar som går i retning av meir byorienterte yrke og livsførsel. Samstundes har tilbodet av bustader i bystrok blitt hengande etter, særleg på grunn av låg bustadbygging. Dette har gitt opphav til eit gap mellom tilbod og etterspurnad på bustader. Den sterke nedgangen i realrenta har fått dette fram i dagen i form av sterk auke i prisane på bustader i dei største byane. Dette problemet kan på sikt løysast i ein kombinasjon av høgare bustadbygging i byane og ein aktiv distriktspolitikk som skapar attraktive arbeidsplassar utafor dei største byane.

Lagt inn 20 mars 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen