5 Mål og nasjonale strategiar

5 Mål og nasjonale strategiar

5.1 Måla i distrikts- og regionalpolitikken ligg fast

Målet for distrikts- og regionalpolitikken er å halde oppe hovuddraga i busettingsmønsteret og å utvikle robuste regionar i alle delar av landet.

For å utvikle robuste regionar i alle delar av landet trengst det ein ekstrainnsats i somme område. Viktigast er ekstrainnsatsen i distrikta, område prega av låg folketettleik, store avstandar og perifér plassering. I desse utkantområda er det mange kommunar med stor nedgang i folketalet, noko som gir særlege utfordringar for å sikre sysselsetting og gode levekår.

Grunnlaget for ei god utvikling i distrikta blir lagt gjennom ein forsvarleg økonomisk politikk og ein distrikts- og næringspolitikk som fremmer eit lønsamt og vekstkraftig næringsliv i alle delar av landet innanfor rammene for ei berekraftig utvikling. Regjeringa vil framleis legge vekt på at distrikts- og næringspolitikken framstår som heilskapleg, med ei god samordning av verkemidla.

Det er ei stor utfordring å få til ei god samordning av den næringsretta innsatsen som bidrar til næringspolitiske og distriktspolitiske målsettingar om auka verdiskaping og konkurransedyktig næringsliv i alle delar av landet. Det krevst at det vert etablert eit samspel og ei hensiktsmessig arbeidsdeling mellom sentrale, regionale og lokale styresmakter.

For å auke verdiskapinga og legge eit best mogleg grunnlag for velferdsutviklinga er det nødvendig å ta i bruk alle ressursar og moglegheiter i alle delar av landet. Med ein samansett økonomi som den norske er verdiskapinga på ein plass ofte avhengig av innsats i ulike landsdelar og område. For raske endringar i busettingsmønsteret kan føre til unødvendige samfunnsøkonomiske kostnader i form av dårleg utnytting av infrastrukturen i fråflyttingsområde, og sosiale problem, auka ureining og pressproblem i sentrale område. Det er derfor i heile landet si interesse at det vert ført ein aktiv distrikts- og regionalpolitikk.

Det er nødvendig å ha ei gjennomtenkt haldning til at ulike regionar har ulike utviklingsvilkår. For å utvikle regionane og utløyse dei mange potensiala som ny teknologi og ny kunnskap opnar for, trengst det ein distrikts- og regionalpolitikk som tek omsyn til at det er nødvendig å tilpasse innsatsen til dei ulike føresetnadene og utfordringane i kvar region.

Mangfald i busetnad og levemåte, basert på regionale særdrag og variasjonar, er også ein viktig del av kulturarven vår. Natur- og kulturlandskapet i ulike delar av landet inneheld kvalitetar og variasjonar som er ei viktig side av den nasjonale identiteten. Regjeringa meiner at ein aktiv distrikts- og regionalpolitikk - som samstundes er sterkt forankra i regional og lokal identitet, verdisyn, livsstil og kultur - vil gi viktige bidrag til å bevare og utvikle det som gjer Noreg særmerkt. Dette er og ein viktig føresetnad for næringsutviklinga i mange distriktskommunar, særleg i reiselivssamanheng, gjennom tilgang til rein natur og særprega norsk kultur. Satsing på kultur og det sosiale og fysiske nærmiljøet i lokalsamfunna er òg viktig for å styrke attraktiviteten til distrikta som arbeids- og bustadregionar meir generelt.

Målet om å bevare hovuddraga i busettingsmønsteret har lege til grunn for den distriktspolitiske innsatsen sidan 1970-åra, og det har hatt brei politisk oppslutning. Det er sett inn avgjerande verkemiddel for å nå dette målet. I den tida busettingsmålet har stått sentralt i distriktspolitikken, har det samstundes skjedd store endringar i busetnadsstrukturen i fleire distriktskommunar. Som det går fram av kapittel 2, har mange distriktskommunar hatt nedgang i folketalet siste tiår. Likevel har det skjedd ei kraftig utjamning av velstand og levekår. Det er skapt ei stor mengd livskraftige bedrifter i distrikta, med gode og lønsame arbeidsplassar. Utfordringane framover er store, men det har vist seg at målretta og brei innsats gir resultat.

Regjeringa meiner på denne bakgrunn at det er viktig og rett å ha auka ambisjonar i distriktspolitikken og vil på brei basis sikre eit høgt nivå på den distriktspolitiske innsatsen. Slik Regjeringa ser det, er det derfor rett å halde fast ved det overordna målet om å halde oppe hovuddraga i busettingsmønsteret. Det er særleg viktig å styrke næringslivet og å legge til rette for utvikling av konkurransedyktige bedrifter i alle delar av landet. Med dei store problema det no er i utkantane, må meir av ressursane konsentreras om å fremme utviklinga i slike område. For å få meir effekt av innsatsen vil ein satse på:

  • ei betre målretting og regional tilpassing av verkemidla (jfr. 5.6, 6 og 7.6)
  • særskilde satsingar for å sikre sysselsetting og velferdstilbod i utkantområde med stor nedgang i folketalet. (jfr. 7.8 og 7.9)

5.2 Samanhengen mellom distriktspolitikken og næringspolitikken

Samfunn og næringsliv står overfor viktige utfordringar dei komande åra. For å møte desse utfordringane, må ein styrke verdiskapinga i den fastlandsbaserte delen av næringslivet. Det er avgjerande for det norske samfunnet at næringslivet får rammetilhøve som styrker evna til å endre seg i takt med utviklinga og som fremjar utviklinga av sterke, trygge nærmiljø og lønsame investeringar i alle delar av landet.

Ein næringspolitisk strategi som grip over fleire sektorar er nødvendig for å oppnå dette. Dersom vi skal nå dei næringspolitiske målsetjingane, må innsatsen på dei ulike politikkområda bygge opp under denne felles strategien. Det er nødvendig med eit lønsamt næringsliv i distrikta for at desse skal vere robuste. Ein målretta distriktspolitikk vil derfor vere ein sentral del i ein heilskapleg næringspolitikk på same måte som næringspolitikken er ein viktig del av den breie distriktspolitikken.

Omtale av "Nærings- og arbeidslivsveggen" i Langtidsprogrammet for 1998-2001 gir dei overordna prinsippa for ein slik strategi. Viktige delar i ein slik strategi vil vere å:

  • medverke til nødvendig kapitaltilførsel og nyskapning, utvikling av kompetanse og vekst i norsk næringsliv
  • sikre tilgang til utanlandske marknader og stimulere norsk næringsliv til å internasjonalisere seg aktivt med grunnlag i næringslivet sin eigen konkurransedugleik
  • medverke til næringsutvikling og omstilling i område som har særlege problem med å endre struktur
  • hjelpe til med at små og mellomstore verksemder skal ha konkurransedyktige rammetilhøve
  • arbeide for at ny informasjonsteknologi og sterke kompetansemiljø, transport og kommunikasjon skal gi stønad til ei positiv utvikling av næringslivet i heile landet.

5.3 Det er viktig å styrke samspelet mellom by og land

I den førre regionalmeldinga (St.meld. nr. 33, 1992-93) la ein vekt på å utvikle ein heilskapleg regionalpolitikk. I dette ligg det at ein må ha som utgangspunkt at regionane har ulike roller i økonomien til eit land, og at dei derfor også står overfor ulike oppgåver og utfordringar. Til dømes har dei største byane andre oppgåver enn Distrikts-Noreg i den nasjonale arbeidsdelinga. Byane har først og fremst fordelar innanfor kunnskapsintensiv og høgteknologisk næringsverksemd, mens Distrikts-Noreg har sine fordelar gjennom kort avstand og kompetanse knytt til produksjon og foredling av energi, jord, skog, mineral og fisk. Dei spesialiserte kunnskaps- og forretningstenestene som næringslivet i dei største byane produserer, gjer det mogleg å auke verdiskapinga i det ressursbaserte næringslivet i Distrikts-Noreg.

Utvikling av kunnskap og teknologi i kunnskapsmiljøet i byane er òg ein viktig føresetnad for den nyskapande verksemda i distrikta. Samstundes utgjer den ressursbaserte verksemda viktige marknader og eit eksistensgrunnlag for dei spesialiserte tenestebedriftene i dei største byane. Dette er nødvendig for å vidareutvikle næringslivet i distrikta. Hausting og enklare bearbeiding av råstoff er ikkje lenger nok til å skape eit framtidsretta næringsliv. I tillegg trengst det auka kompetanse og marknadsorientering i dei ressursbaserte næringane.

I St.meld. nr. 33 (1992-93) vart det streka under at det har lite for seg å diskutere om somme regionar yter meir enn andre. Føresetnadene for regional utvikling endrar seg som følgje av ulike historiske og naturgitte utgangspunkt, dei endrar seg som følgje av endringar i sentrale og internasjonale rammevilkår, og dei endrar seg som følgje av ny teknologi og skiftande måtar å organisere produksjonsverksemda på geografisk. Ulike regionar spelar ulike roller i ulike historiske fasar. Forholdet mellom by og land i Noreg er ei lang historie med vekslande bindingsforhold. I den moderne og internasjonaliserte økonomien i dag er bindingsforholdet mellom by og land - og det internasjonale samfunnet - så samanvove og komplekst at det ikkje gir noka meining å talfeste kor mykje kvar region yter i den totale verdiskapinga.

Boks: 5.1

Gjennom prosjektet "Heilskapleg regional utvikling - regional arbeidsdeling", som var eit samarbeidsprosjekt mellom Kommunal- og arbeidsdepartementet og programstyret for forskingsmidlar over jordbruksavtalen, vart det sett søkjelys på rollene til dei ulike regionane i økonomien og for innbyggarane. For å kunne gi eit meir fullstendig bilete av regionale ulikskapar må ein vite meir om dei ulike problema, føresetnadene og rollene til regionane i tid og rom. Ein regionalt basert utviklingspolitikk må bygge på kunnskapar om dei historiske føresetnadene for regional utvikling, korleis desse føresetnadene endrar seg som følgje av endringar i sentrale rammevilkår, og korleis desse vilkåra påverkar rollene til dei ulike regionane i den regionale arbeidsdelinga eller i det regionale hierarkiet. Det vil seie at vi må vidareutvikle kunnskapen vår om kva som skaper straumane av varer, tenester, kapital og overføringar, og ikkje minst straumen av menneske mellom regionane, både tidlegare, i dag og i den nære framtida.

I staden for å tolke økonomien sektorvis har ein gjennom dette prosjektet mellom anna prøvd å studere verdistraumane (foredlinga) frå råvarer til det ferdige produktet. Spørsmål ein har vore oppteken av, er kva slags bindingsforhold som herskar mellom by og land, kven som kontrollerer verdiskapinga og fordelinga av resultatet, korleis den auka konserninterne arbeidsdelinga (filialiseringa) verkar inn på dominans og binding mellom bedrifter i ulike regionar, og kva desse relasjonane har å seie for bedriftene.

Problematisering av verdiskapings- og overføringsomgrepa, saman med søkjelys på kva rolle offentleg sektor har i den regionale arbeidsdelinga, har òg stått sentralt i prosjektet.

Vidare har prosjektet skaffa fram verdfull informasjon om flyttestraumane og arbeidsdelinga mellom regionane og senterstrukturen når det gjeld val av utdanning, yrkespreferansar og livsløpsbundne tilpassingar.

Prosjektet blir avslutta og rapportert i ei eiga bok våren 1997.

5.4 Måla skal nåast både gjennom den smale og den breie distrikts- og regionalpolitikken

Det er grunnleggjande for distrikts- og regionalpolitikken at ulike område eller regionar har ulike føresetnader for utvikling. For å medverke til utviklinga av robuste regionar i alle delar av landet er det nødvendig å tilpasse politikken til dei særskilde utfordringane og føresetnadene i kvart område. I dette ligg det to ulike kjensgjerningar:

  1. Somme område har problem som krev ekstra innsats for å sikre ønska utvikling.
  2. I alle område får ein størst effekt dersom ein greier å sjå mest mogleg av den offentlege innsatsen i samanheng, og tilpassar han til dei regionale føresetnadene og vilkåra.

I Noreg har vi ekstra store utfordringar knytte til utviklinga i dei meir perifere delane av landet. Vi har derfor utvikla ein eigen distriktspolitikk med det overordna målet å halde oppe hovuddraga i busettingsmønsteret. Viktige verkemiddel i distriktspolitikken er næringsretta verkemiddel over Kommunal- og arbeidsdepartementet sitt budsjett forvalta av SND og fylkeskommunane, i tillegg til redusert arbeidsgivaravgift i distrikta. Alle desse verkemidla utgjer ein ekstrainnsats for næringsutvikling i distrikta utover den generelle næringspolitikken. Denne ekstrainnsatsen for næringsutvikling er likevel berre ein del av den samla distrikts- og regionalpolitiske innsatsen. Innanfor mange andre sektorar og politikkområde blir det lagt vekt på distriktspolitiske omsyn: I landbrukspolitikken er jordbruket i distrikta prioritert, i det kommunale inntektssystemet får distriktskommunane ekstra midlar gjennom Nord-Noreg-tilskot og regionalpolitisk tilskot.

I tillegg kjem dei klare regionale verknadene av sektorpolitikk som ikkje har opplagde distriktspolitiske mål. Eit døme på det kan vere trygdesystemet, som kanaliserer midlar til individ uavhengig av det lokale skattegrunnlaget der individa bur, eller inntekts- og utgiftsutjamninga i det kommunale inntektssystemet, som set kommunane i stand til å tilby innbyggarane sine eit likeverdig tenestetilbod på grunnlag av kostnadene for kvar kommune, uavhengig av skatteinntektene. Desse systema skaper økonomiske overføringar til nokre regionar, utan at dette er formålet med ordningane.

Innanfor ein heilskapleg distrikts- og regionalpolitikk, slik han er dregen opp i St.meld. nr. 33 (1992-93), er det eit klart behov for ein ekstrainnsats i somme regionar. I Noreg med sin særmerkte geografi er ekstrainnsatsen i distrikta den viktigaste. For å halde oppe hovuddraga i busettingsmønsteret, og for å sikre sysselsettingsvilkår og gode levekår i alle delar av landet, har Regjeringa auka ambisjonar i distriktspolitikken. I tida som kjem, vil det derfor vere nødvendig å prioritere dei deler av distrikta som er mest trua av folketalsnedgang.

I tillegg til innsatsen i distrikta har ein òg ein ekstra innsats for næringsutvikling gjennom bruk av omstillingsmidlar i område med einsidig næringsgrunnlag. Omstillingsområda blir definerte ut frå omstillingsbehovet til kvar region eller kommune, uavhengig av om området ligg innanfor eller utanfor det distriktspolitiske verkeområdet. Omstillingsinnsatsen blir sett inn i høve til ein annan type regionale problem enn den distriktspolitiske innsatsen, og det geografiske nedslaget blir derfor eit anna. Men dei to innsatstypane utgjer begge ein regionalpolitisk underbygd ekstrainnsats for næringsutvikling i tillegg til den generelle næringspolitikken.

Ein slik ekstrainnsats er hovudinnhaldet i distrikts- og regionalpolitikken både i Noreg og i andre vestlege land det er naturleg å samanlikne oss med. Dei regionale problema kan variere, og den konkrete innsatsen kan òg vere forskjellig. I mange land dominerer den typen utfordringar som vi har i omstillingsregionane våre. I andre land kan fattigdomsproblem i dei store byane vere den største utfordringa og dermed gjere krav på størst regionalpolitisk innsats. Men felles for land med ein slik politikk er det viktige innslaget av ekstrainnsats i nokre geografisk avgrensa område for å fremme regional utvikling. Det er også slik at innsats for nærings- og sysselsettingsutvikling er eit viktig element i regionalpolitikken i dei fleste land. Men breidda i innsatsen varierer etter korleis sektorpolitikken i dei ulike landa er organisert. Hos oss har vi ein dominerande del av innsatsen innanfor den breie distrikts- og regionalpolitikken. Utfordringane i dei største byane våre løyser vi til dømes gjennom ymse former for ekstrainnsats direkte retta inn mot levekårsproblema.

I andre land gir skiljet vårt mellom brei og smal distrikts- og regionalpolitikk lita meining. Ein større del av innsatsen er synleggjort som ein del av den regionalpolitiske ekstrainnsatsen, finansiert over regionalpolitiske budsjett. Eit vegprosjekt som hos oss er ein sjølvsagd del av samferdslepolitikken, er i andre land ein del av den regionalpolitiske ekstrainnsatsen. Hos oss er det ein styrke at distrikts- og regionalpolitiske omsyn i så stor grad er innebygde i politikkutviklinga og prioriteringane for dei ulike sektorane. Men vi får større effekt ut av innsatsen i kvar sektor dersom vi er betre i stand til å sjå sektorane i samanheng.

Boks 5.2 Dei franske "Contrat de plan" (plankontraktar)

Frankrike har etablert eit system der staten og regionane kvart femte år blir samde om plankontraktar. Desse kontraktane utgjer i tillegg til EUs utviklingsprogram dei dominerande innsatsane for regional utvikling i Frankrike.

I Frankrike har ein etter omfattande grunnlovsreformer tidleg i 80-åra skipa folkevalde organ på tre nivå under nasjonalnivået: kommunar, som Frankrike har om lag 36 000 av; departement, som det finst 96 av, og som på mange måtar kan jamførast med fylka våre; og regionar, som det finst 22 av, og som utgjer grupper av departement. Både regionar og departement fekk skattleggingsrett ved innføringa av folkevalde organ på desse nivåa.

Alle dei 22 regionane i Frankrike skriv under plankontraktar med staten, altså ikkje berre dei delane av landet som er prioriterte i regionalpolitisk samanheng. Gjennom dette systemet går staten og den aktuelle regionen saman om å setje i verk mål, strategiar og tiltak som er nedfelte i plankontrakten. Det har til følgje at regionane blir dregne med og får ansvar for å medverke til større utviklingsinnsatsar som staten tidlegare var åleine om. Bidrag til plankontrakten frå regionane blir skaffa fram gjennom skattar og avgifter. Den regionalpolitiske prioriteringa av kvar region syner seg i det statlege bidraget til plankontrakten jamført med det regionale bidraget.

Den statlege finansieringa kjem frå fleire ulike ministerium. Arbeidet skjer gjennom eit intermi-nisterielt planutval under leiing av statsministerkontoret. Det statlege apparatet på regionalt nivå, særleg prefekten, spelar ei viktig rolle ved å forhandle fram kontraktane på vegne av staten. Motpart i forhandlingane er presidenten i regionrådet. Det er presidenten i regionrådet og prefekten i regionen som skriv under plankontrakten.

Plankontraktane er i dag tilpassa EUs regionalpolitiske utviklingsprogram. Ein stor del av den nasjonale medfinansieringa av strukturfondsprogramma går gjennom plankontraktane. Størstedelen av midlane gjennom plankontraktane går til større infrastruktursatsingar, særleg vegar. Andre store postar er tilrettelegging for næringsverksemd og bedriftsutvikling, utdanning og opplæring. Ein del av midlane går òg til bypolitikk.

Både på statleg og folkevalt regional nivå involverer plankontraktane ulike sektorar. Systemet med plankontraktar fører til at sektorar som tidlegare ikkje har samarbeidd, har fått ein grunn til å samarbeide. Systemet gir kontinuitet som blir oppfatta som viktig for å bevare det langsiktige perspektivet i ulike satsingar. Partane bind seg juridisk til å kome med dei økonomiske bidraga som er nedfelte i plankontrakten. Ein slik kontrakt er bindande også over eit regjeringsskifte. Plankontraktane blir evaluerte undervegs. Det er i prinsippet mogleg å endre kursen undervegs i ein planperiode dersom det trengst.

5.5 Det regionale nivået har vorte viktigare i distrikts- og regionalpolitikken

Det regionale nivået har vorte viktigare innanfor utforming og iverksetjing av politikk dei siste åra. Dette er trekk ein ser i fleire europeiske land. I EUs felles regionalpolitikk, og i den nasjonale regionalpolitikken i fleire OECD-land, blir regionalpolitikken organisert gjennom store utviklingsprogram. Regionale folkevalde organ, andre offentlege styresmakter på regionalt nivå, partane i arbeidslivet og andre krefter, til dømes frivillige organisasjonar, utviklar saman med sentrale styresmakter ein analyse av utfordringane og vilkåra i regionen og formulerer utviklingsmål og strategiar. Desse måla og strategiane blir utvikla som ei form for kontraktar eller rammeavtalar mellom dei medverkande partane. Det legg til rette for ei klar kopling mellom mål og strategiar på den eine sida og konkret oppfølging ved hjelp av verkemiddel og tiltak på den andre.

På europeisk nivå vert det diskutert om vi går mot eit "Regionenes Europa". Det blir hevda at regionane styrker stillinga si i staden for nasjonalstatane, og at dei i større grad fungerer på eiga hand. Omgrepet "Regionenes Europa" brukt på denne måten kan dekkje både separatistiske og føderalistiske ambisjonar. Felles for denne typen oppfatningar er at dei oftast er utvikla under andre føresetnader enn dei vi har i Noreg og i dei andre nordiske landa. Mange europeiske statar er meir kulturelt samansette enn Noreg. Innanfor ein og same stat kan det finnast fleire sterke regionar med eigne språk, med eiga historie som sjølvstendige nasjonar og med eit folketal større enn eller lik det totale folketalet i Noreg. Fleire av desse regionane har klare ambisjonar om sterkare sjølvstende i høve til den sentrale statsmakta.

Men "Regionenes Europa" kan òg dekkje felles innsats frå nasjonalstatane og regionale styresmakter i retning av ein betre politikk for regional utvikling. Ei styrking av det regionale nivået kan dermed også vere ledd i ein medviten utviklingsstrategi frå nasjonalstatane si side. Ein ser at utviklingspolitikken blir meir effektiv og målretta dersom han i større grad er forankra regionalt. På den måten får ein meir att for den innsatsen ein set inn, til beste for dei aktuelle regionane, men òg for nasjonen.

Dei store satsingane, til dømes EUs regionalpolitiske innsats gjennom strukturfonda, representerer ein ekstrainnsats på same måten som innanfor norsk distrikts- og regionalpolitikk. Den auka innverknaden som regionane har fått innanfor denne politikken, representerer dermed ei organisatorisk endring av den regionalpolitiske ekstrainnsatsen. Men vi ser òg fleire døme på at sterke regionar, ofte større byregionar, formulerer eigne utviklingsmål og strategiar og utviklar sin eigen utviklingspolitikk. Det skjer utan sterk økonomisk stønad frå EU eller dei ulike nasjonalstatane, altså utanom den regionalpolitiske ekstrainnsatsen. Ofte kan desse regionane ha eigne midlar å setje inn i ein slik utviklingspolitikk. Men ofte handlar det òg om at regionane får større innverknad på den nasjonale sektorpolitikken som har følgjer for regionen.

Når det gjeld fiskerisektoren i EU går utviklinga omvendt veg. Behovet for sentral styring av verkemiddelbruken har auka grunna overkapasitet i næringa. I EU er det eit eige strukturfond retta mot fiskerisektoren. EU sin fiskeripolitikk er overordna EU sin regionalpolitikk.

I alle diskusjonar om regionalpolitikk og regional utvikling blir det eit viktig spørsmål kva ein meiner med region. I tilknyting til målet om å medverke til å utvikle levedyktige regionar i alle delar av landet vart det i St.meld. nr. 33 (1992-93) presisert at ein med region meiner geografiske område med felles arbeids- og servicemarknader, uavhengige av administrative grenser. For innbyggarane i ein region er det ofte underordna i kva kommune eller fylke arbeidsplassen, dei offentlege tenestetilboda eller dei private tilboda ligg. Det viktige er tilgangen til tilboda. På same måten er det gjerne for næringslivet. Men i andre samanhengar har administrative regionar mykje å seie. Det er i dei administrative regionane vi har folkevalde organ og regionale statsetatar som kan spele ei rolle i den regionale utviklinga. Fleire organisasjonar, både i arbeidslivet og elles i samfunnet, har òg ein struktur som samsvarar med dei administrative regionane.

Ofte ser vi døme på at fleire administrative regionar, til dømes fleire kommunar eller fleire fylke, samarbeider og på den måten etablerer nye regionale einingar. Samarbeid mellom kommunar kan dermed skape einingar som omfattar ein felles arbeids- og servicemarknad, og på den måten saman bli effektive reiskapar i utviklinga av levedyktige regionar. Samarbeidande fylke kan utgjere einingar som står sterkare i høve til meir folkerike regionar i andre land, og på den måten lettare ta del i regionalt samarbeid over landegrensene. Dei ulike formene for samarbeid mellom kommunar og mellom fylke er verdfulle og får meir å seie i tida som kjem. Men dei administrative einingane som utgjer grunnlaget for denne typen samarbeid, kommunane og fylkeskommunane, er likevel dei viktigaste einingane. Regjeringa vil i den samanhengen særleg peike på den sentrale rolla fylkeskommunane har innanfor distrikts- og regionalpolitikken. I ei vidare utvikling av politikken, der regionane spelar ei viktigare rolle i utforminga av mål og strategiar, er det framfor alt fylkesnivået som blir den naturlege eininga å satse på. Fylkeskommunane - saman med SND, fylkesmannen og andre regionale statsetatar - er dei sentrale aktørane på fylkesnivået. Samarbeid på tvers av fylkesgrensene må stimulerast der det fell naturleg i høve til funksjonelle arbeidsmarknads- og serviceregionar.

5.6 Nasjonale strategiar for bruken av dei distriktspolitiske verkemidla

Regjeringa har auka ambisjoner på det distriktspolitiske feltet, og vil på brei basis sikre et høgt nivå på den distriktspolitiske innsatsen. Den overordna strategien som Regjeringa vil leggje til grunn for bruken av verkemidla i åra som kjem, er å utvikle varige og lønsame arbeidsplassar og stimulere verdiskapinga basert på dei særskilde føresetnadene i kvar region. Utan lønsame arbeidsplassar og større evne til å skape verdiar er det ikkje mogleg å innfri dei distrikts- og regionalpolitiske målsetjingane om å halde oppe hovuddraga i busettingsmønsteret og å utvikle robuste regionar i alle delar av landet.

Denne hovudstrategien er delt opp i desse delstrategiane:

  • vidareutvikle eksisterande bedrifter
  • etablere nye bedrifter
  • stimulere kompetanseheving og kunnskapsspreiing
  • bidra til utviklinga av meir funksjonelle regionar
  • bidra til å utvikle politikk for utkantområda
  • bruke regionale utviklingsprogram til betre målretting og tilpassing av verkemidla

Gjennom vidareutvikling av eksisterande bedrifter skal distriktspolitikken vege opp for nokre av dei konkurranseulempene delar av Distrikts-Noreg lir under som følgje av lang avstand til dei sentrale marknadene. Ved at ein jamnar ut avstandsskilnadene økonomisk, aukar også den effektive konkurransen. Det gjer i tillegg bedriftene meir konkurransedyktige på den internasjonale marknaden. Samstundes ligg det eit kontinuerleg behov for å fornye og vidareutvikle den store bedriftsmassen, særleg for å utnytte vekstpotensialet i dei små og mellomstore bedriftene. Den regionalt differensierte arbeidsgivaravgifta (sjå 7.2.) og dei bedriftsretta verkemidla (sjå 7.3 og 7.4) er her dei viktigaste verkemidla.

Gjennom etablering av nye bedrifter skal distriktspolitikken stø opp om det nasjonale arbeidet med å stimulere etablering, nyskaping og omstilling. Konkurranseevne vil i aukande grad seie at ein har evne til å utvikle nye bedrifter og nye produkt. I distriktspolitisk samanheng dreier dette seg om at ein vil bøte på dei særskilde utfordringane og skilnadene som rår i store delar av Distrikts-Noreg når det gjeld etablering og nyskaping. Skal ein utløyse dei store regionale potensiala på dette området, er det nødvendig å setje inn ein ekstra innsats. Dei mindre sentrale områda har ofte ein dårlegare utbygd infrastruktur til å ta hand om etablering, nyskaping og omstilling i bedriftene. Her blir det viktig å styrke støtteapparatet og stimulere nyskapingsevna og miljøet for etablering og nyskaping generelt. Det er først og fremst dei bedriftsretta verkemidla (sjå 7.3.), i tillegg til det personretta verkemidlet (sjå 7.4.), som er naturlege delar av denne strategien.

Gjennom satsing på kompetanseheving og kunnskapsspreiing ønskjer ein gjennom distriktspolitikken å dra nytte av den nye informasjons- og kommunikasjonsteknologien, som blir avgjerande for utviklinga av næringslivet. Nyskaping og omstilling, som står sentralt for konkurranseevna, krev også evne til å etablere betre metodar for produksjon, distribusjon, marknadsføring og sal, til å utvikle leiarskap, organisasjon og samarbeidstilhøve i bedriftene og til å introdusere nye produkt og få innpass på nye marknader. Alt dette bygger på kompetanse - dels gjennom utdannings- og forskingssystemet, dels gjennom særskilde program.

Informasjonsteknologien og nettverket av sentrale og regionale høgskular opnar her for store utsikter. Ei viktig oppgåve blir å setje inn særskilde tiltak for å spreie kunnskapen og auke tilgangen til dette systemet. Ein viktig del av denne strategien er å stimulere mobiliteten for høgt utdanna arbeidskraft og personar med viktig spisskompetanse og å utnytte potensialet i informasjonsteknologien meir aktivt. Det krev i sin tur eit sterkare samarbeid mellom regionale og lokale aktørar, særleg innanfor offentleg forvaltning, forsking, utdanning og næringsliv. Dei viktigaste distriktspolitiske verkemidla på dette området er omtala i 7.5 og 7.6.

Bidrag til utviklinga av meir funksjonelle regionar blir viktigare både når det gjeld å demme opp for sentraliseringa av flyttestraumane, og for å utvikle meir funksjonelle nærings- og arbeidsmarknader. Lokale og regionale senter spelar ulike roller og har ulike funksjonar i senterstrukturen. Det er derfor viktig å utvikle senterane slik at distrikta blir attraktive som arbeidsstader og heimstader. Det krev mellom anna ei aktiv tilrettelegging for å utvikle dei delane av servicefunksjonane som er kontaktintensive. Som ein del av dette blir det viktig å styrke tilkomsten senter og omland, og mellom dei ulike senterane (sjå 4.2). Det vil medverke til å utvide dei regionale arbeids- og servicemarknadene og til å stabilisere busettingsmønsteret.

Samstundes er det viktig å bygge vidare på kunnskapen om at regionale verdiskapingsmiljø utviklar seg i høve til funksjonelle regionar som ikkje treng følgje dei administrative grensene. Særleg gjeld dette kommunegrensene. I arbeidet med å styrke senterstrukturen og regionale verdiskapingsmiljø er det naturleg at fylkeskommunane spelar ei meir sentral rolle. Dei viktigaste verkemidla innanfor den smale distrikts- og regionalpolitikken er her dei indirekte verkemidla, middel som går til oppbygging av infrastruktur, stadutvikling o.a. (sjå 7.6)

Regjeringa ser eit særskilt behov for å utvikle ein politikk for utkantområda. Spesielt er det grunn til å setje fokus på dei delane av landet som er særleg utsette for nedgang i folketal og marginalisering, område som ligg utanfor rimeleg pendlingsomland til dei regionale sentra. Dette er delar av landet som har eit særleg svakt nærings- og servicegrunnlag, og der det er fare for at nedgangen i folketalet kan komme til å halde fram av befolkningsmessige årsaker.

For desse områda er det behov for ei forsterka innsats for å få til ei meir balansert utvikling av folketalet. Ein må finne vegar for å halde oppe servicenivået og levestandarden på eit høgt og akseptabelt nivå. Det trengst eit breiare perspektiv på politikken for desse områda: I tillegg til ei forsterka innsats for å skape varige og lønsame arbeidsplassar, må den særskilde distriktspolitiske innsatsen også rette seg mot praktiske løysingar på utfordringar innanfor velferds- og tenestetilbodet for innbyggarane. Regjeringa legger derfor opp til å utvikle nye typar verkemiddel på dette området i åra som kjem (sjå 7.8)

Regjeringa vil også bruke regionale utviklingsprogram til betre målretting og tilpasning av verkemidla. Med regionale utviklingsprogram meiner vi at ein i større grad prøver å etablere ei meir forpliktande kopling mellom regionalt utvikla program (planar) og verkemiddelbruk. Regionale utviklingsprogram krev ein desentralisert styringsstruktur, der eit viktig poeng er å få til samarbeid mellom fleire finansieringskjelder om felles mål. Regionale utviklingsprogram går vidare ut på at forvaltninga av økonomiske verkemiddel skal vere mål- og resultatretta. Mål og strategiar i programma er formulerte på fylkesnivå og forankra i fylkesplanlegginga. Dei skal ta utgangspunkt i analysar av problem og utsikter, og av nasjonale mål og overordna strategiar for distrikts- og næringspolitikken. Ut i frå eksisterande planar (fylkesplan, strategisk næringsplan) skal fylkeskommunane i samråd med dei aktuelle partane (nærings- og arbeidsliv, kommunar og statlege sektorstyresmakter) lage årlege program for korleis verkemidla konkret skal nyttast i fylket. Regjeringa legg vekt på at dei regionale utviklingsprogramma ikkje kjem i konflikt med dei overordna nasjonale retningslinene for distrikts-, fiskeri- og næringspolitikken.

Bruken av regionale utviklingsprogram kan òg sjåast som ein eigen strategi som set fokus på korleis ein kan få størst effekt ut av verkemidla gjennom dei andre strategiane. Regionale utviklingsprogram er omtala i kapittel 6.

Lagt inn 20 mars 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen