1 INNLEIING

1 INNLEIING

Arbeids- og administrasjonsdepartementet legg med dette fram ei oversikt over statlege styre, råd og utval som har vore verksame i perioden 1. januar til 31. desember 1998. Dette er i tråd med Stortinget sitt ynskje frå 1987, då det vart avgjort at ein berre fremjar melding kvart fjerde år. Stortingsmelding nr. 7 vart sist lagd fram i 1998.

Oversikten inneheld berre statlege styre, råd og utval, og ikkje dei kommunale og fylkeskommunale organa. Som innleiing til oversikta har ein først ei samanlikning med 1997 for variabelen geografisk spreiing. I tillegg vil ein sjå nærare på endringane hjå dei einskilde departementa. Etter dette kjem ei rekke tabellar som samanfattar nokre av hovudtrekka ved dei kollegiale organa i 1998. Til slutt fylgjer ei fullstendig oversikt over dei einskilde organa og medlemmene i dei. Samansetjinga av utvala er ajourført pr. 31. desember 1998, men dei medlemmene som er skifta ut i løpet av året, er ikkje tekne med. Oversikta byggjer på opplysningar frå departementa og Statsministerens kontor. Innsamling og handsaming av datamaterialet og redaksjonell tilretteleggjing er utført av Statens forvaltningsteneste. Anonymiserte data vil vere tilgjengelege for forskingsformål hjå Norsk samfunnsvitskapeleg datateneste ved Universitetet i Bergen.