Forklaringar

VED1VEDLEGG

Forklaringar

Oversikta er laga på grunnlag av opplysningar frå departementa og Statsministerens kontor.

Utvala er ordna etter ansvarleg departement, og er innafor kvart departement delte inn i faste og mellombels organ. Under kvar av desse kategoriane er utvala ordna etter avdeling.

Alle utvala som har vore verksame i 2001 er tekne med, dvs. også dei som er nyoppretta eller nedlagde i løpet av året. Nyoppretta organ er merkte med stjerne (*) etter løpenummeret, og for nedlagde er dato for opphør markert. Dette medfører at det finst fleire råd og utval totalt i oversikten enn dei tala som blir brukte i tabellane innleiingsvis.

Alle utval får tildelt eit fortløpande nummer plassert til venstre over namnet på utvalet. Løpenummeret viser til departementsoversikta, frå personregisteret og frå emneordsregisteret. Dette vil bli endra frå år til år. Utvala har også fått eit fast nummer (oppgjeve til høgre over utvalet) som blir halde uendra frå eit utval blir oppretta til det blir nedlagt. Dei to første sifra i budsjettkapittelet for dette departementet (jf. oversikt nedanfor).

Frå faste organ oppgjev ein oppnemningsperioden for medlemmene. For mellombels utval oppgjev ein kva for ein tidsfrist utvalet har for arbeidet sitt.

Medlemmer og varamedlemmer for kvart utval er som regel personar som var i funksjon pr. 15. desember 2001. Dersom utvalet vart nedlagt i 2001, er likevel samansettinga då utvalet vart oppløyst, tatt med. Opplysningar om personar som er blitt erstatta i 2001, vil framgå av siste årsmelding.

Personopplysningar er i rekkefølge: namn, stilling, arbeidsstad, bustadkommune, årstal for første gongs oppnemning i utvalet (for faste organ), nåverande oppnemningsår.

Særskilde verv (leiar, nestleiar, sekretær, observatør) er merkte av i kursiv etter dei andre opplysningane om personen. Om medlemmene representerer særskilde instansar, er dette merkt av som overskrift.

Dersom personlege varamedlemmer er oppnemnde, vil nummeret framfor namnet til varamedlemmet vise til nemnde medlem. Elles er personar under eit utval oppførte alfabetisk under kvar hovudinndeling og eventuell gruppering.


Departementskodar brukte i faste nummer for utval:

00 Statsministerens kontor
01 Utanriksdepartementet
02 Kyrkje-, utdannings- og forskings- departementet
03 Kulturdepartementet
04 Justisdepartementet
05 Kommunal- og regionaldepartementet
06 Sosial- og helsedepartementet
08 Barne- og familiedepartementet
09 Nærings- og handelsdepartementet
10 Fiskeridepartementet
11 Landbruksdepartementet
13 Samferdselsdepartementet
14 Miljøverndepartementet
15 Arbeids- og administrasjonsdepartementet
16 Finansdepartementet
17 Forsvarsdepartementet
18 Olje- og energidepartementet