Utkast til endring i...

RAMMER

Utkast til endring i yrkestransportlova – oppheving av behovsprøving for drosjer m.v.


Høringsinstanser

Deres ref

Vår ref

Dato

07.05.04

Utkast til endring i yrkestransportlova – oppheving av behovsprøving for drosjer m.v.

Vi viser til vedlagde høyringsnotat.

Samferdselsdepartementet vil med dette sende til høyring eit utkast til endringar i yrkestransportlova, med sikte på at behovsprøvinga for drosjeløyve vert oppheva i løpet av 2005.

Ved å oppheve behovsprøvinga vert det lagt til rette for nyetableringar i drosjenæringa, auka konkurranse, effektivisering og eit differensiert tilbod tilpassa ulike brukargrupper innan persontransport sine behov. For å sikre ordna forhold i drosjetransport vil det framleis vere krav til ei løyveordning. Løyveordninga vil framleis verte administrert av fylkeskommunen (Oslo kommune), men vere basert på krav til utøvar (ei ”kvalitetsprøvd” løyveordning) utan offentleg regulering av talet på løyve.

Høyringsnotatet legg opp til at den som skal få/drive løyve må oppfylle fastsette vilkår om tilstrekkeleg fagleg kvalifikasjon, god vandel og tilfredsstillande økonomisk evne. Slike skjerpa krav til løyve vart innført med verknad frå 1. april 2003. Ordninga med kvalifikasjonsbasert løyve skal medverke til at transporten skjer på ein sikker måte og at drosjebrukarane får eit godt tilbod med tilfredsstillande kvalitet og service.

I høyringsnotatet er det vidare gjort framlegg om å innføre krav til politiattest for føretak, samt å innføre heimel for å kunne ileggje gebyr ved brot på yrkestransportlovgjevinga. (Kap. III).

1. Drosje

I Ot.prp. nr. 74 (2001-2002) om lov om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportlova) vart det ikkje lagt opp til endringar i reguleringsforma for drosjer. Det vart vist til at ein ville evaluere endringane i rammevilkåra for drosjenæringa som var gjort i tida før proposisjonen vart lagt fram, og at departementet ville komme tilbake til spørsmålet om behovsprøving av drosjeløyve etter ein slik gjennomgang. I Innst.O. nr. 66 (2001-2002) slutta Samferdselskomitèen seg til dette, og la til grunn at prosessen vart gjennomført slik at Stortinget så snart som mogeleg kunne ta stilling til behovsprøving av drosjeløyve.

Samferdselsdepartementet ga på dette grunnlag ECON i oppdrag å vurdere behovsprøvinga av drosjeløyve ut fra erfaringane dei siste åra. I rapport 91/02 Behov for behovsprøving? Vurdering av løyveordningen i drosjenæringen blir det m.a. konkludert med at behovsprøvinga legg vesentlege avgrensingar på mogelegheitene for konkurranse i næringa. Konklusjonane er i samsvar med andre vurderingar frå dei seinare åra, Konkurransetilsynet si vurdering av oppheving av maksimalprisforskrifta i visse område (2001) og Næringslovutvalet sin rapport om drosjenæringa i 1995.

1.1 Behovsprøving

I høyringsnotatet som ligg ved er det gjort framlegg om å oppheve behovsprøvinga for drosjer og selskapsvognløyve. Den særskilte løyveordninga for transport av funksjonshemma har etter departementet si meining ikkje noko sjølvstendig løyvemessig meining lenger og er difor foreslått opphevd. Gitte løyver for transport av funksjonshemma vil likevel framleis gjelde. Det vil framleis vere høve til å gje såkalla utvida drosjeløyve med motorvogn registrert for inntil 17 personar, men ordninga vert stramma inn slik at det vil vere eit krav, for å kunne få slikt løyve, at motorvogna fyller krava for motorvogn berekna for transport av funksjonshemma, herunder rullestolbrukarar.

Gjeldande behovsprøving vert avløyst av ei løyveordning utan regulering av talet på drosjer men med krav til politiattest, økonomisk evne og fagleg kompetanse, innført med heimel i yrkestransportlova gjeldande frå 1. april 2003.

1.2 Sentralar

I tilknyting til framlegget om å oppheve behovsprøvinga, er spørsmålet om det skal vere heimel for å påleggje tilknytingsplikt til sentral eller om dette skal vere friviljug for den einskilde løyvehavar. Tilknyting til sentral vil gje løyvehavar fordelar ved bruk av effektive formidlingsanlegg til ein avgrensa kostnad for den einskilde. For tilfeldige einskildbrukarar vil og sentral vere ein tenleg måte å tinge drosje på.

Eit system med frivillig sentraltilknyting basert på privattrettslege avtaler gjev eit klart skilje mot reglane for tildeling av løyve, i motsetnad til ei ordning med plikt til sentraltilknyting.

Eit ev. offentleg pålegg om tilknyting til sentral vil krevje eit offentleg regelverk rundt sentralproblematikken. Regelverket må kunne følgjast opp av offentlege styresmakter innafor tilgjengelege ressursar. Det må m.a. definerast kva ein sentral er, kva oppgaver sentralar kan/skal ha, og det må framleis vere ei ordning med offentleg godkjente sentralvedtekter. Tvungen tilknyting til sentral vil ikkje gje rom for den enkelte til å definere innhaldet i eige tenestetilbod.

Det kan lett oppstå motstrid mellom ønskje/krav om marknadstilpassing dersom organiseringa av tilbodet vert regulert av eit offentleg regelverk som krev endringar gjennom politiske prosessar kvar gong det skjer endring i marknadstilhøva. Det vert i den samanhang vist til at drosjemarknaden er svært konjunkturutsett.

Offentleg pålegg om sentraltilknyting føreset og at det vert utarbeidd eit nytt regelverk om etablering og drift av drosjeselskap. (Departementet legg til grunn at det må vere mogeleg å organisere drosjedrift som anna transportnæring i selskapsform.) Eit drosjeselskap vil utad i høve til publikum framtre som ein vanleg drosjesentral, innad vil eit slikt selskap kunne vere organisert svært ulikt tradisjonelle drosjesentralar.

Departementet ber særskilt om eventuelle synspunkt på ovannemnde problemstillingar.

1.3 Avgiftsrefusjon

Når det gjeld rammevilkår for næringa elles, vil ordninga med delvis fritak for eingongsavgifta ved første gangs registrering av motorvogn i Norge som drosje vidareførast . Etter som løyve ikkje lenger skal behovsprøvast, vil systemet bli lagt om for å hindre misbruk av ordninga. Det vert vurdert om fritak (refusjon) skal gjevast på etterskot, på grunnlag av dokumenterte inntekter fra drosjeverksemd.

2. Politiattest for føretak

Det vert foreslått gitt heimel i yrkestransportlova for å krevje politiattest også for føretak ved søknad om løyve. Føretaksstraff er ein relativt ny sanksjon. Transportføretak vil kunne dømast til store bøter for alvorlege eller gjentekne brot på yrkestransportlovgjevinga, som for personlege løyveinnehavarar ville ført til inndraging av løyve. Så lenge daglig leiar av føretaket ikkje vert råka, vil gjeldande regelverk utan krav til politiattest for føretak ikkje kunne hindre at føretaket kan få nye løyve. Det er dette, kombinert med at enkelte selskap er gjengangarar, som grunngjer forslaget om innføring av politiattest for føretak og ikkje berre dagleg leiar.

3. Gebyr ved brot på yrkestransportlovgjevinga

Det har lenge vore ønskjeleg med eit meir nyansert og effektivt sanksjonssystem i nedre del av skalaen ved brot på yrkestransportlova sine føresegner. Det vert difor gjort framlegg om at det vert gitt heimel i yrkestransportlova til å kunne påleggje gebyr på staden ved former for mindre alvorlege lovbrot som let seg stadfeste på staden, som at kontrolldokument og liknande ikkje kan visast fram slik lova krev.

Vi ber om eventuelle merknader til høyringsnotatet innan 12. august 2004.

Vi ber og om at eventuelle merknader vert sendt i elektronisk form til

bente.sylliasen@sd.dep.no

Med hilsen

Arnfinn Øen e.f.

Jan Vidar Weltzien