Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Utkast til Forskrift...

RAMMER

Utkast til Forskrift om gebyr til Post- og teletilsynet


Fastsett av Samferdsledepartementet xx.yy. 2004 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 83 om elektronisk kommunikasjon §§ 11-6 og 12-1, 12-2, jf. kgl.res. 4. juli 2003 nr 881, lov 29. november 1996 nr. 73 om formidling av landsdekkende postsendingar § 20, jf. kgl. res. 25. juni 1999 og lov av 15. juni 2001 nr.81 om elektronisk signatur § 24, jf. kgl.res. 15. juni 2001 nr. 615 og forskrift 15. juni 2001 nr.611 om krav til utsteder av kvalifiserte sertifikater mv. §12.

Kapittel I

§ 1Gebyrfordeling mellom forvaltningsområde

Det samla beløpet som Post- og teletilsynet kan krevje inn som gebyr går fram av det årlege statsbudsjettet.

Av det samla beløpet skal:

  1. 45 % krevjast frå tilbydar av elektronisk kommunikasjonsnett, elektronisk kommunikasjonsteneste og tilhøyrande fasilitetar, sertifikatutstedar som er registreringspliktig etter lov av 15. juni 2001 nr. 81 om elektronisk signatur § 18 og innehavar av løyve til bruk av nummer, namn og adresseressursar
    43 % krevjast frå innehavar av frekvensløyve, og
  2. 9 % krevjast frå registrert importør, produsent og radioforhandlar, frå autorisert installatør og frå innehavar av løyve for aeromobilt utstyr og nødpeilesendar.
  3. 3 % krevjast frå postoperatør

§ 2Gebyrperiode

Årleg gebyr vert utmåla for heile kalenderår (gebyrperiode). Det skal betalast gebyr for kalenderåret når løyve, registrering eller autorisasjon er gyldig ved kalenderåret sin start. Det skal og betalast gebyr for heile kalenderåret i det år registrering vert gjort, eller løyve eller autorisasjon vert gitt. Dersom løyve, registrering eller autorisasjon er oppsagt innan starten av eit kalenderår, skal det ikkje betalast gebyr for det følgjande året.

Kapittel II

§ 3Gebyr for løyve til bruk av nummer, namn og adresseressursar

Årleg gebyr for løyve til bruk av nummerressursar i nummerplan for telefon m.m. (E.164) er:

1. for løyve til bruk av 8-sifra nummer kr 10 000, eller der dette gir høgare gebyr

  1. for 8-sifra nummer i 8xx-serien kr 0,20 for kvart nummer
  2. for 8-sifra nummer i seriane 2, 3, 5, 6, 7 kr 0,05 for kvart nummer
  3. for 8-sifra nummer i seriane 4 og 9 kr 0,15 for kvart nummer

2. for 4-sifra nummer i serien 18xx kr 4 000 for kvart nummer
3. for 5-sifra nummer kr 6000 for kvart nummer
4. for kvart prefiks for val av tilbydar av elektronisk kommunikasjonsnett som brukast til offentleg tilgjengeleg elektronisk kommunikasjonsteneste kr 4 000.

Årleg gebyr for disponering av nummerressursar i andre nasjonale obligatoriske nummerplanar er for:

  1. X.121 DNIC kr 6 000
  2. X.121 PNIC (DNIC + 2 eller 3 siffer) kr 6 000
  1. E.118 kortutgivarkode (IIN) kr 6 000
  2. E.167 ISDN-nettkode for lukka brukargrupper kr 6 000
  3. E.212 mobil nettkode (MNC) kr 6 000
  4. E.214 nettkode (NC) for landmobile nett kr 6 000
  5. Q.704 punktkodar for nasjonal signalering (NI=3) uavhengig av kor mange punktkodar som disponerast kr 5 000
  6. Q.708 punktkodar for internasjonal signalering (NI=0) uavhengig av kor mange punktkodar som disponerast kr 5 000
  7. T.35 leverandørkode kr 6 000
  8. Tilbydarkode for tilbydarportabilitet kr 4 000

Eingongsgebyr for løyve til bruk og registrering etter frivillige nummerplanar er kr 5 000 for:

  1. registrering av ADMD domenenamn for X.400 elektronisk post
  2. registrering av PRMD domenenamn for X.400 elektronisk post
  3. løyve til bruk av EDI-identifikator for bruk i EDIFACT
  4. løyve til bruk av ISO-DCC nettadresse (NSAP-adresse)
  5. løyve til bruk av objektidentifikator.

§ 4Gebyr for postoperatør

Post- og teletilsynet kan ved enkeltvedtak fastsette årleg gebyr for postoperatørar i samsvar med lov 29. november 1996 nr. 73 om formidling av landsdekkende postsendinger (postloven) § 20. Det skal krevjast inn eit beløp som er i samsvar med § 1 andre ledd nr. 4.

§ 5Gebyr for sertifikatutstedar

Post- og teletilsynet kan ved enkeltvedtak fastsette årleg gebyr for sertifikatutstedar som er registreringspliktige etter lov 15. juni 2001 nr. 81 om elektronisk signatur § 18, jf § 24.

§ 6Gebyr for tilbydar av elektronisk kommunikasjonsnett, elektronisk kommunikasjonsteneste og tilhøyrande fasilitetar

Samla gebyr som skal fordelast mellom tilbydarar av elektronisk kommunikasjonsnett, elektronisk kommunikasjonsteneste og tilhøyrande fasilitetar er beløpet etter §1 andre ledd nummer 1, fråtrekt gebyr etter §§ 3 og 5.

Beløpet etter første ledd skal fordelast forholdsmessig mellom tilbydarar med relevant omsetning over 50 millionar norske kroner i siste rekneskapsår før gebyrperioden. Kvar tilbydar skal betale ein brøkdel av dette beløpet som svarar til tilbydaren sin brøkdel av den samla relevante omsetninga til dei som skal betale gebyr etter dette leddet. Relevant omsetning er omsetning i marknader for elektronisk kommunikasjonsnett og -teneste.

Kapittel III

§ 7Gebyr for radioamatørløyve

Det skal betalast kr 2000 i eingongsgebyr før det vert gjeve radioamatørløyve.

§ 8Gebyr for frekvensløyve

Samla gebyr som skal fordelast mellom innehavarane av frekvensløyve etter §§ 8-13, er beløpet etter § 1 andre ledd nummer 2, fråtrekt gebyr etter §§ 7 og 14. Frekvensløyve er løyve til å ta i bruk delar av frekvensspekteret.

Beløpet etter første ledd skal fordelast på følgjande måte:

  1. 47 % mellom dei med frekvensløye for Profesjonell Mobil Radio
  2. 11 % mellom dei med sendarløyve i frekvensband planlagt for kringkastingstenester
  3. 10 % mellom dei med andre sendarløyve enn dei som er nemnt i nummer 2)
  4. 23 % mellom dei med spektrumsløyve i frekvensband planlagt for kringkasting eller mobile tenester
  5. 9 % mellom dei med andre spektrumsløyve enn dei som er nemnt i nummer 4).

Sendarløyve er løyve til å ta i bruk spekteret med konkrete radiosendarar. Spektrumsløyve er løyve til å nytte ein del av spekteret i eit geografisk område utan at det er definert kvar radiosendarane skal plasserast.

§ 9Gebyrfor frekvensløyve for Profesjonell Mobil Radio

Innehavar av spektrumsløyve for Profesjonell Mobil Radio skal betale kr 100 000, og kr

6 250 for kvar 12,5 kHz kanal som disponerast.

Beløpet etter § 8 andre ledd nummer 1, fråtrekt samla gebyr etter første ledd, skal fordelast mellom innehavarane av sendarløyve for Profesjonell Mobil Radio på følgjande måte: Basestasjonar blir tilordna ei vekt på 5. Mobile stasjonar blir tilordna ei vekt på 1. Gebyret for kvar stasjon vert lik stasjonen si vekt, delt på det samla talet veide stasjonar med sendarløyve, multiplisert med beløpet etter første punktum.

§ 10Gebyr for sendarløyve i frekvensband planlagt for kringkastingstenester

Dei som har sendarløyve for riksdekkande kringkastingsnett skal betale ein gebyrkomponent på kr 500 000 for kvart nett, pluss gebyr for kvar sendar etter fjerde ledd.

Dei som har sendarløyve for andre kringkastingsnett skal betale ein gebyrkomponent på kr 2000 for kvart nett, pluss gebyr etter fjerde ledd.

Sendarar vert tilordna vekter som i tabell 1. Sendarar som fell inn under fleire kategoriar vert tilordna ei vekt som er lik produktet av vekta i kvar kategori.

Beløpet etter § 8 andre ledd nummer 2, fråtrekt summen av dei faste gebyra etter første og andre ledd, skal fordelast mellom dei som har sendarløyve i frekvensband planlagt for kringkastingstenester slik at gebyret for kvar sendar vert lik sendaren si vekt, delt på det samla talet veide sendarar, multiplisert med beløpet.

Kategori

Vekt

Sendareffekt mindre enn 50 W

3

Sendareffekt frå og med 50 til og med 1000 W

5

Sendareffekt større enn 1000 W

10

Sendar i frekvensband under 30 MHz

50

Sendar i riksnett

0,5

tabell 1

§ 11Gebyr for andre sendarløyve

Gebyr for sendarløyve som ikkje fell inn under §§ 9 andre ledd og 10 vert berekna etter paragrafen her.

Sendarløyve for jordstasjonar for satellitt og stasjon til bruk til forsking vert tilordna ei vekt på 50. Stasjon i radiotelemetrisystem, punkt til punkt/multipunkt, med kanalbredde under eller lik 25 kHz og utstrålt effekt (e.r.p) under eller lik 0,5 W vert tilordna ei vekt på 2. Andre sendarar vert tilordna vekt som i tabell 2.

Beløpet etter § 8 andre ledd nummer 3 skal fordelast mellom dei som har sendarløyve slik at gebyret for kvar sendar vert lik sendaren si vekt, delt på det samla talet veide sendarar, multiplisert med beløpet.

Frekvensband

Vekt

Lågare enn 2 GHz

7

Frå og med 2 til og med 9 GHz

10

Frå 9 til 20 GHz

7

Frå og med 20 GHz

4

tabell 2

§ 12Gebyr forspektrumsløyve i frekvensband planlagt for kringkasting eller mobile tenester.

Dei som har spektrumsløyve i frekvensband som går fram av tabell 3 og som ikkje fell inn under § 9, skal betale ein gebyrkomponent på kr 50 000 for kvar samanhengande frekvensblokk dei disponerer, pluss ein gebyrkomponent etter tredje ledd.

Beløpet etter § 8 andre ledd nummer 4, minus summen av dei faste gebyrkomponentane etter første ledd, skal fordelast mellom dei med spektrumsløyve i forhold til den bandbreidda som spektrumsløyvet famnar om. Bandbreidda vert tilordna ei vekt som i tabell 3. For regionale løyve vert denne vekta multiplisert med brøkdelen av befolkninga i Noreg som er busett i dekningsområdet til løyvet.

Gebyret som vert berekna på grunnlag av disponert bandbreidde er lik den vekta bandbreidda som spektrumsløyvet famnar om, delt på den samla vekta bandbreidda, multiplisert med beløpet etter andre ledd.

Frekvensband

Vekt

223-240 MHz

150

380-430 MHz

20

450-470 MHz

45

870-880 / 915-925 MHz

20

880-915 / 925-960

30

1710-1880

30

1900-2170

33

tabell 3

§ 13Gebyr for andrespektrumsløyve

Gebyr for spektrumsløyve som ikkje fell inn under §§ 9 første ledd og 12 vert berekna etter paragrafen her.

Den eine halvparten av beløpet etter § 8 andre ledd nummer 5 skal fordelast mellom dei med spektrumsløyve med ein lik del for kvar samanhengande frekvensblokk dei disponerer. Dei skal og betale gebyr etter tredje ledd.

Den andre halvparten av beløpet etter § 8 andre ledd nummer 5 skal fordelast mellom dei med spektrumsløyve i forhold til den bandbreidda som spektrumsløyvet famnar om. Bandbreidda vert tilordna ei vekt lik 1/f, der f er senterfrekvensen i det frekvensbandet frekvensblokka ligg i. For regionale løyve vert denne vekta multiplisert med brøkdelen av befolkninga i Noreg som er busett i dekningsområdet til løyvet. Gebyret som vert berekna på grunnlag av disponert bandbreidde er lik den vekta bandbreidda som spektrumsløyvet famnar om, delt på den samla vekta bandbreidda, multiplisert med beløpet etter første punktum.

§ 14Andre frekvensgebyr

Post- og teletilsynet kan ved enkeltvedtak fastsette gebyr for internasjonal koordinering for satellittverksemd, gebyr for Forsvaret sine frekvensløyve, gebyr for frekvensløyve for maritim radioverksemd og gebyr for frekvensløyve knytt til luftfartsverksemd

Post- og teletilsynet kan ved enkeltvedtak fastsette gebyr for frekvensløyve som ikkje er omfatta av reglane i § 7-13.

Kapittel IV

§ 15Gebyr for løyve for aeromobilt radioutstyr

Eingongsgebyr for registrering av installert radioutstyr i luftfartøy er for:

  1. fullt utstyrt luftfartøy over 9000 kg kr 5500
  2. fullt utstyrt luftfartøy under 9000 kg kr 2750
  3. luftfartøy som ikkje er fullt utstyrt kr 1100.

Årleg gebyr er kr 400 for:

  1. løyve for radioutstyr med kommunikasjonstenester ombord i luftfartøy
  2. løyve for radionavigasjonsutstyr ombord i luftfartøy
  3. løyve for pulsutstyr ombord i luftfartøy.

Årleg gebyr for løyve for teleterminal ombord i luftfartøy er kr 1100.

Årleg gebyr for løyve for radioutstyr som kan overføre på aeromobile, maritime og private kanalar ombord i luftfartøy er kr 700.

§ 16Gebyr for løyve for identifiserbar nødpeilesendar

Årleg gebyr for løyve for identifiserbar nødpeilesendar er kr 600.

§ 17Gebyr for registrert importør, produsent, radioforhandlarog forautoriserte installatørar

Samla gebyr som skal fordelast mellom registrerte importørar, produsentar, radioforhandlar og autoriserte installatørar er beløpet som følgjer av § 1 andre ledd nummer 3, minus gebyr etter §§ 15 og 16.

Beløpet etter første ledd skal fordelast slik: Kvar kategori får tilordna ei vekt som i tabell 4. Gebyret for kvar registrert importør, produsent, radioforhandlar og for kvar autorisasjon vert da vekta, dividert på summen av dei veide registrerte importørar, produsentar, radioforhandlarar og autorisasjonar, multiplisert med beløpet som følgjer av første ledd.

Kategori

Vekt

Registrert leverandør av radio- og terminalutstyr

3

Autorisasjon som teleinstallatør

2

Autorisasjon som radioinstallatør

2

Autorisasjon som kabel-TV-installatør

2

Registrert radioforhandlar

0,75

tabell 4

Kapittel V

§ 18Unntak

Post- og teletilsynet kan i særlege høve gjere unntak frå kapitel II, III og IV.

Stor variasjon i gebyret frå eit år til neste skal reknas som særleg høve.

§ 19Klageinstans

Samferdsledepartementet avgjer klage på enkeltvedtak etter forskrifta her.

§ 20Sanksjonar

Dersom gebyr ikkje vert betalt kan Post- og teletilsynet innafor rammene til ekomloven § 10-8, trekkje tilbake løyve, nekte bruk og nekte å utferde nye løyve.

Bruk av sanksjonar endrar ikkje plikta til å betale fastsette gebyr.

§ 21Iverksetjing m.v.

Forskrifta tek til å gjelde XXXX.

Frå same tid vert forskrift 20. mars 2000 nr 302 om gebyr til Post- og teletilsynet oppheva.

Til toppen