Kommentarar til fråhaldspliktforskrifta

Publisert 16. oktober 2006

Lovgrunnlaget

Frå 1. juli 2006 gjeld dei nye reglane om fråhaldsplikt og promillegrense mv. i jernbanelova, jf. Ot.prp. nr. 39/Innst. O. nr. 36 (2005-2006).

Ordlyden i desse er som følgjer:

”§ 3 a. (Alkoholpåvirkning mv.)

Ingen må føre eller forsøke å føre rullende materiell

1. med en alkoholkonsentrasjon i blodet som er større enn 0,2 promille, eller en alkoholmengde i kroppen som kan føre til så stor alkoholkonsentrasjon i blodet,

2. med en større alkoholkonsentrasjon i utåndingsluft enn 0,1 milligram per liter luft,

3. under påvirkning av et annet berusende eller bedøvende middel enn alkohol, eller

4.  når sykdom, legemidler, tretthet eller lignende årsak gjør han eller hun uskikket til å utføre tjenesten på betryggende måte.

Villfarelse med hensyn til alkoholkonsentrasjonens størrelse fritar ikke for straff. Forbudet gjelder tilsvarende for den som utfører eller forsøker å utføre oppgaver knyttet til sikkerheten ved jernbane.

Den som forbudet i første ledd gjelder for, må ikke nyte alkohol eller ta annet berusende eller bedøvende middel i de første seks timer etter at tjenesten er avsluttet, når vedkommende forstår eller må forstå at det kan bli politietterforskning på grunn av utførelsen av tjenesten. Dette forbudet gjelder likevel ikke etter at blodprøve eller utåndingsprøve er tatt, eller politiet har avgjort at slik prøve ikke skal tas.

Departementet kan gi nærmere forskrifter om hvem som omfattes av denne bestemmelsen.

§ 3 b. (Pliktmessig avhold mv.)

Den som fører rullende materiell, må i tjenestetiden ikke nyte alkohol eller annet berusende eller bedøvende middel. Tjenestetiden omfatter tidsrommet fra vedkommende i henhold til sine tjenesteplikter påbegynner utførelsen av slikt arbeid som stillingen krever og inntil arbeidet avsluttes. Forbudet gjelder tilsvarende for den som utfører eller forsøker å utføre oppgaver knyttet til sikkerheten ved jernbane.

Forbudet gjelder også i et tidsrom av 8 timer før tjenesten begynner.

Departementet kan gi nærmere forskrifter om hvem som omfattes av denne bestemmelsen. ”

Vidare er politiet gitt heimel i jernbanelova til å ta alkotest, utandingsprøve og blodprøve av dei personane som kjem inn under fråhaldsplikta. Det heiter her:

”§ 3 c. (Alkotest, utåndningsprøve, blodprøve)

Politiet kan ta alkotest (foreløpig blåseprøve) av en person

1. som det er grunn til å tro har overtrådt bestemmelsene i §§ 3 a og 3 b,

2. som med eller uten egen skyld er innblandet i en jernbaneulykke eller jernbanehendelse, eller

3. når det blir krevd som ledd i kontroll av jernbanedriften.

Dersom resultatet av alkoholtesten eller andre forhold gir grunn til å tro at bestemmelsene i §§ 3 a eller 3 b er overtrådt, kan politiet fremstille personen for utåndingsprøve, blodprøve og klinisk legeundersøkelse for å søke å fastslå påvirkningen. Slik fremstilling skal i alminnelighet finne sted for den som nekter å medvirke til alkotest.

Utåndingsprøve tas av politiet. Blodprøve kan tas av lege, sykepleier eller bioingeniør. Klinisk legeundersøkelse foretas når det er mistanke om påvirkning av andre midler enn alkohol eller andre særlige grunner taler for det.

Departementet kan gi nærmere forskrifter om undersøkelser som nevnt i paragrafen her.”

Justisdepartementet har gitt instruks til politiet for bruk av alkotest (foreløpig blåseprøve) i veg- og sjøtrafikksaker, og instruks for alkoholutandingsprøve. (Instruksane er reviderte og blei sette i kraft frå 1. juli 2005). Samferdselsdepartementet reknar med at politiet vil nytta reglane i desse  instruksane så langt dei passer i sine kontrollar etter jernbanelova § 3 c.

Merknader til dei einskilde paragrafar i forskrifta

Til § 1 Virkeområde mv.

Forskrifta gjeld for personell som utfører oppgåver som gjeld tryggleiken ved jernbane, medrekna sporveg, tunnelbane og forstadsbane mv. Departementet vil presisere at alle formar for jernbane kjem inn under virkeområdet, også museumsbaner og liknande i den grad dei regulerast etter jernbanelova.

Med personell meinast personar som gjer teneste for jernbaneverksemda. Ordlyden er valt med tanke på å dekkje opp både tilsette i jernbaneverksemda og andre som er leigde inn for å gjere arbeid for jernbaneverksemda, til dømes entreprenørar, underleverandørar o.l. Det er heller ikkje krav om at arbeidet blir utført etter  kontrakt. Frivillig innsats i jernbaneverksemd (til dømes i museumsbaner) vil også bli råka av fråhaldsplikta og promillegrensa.  

Forskrifta gjeld også for personell ved kabelbaner. Elles er kabelbaner regulerte i taubaneforskriftene, slik at det vil vere klargjerande å ha ei presisering av denne gruppa i fråhaldspliktforskrifta. Det er ikkje tvil om at kabelbaner gjekk inn under  ” avholdpliktsloven” av 16 juli 1936 nr. 2, jf. Johan Giertsen ”Pliktmessig avhold” utgitt av Universitetsforlaget i 1996. Det er ikkje meint å gjere nokon endring i virkeområdet til ”pliktavholdsloven” da lovreguleringa blei flytta over i jernbanelova.

Til § 2 Personell ved jernbane som er omfatta av promillegrense og fråhaldsplikt mv. i jernbanelova

Innhaldet i fråhaldsplikta og promillegrensa går fram av jernbanelova § 3 a og § 3 b, jf. ovanfor der teksten i desse paragrafane er siterte.  

Når det gjeld personellgrupper som er omfatta av føresegnene, er det teke utgangspunkt i helsekravforskrifta til Statens jernbanetilsyn, men med tillegg av at forskrifta også gjeld for kabelbaner. Både helsekravforskrifta og fråhaldspliktforskrifta har til oppgåve å sikre tryggleiken ved jernbanedrifta. Jernbaneverksemda har eit sjølvstendig ansvar for å identifisere kva for funksjonar som utfører dei ymse oppgåvene, dvs. kva for kategoriar av stillingar og personell som utfører arbeidsoppgåver nemnde i denne paragrafen, dersom dette ikkje går klårt fram av den type stilling den einskilte har.

Bokstav a

Trafikkstyring omfattar styring og overvaking av all trafikk på sporet, inkludert arbeid i og ved sporet, gjennom tekniske system og/eller manuelle rutinar. Togleiar og togekspeditør vil omfattast her. Vidare vil personell ved kabelbane som har tilsvarande oppgåver omfattast.

Bokstav b

Føresegna klargjer at driftspersonell ved kabelbaner er omfatta, sjølv om enkelte av funksjonane også vil gå inn under dei andre bokstavane i paragrafen her. Det går fram av forskrift av 3. mai 2002 nr. 446 ”om bygging og drift av taubaner og kabelbaner” kva for oppgåver som er lagt til driftsleiar og avløysar og anna driftspersonell ved slike baner.

Bokstav c

Alle førarar av rullande materiell kjem inn under føresegna, også dei som fører via fjernkontroll. Til dømes er lokomotivførar, tunnelbaneførar, trikkeførar, kabelbaneførar, vognførar og førar av skinnetraktor og andre arbeidsmaskinar  omfatta. Også flytting av skinnegåande arbeidsmaskinar på spor under svært lav hastigheit er omfatta av føresegna, i motsetning til i helsekravforskrifta.  Det er eit forbod etter fråhaldspliktføresegnene i jernbanelova å føre eller forsøkje å føre rullande materiell, jf. jernbanelova § 3a.  Den som assisterer føraren kjem også inn under føresegna dersom assistansen er vesentleg for framføringa, som til dømes ved utkikk i køyreretninga.  

Bokstav d

Under føresegna kjem sporskifter, skifter, signalgivar og skifteleiar.

Bokstav e

Føresegna omfattar personell som utvekslar viktig informasjon for trafikktryggleiken med trafikkleiinga eller føraren av tog, og som kommuniserar med førar ved signal i samband med av- og påstiging. I tillegg er personell som utfører beredskapsoppgåver om bord i toget omfatta. Ombordansvarleg, servicemedarbeidar og brann/beredskapsvakt vil også vere omfatta i den grad dei utfører dei nemnde oppgåvene.

Bokstav f

Føresegna gjeld personell som på operativt nivå sikrar at arbeid og aktivitetar i og ved spor ikkje er årsak til farlege situasjonar mellom arbeid og arbeidsmaskinar og med den ordinære trafikken.  Denne oppgåva vil mellom anna vere å kommunisere med trafikkleiinga om samspelet mellom aktiviteten og den ordinære trafikken. Tryggleiksmann og tryggleiksvakt vil vere omfatta av føresegna.

Bokstav g

Føresegna gjeld mellom anna den som utfører driftsprøving, visitasjon, bremseprøving, kontroll av last m.m. Personell som berre utfører vedlikehald i eit verkstadmiljø, sjølv om arbeidsoppgåvene kan innehalde eit visst innslag av vurderingar, er ikkje omfatta her.

Til § 3 Plikter for den som driv jernbaneverksemd

Føresegna legg også ei plikt på jernbaneverksemda til å informere personell om dei reglane som gjeld om fråhaldsplikt, promillegrense og mot å utføre arbeid når dei er sjuke, trøtte eller liknande, jf.  jernbanelova § 3 a og § 3 b. Dette vil særleg gjelde eigne tilsette, og kan eventuelt takast inn i arbeidsvilkåra til dei tilsette gjennom instruks eller liknande. Bruker verksemda entreprenørar, underleverandørar o.l. bør dei i den samanhengen også opplyse om kva krav som er sette til personell som utfører oppgåver som er nemnte i § 2 i forskrifta. Sjølv om paragrafen legg ei plikt på jernbaneverksemda, strekk ikkje dette seg så langt at det fritek personellet sjølve frå ansvaret om å kjenne reglane som gjeld for det arbeidet dei utfører.

Til § 4 Ikraftsetjing

Forskrifta tek til å gjelde frå 1. januar 2007.

Straffesanksjonar

I jernbanelova § 22 andre leden er det teke inn eit straffebod for dei som i aktløyse eller med forsett bryt reglane i jernbanelova § 3 a og § 3 b.

Ordlyden er som følgjer:

”Den som uaktsomt eller forsettlig overtrer forbudet i §§ 3 a eller 3 b, straffes med bøter eller fengsel inntil ett år. Overtredelse er forseelse.”

Føresegna er ei vidareføring av ”avholdspliktloven” § 7 første leden. Tilsvarande straffebod finnast også innanfor luftfart, sjø og vegtrafikk.