Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Mjøs-utvalet: Høgre utdanning etter år 2000

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Utvalet som har greitt ut høgre utdanning her i landet etter år 2000, Mjøs-utvalet, leverte si innstilling 8. mai 2000. Utvalet blei oppnemnd i statsråd 30. april 1998.

1.1.1 Samansetjing:

Leiar:
professor Ole Danbolt Mjøs, Tromsø
Medlemmer:
student Hilde Gunn Bjelde, Oslo
rektor Knut Brautaset, Grimstad
viseadm.dir. NHO Gro Brækken, Bærum
professor Signe Kjelstrup, Trondheim
generalsekretær Kari Kjenndalen, Oslo
rektor Bjarne Kvam, Meland
professor Victor Norman, Bergen
universitetsdir. Kåre Rommetveit, Bergen
student Ivar Strand , Bergen
professor Turid Karlsen Seim, Oslo
professor Rune Sørensen, Bærum
nestleiar LO Gerd-Liv Valla, Oslo
fung. direktør Per Olaf Aamodt, Oslo
fylkesmann Tora Aasland, Time
professor Ole-Henrik Magga

1.1.2 Mandat

  • gi ei samla framstilling og vurdering av universitet og høgskolar som utdannings- og forskingsinstitusjonar. Utviklinga skal sjåast på bakgrunn av utdanningsreformene dei siste ti åra og i lys av kunnskap om det høgre utdanningssystemet i andre land. Kvalitet og effektivitet i så vel utdanning som forsking må stå i fokus.
  • vurdere behov for endringar i universitets- og høgskolesektoren ut frå dei lovpålagde oppgåvene og i lys av nye krav frå studentar, samfunns- og næringsliv. Her bør ein også vurdere tidsbruk og ressursar til undervisning og rettleiing i forhold til eksamen og sertifisering, og tiltak som kan gi betre samsvar mellom normert og faktisk studietid. For universiteta er det nødvendig å vege rolla som masseutdanningsinstitusjon i forhold til ansvaret for grunnforsking.
  • vurdere behov for endringar i universitets- og høgskolesektoren som følgje av auka internasjonalisering, u-landssamarbeid og utvikling av ein internasjonal kompetansemarknad.
  • vurdere dimensjoneringsspørsmåla i prinsipielt og langsiktig perspektiv. Prinsipp for dimensjonering og fordeling av kapasitet bør drøftast i nasjonal målestokk, for ulike utdanningsområde og i ulike delar av landet. Kapasitet på hovudfags- og dr.gradsnivå må vurderast særskilt.
  • vurdere rekruttering til høgre utdanning i lys av demografiske forhold, endringane i vidaregåande skole og ønsket om å gi ny sjanse til dei som ikkje har hatt høve til å skaffe seg høgre utdanning tidlegare.
  • vurdere strategiar og vilkår for omstilling ved institusjonane i lys av m.a. endringar i studenttilgang for ulike studium og behov for å halde oppe kompetanse på viktige fagområde.
  • vurdere tilpassinga mellom utdanningssystemet og arbeidslivet i ein breid samanheng, m.a. i lys av OECD sin gjennomgang av norsk høgre utdanning. Det må her takast omsyn til den viktige regionale og næringspolitiske rolle universitet og høgskolar speler. Det må både leggjast vekt på å sikre tilgang på den høgre utdanna arbeidskraft arbeidslivet etterspør, og å leggje til rette slik at den kompetansen kandidatane har kjem til nytte i samfunnet.
  • vurdere gradsstrukturen: i kva grad han fremjer og gir rom for studieløp som gir yrkeskvalifikasjonar, om det er behov for å endre krav til fagsamansetjing eller studietid knytt til gradane, eller om det er behov for nye gradar. Utvalet må sjå på kva konsekvensar eventuelle endringar vil få for vitskapsfaga og for rekruttering til forsking.
  • vurdere utvikling av studietilbodet med utgangspunkt i reformene i skolen, samt aukande behov for etter- og vidareutdanning, sjå på korleis ny teknologi kan takast i bruk, og drøfte organisatoriske løysingar og tiltak som kan setje universitet og høgskolar i stand til å utvikle rollene sine på desse områda.
  • vurdere korleis ein kan utvikle incitamentsstrukturen (m.a. finansieringsprinsipp i forhold til institusjonane og studiefinansieringa) med sikte på best mogleg ressursutnytting, samtidig som kvalitet i forsking og undervisning blir sikra.
  • vurdere dei personalmessige, juridiske og økonomiske rammene både for oppdragsverksemd i regi av institusjonane sjølve og for samarbeid med randsoneinstitusjonar i lys av utfordringane frå samfunns- og næringsliv, slik at institusjonane bl.a. er betre i stand til å møte kompetansebehova i arbeidslivet. Utvalet blir bede om å vurdere desse spørsmåla som ei eiga utgreiing innan 1. april 1999, og kan hente inn nødvendig eksperthjelp i arbeidet.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil gi utvalet nærare oppdrag når det gjeld etter- og vidareutdanning. (Tilleggsmandat gitt i brev fra KUF 12.10.98. Delinnstilling levert 19.04.99 – NOU 1999:17 Realkompetanse i høgre utdanning.)

Utvalet skal greie ut økonomiske og administrative konsekvensar av forslaga, og minst eitt forslag må vere basert på uendra ressursbruk innan høgre utdanningsområdet.

Til toppen