Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Gode prosessar avgjerande for kystvernet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Miljøverndepartementet

Pressemelding

Dato: 18.juni 1999

Gode prosessar avgjerande for kystvernet

Vern etter naturvernlova skal framleis vere ein berebjelke i arbeidet med å ta vare på særleg verdifulle naturområde. Regjeringa vil sikre rom både for verneinteresser og utvikling av næringsaktivitet langs kysten. Dette går fram av ei ny stortingsmelding om vern og bruk i kystsona, og forholdet mellom verneinteresser og fiskerinæringa.

- Partane må inn i prosessen så tidleg som råd for å redusere konfliktnivået kring etableringa av nye verneområde. Når vedtak er fatta, er det viktig at verneområda blir forvalta lokalt for å gi dei lokal forankring, seier miljøvernminister Guro Fjellanger.

Vern er eit bidrag til å sikre det biologiske mangfaldet i Noreg, og vern av sjøområde er ein naturleg og nødvendig del av dette arbeidet. Stortingsmeldinga inneheld strategien til Regjeringa for det vidare arbeidet med vern av område i kystsona og tilhøvet mellom verneinteressene og fiskeria, taretråling og havbruk.

Dei resterande verneplanane, inkludert kystverneplanane i Nordland og Troms, vil bli gjennomført i tråd med tidlegare intensjonar, og innafor rammene det er lagt opp til i denne meldinga. Arbeidet med ein eigen marin verneplan vil og starte opp som tidlegare planlagt. Det er ikkje planlagt kystverneplanar i andre fylke enn i Nordland og Troms.

Ved oppretting av verneområde, både på land og i sjø, skal vernearealet ikkje vere større, og restriksjonane ikkje strengare enn det som trengst for å sikre verneverdiane. Kunnskapsgrunnlaget må betrast gjennom overvaking, kartlegging og forsking. Dette skal gi grunnlag for evaluering av verneområda, som er nødvendig for å vurdere nærare om verneverdiar er oppretthalde i tråd med verneformålet. Dessutan vil ei evaluering vise verknader av vernet i forhold til lokalsamfunnet og eventuell næringsutøving.

Miljø- og fiskeristyresmaktene skal saman vurdere om omfanget av sjøareal, og restriksjonar i forhold til fiske og havbruk i eksisterande verneområde, er i samsvar med retningslinjene i denne stortingsmeldinga. Tilsvarande vil dei gjennomgå forskrifter som regulerer tang og tarehausting når forvaltningsplanen for tare ligg føre. Før framlegget til kystverneplanen i Nordland eventuelt vert vedteke, vil ein vurdere å redusere storleiken på sjøareala som har vore på høyring. Under føresetnad av at miljøverknadene av havbruksverksemd ikkje er i strid med verneformålet, meiner Regjeringa det i større grad enn tidlegare kan vere mogleg å kombinere vern og havbruk. Føre-var prinsippet skal alltid leggjast til grunn ved vurdering av eventuell løyve til havbruksverksemd innafor eit verneområde.


Kontaktperson: Ingunn Iversen, telefon 22 24 58 79

Lagt inn 18. juni 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen
Til toppen