Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

I-26/98 Rundskriv om kommunale og fylkeskommunale eldreråd

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Rundskriv om kommunale og fylkeskommunale eldreråd

Sosialavdeling II

Landets kommunar
Landets fylkeskommunar

Rundskriv I-26/98
Dato: .05.98

Rundskriv om kommunale og fylkeskommunale eldreråd

I. Innleiing
II. Lov om kommunale og fylkeskommunale eldreråd
III. Rettleiande merknader

1. Plikta til å opprette eldreråd
2. Oppnemning og samansetjing
3. Oppgåvene for eldreråda
4. Saksbehandling
5. Årsmelding

I. Innleiing

Lova om kommunale og fylkeskommunale eldreråd er av 8. november 1991 (nr 76). Forarbeida til lova er Ot. prp. nr. 68 for 1990-91 og Innst. O. nr. 4 for 1991-92.

Lova inneber ei plikt for kommunane og fylkeskommunane til å opprette eldreråd for å sikre eldre innverknad i alle saker som vedkjem dei.

Eldreråda er kommunale/fylkeskommunale organ. Reglane i kommunelova gjeld verksemda i råda, så langt ikkje anna går fram av eldrerådslova, jf kommunelova § 2. Viktig for verksemda i eldreråda er særleg reglane i kommunelova kap 6 om saksbehandlingsreglar i folkevalde organ og reglane i kap 7 om rettar og plikter for dei folkevalde.

Eldreråda er forvaltningsorgan etter forvaltningslova. Reglane i forvaltningslova gjeld verksemda i råda så langt ikkje anna følgjer av eldrerådslova eller kommunelova.

Føremålet med dette rundskrivet er å gi ei orientering om reglane som gjeld for verksemda i eldreråda etter eldrerådslova og anna lovverk. Rundskrivet avløysar tidlegare rundskriv I-43/91.

II. Lov om kommunale og fylkeskommunale eldreråd

Kapittel I. Kommunale eldreråd

§ 1.(Skiping av kommunale eldreråd)
I kvar kommune skal det vere eit eldreråd som skal veljast av kommunestyret for valperioden.

Departementet kan gjere unnantak frå regelen i første leden når kommunen vil ha eldreråd for geografisk avgrensa område innan kommunen. I kommunar der oppgåvene som gjeld eldre er overført til bydelsutval, skal det vere eldreråd i alle bydelar. For slike eldreråd ivaretek bydelsutvala dei rettar og plikter som etter denne lov er lagt til kommunestyret. Eldreråd for geografisk avgrensa område skal ha same arbeidsområde som omhandla i § 3. I slike høve skal det og veljast eit sentralt eldreråd.

§ 2.(Val og samansetjing av kommunale eldreråd)
Kommunestyret avgjer kor mange medlemmer eldrerådet skal ha. Reglane om høvetalsval i §§ 36 og 37 i lov om kommuner og fylkeskommuner av 25. september 1992 nr. 107 gjeld ikkje ved val av eldreråd.

Pensjonistforeiningar har rett til å koma med framlegg om medlemmer til eldrerådet. Fleirtalet av rådsmedlemmene skal vere alderspensjonistar i kommunen.

Rådet peikar sjølv ut leiar og nestleiar, som skal veljast ut mellom pensjonistane.

§ 3.(Oppgåvane for kommunale eldreråd)
Eldrerådet er eit rådgjevande organ for kommunen.

Alle saksdokumenta skal leggjast fram for rådet i god tid før kommunestyret handsamar sakene.

Eldrerådet skal ha til handsaming alle saker som gjeld levekåra for eldre.

Eldrerådet kan sjølv ta opp saker som vedkjem eldre i kommunen. Protokollen frå rådsmøtet skal fylgje saksdokumenta til dei kommunale organ som tek endeleg avgjerd i saka.

§ 4.(Andre føresegner for kommunale eldreråd)
Kommunen skal skipa høveleg sekretariathjelp for rådet.

Eldrerådet har rett til å uttale seg før kommunestyret skipar sekretariat, vedtek budsjett for rådet, og gjev utfyllande reglar for saksførehavinga i rådet.

Reglane i kommunestyrelova om kommunale nemnder gjeld tilsvarande for verksemda i eldrerådet så langt ikkje anna går fram av denne lova.

Eldrerådet skal kvart år utarbeide ei melding om verksemda si. Meldinga skal leggjast fram for kommunestyret.

Kapittel II. Fylkeskommunale eldreråd

§ 5.(Skiping av fylkeskommunale eldreråd)
I kvar fylkeskommune skal det vere eit eldreråd som skal veljast av fylkestinget for valperioden.

§ 6.(Val og samansetjing av fylkeskommunale eldreråd)
Fylkestinget avgjer kor mange medlemmer eldrerådet skal ha. Reglane om høvetalsval i §§ 36 og 37 i lov om kommuner og fylkeskommuner av 25. september 1992 nr. 107 gjeld ikkje ved val av eldreråd.

Fylkespensjonistforeiningar har rett til å koma med framlegg om medlemmer til eldrerådet. Fleirtalet av rådsmedlemmene skal vera alderspensjonistar frå fylket.

Rådet peikar sjølv ut leiar og nestleiar, som skal veljast ut mellom pensjonistane.

§ 7.(Oppgåvene for fylkeskommunale eldreråd)
Eldrerådet er eit rådgjevande organ for fylkeskommunen.

Alle saksdokumenta skal leggjast fram for rådet i god tid før fylkestinget handsamar sakene.

Eldrerådet skal ha til handsaming alle saker som gjeld levekåra for eldre.

Eldrerådet kan sjølv ta opp saker som vedkjem eldre i fylket.

Protokollen frå rådsmøtet skal fylgje saksdokumenta til dei fylkeskommunale organ som tek endeleg avgjerd i saka.

§ 8.(Andre føresegner for fylkeskommunale eldreråd)
Fylket skal skipa høveleg sekretariathjelp for rådet.

Eldrerådet har rett til å uttale seg før fylkestinget skipar sekretariat, vedtek budsjett for rådet, og gjev utfyllande reglar for saksførehavinga i rådet.

Reglane i fylkeskommunelova om fylkeskommunale nemnder gjeld tilsvarende for verksemda i rådet så langt ikkje anna går fram av denne lova.

Eldrerådet skal kvart år utarbeide ei melding om verksemda si. Meldinga skal leggjast fram for fylkestinget.

Kapittel III. Ikraftsetjing

§ 9.(Ikraftsetjing)
Denne lova tek til å gjelde frå 1. januar 1992.

III. Rettleiande merknader

1. Plikta til å opprette eldreråd

Plikta til å opprette eldreråd er teke inn i § 1 for kommunane og § 5 for fylkeskommunane. Eldrerådet skal veljast av kommunestyret eller fylkestinget.

Kommunedels- eldreråd
§1 andre ledd

Det skal opprettast eigne kommunedels-eldreråd i alle byar der det er oppretta kommunedelsutval etter kommunelova § 12 og oppgåvene for eldre er overførde til desse. Plikta er utan unntak, og råda skal veljast av kommunedelsutvala. For slike kommunedels-råd har kommunedelsutvala dei oppgåver og plikter som etter lova er lagt til kommunestyret.

Eldreråd for geografisk avgrensa område
§ 1 andre ledd

Kommunane kan og opprette eldreråd for geografisk avgrensa delar av ein kommune. Dette vil til dømes kunne gjelde storkommunane. Oppretting av slike råd krev samtykkje frå departementet.
Der det vert oppretta eldreråd for geografisk avgrensa område og kommunedels-eldreråd skal desse ha same arbeidsområde som eit vanleg eldreråd har etter § 3 i lova.
I begge tilfelle skal det og opprettast eit sentralt eldreråd for heile kommunen.

Sekretariathjelp
§ 4 og § 8

Kommunen/fylkeskommunen er etter §§ 4 og 8 første ledd forplikta til å sikre ein høveleg sekretariathjelp for rådet.

Kommunane/fylkeskommunane har etter lova plikt til å leggje tilhøva praktisk til rette for at eldreråda skal kunne kome med tilråding før det blir teke viktige avgjerder som vedkjem eldre i kommunen/fylkeskommunen. Det følgjer av dette at kommunen/fylkeskommunen må syte for sekretariathjelp av eit slikt omfang at eldrerådet kan gjennomføra dei oppgåvene lova legg til dei. Det er i forarbeida til lova rekna med at arbeidet vil vere av eit omfang som vil krevje ein tredels stilling.

I forarbeida er det peika på at verksemda til eldrerådet gjeld alle sektorane i kommunen/fylkeskommunen. Det er derfor ønskjeleg at det blir teke omsyn til dette ved plasseringa av sekretariatet. Fleirtalet i sosialkomiteen rådde til at sekretariatet blir lagt til sentraladministrasjonen i kommunen eller fylkeskommunen.

Sekretariatet er ein del av den samla kommunale/fylkeskommunale administrasjon og er underlagt administrasjonssjefen innanfor dei rammer kommunestyret/fylkestinget fastset, jf kommunelova § 23 nr 1.

Etter § 4 og § 8 i lova skal rådet ha rett til å uttale seg før kommunestyret/fylkestinget avgjer organiseringa av sekretariatet. Det gjeld både kor sekretariatet skal leggjast, kva for arbeidsoppgåver det skal ha og kor stor stillingsprosent det skal ha.

Budsjett
§§ 4 og 8

Det er ein føresetnad etter lova at kommunestyret/fylkestinget skal vedta budsjett for rådet og løyve dei naudsynte midla til å dekkje drifta i rådet. Dette skal omfatte midlar til sekretariatsfunksjonen, arbeidsgodtgjersle jf kommunelova § 42 og til å dekkje naudsynte utgifter til skyss, kost og overnatting etter dei satsar kommunen har vedteke jf kommunelova § 41. Eldrerådet har rett til å uttale seg før kommunestyret/fylkestinget vedtek budsjett for rådet.

Innan dei rammene kommunelova og budsjett- og rekneskapsforskriftene set har kommunestyret/fylkestinget høve til å delegere budsjettmyndigheit til eldrerådet. Det kan skje ved at eldrerådet får ei rammeløyving å halde seg til eller ved ordinær delegasjon gjennom uttrykkelege overføringsfullmakter.

2. Oppnemning og samansetjing

Funksjonstid
§§ 1 og 5

Eldreråda skal veljast for den kommunale/fylkeskommunale valperioden, med ei funksjonstid på fire år.

Talet på rådsmedlemmar
§§ 2 og 6

Etter §§ 2 og 6 er det kommunestyret/fylkestinget som fastset talet på medlemmar i eldrerådet. Råda bør ikkje vere for store. I forarbeida er det nemnt frå fem til ni medlemmar. Det er ein føresetnad i kommunelova § 16 nr 1 at det og skal veljast varamedlemmar til rådet.

Departementet tilrår at både eldrerådet og pensjonistforeiningar i kommunen/fylket får høve til å uttale seg når talet på rådsmedlemmar skal fastsetjast.

Kven føreslår medlemmar ?
§§ 2 og 6

Dei som har rett til å føreslå medlemmar er pensjonistforeiningar, lag og samarbeidsutval som er representative for dei pensjonistgruppene dei skal representere i kommunane og fylka.

I innstillinga frå Sosialkomiteen er det peika på at og andre typar frivillige organisasjonar og foreiningar som driv aktivt arbeid blant eldre, bør få høve til å føreslå medlemmar. Det er her truleg tenkt på mellom anna lokallag av landsomfattande frivillige organisasjonar og foreiningar.

Krav til samansetjinga
§§ 2 og 6

For å sikre medverknad for dei eldre, skal fleirtalet av medlemmane vere alderspensjonistar. Det politiske styrketilhøvet i kommunen/fylket skal ikkje vere avgjerande for samansetjinga. Retten til å krevje høvetalsval etter kommunelova gjeld derfor ikkje.

“Alderspensjonist” er i forarbeida definert som ein person med alderspensjon. Det vil seie at alderspensjonistar kan veljast sjølv om dei har gått av med pensjon før dei fylte 67 år og ikkje har alderspensjon frå folketrygda.

Rådet vel sjølv leiar og nestleiar. Desse skal veljast blant pensjonistane.

Ein må ved oppnemninga vere merksam på reglane i kommunelova § 38 nr 2. I ei offentleg nemnd skal båe kjønn vere representerte, og det skal vere minst 40 prosent av kvart kjønn dersom nemnda har fire medlemmar eller fleire.

Medlem av eldrerådet kan søkje om fritak frå vervet før funksjonstida er ute når vedkommande ikkje “uten uforholdsmessig vanskelighet eller belastning kan skjøtte sine plikter..”, jf kommunelova § 15 nr 2. Dårleg eller svak helse er eit døme på kva som kan vere fritaksgrunn.

3. Oppgåvene for eldreråda

Rådgjevande organ
§§ 3 og 7

Eldrerådet skal vere eit rådgjevande organ for kommunen/fylkeskommunen. Det skal kunne uttale seg om alle framlegg som vedkjem eldre i kommunen/fylkeskommunen.

Nokre kommunar ønskjer å sikre brukarmedverknad i plan- eller gjennomføringsprosessar ved at representantar for dei ulike brukargruppene, til dømes dei eldre, sit i prosjekt-, plan-, referansegrupper og liknande. Her kan deltaking frå eldrerådet vere aktuelt. Men slike ordningar er ikkje lovheimla i eldrerådslova.

Saker som skal leggjast fram for rådet
§§ 3 og 7

Kommunestyret /fylkestinget har etter lova ei plikt til å leggje fram for eldrerådet alle saker som gjeld eldre.

Lova avgrensar ikkje klårt arbeidsoppgåva for eldrerådet. Hovudføremålet med lova var likevel at rådet skulle behandle ymse overordna planar og vedtak. Eldrerådet var ikkje tiltenkt å skulle behandle saker som gjeld einskildpersonar. Dette vil dei ofte heller ikkje ha høve til etter anna lovgjeving.

Rådet kan og sjølv ta opp saker som vedkjem eldre. Lova gir ikkje eldrerådet høve til å krevje at kommunestyret/fylkestinget behandlar sakene vidare.

Proposisjonen gir i kommentarane til §§ 3 og 7 døme på sakstypar som skal leggjast fram for rådet. Det gjeld årsbudsjett, langtidsbudsjett og kommune- og fylkesplanar. Andre saker og sektorplanar som ofte gjeld eldre er tiltak og planar i helse- og sosialsektoren, bustadprogram, reguleringsplanar, samferdselssaker, kommunikasjonsplanar og kulturelle tiltak.

4. Saksbehandlinga

Utfyllande reglar
§§ 4 og 8
Kommunelova § 39 nr 1

Kommunestyret/fylkestinget skal gje utfyllande reglar for saksbehandlinga i råda, jf kommunelova § 39 nr 1. Etter §§ 4 og 8 i eldrerådslova har råda rett til å uttale seg før kommunestyret/fylkestinget fastset reglane.

Sakene skal leggjast fram i god tid
§§ 3 og 7

Etter lova skal sakene leggjast fram for rådet i god tid før kommunestyret/fylkestinget eller eit anna folkevalt organ som har kompetanse til å avgjere sakene, skal behandle dei.

For å sikre eldre større innverknad i saker som vedkjem dei, er det viktig at kommunane/fylkeskommunane legg sakene fram for eldrerådet på eit tidspunkt i saksbehandlinga der rådet har høve til å påverke sakene. Det følgjer av dette at kommunen/fylkeskommunen må rekne med saksførebuing og saksbehandling i eldrerådet når den skal fastsetje tidspunkt for når saker skal behandlast i kommunestyret/fylkestinget.

I dei tilfella der saker skal førebuast av faste utval, kommunedelsutval og komitear før dei skal behandlast av kommunestyret/fylkestinget kan det vere ønskjeleg at eldrerådet får saksdokumenta til behandling før dei førebuande organa behandlar sakene. Dette vil sikre eldrerådet reell innverknad ved at rådet kan kome med innspel tidleg i saksprosessen.

Sjølv i saker der det er lita tid, skal sakene som hovudregel leggjast fram for rådet. I hastesaker der kommunen følgjer regelen i kommunelova § 13, går departementet ut frå at kommunen/fylkeskommunen ikkje vil ha plikt til å leggje saka fram for eldrerådet.

Teieplikt
Forvaltnings- lova § 13

Eldrerådet er eit forvaltningsorgan, jf forvaltningslova. Rådsmedlemmane har derfor teieplikt etter forvaltningslova § 13.

Administrasjonen kan ikkje unnlate å leggje saker fram for rådet sjølv om saka inneheld opplysningar det er teieplikt om. Behandlinga av saker i eldrerådet er ein del av saksførebuinga. Teieplikta hindrar derfor ikkje innsyn, jf forvaltningslova § 13 b nr 2. Nokre særlover har strengare teiepliktreglar enn forvaltningslova og set grensar for innsyn frå andre delar av forvaltninga. Dette gjeld særleg saker om bestemte personar. I desse sakene har heller ikkje eldrerådet krav på innsyn, men må ha samtykkje frå den/dei det gjeld for å sjå opplysningane. Eldrerådet er ikkje tiltenkt å skulle behandle saker som gjeld einskildpersonar.

Rådsmøte
Kommunelova
§§ 31 og 32

Dersom ikkje anna følgjer av teieplikt fastsett i lov eller vedtak etter kommunelova § 31 skal møta i eldrerådet vere opne for alle. Møta må kunngjerast slik at dei som er interesserte kan få kjennskap til tid, stad og dagsordenen, jf kommunelova § 32.

Habilitet
Kommunelova
§ 40

Habiliteten til medlemmane er regulert i kommunelova § 40 og forvaltningslova § 6.

Møtebok
§§ 3 og 7
Kommunelova
§ 30 nr 3

Det skal førast møtebok over saker som er behandla av rådet. Møteboka skal innehalde dei same opplysningane som møtebøker frå andre kommunale eller fylkeskommunale organ.

Ein utskrift frå møteboka skal følgje med saka til det organ som avgjer saka, jf §§ 3 og 7.

5. Årsmelding

Eldrerådet skal laga ei årsmelding kvart år. Denne skal leggjast fram for kommunestyret/fylkestinget, jf §§ 4 og 8. Kommunestyret/fylkestinget bør behandle årsmeldinga som ei eiga sak.

Med helsing
Jo Flydal
Anders Haugland

Lagt inn 27. oktober 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen