Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Utval for å vurdere finansieringa av dei politiske partia og folkevalde grupper si verksemd

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 66/2003
Dato: 17.10.03
Kontaktperson: Informasjonssjef Lisa Bang 22 24 49 58

Utval for å vurdere finansieringa av dei politiske partia og folkevalde grupper si verksemd

Regjeringa oppretta i dag eit utval som skal vurdere finansieringa av dei politiske partia og folkevalde grupper si verksemd. Utvalet som vert leia av professor Rune Sørensen, får også ansvar for å sjå på om det er naudsynt med lovendringar for å sikre nok innsyn i finansieringa av dei politiske partia.

Utvalet sitt mandat:

  • kartleggje finansieringa av politiske parti per i dag
  • vurdere naudsynte og akseptable finansieringssystem for framtida
  • vurdere ønska grad av innsyn i partia si finansiering og korleis dette kan ivaretakast
  • kommentere forslag frå Stortinget (vedtak 13.12.2002 nr.178) og foreslå endringar i høve til dette
  • kartleggje dei folkerettslege rammene for nasjonal lovgiving, jf. Den europeiske menneskerettskonvensjon (EMK), særleg art. 10 og 11
  • vurdere Europarådet si tilråding om reglar mot korrupsjon i finansieringa av politiske parti og valkampar

Medlemmer i utvalet:

1. Rune Sørensen (Bærum), leiar
2. Martin Kolberg (Lier), A
3. Trond R. Hole (Oslo), H
4. Geir Mo (Oslo), FrP
5. Gunhild Johansen (Tromsø), SV
6. Inger Helene Venås (Oslo), KrF
7. Mali Grete Aksnes (Nordheimsund), Sp
8. Jennie Johnsen (Oslo), V
9. Dag Hagen Berg (Hadsel i Nordland), Kystpartiet
10. Christel Grønqvist Meyer (Hamar), Hamar By- og bygdeliste
11. Hanne Marthe Narud (Oslo), UiO
12. Kaare Strøm (Lund, Sverige)
13. Dag Omholt (Oslo), pensjonist
14. Gunnar Bodahl-Johansen (Fredrikstad), Institutt for journalistikk
15. Sandra Henriette Riise (Oslo), NARF
16. Caroline Taube / Inst. for off. rett/Univ. i Oslo (f.o.m. nov. 2003)

Til toppen