Historisk arkiv

Rammer for eventuell ny bransjeavtale

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 43/2004
Dato: 14/09/2004
Kontaktpersoner:
Informasjonssjef Lisa Bang (AAD), tlf: 22 24 49 58
Informasjonssjef Signe Bjørvik (KKD), tlf: 91 34 65 57

Rammer for eventuell ny bransjeavtale

Partane i bokbransjen har starta nye samtalar om ein mogleg ny bransjeavtale. Ei slik bransjeavtale treng unntak frå gjeldande konkurranselovgjeving. For at bransjen i desse forhandlingane kan operera innanfor realistiske rammer har Morten A. Meyer og Valgerd Svarstad Haugland sendt brev til Den norske Bokhandlerforening og Den norske Forleggerforening.

I brev datert 13. september presiserer statsråd Morten A. Meyer i Arbeids- og administrasjonsdepartementet og statsråd Valgerd Svarstad Haugland i Kultur- og kyrkjedepartementet at Regjeringa legg til grunn fylgjande:

  1. Det er ikkje aktuelt å gjera framlegg om ei lov om faste prisar på bøker.
  2. Det er uaktuelt å vidareføra fastpris for skulebøker og det monopolet bokhandlane har på sal av denne bokgruppa etter gjeldande bransjeavtale, men visse overgangsføresegner vil kunna bli aksepterte. Vi minner dessutan om føresegna i § 9-4 i opplæringslova om at lærebøker skal liggja føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris.
  3. Styresmaktene kan på visse vilkår akseptera ei fastprisordning for skjønnlitteratur og allmennlitteratur: Føresegner om fastpris må i tilfelle fastsetjast slik at ingen distribusjonskanalar får eksklusive høve til rabatt. Dette vil innebera at det kan fastsetjast ei rabattgrense i avtalen, men at alle distribusjonskanalane skal ha rett til å selja bøker med opp til same rabatten i den grad dei finn dette tenleg.
  4. Dei naudsynte unntaka frå konkurranselova kan fastsetjast ved forskrift. Dersom ei slik forskrift skal kunna ta til å gjelda frå 1. januar 2005 lyt partane snarast råd leggja fram ei sameint tilråding.