Historisk arkiv

Utvida pappapermisjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

Nr.: 05101 F
Dato: 14.10.05

Utvida pappapermisjon

Regjeringa gjer framlegg om å utvide fødselspermisjonen for fedrar med éi veke ekstra, til seks veker, frå 1. juli 2006. Fedrekvoten blir etter dette like lang som den øyremerkte perioden til mor etter fødselen.

– Vi vil gi fedrar meir tid saman med borna. På eitt år har vi utvida permisjonen for fedrar med rett til fedrekvote frå fire til seks veker. Det gir fedrar høve til å vere meir saman med borna, og det fremjar likestilling i heimen, seier barne‑ og familieminister Laila Dåvøy.

Utvidinga er tenkt som ei forlenging av den samla fødsels‑ og adopsjonspengeperioden. Stønadsperioden ved fødsel vil etter framlegget utgjere 44 veker med 100 prosent lønn eller 54 veker med 80 prosent lønn. Ved adopsjon vil stønadsperioden vere 41 eller 51 veker.

Forslaget gjeld dei fedrane som har rett til fedrekvote. Den ekstra veka går til mor dersom far ikkje har rett til fødsels‑ eller adopsjonspengar, dersom mor er einsleg forsytar, eller dersom det er gitt unntak frå fedrekvoten.

Forslaget gjeld fødslar og adopsjonar frå og med 1. juli 2006.

Heilårsverknaden av utvidinga er rekna ut til å bli om lag 170 mill. kroner. Meirutgiftene i 2006 er rekna ut til å bli 10 mill. kroner, sidan dei fleste fedrar tek ut fedrekvoten i den siste delen av stønadsperioden.


Meir informasjon:

Samleside om statsbudsjettet Barne- og familiedepartementet, med andre pressemeldingar, talfakta og aktuelle lenkjer.