Historisk arkiv

Kystkultur på plass i Fiskeridepartementet sitt budsjett

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr.: 59/2002
Dato: 03.10.2002
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Johan H. Williams 22 24 64 40 / 90 02 44 46

Kystkultur på plass i Fiskeridepartementet sitt budsjett

- Dette er ein merkedag. For første gong har Fiskeridepartementet ein eigen post på budsjettet som er øyremerka kystkultur. Sjølv om vi startar forsiktig med to millionar kroner på neste års budsjett, er dette første steg på vegen. Ambisjonen er at løyvingane skal auke, seier fiskeriminister Svein Ludvigsen.

Fiskeriminister Svein Ludvigsen vurderer også eit fyrmuseum på Lindesnes. Tanken er at eit slikt museum skal ta opp i seg verksemda til alle fyra langs kysten, at det skal vere eit museum for heile etaten. Kystdirektoratet skal i første omgang greie ut spørsmålet, og skal dessutan sjå på kostnaden ved etablering av ei nettverksløysing for fyrmusea.

Løyvinga til kystkultur følgjer opp det delansvaret Fiskeridepartementet har for kystkultur og kulturminne. Ludvigsen understrekar at det gjeld å finne balansen mellom vern og ein levande og aktiv bruk av kystkulturen.

I Nord-Trøndelag er Norveg-prosjektet i Rørvik allereie kome langt som eit livskraftig museumstiltak innan fiskeri- og kystkultur. Norveg-prosjektet er ein del av Kystmuseet i Nord-Trøndelag. Fiskeriminister Svein Ludvigsen vil at ein million kroner av midlane frå Fiskeridepartementet skal gå til dette prosjektet.

Fiskeridepartementet intensiverer no arbeidet innan kystkultur og kulturminne. Fiskerimuseenes Nettverksråd har kartlagt fiskerimusea. Departementet vil på bakgrunn av dette arbeide for eit heilskapleg nettverk av alle fiskeri- og kystmusea.