Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Forslaget om omdanning av sparebankar lagt fram

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Finansdepartementet

117/2001

Pressemelding

Nr.: 117/2001
Dato: 07.12.01
Kontaktperson: Anne-Sissel Skånvik, telefon 22 24 41 09, mobil 913 22 811/Runar Malkenes, telefon 22 24 41 31, mobil 952 14 283

Forslaget om omdanning av sparebankar lagt fram

Finansdepartementet legg i Kredittmeldinga 2000 fram hovudprinsippa for ei lovendring som skal gjere det mogleg å omdanna sparebankar til aksjeselskap.

Etter gjeldande reglar er sparebankar organiserte som sjølveigande institusjonar utan høve til omdanning til aksjeselskap. I NOU 1998:14 gjekk eit fleirtal i Banklovkommisjonen inn for ei lovendring som gjer det mogleg å omdanna til aksjeselskap. Sparebankforeningen gjekk i høyringa i mot ein slik heimel til omdanning av sparebankar til aksjeselskap.

Spørsmålet om heimel til omdanning for sparebankar blei aktualisert av ein førespurnad frå Gjensidige NOR til Finansdepartementet i fjor haust, der Gjensidige NOR ba om at ein legg til rette for at Sparebanken NOR kan omdanna seg til eit aksjeselskap.

Sparebankforeningen har i tida etter Gjensidige NOR sin førespurnad til departementet hatt ei ny intern handsaming av spørsmålet om omdanning. Eit fleirtal i styret i Sparebankforeningen gjekk i april 2001 inn for at ein bør opne for at sparebankar skal kunne omdanna seg.

Sparebankforeningen og Banklovkommisjonen har skissert ulike modellar for organiseringa av omdanna sparebankar.

Finansdepartementet vil nå setje i gang eit lovarbeid med sikte på å endre finanslovgivinga slik at det blir mogleg å omdanna sparebankar til aksjeselskap. Lovarbeidet vil ta utgangspunkt i Banklovkommisjonen sitt forslag i NOU 1998: 14. Banklovkommisjonen sitt forslag inneber at aksjane i ein sparebank skal vere ått av ein stiftelse, med unntak av dei aksjar som tilsvarar grunnfondsbeviskapitalen. Den nærare regulering av gjennomføringa og verknader av ei omdanning vil vurderast i samband med lovarbeidet. I samband med lovarbeidet tar ein sikte på ei regulering av stiftelsen som skal motverke oppkjøp av sparebankar der dette ikkje er ønskjeleg. Parallelt med lovarbeidet vurderast det tiltak for å betre rammevilkåra for mindre sparebankar, til dømes å styrkje grunnfondsbevisordninga.

Kredittmeldinga inneheld elles ein oversikt over Finansdepartementet og Kredittilsynet sitt forvaltningsarbeid på finansmarknaden i 2000. Vidare omtalar ein mellom anna verksemda i Kredittilsynet, Noregs Bank, Folketrygdfondet, Bankinvesteringsfondet og Banksikringsfondet.

Kredittmeldinga inneheld i år også ein omtale av verksemda til Det internasjonale valutafondet (IMF).

Til toppen