Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Nye gunstige reglar for skattefri heime-PC

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Finansdepartementet

Pressemelding 60/2002

Finansdepartementet sender nå på høring forslag til nye reglar for å stadfeste den gunstige praktiseringa av ordninga med heime-PC.(14.09.2002)

Pressemelding

Nr.: 60/2002
Dato: 14.09.2002
Kontaktperson: Anne-Sissel Skånvik, telefon 22 24 41 09, mobil 913 22 811

Nye gunstige reglar for skattefri heime-PC

Finansdepartementet sender nå på høring forslag til nye reglar for å stadfeste den gunstige praktiseringa av ordninga med heime-PC.

Etter at ordninga med skattefritak for heime -PC kom i 1997 har ein sett at mange arbeidstakarar har fått PC i heimen gjennom ei ordning med månadlig trekk i lønen. Det er denne praksisen som med dette forslaget nå vert forankra i regelverket.

Høringsutkastet foreslår nokre presiseringar om kva som ligg i at ein har behov for PC-utstyr i arbeidet, og kva for utstyr som fell inn under ordninga. Dei nye reglane vil tre i kraft frå og med inntektsåret 2003.

Til toppen