Historisk arkiv

Statsrekneskapen for 2001 lagt fram

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Finansdepartementet

Pressemelding 18/2002

Dei samla inntektene i statsrekneskapen for 2001 var på 758,4 milliardar kroner, medan utgiftene var på 516,8 milliardar kroner. Det syner stortingsmeldinga om statsrekneskapen for 2001, som vert lagt fram i dag. (26.04.2002)

Pressemelding

Nr.: 18/2002
Dato: 26.04.2002
Kontaktpersoner: Morten Baltzersen, telefon 22 24 43 03/Anne-Sissel Skånvik, telefon 22 24 41 09, mobil 913 22 811/Runar Malkenes, telefon 22 24 41 31, mobil 952 14 283

Statsrekneskapen for 2001 lagt fram

Dei samla inntektene i statsrekneskapen for 2001 var på 758,4 milliardar kroner, medan utgiftene var på 516,8 milliardar kroner. Det syner stortingsmeldinga om statsrekneskapen for 2001, som vert lagt fram i dag. Statens netto inntekter frå oljeverksemda vart på 243,2 milliardar kroner. Det oljekorrigerte underskotet vart dermed 1,6 milliardar kroner. Det samla overskotet i statsrekneskapen og statens petroleumsfond vart i 2001 på 258,8 milliardar kroner.

Det strukturelle underskotet, der den oljekorrigerte budsjettbalansen vert korrigert for mellom anna verknaden av at konjunkturene skil seg frå det normale og endringer i rekneskapstilhøve, vart knapt 18 milliardar kroner.

Det oljekorrigerte underskotet vart 1,6 milliardar kroner i 2001. Det vart i samband med nysalderinga av statsbudsjettet vedteke at 0,4 milliardar kroner av petroleumsinntektene skulle inntektsførast på statsbudsjettet. Statsrekneskapen vert dermed gjort opp med eit underskot på 1,2 milliardar kroner.

På inntektssida er skatte- og avgiftsinntektene sidan nysalderinga av budsjettet i desember 2001 reduserte med 2,1 milliardar kroner. Andre inntekter enn skattar, avgifter og petroleumsinntekter, bidrog til at budsjettunderskotet vart 1,4 milliardar kroner lågare enn i nysalderinga.

Utgiftene utan petroleumsutgifter auka med 0,6 milliardar kroner sidan nysalderinga av budsjettet. Renteutgiftene vart 1,0 milliardar kroner høgare. Andre utgifter vart reduserte med 0,4 milliardar kroner, og må sjåast på bakgrunn av 0,8 milliardar kroner høgare overførte løyvingar til 2002 i forhold til overførte løyvingar frå 2000.

Overførte løyvingar frå 2001 til 2002 vart samla på 9,4 milliardar kroner. Dei største overføringane er under Forsvarsdepartementet med 1,8 milliardar kroner, Kommunal- og regionaldepartementet med 1,6 milliardar kroner og under Kyrkje-, utdannings- og forskningsdepartementet og Landbruksdepartementet, kvar med 0,7 milliardar kroner.

Rekneskapstala for Statens petroleumsfond syner at Statens netto inntekter frå oljeverksemda vart på 243,2 milliardar kroner. Av desse vart 0,4 milliardar kroner ført tilbake til statskassa slik Stortinget vedtok ved nysalderinga av 2001-budsjettet. Renteinntektene og utbyte i fondet vart 17,2 milliardar kroner. Overskotet i Statens petroleumfond vart dermed 260,1 milliardar kroner. Saldoen i Statens petroleumsfond var ved utgangen av fjoråret 619,3 milliardar kroner.

Statsrekneskapen inneheld ein omtale av hovudtrekka i budsjettpolitikken for 2001, endringar frå budsjett til rekneskap, samt omtale av inntektene og utgiftene for nokre særskilde område.

Hovudtal for statsrekneskapen 2001. Millioner kroner

(Tal i millioner kroner)

Saldert budsjett

Nysaldert budsjett

Anslag på rekneskap etter nysalderinga

Rekneskap

1. Statsbudsjettet

Inntekter i alt

679 431

757 347

757 347

758 440

Inntekter frå petroleumsverksemd

206 000

269 150

269 150

268 902

Inntekter utan petroleumsinntekter

473 431

488 198

488 198

489 538

Utgifter i alt

502 409

515 457

515 557

516 845

Utgifter til petroleumsverksemd

17 020

26 950

26 950

25 666

Utgifter utan petroleumsverksemd

485 389

488 507

488 607

491 178

Statsbudsjettet sitt oljekorrigerte overskot

-11 958

-309

-409

-1 640

+ Overført frå Statens petroleumsfond

11 958

409

409

409

= Statsbudsjettet sitt
overskot før lånetransaksjonar

0

100

0

-1 231

2. Statens petroleumsfond

Statsbudsjettet sin netto kontantstraum frå petroleumsverksemd, vert overført til Statens petroleumsfond

188 980

242 199

242 199

243 236

- Overført til statsbudsjettet

11 958

409

409

409

+ Renteinntekter og utbyte i fondet

15 200

18 400

18 400

17 229

= Overskot i Statens petroleumsfond

192 222

260 190

260 190

260 055

3. Statsbudsjettet og
Statens petroleumsfond samla

Overskot

192 222

260 290

260 190

258 824