Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Nytt hovudstyre i Noregs Bank

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Finansdepartementet

106/2003

Det er i statsråd i dag oppnemnt nytt hovudstyre i Noregs Bank frå 1. januar 2004. Oppnemninga kjem etter at Stortinget tidlegare i år endra sentralbanklova og mellom anna skjerpa inn krava til habilitet og endra praksis for oppnemning. (28.11.2003)

Pressemelding

Nr.: 106/2003
Dato: 28.11.2003
Kontaktperson: Jan Bjørland, telefon 22 24 45 31, mobil 902 09 307, Anne-Sissel Skånvik, telefon 22 24 41 09, mobil 913 22 811

Nytt hovudstyre i Noregs Bank

Det er i statsråd i dag oppnemnt nytt hovudstyre i Noregs Bank frå 1. januar 2004. Oppnemninga kjem etter at Stortinget tidlegare i år endra sentralbanklova og mellom anna skjerpa inn krava til habilitet og endra praksis for oppnemning.

Dei nye medlemene er:

For perioden 1. januar 2004 - 31. desember 2007:

Medlem: Professor Asbjørn Rødseth, Oslo

Varamedlem: Cand. oecon. Einar Forsbak, Skedsmo

Medlem: Viseadministrerande direktør Liselott Kilaas, Oslo

Varamedlem: Professor Per Christiansen, Tromsø

For perioden 1. januar 2004 – 31. desember 2005:

Medlem: Avdelingsdirektør Vivi Lassen, Oslo

Medlem: Dagleg leiar Brit Rugland, Stavanger

Varamedlem: Professor Inger Johanne Pettersen, Bodø

Medlem: Førsteamanuensis Øystein Thøgersen, Bergen

Varamedlem: Førsteamanuensis Ingunn Myrtveit, Oslo

Finansdepartementet får fullmakt til å oppnemne ytterlegare eit varamedlem. Sentralbanksjef Svein Gjedrem leiar hovudstyret, medan nestleiar er visesentralbanksjef Jarle Bergo.

Endringar i sentralbanklova

Stortinget vedtok endringar i sentralbanklova tidligare i år. Då fekk Regjeringa støtte til forslaget om å gå bort frå den langvarige praksisen med at stortingsgruppene til dei politiske partia på Stortinget foreslår aktuelle kandidatar. Difor er no alle dei fem medlemene av styret oppnemnde etter den nye ordninga. Eit av dei noverande medlemene, Vivi Lassen, er oppnemnt i det nye styret.

Endringane vart gjorde for at ein lettare skal kunne sjå heile styret under eitt. Eit anna føremål var å gjere habilitetsreglane strengare, ved at til dømes nære slektningar til politikarar og embetsverk ikkje lenger kan vere medlemer i hovudstyret.

- Eg meiner at dei personane som er oppnemnde i dag til saman gjer at vi får eit hovudstyre med sterk og variert fagleg kompetanse og brei samfunnsinnsikt. Eg har tiltru til at hovudstyret vil stå godt rusta til å handtere dei ofte vanskelege avvegingane i utøvinga av pengepolitikken og til å sikre at forvaltninga av Petroleumsfondet skjer på ein god måte, seier finansminister Per-Kristian Foss.

Nærare om medlemene :

Asbjørn Rødseth (52) er professor dr. oecon. og dekan ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, Universitetet i Oslo. Han har lang forskarrøynsle i makroøkonomi og generelle problemstillingar innanfor økonomisk politikk, spesielt innan finans- og pengepolitikk. Rødseth er medlem i Pensjonskommisjonen. Han har og vore nestleiar i styret for Kredittilsynet.

Liselott Kilaas (44) er viseadministrerande direktør i Zenitel Norge. Ho har utdanning frå Universitetet i Oslo og International Institute for Management Development (IMD) i Lausanne. Ho er styremedlem i Telenor, og har brei næringslivsrøynsle frå IKT, oljeindustri og konsulentverksemd.

Vivi Lassen (52) er avdelingsdirektør i Statskonsult der ho leiar avdelinga for styring og resultatorientering. Lassen er noverande medlem av hovudstyret i Noregs Bank. Ho er tidlegare byråd og bystyremedlem i Oslo for SV.

Brit Rugland (45) er dagleg leiar og eigar i investeringsselskapet Rugland Invest. Ho er styreleiar i det nye, statlege gasselskapet Gassco AS. Ho har brei næringslivsrøynsle frå oljeindustri, finans og skipsfart.

Øystein Thøgersen (39) er førsteamanuensis dr. oecon. ved Norges Handelshøyskole i Bergen. Hans spesialfelt er offentlege finansar, pensjonar og pengepolitikk.

5. desember 2003:

Da det nye hovedstyret ble utnevnt i statsråd 28. november fikk Finansdepartementet fullmakt til å utnevne et varamedlem. Kari Broberg (47) fra Lena i Oppland blir personlig varamedlem for Vivi Lassen. Lassen og Broberg er oppnevnt for to år.

Til toppen