Historisk arkiv

Nye reglar til førebygging av marknadsmisbruk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Finansdepartementet

92/2004

Finansdepartementet har i dag lagt fram for Stortinget forslag til nye lovreglar for verdipapirmarknaden. Formålet med reglane er å førebyggje marknadsmisbruk (innsidehandel og marknadsmanipulasjon). (05.11.2004)

Pressemelding

Nr.: 92/2004
Dato: 05.11.2004
Kontaktperson: Runar Malkenes, telefon 22 24 41 09 / mobil 95 21 42 83

Nye reglar til førebygging av marknadsmisbruk

Finansdepartementet har i dag lagt fram for Stortinget forslag til nye lovreglar for verdipapirmarknaden. Formålet med reglane er å førebyggje marknadsmisbruk (innsidehandel og marknadsmanipulasjon).

Departementet foreslår ei vidareføring av gjeldande forbod mot innsidehandel med enkelte språklege endringar, som ikkje inneber endring av innhaldet i forhold til gjeldande rett. Plikta for utsteder til å offentleggjere fortruleg, kursrelevant informasjon vert foreslått utvida.

Departementet foreslår og eit forbod mot marknadsmanipulasjon, som vil erstatte dagens generelle regel om kursmanipulasjon. Ein foreslår eit nærare avgrensa unntak for såkalla tilbakekjøpsprogram (det vil seie selskap sine kjøp av eigne aksjar) og kurs­stabilisering (til dømes i forbindelse med ei børs­notering).

Lovforslaget inneber nye regler om utarbeiding og formidling av investerings­anbefalingar, men slik at det gjerast unntak frå offentlegrettsleg regulering for presse som er underlagt tilfredstillande sjølvregulering.

Dei som på forretnings­messig basis gjennom­fører eller tilrettelegg transaksjonar i finansielle instrument, påleggast etter lovforslaget ein plikt til å rapportere mistanke om innsidehandel eller marknadsmanipulasjon til Kredittilsynet

Ut frå EØS-pliktene og dei spesielle omsyna på dette området, foreslår departementet og ei viss utviding av kompetansen til Kredittilsynet til å sikre og innhente bevis.

Verdipapirmarknadens hovudoppgåve er å formidle kreditt og eigenkapital. Ein effektiv verdipapirmarknad bidreg til at samfunnets kapital kanaliserast dit den kastar mest av seg, og til auka effektivitet i bruken av samfunnet sine ressursar. Verdipapirmarknaden kan berre fungere etter hensikta dersom deltakarane har den nødvendige tilliten til korleis marknaden verkar. Reglar om forbod mot og sanksjonering av innsidehandel og marknadsmanipulasjon bidreg til slik tillit.

EUs marknadsmisbruksdirektiv (direktiv 2003/6/EF om innsidehandel og marknadsmanipulasjon) og utfyllande rettsakter vedteke av EU-Kommisjonen, er teken inn i EØS-avtalen. Formålet med direktivet er å bidra til effektivisering av verdipapirmarknaden i alle land som deltek i det europeiske økonomiske samarbeidsområdet. Lovforslaga skal gjennomføre norske plikter etter marknadsmisbruksdirektivet og dei utfyllande rettsaktene.

Proposisjonen inneheld og forslag om å opprette ”Verdipapirforetakenes sikringsfond”, enkelte endringar i revisor­loven, og ein heimel for regulering av handel med verdipapir for tilsette i Kredittilsynet.

Sjå Ot.prp. nr. 12 (2004-2005) her.